9. Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
1313 | Luftfartstilsynet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 153 000 000 til kr 165 000 000 | |||
1320 | Statens vegvesen | ||
23 | Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72,blir auka med | 191 000 000 | |
frå kr 7 061 500 000 til kr 7 252 500 000 | |||
29 | Vederlag for OPS-prosjekt, kan overførast, kan nyttast under post 23 og post 30,blir auka med | 175 000 000 | |
frå kr 285 000 000 til kr 460 000 000 | |||
30 | Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 29, post 31, post 60 og post 72,blir auka med | 36 000 000 | |
frå kr 5 785 300 000 til kr 5 821 300 000 | |||
1330 | Særskilde transporttiltak | ||
70 | Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes, blir auka med | 125 000 000 | |
frå kr 287 900 000 til kr 412 900 000 | |||
1350 | Jernbaneverket | ||
23 | Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30,blir auka med | 75 000 000 | |
frå kr 3 489 600 000 til kr 3 564 600 000 | |||
30 | Investeringar i lina, kan overførast, kan nyttast under post 23,blir auka med | 38 600 000 | |
frå kr 2 372 900 000 til kr 2 411 500 000 |
Inntekter | |||
4300 | Samferdselsdepartementet | ||
96 (ny) | Aksjar, blir løyvd med | 667 000 | |
4313 | Luftfartstilsynet | ||
1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 101 300 000 til kr 113 300 000 | |||
4320 | Statens vegvesen | ||
1 | Salsinntekter m.m., blir auka med | 120 000 000 | |
frå kr 140 800 000 til kr 260 800 000 | |||
2 | Diverse gebyr, blir auka med | 44 0000 000 | |
frå kr 255 500 000 til kr 299 500 000 | |||
3 | Refusjonar frå forsikringsselskap, blir auka med | 48 000 000 | |
frå kr 41 700 000 til kr 89 700 000 | |||
4322 | Svinesundsforbindelsen AS | ||
90 | Avdrag på lån, blir redusert med | 9 300 000 | |
frå kr 24 000 000 til kr 14 700 000 | |||
4350 | Jernbaneverket | ||
1 | Køyrevegsavgift, blir redusert med | 8 200 000 | |
frå kr 21 800 000 til kr 13 600 000 | |||
2 | Sal av utstyr og tenester mv., blir auka med | 70 000 000 | |
frå kr 108 300 000 til kr 178 300 000 | |||
4380 | Post- og teletilsynet | ||
1 | Diverse gebyr, blir auka med | 4 638 000 | |
frå kr 174 500 000 til kr 179 138 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at:
1. Samferdselsdepartementet kan gi Luftfartstilsynet fullmakt til å inngå avtale om å leige lokale som pådrar staten forpliktingar på inntil 15 mill. kroner ut over det som kan dekkjast innafor gjeldande løyvingsnivå under kap. 1313 Luftfartstilsynet, post 1 Driftsutgifter, frå og med budsjettåret 2011.
2. Bompengeselskapet får løyve til å vidareføre dagens ordning med å krevje inn bompengar til delfinansiering av utbygging av E6 Øst på endeparsellane Nidelv bru–Grillstad i Trondheim kommune og Værnes–Kvithammar i Stjørdal kommune fram til Stortinget har behandla proposisjon om å utvide prosjektet.
3. Bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delfinansiering av utbygginga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband i tråd med vilkåra i St.prp. nr. 24 (2008–2009) og Innst. S. nr. 92 (2008–2009).
4. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga for utbygginga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband.
5. Samferdselsdepartementet i 2008 kan overføre inntil 35 mill. kroner til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond.