Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og leiaren Lodve Solholm, frå Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Kristeleg Folkeparti, Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Lars Peder Brekk, viser til at Sivilombodsmannen etter § 12 i lov av 22. juni 1962 nr. 8 om Stortingets ombodsmann for forvaltninga, årleg skal sende ei melding til Stortinget om verksemda.

Komiteen viser til at årsmeldinga for 2007 viser at saksmengda hjå ombodsmannen er gått noko opp i høve til tidlegare år. I 2007 kom det inn 2 126 klager, medan talet i 2006 var 2 027. I 2005 kom det inn 1 956 klager, og i 2004 1 932 klager.

Talet på saker ombodsmannen tok opp av eige initiativ var i 2007 41, noko som er om lag det same som i 2006, medan det var klårt lågare enn i 2005, då 64 saker blei reist av ombodsmannen. Som døme på ei sak reist av ombodsmannen var undersøkinga av tilhøva omkring politiet sitt utlendingsinternat på Trandum. Denne saka blei lagt fram for Stortinget 15. februar 2007 i form av ei særskilt melding; Dokument nr. 4:1 (2006-2007).

Komiteen viser til det er stor breidde i dei sakene ombodsmannen får til handsaming eller som han tek opp etter eige initiativ. I særs mange av sakene ombodsmannen tek opp, er ofte ein telefon til forvaltninga nok til å løyse saka. Mange av sakene gjeld lang sakshandsamingstid. Av dei mottekne klagene enda 178 opp med ei eller anna form for kritikk eller oppmodning til forvaltninga. Komiteen er samd med ombodsmannen i at dette viser at forvaltninga stort sett opptrer samvitsfullt og korrekt.

Komiteen viser til at Sivilombodsmannen i si innleiing reiser spørsmål om ikkje ombodsmannen bør gjevast rett til å vurdere bruken av skjøn i forvaltninga, og ikkje som i dag, berre når dette er "klårt urimeleg". Dette må etter komiteen si meining vurderast opp mot det skjøn som alltid må vere til stades, dersom regelverket ikkje skal verte for stivbeint, og i andre samanhengar, mot det politiske handlingsrommet som lokale politiske organ skal ha for å gjere lokaldemokratiet levande.

I tillegg viser sakene hjå ombodsmannen at det er særs få saker som endar med kritikk eller oppmoding, med dei reglane ombodsmannen i dag har – om berre å gå inn i dei sakene som har "klårt urimeleg" bruk av skjøn. Det verkar derfor ikkje sannsynleg at eit utvida høve til bruk av skjøn i høver der dette ikkje er "klårt urimeleg", skulle avdekkje fleire alvorlege svakheiter i forvaltninga. Sett i høve til dette meiner komiteen at det ikkje er grunnlag for å endre på dette på noverande tidspunkt. Men ein må alltid vere på leiting etter å gjere ombodsmannordninga best mogleg for den ho skal gjelde for.

Komiteen viser til at Sivilombodsmannen også reiser spørsmål om det bør verte innført ei form for økonomiske konsekvensar når forvaltninga bryt sakhandsamingsreglane. Med bakgrunn i at det store talet av saker som ombodsmannen tek opp, vert løyst, ser komiteen det ikkje naudsynt eller sakleg behov for å innføre ei slik ordning no. I den grad forvaltninga sine brot på sakshandsamingsreglane eller forvaltningspraksis fører til økonomiske tap eller skade for den det gjeld, bør dette løysast i tråd med gjeldande rettspraksis.

Komiteen viser til ombodsmannen sitt engasjement i arbeidet med menneskerettane, noko som er i tråd med mandatet i ombodsmannslova. Arbeidet er viktig både nasjonalt og internasjonalt. Komiteen vil likevel peike på at det må vere rett å ha mest fokus på dei nasjonale sidene av arbeidet.

Komiteen har merka seg seminaret i regi av Sivilombodsmannen, som vart halde i Oslo i november 2007, med tittelen "Utsatte gruppers menneskerettighetsvern i Norge". Dette seminaret retta seg særleg mot personar utan lovleg opphald i Noreg og personar som var avhengig av offentlege ytingar. Komiteen har vidare merka seg at ombodsmannen har hjelpt Utanriksdepartementet i arbeidet med dialog om menneskerettane med Kina.

Komiteen viser til at ombodsmannen har oppretta ei gruppe for menneskerettane som skal halde seg orientert om internasjonale spørsmål innan dette saksfeltet, og legg til grunn at dette vil styrkje ombodsmannen sine føresetnader for å kunne handtere sine oppgåver når det gjeld å passe på at forvaltninga tek menneskerettane på alvor.

Komiteen vil peike på at ein finn store grupper i det norske samfunn som vanskeleg sjølv kan ta vare på sine rettar, og derfor har eit behov for særleg oppfølging. Dette gjeld til dømes born som er i kontakt med barnevernet, pasientar både ved somatiske og psykiatriske institusjonar, samt eldre som er busette på institusjon. I medhald av ombodsmannslova § 5 har ombodsmannen mandat til å sjå nærare på desse tilhøva, men komiteen vil vise til at det på desse områda også er etablert eigne ordningar for tilsyn. Komiteen meiner likevel at det er nyttig om ombodsmannen også har fokus på desse fagfelta.

Komiteen viser til at ombodsmannen har sett mål for sakshandsamingstida i høve til sakene sin kompleksitet. Men det går ikkje fram av årsmeldinga om desse måla er nådd. Komiteen ber derfor om at ein i årsmeldinga for 2008 gjer greie for dei faktiske tilhøva om sakshandsamingstida og om dei oppsette mål vert nådd.

Komiteen ser at det er eit behov for at den klagefrist som er sett i ombodsmannslova § 6, vert vurdert. For enkelte aktørar kan konflikt med offentlege styresmakter verke temmeleg traumatiske, ikkje minst fordi enkeltmennesket som regel vil være den svake part i møte med ein motpart med store ressursar og ein god rettsleg tryggleik. Det må leggjast til grunn at mange, ikkje minst dei mindre ressurssterke, ikkje eingong har høyrt om Sivilombodsmannen og det høve til å klage ein har gjennom denne instansen.

Dersom klagefristen vert forlenga, vil det truleg føre til auka saksmengde hjå ombodsmannen, noko som vil krevje større ressursar. Dette må vegast opp mot rettstryggleiken for dei aktuelle gruppene, der ein klagefrist på eitt år vil vere ei sperre for å få reist ei sak.

Komiteen er kjend med at ombodsmannen sjølv har høve til å ta opp ei sak, sjølv om fristen for å levere ei klage er overskreden. Det går ikkje fram av årsmeldinga kapittel IV om nokre av desse sakene var klager som var utanfor tidsramma på 12 månader.

Komiteen ser at ombodsmannen vektlegg den offentlege rådgjevingsplikta, noko som er særs viktig overfor grupper med avgrensa ressursar.