Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 75 mill. kroner. Av beløpet gjeld 5 mill. kroner tilbygging av nytt snøoverbygg på Bergensbanen, og 70 mill. kroner realistisk budsjettering av salsinntekter, jf. endra inntektsoverslaga på kap. 4350, post 2 Sal av utstyr og tenester mv.

For å dekkje auka kostnader til grunnervervet på Ganddal godsterminal på grunnlag av rettskraftig dom foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i lina, med 38,6 mill. kroner.

Samferdselsdepartementet har gitt Malmtrafikk AS medhald i at det var utrekna for høg avgift i 2005 og 2006 for LKAB/Malmtrafikk AS si "tomkøyring" frå Narvik til riksgrensa. På dette grunnlaget har Jernbaneverket i 2008 motrekna 8,2 mill. kroner til Malmtrafikk AS i form av redusert fakturering av avgift for 2008.

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4350, post 1 Køyrevegsavgift, med 8,2 mill. kroner.

Jernbaneverket har inntekter frå m.a. sal av jernbanetekniske tenester, sal av utstyr, inntekter frå museumsdrifta. Det er knytt utgifter til desse inntektene.

Rekneskapen for dei siste åra viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 2 Sal av utstyr og tenester mv., med 70 mill. kroner, jf. kap. 1350 post 23.

Komiteen støttar Regjeringa sitt forslag og har elles ingen merknader.