Sammendrag
Det blir i proposisjonen fremja forslag om å regulere grunnbeløpet (G) og særtillegget i folketrygda med verknad frå 1. mai 2008, heve nivået på tilleggspensjonen som unge uføre er garanterte, samt auke løyvingar på statsbudsjettet for 2008 som følgje av dette.
Det blir i proposisjonen gjort greie for drøftingane mellom Regjeringa og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne.
Det gis framlegg om at grunnbeløpet blir auka med 3 444 kroner frå 66 812 kroner til 70 256 kroner frå 1. mai 2008, ei auking på 5,5 pst. frå 2007 til 2008. Dette svarer til venta lønsvekst.
Partane blei samde om ein plan for å trappe opp minstepensjonen til einslege pensjonistar slik at han frå 1. mai 2010 utgjer to gonger grunnbeløpet. Første steget er å heve den ordinære satsen for særtillegget frå 79,33 pst. til 94 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2008. Satsen blir trappa vidare opp til 97 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Ektepar der begge er minstepensjonistar har òg ordinær særtilleggssats, og får difor full nytte av opptrappinga av særtillegget.
I samsvar med dette gjer Regjeringa framlegg om at den ordinære satsen for særtillegget skal vere 94 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2008.
Partane blei samde om å finansiere auka særtillegg frå 1. mai 2008 ved å nytte etterslepet knytt til alders-, uføre-, og etterlatnepensjonar frå trygdeoppgjeret i fjor. Den vidare opptrappinga av særtillegget er berekna å gi 113 mill. kroner i meirutgifter i 2009, 354 mill. kroner i 2010 og 386 mill. kroner i 2011 i akkumulerte beløp, med det grunnbeløpet som er foreslått. Regjeringa vil kome med framlegg om løyvingar til den vidare opptrappinga i åra framover i samband med dei ordinære statsbudsjetta.
Ved å nytte etterslepet knytt til alders-, uføre- og etterlatnepensjonar frå fjorårets trygdeoppgjer til ein ekstraordinær auke i særtillegget, vil det stå igjen eit etterslep knytt til andre ytingar som blir regulerte med grunnbeløpet. Regjeringa vil så snart som mogleg gjere framlegg for Stortinget om korleis denne verdien skal førast tilbake til dei aktuelle ordningane innanfor ei provenynøytral ramme.
Partane blei vidare samde om å betre ordninga med garantert tilleggspensjon for unge uføre og gjer framlegg om å auke dei framtidige pensjonspoenga frå 3,30 til 3,50 frå 1. mai 2008, jf. Ot.prp. nr. 64 (2007–2008) Om lov om endringer i folketrygdloven samt Innst. O. nr. 76 (2007–2008).
Etter framlegga aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar frå 1. mai 2008 med 16 476 kroner til 136 296 kroner per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med 31 896 kroner til 251 496 kroner per år. Pensjonen til einslege unge uføre aukar med 14 112 kroner til 173 532 kroner per år.
Dei samla meirutgiftene i folketrygda for 2008 som følgje av framlegga blir om lag 7 294 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane som følgje av høgare grunnbeløp frå 1. mai 2008, jf. St.prp. nr. 68 (2007–2008) Om lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2008 mv.
Den økonomiske ramma for trygdeoppgjeret er fastsett etter Stortingets retningslinjer. Det er lagt til grunn ei venta inntektsutvikling frå 2007 til 2008 på 5,5 pst. Vidare er det teke omsyn til avviket mellom den venta og reelle inntektsutviklinga frå 2006 til 2007 på 0,65 pst.
Partane blei samde om ei fordeling innanfor den økonomiske ramma der ein i år nyttar noko av midlane til å heve minstepensjonane. Staten bidreg med midlar til å trappe opp minstepensjonen dei komande to åra, og til å betre ordninga for unge uføre. Dei lågaste pensjonane får eit særskilt løft, mens andre pensjonistar får ein noko mindre auke i pensjonane i år enn om heile ramma hadde vore nytta til å heve grunnbeløpet.
Partane er medvetne om at reguleringa av grunnbeløpet i år ikkje fullt ut er i tråd med Stortingets retningslinjer. Regjeringa tilrår at Stortinget gjer eit unnatak frå retningslinjene i år. Partane er samde om at retningslinjene for reguleringa av grunnbeløpet skal leggjast til grunn ved oppgjeret i 2009.
Det vises til proposisjonens pkt. 2 for nærmare utgreiing av drøftingane.
Tabellen nedanfor viser utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre fødde etter 1940 frå 1. mai 1992 etter framlegget til pensjonsregulering.
Utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1. mai 1992–30. april 2009. KronerMinstepensjon | Unge uføre fødde etter 1940 | |||||
Einslege | Ektepar | |||||
Pr. år | Pr. md. | Pr. år | Pr. md. | Pr. år | Pr. md. | |
1.05.92-30.04.93 | 58 583 | 4 882 | 94 752 | 7 896 | 87 096 | 7 258 |
1.05.93-31.12.93 | 59 868 | 4 989 | 96 816 | 8 068 | 88 992 | 7 416 |
1.01.94-30.04.94 | 59 868 | 4 989 | 101 0881 | 8 4241 | 88 992 | 7 416 |
1.05.94-31.12.94 | 61 116 | 5 093 | 103 200 | 8 600 | 90 852 | 7 571 |
1.01.95-30.04.952 | 61 512 | 5 126 | 103 992 | 8 666 | 90 852 | 7 571 |
1.05.95-30.04.96 | 63 372 | 5 281 | 107 136 | 8 928 | 93 600 | 7 800 |
1.05.96-30.04.97 | 66 240 | 5 520 | 111 984 | 9 332 | 97 836 | 8 153 |
1.05.97-30.04.983 | 69 360 | 5 780 | 117 456 | 9 788 | 101 412 | 8 451 |
1.05.98-30.04.994 | 81 360 | 6 780 | 140 040 | 11 670 | 108 252 | 9 021 |
1.05.99-30.04.00 | 84 204 | 7 017 | 144 912 | 12 076 | 112 032 | 9 336 |
1.05.00-30.04.01 | 88 032 | 7 336 | 151 512 | 12 626 | 117 132 | 9 761 |
1.05.01-30.04.02 | 92 100 | 7 675 | 158 520 | 13 210 | 122 544 | 10 212 |
1.05.02-30.04.03 | 97 140 | 8 095 | 167 208 | 13 934 | 129 252 | 10 771 |
1.05.03-30.04.04 | 101 964 | 8 497 | 181 2005 | 15 100 | 135 660 | 11 305 |
1.05.04-30.04.05 | 105 408 | 8 784 | 190 2486 | 15 854 | 140 244 | 11 687 |
1.05.05-30.04.06 | 108 852 | 9 071 | 199 5127 | 16 626 | 144 828 | 12 069 |
1.05.06-30.04.07 | 112 788 | 9 399 | 206 712 | 17 226 | 150 060 | 12 505 |
1.05.07-30.04.08 | 119 820 | 9 985 | 219 600 | 18 300 | 159 420 | 13 285 |
1.05.08-30.04.098 | 136 296 | 11 358 | 251 496 | 20 958 | 173 5329 | 14 461 |
Pensjonane til den einskilde aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Gjennomsnittleg pensjon har auka med meir enn grunnbeløpet. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon. Pensjonane for ektepar og sambuande auka sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003–2006. Årsaka er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.
Den gjennomsnittlege auken i grunnbeløpet og pensjonane for dei einslege minstepensjonistane er i perioden 2002–2007 på 4,4 pst., som er 0,2 prosentpoeng meir enn tilsvarande utvikling for lønstakarar i alt i same tidsrom. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare av di grunnpensjonen blei trappa opp.
Minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst, noko som heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra. Denne utviklinga vil halde fram dei neste åra som følgje av planen for opptrappinga av særtillegget som partane blei samde om i trygdeoppgjeret i år.
Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar i 2008 og som i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.
Krigspensjonane blir samordna med pensjon frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 11 mill. kroner for 2008.
På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygd for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane i folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70 ) auke med 37 mill. kroner og at løyvingane til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70 ) aukar med 42 mill. kroner.
Det blir i proposisjonens pkt. 9 gjort greie for Ytingar til attføring. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga for 2008 under kap. 2653 Ytingar til yrkesretta attføring, post 70 attføringspengar med 323 mill. kroner. Budsjettverknaden på kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 71 attføringsstønad er rekna å vere så låg at det ikkje gjev grunnlag for å endre løyvinga for 2008.
Det blir i proposisjonens pkt. 10 gjort nærmare greie om auken i minstepensjonane, medrekna folketrygda, supplerande pensjonar og bustønad.
Avslutningsvis blir det i proposisjonen gjort greie for mindreutgifter til andre ytingar frå folketrygda. Ved å nytte etterslepet knytt til alders-, uføre og etterlatnepensjonar frå trygdeoppgjeret i fjor til å auke særtillegget, vil dei andre ytingane som blir regulerte gjennom grunnbeløpet få ein svakare auke enn dei elles kunne ha fått. Etter avtalen med organisasjonane har staten forplikta seg til å føre denne verdien attende til dei aktuelle ordningane innanfor ei provenynøytral ramme. Regjeringa vil så snart som mogleg leggje fram for Stortinget forslag til korleis dette skal gjerast.