Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

Inspeksjonsverksemda i NSM følgjer eit fast mønster. NSM orienterer om den pågåande verksemda i tenesta sia førre inspeksjon, og i tillegg gjerne om eit fagleg tema som blir fastlagt i samband med at inspeksjonen blir førebudd. I samsvar med kontrollinstruksen § 11 nr. 2 b går utvalet ved kvar inspeksjon gjennom alle negative klageavgjerder som er tekne sia førre inspeksjon. Det blir også regelmessig gjennomført stikkprøvekontrollar av ein del ikkje påklaga negative klareringsavgjerder, som NSM på førehand hentar inn frå det klareringsorganet utvalet ber om. I tillegg inspiserer utvalet det elektroniske saksbehandlingsverktøyet tenesta nyttar for klareringssaker, og utvalet inspiserer dessutan journalane og arkiva i NSM.

Utvalet har i 2007 gjennomført fire inspeksjonar i NSM. Vidare har utvalet inspisert personelltryggingstenesta ved tre klareringsorgan: Forsvarets tryggleiksavdeling (FSA), Fylkesmannen i Vest-Agder og Utanriksdepartementet. Utvalet har i tillegg inspisert etterretnings- og tryggingsfunksjonar i Heimevernet.

Utvalet har i 2007 fått to klager i saker om tryggleiksklarering som er avgjorde av FSA, og ei klage som retta seg mot NSM. I 2006 fekk utvalet to klager i saker om tryggleiksklarering. I ei av sakene frå 2007, som gjaldt saksbehandlinga i FSA, blei det uttalt kritikk.

Tryggleiksklarering er i mange tilfelle eit vilkår for å kunne få eller behalde ei stilling. Ved tilsetjingar i Forsvaret er tryggleiksklarering særleg viktig fordi ein så stor del av stillingane krev klarering. Regelverket om tryggleiksklarering stiller krav om eit konkret klareringsbehov. Dette kravet kan i somme samanhengar skape problem.

I januar 2006 tok ei endring i tryggingslova til å gjelde som lempa på vilkåra for å klarere utanlandske statsborgarar. Samtidig med lovendringa i 2006 blei det bestemt at NSM skal utarbeide såkalla landvurderingar som klareringsorgana skal bruke ved tryggleiksklarering av utanlandske statsborgarar og norske statsborgarar med tilknyting til andre statar.

Utvalet har i 2007 fått ei orientering om det arbeidet NSM driv med landvurderingar. Hovudformålet med vurderingane er å gi relevant informasjon til klareringsorgana så dei kan førebu og gjennomføre tryggingssamtalar, og å bidra til dei individuelle risikovurderingane i enkeltsakene. Vurderingane, som skal haldast oppdaterte, blir distribuerte til alle klareringsorgan. Vurderingane skal vere nøytrale i forma, og dei skal berre vere informasjonsbidrag til saksbehandlinga i enkeltsaker. Klareringsorgana skal ikkje kunne nekte ein person klarering berre på grunnlag av landvurderinga.

Eit sentralt formål med landvurderingane er å bidra til meir korrekte vurderingar. Utvalet går ut frå at ein vel så stor verdi kan liggje i at dei fremjar likebehandling mellom klareringsorgana, sia det gir eit felles vurderingsgrunnlag på eit område der ein ikkje kan vente at kvart enkelt klareringsorgan sjølv har kompetanse eller kunnskap. Med samfunnsutviklinga aukar også talet på klagesaker der hovudpersonen eller ein som står nær hovudpersonen, er knytt til eit anna land.

Utvalet refererte i årsmeldinga for 2006 ei klagesak som gjaldt høvet til å bli autorisert for Begrenset når ein mistar tryggleiksklareringa. Tryggingslova slår fast at høvet til å få tilgang til informasjon gradert Konfidensielt eller høgare krev tryggleiksklarering (og etterfølgjande autorisasjon), mens det for tilgang til informasjon på det lågaste graderingsnivået Begrenset berre blir kravd autorisasjon. Vanlegvis er det arbeidsgivar som har mynde til å gi autorisasjon, også i tilfelle der tryggleiksklareringa er kalla tilbake. Personar som er fråtekne tryggleiksklareringa, kan likevel ikkje autoriserast for Begrenset utan at det på førehand er gitt dispensasjon frå klareringsorganet. I saka til klagaren hadde FSA avslått å gi dispensasjon utan nærare grunngiving.

I samband med at klagesaka blei behandla, bad utvalet NSM om å sjå nærare på grunnlaget for dispensasjonsnektinga. Ein slik dispensasjon ville vere avgjerande for om klagaren kunne halde fram i stillinga i Forsvaret. Etter å ha gått gjennom saka på nytt innvilga NSM dispensasjon i mai 2006 slik at klareringsorganet kunne vurdere autorisasjon i saka. Trass i dispensasjonen frå NSM blei spørsmålet om autorisasjon av klagaren ikkje vurdert av arbeidsgivar. Bakgrunnen for dette var at den stillinga klagaren hadde hatt, var lagd ned i samband med ei omorganisering i Forsvaret. Det låg da ikkje føre noko aktuelt autorisasjonsbehov.

Da observasjonstida i vedtaket som var gjort om klareringsnekting for klagaren, gjekk ut i juli 2006, sende Forsvarets personellteneste, som klagaren da var overført til, ein klareringsførespurnad for Hemmelig til FSA. Førespurnaden blei returnert av FSA, som spurde etter behovet for klarering. Forsvarets personellteneste sende da ein ny førespurnad for Konfidensielt. Førespurnaden blei grunngitt med at personen det blei søkt for, var i kategorien "personell utan stilling". Forsvarets personellteneste hadde ingen konkrete jobbtilbod til klagaren, men ønskte å avklare om han i det heile kunne klarerast. Personelltenesta hadde erfart at det utan tryggleiksklarering i praksis var nærast umogleg å få omplassert personell i Forsvaret som er utan stilling, og at alternativet da er oppseiing. Førespurnaden om klarering på Konfidensielt nivå blei teken til behandling av FSA. Samtidig varsla FSA at dei ville sjå nærare på det generelle spørsmålet om høve til å klarere personell av denne typen.

Utvalet har i 2007 følgt opp saka. Som svar på det skriftlege spørsmålet frå utvalet opplyste FSA at klareringsstatusen for klagaren framleis var konfidensielt, men at det var sendt ny klareringsførespurnad for Hemmelig frå Forsvarets personellteneste, grunngitt med at det ikkje var mogleg å finne jobb til klagaren med ei klarering på Konfidensielt nivå, fordi alle aktuelle stillingar krev klarering for Hemmelig.

Utvalet vil følgje opp den vidare behandlinga både av det generelle spørsmålet om høve til klarering for personell under omstilling, og av saka til klagaren.

I årsmeldinga for 2006 omtalte utvalet to saker om brot på dokumenttryggleiken i Forsvaret. Sakene blei framstilte for utvalet så omfattande at det kunne tyde på ein systemsvikt når det gjeld regimet i Forsvaret for å ta vare på dokumenttryggleiken. At det tok lang tid før det blei teke tak i dei interne ansvarsforholda, samtidig som utvalet tidlegare har sett i enkeltsaker at enkeltpersonar i Forsvaret er blitt behandla svært strengt ved brot på dokumenttryggleiken, gjorde at det også kunne reisast spørsmål knytte til kravet om likebehandling.

Den første saka gjaldt ein tidlegare offiser som hadde lagra fleire tusen sider graderte dokument i privatbustaden sin. Gjennomgangen av saka viste at det hovudsakleg dreidde seg om dokument graderte Begrenset. Ca. 100 dokument var høgare graderte. I samsvar med forskrift om sikkerhetsadministrasjon har FSA utarbeidd skadevurdering for dokument gradert Konfidensielt eller høgare. Saka er blitt grundig undersøkt, og rutinane som Forsvaret har for dokumenttryggleik og tryggingsmessig leiing, og spørsmålet om å gjere personell ansvarleg, er blitt vurdert i prosessen. Men etter det utvalet fekk opplyst, var det ikkje gjort noka skadevurdering av dokumenta som var graderte Begrenset, sia forskriftsverket til tryggingslova ikkje stiller noko slikt krav for dokument på det lågaste graderingsnivået. Men det var heller ikkje gjort andre analysar knytte til desse dokumenta.

Når det gjaldt den konkrete saka, uttalte NSM:

"Det kan i denne forbindelse opplyses at NSM i brev av 6. juli 2007 har tatt initiativ overfor Forsvarssjefen til en grundig gjennomgang og oppfølging av [saken] som blant annet skal sikre at nødvendige skadebøtende tiltak blir ivaretatt knyttet til informasjonen i de kompromitterte dokumenter og som skal sikre at Norge kan overholde sine forpliktelser iht. NATO-regelverket på en tilfredsstillende måte. Den videre oppfølgingen av saken, herunder prosedyrene for reaksjon ved sikkerhetstruende hendelser er gjennomgått i samarbeid med FSA. Ved kompromittering av store mengder dokumenter gradert Begrenset, bør det etter NSMs mening også gjennomføres en skadevurdering av den samlede informasjonsmengden ... NSM har i nevnte brev anmodet Forsvarssjefen om at en slik vurdering også gjennomføres. Dette følger ikke eksplisitt av kravet til skadevurdering, jf. forskrift om sikkerhetsadministrasjon § 5-2, men NSM anser likevel at hensikten bak regelverkets bestemmelser om skadevurdering tilsier at dette foretas der omfanget av kompromitteringer av dokumenter gradert BEGRENSET er svært omfattende, noe som må sies å være tilfelle i [saken]."

På bakgrunn av svaret frå NSM fann utvalet ikkje grunnlag for å følgje opp problemstillinga vidare. Utvalet vil likevel halde seg orientert om det initiativet tenesta har teke overfor Forsvarssjefen.

Den andre saka som blei referert, gjaldt omfattande restansar av graderte dokument som kom fram i samband med at Forsvarets overkommando flytta ut av Huseby leir. Saka gav inntrykk av at Forsvaret har hatt manglande rutinar knytte til dokumenttryggleiken. FSA har gitt utvalet ei orientering om denne saka. Undersøkingane viste at det i dei fleste tilfella har dreidd seg om mangelfulle kontrollrutinar, sia dei fleste dokumenta anten var returnerte til arkiv eller makulerte, men utan at dette var journalført etter forskrifta. FSA har opplyst at det er sett i gang fleire tiltak for å betre dokumenttryggleiken i Forsvaret, og FSA har sett i gang eit generelt arbeid for å auke medvitet om førebyggjande tryggingsarbeid. I dei sakene der det manglar oversikt over registrerte kopiar, gjer ein framleis undersøkingar. Også denne saka blir framleis følgd opp av NSM.

Det blei i 2003 innført mellombels makuleringsstopp for klareringsorgana. Grunnen var at personar som hadde fått innsyn i PST-arkiva, også kunne ha behov for innsyn i dei arkiva som hadde fått informasjon frå PST. Makuleringsstoppen gjaldt for saker i perioden frå 8. mai 1945 til 8. mai 1996. Ved stikkprøvekontroll i saksbehandlingssystemet hos NSM viste det seg at NSM og klareringsorgana praktiserte full makuleringsstopp for alle klareringssaker, også for dokument av nyare dato enn 8. mai 1996.

Utvalet tok saka opp med NSM, som varsla at tenesta ville begynne på arbeidet med å makulere saker med nyare dato enn 8. mai 1996, som skulle følgje dei alminnelege reglane om bevaring og kassasjon i personelltryggleiksforskrifta. Reglane fastset at klareringsorgana skal kassere opplysningar i klareringssaker der bevaringstida er gått ut, noko som inneber at ein skal vurdere å kassere opplysningane når vedkommande ikkje lenger har ei gyldig tryggleiksklarering. Ettersom ein uansett skal ta vare på ei klareringssak i fem år, var klareringssaker oppstått frå 8. mai 1996 og fram til 2002 modne for å vurdere kassasjon. Det var såleis opparbeidd eit større etterslep.

Da utvalet på nytt tok opp saka med NSM eitt år seinare, opplyste tenesta at kassasjonsarbeidet var blitt forseinka på grunn av avgrensa ressursar.

NSM skreiv i svar til utvalet at det no var utarbeidd ein kassasjonsplan som blir lagd til grunn for å byggje ned restansane planmessig. Det var ingen grunn til at utvalet skulle følgje opp dette vidare. Makuleringsstoppen for PST blei oppheva 1. januar 2008, jf. avsnitt 2.2 i kapittelet om Politiets tryggingsteneste. Klareringsorgana skal da setje i gang kassasjonsarbeidet også for saker i perioden frå 8. mai 1945 til 8. mai 1996. Utvalet kjem til å følgje med på dette arbeidet.

Under inspeksjonen i NSM i august 2007 bad utvalet om å få framlagt ikkje påklaga negative klareringsavgjerder tekne av Statsbygg. På grunnlag av det som kom fram da utvalet gjekk gjennom sakene, stilte utvalet i brev til Statsbygg ein del generelle spørsmål om korleis dei behandla klareringssaker når det gjaldt grunngiving til dei det blei søkt klarering for, intern samtidig grunngiving, saksopplysning og fastsetjing av observasjonstid. På alle desse områda gav stikkprøvene inntrykk av at saksbehandlinga i Statsbygg ikkje var i samsvar med krava i tryggingslova og personelltryggleiksforskrifta. Utvalet hadde ingen merknader til realitetsavgjerda i nokon av dei sakene som blei gått gjennom.

I svaret sitt vedgjekk Statsbygg at saksbehandlingsrutinane ikkje hadde vore i tråd med krava i regelverket på dei områda som utvalet hadde teke opp. Det var sommaren og hausten 2007 tilført meir ressursar og auka kompetanse til arbeidet med klareringssaker, og praksis blei lagd om. Statsbygg gav ei grundig utgreiing om dette.

Til inspeksjonen i NSM i august 2007 bad utvalet også om å få lagt fram ikkje påklaga negative klareringsavgjerder avgjorde av Justisdepartementet. På grunnlag av saksgjennomgangen stilte utvalet fleire spørsmål til departementet om saksbehandlinga, og det blei bede om ei nærare grunngiving for to realitetsavgjerder.

Det gjekk fram av svaret frå departementet at dei ikkje hadde hatt rutinar for å utarbeide interne samtidige grunngivingar, noko tryggingslova § 25 siste ledd krev. Praksis hadde vore at saksbehandlarane hadde diskutert sakene munnleg og teke notat i stikkordsform. Notata var ikkje lagde ved sakene. Det blei opplyst at praksis var endra på bakgrunn av brevet frå utvalet. Departementet heldt med ei nærare grunngiving fast på realitetsavgjerdene.

Utvalet gjennomførte i oktober 2007 inspeksjon av personelltryggleikstenesta i Utanriksdepartementet. Etter inspeksjonen stilte utvalet i brev til departementet bl.a. spørsmål om autorisasjonsregimet departementet hadde for eigne tilsette, praksis ved manglande personhistorikk for nærståande med tilknyting til andre statar, og handteringa av det såkalla ad doss-arkivet i departementet.

Departementet gav ei utførleg utgreiing om dei spørsmåla som var stilte. Departementet opplyste at ad doss-arkivet tidlegare var gått gjennom og avvikla, og at alle klareringsrelevante dokument for noverande tilsette var overførte til personelltryggleiksarkivet.

Når det gjaldt ad doss-arkivet, oppmoda utvalet i eit avsluttande brev til departementet om at departementet også gjekk gjennom dei sakene som gjaldt personar som har slutta i departementet, med tanke på makulering i samsvar med personelltryggleiksforskrifta §§ 6-8 og 6-9.

I samband med autorisasjonsregimet og praksisen departementet hadde for saker der nærståande har utanlandsk tilknyting, uttalte utvalet:

"Rutiner for autorisasjon av ansatte

Fortsatt manglende etterlevelse av regelverket for autorisasjon av ansatte i UD er etter utvalgets syn kritikkverdig, sett på bakgrunn av de sikkerhetsmessige hensynene som ligger bak autorisasjonsregimet, og den lange tiden som har gått siden forholdet første gang ble påpekt av NSM. På bakgrunn av at UD opplyser å arbeide aktivt for å få et godkjent autorisasjonsregime på plass, har utvalget ikke ytterligere bemerkninger, men forutsetter at departementet overholder fristen NSM har satt for oppfylling av regelverkets krav til autorisasjon.

Nærståendes tilknytning til andre stater

Det følger av personellsikkerhetsforskriften § 3-7 første ledd at det kreves at sikkerhetsmessig relevant informasjon foreligger for de siste 10 år for personer som inngår i personkontrollen. For klarering på Hemmelig nivå vil dette si ektefelle, samboer eller partner, i tillegg til omspurte. Ved opphold i fremmed stat må Norge ha et sikkerhetsmessig samarbeid med landet for at informasjonen som innhentes skal kunne benyttes, jf også § 3-5.

På grunnlag av en ‘individuell helhetsvurdering’ kan det etter § 3-7 annet ledd likevel gis klarering selv om 10-årskravet ikke er oppfylt. Bestemmelsen sier at det ved vurderingen skal legges vekt på lengden på den manglende personhistorikken, om vedkommende har vært i tjeneste for den norske stat og om manglende historikk skyldes forhold av liten betydning for den sikkerhetsmessige skikketheten. Bestemmelsen er her ikke ment å være uttømmende.

Departementet uttaler at dersom nærståendes manglende personhistorikk skyldes tjeneste for norske myndigheter, humanitære organisasjoner og lignende, vil forholdet ikke føre til nærmere vurdering. Departementet skriver også at nærstående som oppholder seg i utlandet som følge av ektefellens arbeid for norske myndigheter osv, omfattes av praksisen.

Utvalget kan ikke se at det departementet her gir uttrykk for, samsvarer med de kravene som oppstilles i personellsikkerhetsforskriften § 3-7, og heller ikke med det som uttales i NSMs veiledning til bestemmelsen. I veiledningen heter det at nærståendes arbeid for myndigheter og organisasjoner som nevnt ‘normalt ikke bør ha betydning’ for hovedpersonens sikkerhetsmessige skikkethet. Den situasjon at den nærståendes utenlandsopphold skyldes ektefellens/ partnerens arbeid for norske myndigheter osv, er ikke omhandlet i veiledningen.

(…)

Utenriksdepartementets praksis når det gjelder vektleggingen av nærståendes forhold i saker om sikkerhetsklarering synes etter dette ikke å være i samsvar med sikkerhetslovgivningens krav. Utvalget anmoder departementet om å foreta en nærmere vurdering av det som her er uttalt, med sikte på en eventuell omlegging av praksis."

Utvalet kjem til å halde seg orientert om det departementet gjer på desse områda.

Utvalet gjennomførte i januar 2007 inspeksjon av etterretnings- og tryggingsfunksjonar i Heimevernet. Inspeksjonen blei gjennomført i Heimevernsstaben. Utvalet fekk ei orientering om dei oppgåvene Heimevernet har, om organisasjonen og om verksemda i HV-nemndene. Deretter fekk utvalet ei nærare utgreiing om etterretnings- og tryggingsfunksjonar i Heimevernet og om det førebyggjande tryggleiksarbeidet. Arkiv knytte til tryggings- og etterretningsfunksjonar blei inspiserte, medrekna funksjonane som autorisasjonsorgan og oppmodande organ. Inspeksjonen gav ikkje grunnlag for at utvalet skulle følgje opp noko.

FSA behandla i 2007 om lag 23 000 klareringssaker. Dette utgjer omtrent to tredelar av det totale talet på klareringssaker som årleg blir avgjorde, noko som gjer FSA til det største klareringsorganet i landet. Utvalet har gjennomført tre inspeksjonar i FSA i 2007. Dette vurderer utvalet som nødvendig for å utføre ein tilfredsstillande kontroll.

Kontrollane utvalet har gjennomført, har hovudsakleg retta seg mot FSA som klareringsorgan. Utvalet får lagt fram alle negative klareringsavgjerder sia siste inspeksjon for å gå gjennom dei. I tillegg inspiserer utvalet arkiv og register i personelltryggleiksavdelinga. Avdelinga behandlar eit høgt tal klareringsførespurnader årleg, og det er derfor eit stort arbeidspress. FSA har i 2007 fokusert på å redusere saksbehandlingstida i desse sakene.

Det generelle inntrykket utvalet har, er at FSA jamleg arbeider med å etablere saksbehandlingsrutinar for å ta vare på krava i tryggingslova, og at saksbehandlinga og dei avgjerdene som blir tekne, jamt over er av god kvalitet. Det ser likevel ut til at FSA bruker tryggleikssamtalar i mindre grad enn andre klareringsorgan. Tryggingslova pålegg klareringsorgana å gjennomføre tryggleikssamtale i alle saker der ein ikkje ser på dette som "åpenbart unødvendig". Utvalet kjem til å følgje med på utviklinga her, sia ein tryggleikssamtale i mange saker ikkje kan erstattast av anna informasjonsinnhenting, og lovordninga er altså at dette skal nyttast i tvilssaker. Tiltak for å få ned saksbehandlingstida bør ikkje gjennomførast på kostnad av rettstryggleiken for den enkelte.

FSA har i tillegg til funksjonen som klareringsorgan også oppgåver knytte til bl.a. tryggingsetterretning i Forsvaret. Det kontrollansvaret utvalet har, omfattar også denne verksemda. FSA har på vegner av Forsvarssjefen oppgåver i høve til å motverke tryggingstruslar knytte til spionasje, sabotasje og terrorhandlingar som kan komme til å ramme verksemda i Forsvaret og tryggleiken til riket. Ei operativ tryggingsavdeling i FSA gjer dette arbeidet. I 2007 har utvalet halde seg orientert om verksemda i avdelinga og inspisert arkiv og register i avdelinga.

Utvalet behandla i 2007 ei klage på korleis FSA behandla eit innsynskrav i ei klareringssak. Klagaren hadde kravd innsyn i saka si, som var blitt lagd bort fordi det ikkje lenger var behov for klarering, men klagaren fekk avslag da FSA meinte at det at saka var lagd bort, ikkje var ei avgjerd som gav rett til innsyn etter tryggingslova § 25a. Ei seinare klage på innsynsnektinga blei avslått av FSA med same grunngiving. FSA lét vere å sende saka til NSM som klageinstans. Også eit nytt innsynskrav frå klagaren blei avslått av FSA med same grunngivinga.

Klagaren bad utvalet sjå på innsynsnektinga til FSA og nektinga av å fremje saka for NSM som klageorgan. Klaga blei lagd fram for FSA, som heldt fast på at det ikkje var teke noka klareringsavgjerd da kravet blei fremja. Klagaren hadde dermed openbert ikkje innsynsrett på det daverande tidspunktet, i samsvar med tryggingslova § 25a, som bestemmer at innsynsretten tek til å gjelde når det er teke "avgjørelse om sikkerhetsklarering". FSA vurderte at det var klart at det å leggje bort ein klareringsførespurnad, ikkje var ei avgjerd om tryggleiksklarering. Men FSA føydde til at ein i ettertid såg at ein av prinsipielle grunnar burde ha sett på avgjerda om å avvise innsynskravet som eit enkeltvedtak i samsvar med forvaltningslova § 2 tredje ledd, og sendt klaga over til NSM.

I brev til FSA skreiv utvalet at både forarbeida til tryggingslova og reelle omsyn talte for å sjå på det at saka blei lagd bort, som ei avgjerd om tryggingsklarering. Utvalet viste til at det å leggje bort ei sak kan omfatte mange situasjonstypar der det kan liggje føre behov for innsyn. På den bakgrunnen kunne ein vanskeleg sjå det som openbert at det ikkje låg føre klagerett etter tryggingslova, slik FSA hadde uttalt. Utvalet tok likevel ikkje stilling til spørsmålet, men la det fram for NSM på generelt grunnlag.

Når det gjaldt det at FSA lét vere å sende klaga på innsynsnektinga over til NSM, uttalte utvalet at det trass i at FSA i ettertid vedgjekk at saka burde ha vore send over, gav grunn til kritikk at FSA over såpass lang tid hadde halde fast ved at klaga ikkje skulle sendast over til klageinstansen. Utvalet viste til at det går fram nokså direkte av tryggingslova og tilvisinga i tryggingslova til forvaltningslova at det ligg føre plikt til å sende over klage til klageinstansen, sjølv om vedtaket i første instans er ei avvisingsavgjerd. Klaga på avgjerda om å nekte innsyn skulle derfor ha vore send over til NSM sjølv om ho blei sedd på som ei avvising eller ei realitetsavgjerd av kravet. Utvalet meinte at saka i alle høve burde ha vore teke opp med NSM som overordna fagorgan fordi spørsmålet om innsynsrett i ei sak som var lagd bort, var ei prinsipiell problemstilling som ikkje var avgjord tidlegare i eit publisert vedtak eller ei publisert fråsegn frå NSM eller FD.

Utvalet gjorde i meldinga for 2006 greie for saksbehandlingstida i FSA i saker der personkontrollen avdekkjer funn i registra, f.eks. i straffesaksregisteret eller i kredittopplysningsregister. Komiteen var einig med utvalet i at behandlingstida bør bli kortare og bad om å bli halden orientert om utviklinga.

FSA har i dei inspeksjonane utvalet gjennomførte i 2007, orientert om restansesituasjonen og behandlingstida for ulike sakskategoriar. FSA er tilført auka personellressursar for å korte ned saksbehandlingstida i klareringssaker. I samband med dette har FSA også sett i verk eit prosjekt ved personelltryggleiksavdelinga for å redusere talet på eldre restansar. Prosjektet blei gjennomført i team, ein arbeidsmetode FSA har hatt gode erfaringar med. Det viste seg at dei sakene der avdelinga har hatt lang saksbehandlingstid, ofte har vore vanskelege saker der høvet til å diskutere med andre saksbehandlarar var særleg effektivt. FSA har opplyst at det i prosjektperioden blei avgjort mange eldre klareringssaker, og at restansesituasjonen har betra seg betydeleg.

Utvalet har i 2007 ikkje sett enkeltsaker der behandlingstida i FSA har ført til problem for personell under førstegongsteneste. Utvalet vil framleis halde seg orientert om utviklinga gjennom inspeksjonar i FSA.

Komiteen registrerer at EOS-utvalget har behandlet to klager i forbindelse med sikkerhetsklarering, og hvor det i den ene som var avgjort av Forsvarets sikkerhetsavdeling (FSA), ble uttalt kritikk.

Under behandlingen av fjorårets årsmelding viste kontroll- og konstitusjonskomiteen til en klagesak om anmodning om autorisasjon for Begrenset etter at vedkommendes sikkerhetsklarering var tilbakekalt. Andre sider av personalsaken har tidligere vært behandlet i Stortinget og forutsatt løst. Komiteen finner det kritikkverdig at saken heller ikke har funnet sin løsning i 2007, og forutsetter at Regjeringen omgående tar tak i saken og orienterer Stortinget på egnet måte.

Komiteen har merket seg at utvalgets stikkprøver har avdekket svakheter i Statsbyggs behandling av klareringssaker og forutsetter at utvalget følger utviklingen.

Komiteen finner det alvorlig at Utenriksdepartementet fortsatt ikke etterlever fastsatte rutiner for autorisasjon av ansatte der nærstående har utenlandsk tilknytning, og forutsetter at forholdet omgående bringes i orden. Komiteen ber EOS-utvalget følge saken og redegjøre for situasjonen i forbindelse med årsmeldingen for 2008.

Komiteen viser til sine merknader til EOS-utvalgets årsmelding for 2006 vedrørende behandlingen av vernepliktige som hadde vært i befatning med for eksempel narkotika.

Komiteen konstaterer at det er tatt skritt for å få ned saksbehandlingstiden i saker der det avdekkes funn i for eksempel kredittopplysningsregister eller straffesaksregisteret, men at man ennå ikke er nede på et akseptabelt nivå. Komiteen forutsetter at arbeidet gis høy prioritet og at EOS-utvalget vil holde seg orientert om utviklingen.