1. Oversikt over verksemda i utvalet i 2007
Mandatet for EOS-utvalet er forankra i lov 3. februar 1995 nr. 7 om kontroll med etterretnings-, overvåknings- og sikkerhetstjeneste, og i instruks om kontroll med etterretnings-, overvåknings- og sikkerhetstjeneste (EOS), fastsett ved stortingsvedtak 30. mai 1995. EOS-utvalet skal føre kontinuerleg kontroll med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-teneste) som offentlege styresmakter utøver, eller som offentlege styresmakter styrer eller gir oppdrag om å gjennomføre. I lov om forebyggende sikkerhetstjeneste 20. mars 1998 nr. 10 § 30 og i lov om Etterretningstjenesten 20. mars 1998 nr 11 § 6 er det teke inn føresegner som viser til kontrolllova, og som slår fast at utvalet skal kontrollere tenestene.
Den viktigaste oppgåva for utvalet er å sjå til at det ikkje blir gjort urett mot einskildmenneske ved utøving av EOS-tenestene, jf. kontrollova § 2. Utvalet skal også føre ein alminneleg legalitetskontroll med tenestene, sia føresegna også pålegg utvalet å sjå til at tenesta held verksemda si innanfor ramma av lov, direktiv og rett som ikkje er lovfesta.
Det primære verkemiddelet i kontrollverksemda er å inspisere alle typar arkiv, datasystem og installasjonar som tenestene har hand om, jf. kontrollinstruksen § 11 nr. 2. Kontrollen med enkeltsaker og operasjonar skal vere etterfølgjande, og han skal vere til minst mogleg ulempe for den pågåande operative verksemda i tenestene. Når utvalet handhevar innsynsretten, skal det ta utganspunkt i det som er nødvendig ut frå kontrollformålet, og utvalet skal spesielt ta omsyn til behovet for å verne opplysningar som tenestene har fått frå utanlandske samarbeidande tenester.
Utvalet skal undersøkje alle klager frå enkeltpersonar og organisasjonar. Alle klager eller førespurnader der det blir hevda at tenestene gjer eller har gjort urett, blir undersøkte i den eller dei tenestene som klaga rettar seg mot.
EOS-utvalet har sju medlemmer, medrekna leiar og nestleiar. Det blir ikkje oppnemnt varamedlemmer. Funksjonsperioden er normalt fem år. Medlemmene kan nemnast opp igjen.
Utvalet gjer det pågåande arbeidet sitt uavhengig av Stortinget, og stortingsrepresentantar kan ikkje vere medlemmer i utvalet. Stortinget har lagt vekt på at utvalet bør vere breitt sett saman, der både politisk erfaringsbakgrunn og erfaring frå andre samfunnsområde er representerte.
Helga Hernes leier i dag utvalet. Ho er seniorrådgivar i PRIO, tidlegare statssekretær i Utanriksdepartementet og ambassadør til Wien og Bern. Nestleiar i utvalet er Svein Grønnern, generalsekretær for SOS-barnebyer i Noreg, tidlegare generalsekretær i Høgre. Dei andre medlemmene i utvalet er Kjersti Graver, lagdommar i Borgarting lagmannsrett og tidlegare forbrukarombod; Trygve Harvold, direktør i Lovdata; Gunhild Øyangen, tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for Arbeidarpartiet; Knut Hanselmann, ordførar i Askøy kommune og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet, og Theo Koritzinsky, førsteamanuensis i samfunnsfag ved Høgskolen i Oslo og tidlegare stortingsrepresentant og partileiar for Sosialistisk Venstreparti. Koritzinsky erstatta Stein Ørnhøi som i 2007 ba seg friteke frå vervet som medlem av utvalet. Stein Ørnhøi blei vald inn i EOS-utvalet ved opprettinga av utvalet i 1996.
I kontrollen med PST har utvalet behandla ei sak om registrerings- og slettingsomgrepet i arbeidsregisteret for tenesta. Utvalet fann at etterretningsinformasjon om personar som blir sletta i registeret, framleis ligg i registeret og kan søkjast på namn så framt informasjonen er lenkja til andre personar. Utvalet har oppmoda tenesta om å endre praksisen eller å få regelverket endra, slik at det blir samsvar mellom omgrepsbruk og realitetar. I samband med undersøkinga av ein samarbeidsoperasjon mellom PST og E-tenesta har utvalet gitt uttrykk for at reglane som gjeld for metodebruk, ikkje er retta inn mot fellesoperasjonar og ansvarsoverføring mellom tenestene, og at det er nødvendig å sjå på spørsmål om regelendringar. Undersøkingane av den konkrete operasjonen er ikkje avslutta.
Da utvalet inspiserte personellsikringstenesta i Utanriksdepartementet, viste det seg at departementet ikkje hadde forsvarlege rutinar for autorisasjon av eigne tilsette. Departementet hadde også følgt ein avvikande og regelstridig praksis for kva det skulle ha å seie for tryggleiksklareringa av tilsette, dersom dei gifta seg eller flytta saman med personar utan 10 års kontrollerbar personhistorikk. I kontrollen med Forsvarets tryggleiksavdeling (FSA) har utvalet behandla ei sak om vilkåra for klarering av personell som er under omstilling i Forsvaret. Utvalet hadde merknader til den tilsynelatande passive haldninga FSA hadde til problemstillinga, som etter det utvalet fekk opplyst, kunne vere svært viktig for kva høve dette personellet hadde til å få ny stilling i Forsvaret.
Samarbeidsoperasjonen mellom E-tenesta og PST som er nemnd over, reiste spørsmål av same karakter knytte til E-tenesta, og utvalet har også overfor denne tenesta gitt uttrykk for at regelverket er uklart, og at det kan vere nødvendig å sjå på spørsmålet om regelendringar. Undersøkingane av den konkrete operasjonen er heller ikkje avslutta i høve til E-tenesta. Overfor Forsvarsdepartementet har utvalet funne grunn til å knyte merknader til sider ved dokumentasjonen av den politiske godkjenningsprosessen av operasjonen.
I 2007 gjennomførte utvalet totalt 28 inspeksjonar. Av desse er seks haldne i Den sentrale eininga i PST (DSE), fire er haldne i NSM og tre i Etterretningstenesta sentralt. Det er halde 15 inspeksjonar av ytre ledd i tenestene, medrekna tre inspeksjonar i FSA. På åtte av inspeksjonane har den teknisk sakkunnige i utvalet teke del.
Utvalet har gjennom året hatt 20 interne arbeidsmøte. I tillegg er det med delar av utvalet gjennomført eitt møte i Etterretningstenesta sentralt.
Følgjande ytre einingar og lokale ledd o.a. har vore inspiserte i 2007: PST Agder, PST Vest-Oppland, PST Aust-Finnmark, PST Gudbrandsdal, Utanriksdepartementet, Fylkesmannen i Vest-Agder, FSA Jørstadmoen, Heimevernet, forsvarsstasjonane i Fauske og Kirkenes og Koordinerings- og rådgivingsutvalet for etterretnings- og tryggingstenestene (KRU).
Utvalet har fått 22 klager i 2007, mot 16 i 2006. 18 av klagene retta seg mot PST, to mot FSA, éin mot NSM og éin mot Etterretningstenesta. Utvalet har gjennom året teke opp 18 saker på eige tiltak.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen og lederen Lodve Solholm, fra Høyre, Per-Kristian Foss, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Kristelig Folkeparti, Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Lars Peder Brekk, viser til at EOS-utvalgets viktigste oppgave er å sikre at det ikke øves urett mot enkeltmennesker under gjennomføring av etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjenester. Gjennom kontrollen av tjenestene bidrar utvalget til å sikre at virksomheten skjer innen de rammer folkevalgte organ har fastsatt. Komiteen har med tilfredshet merket seg at det heller ikke i 2007 er avdekket alvorlig rutinesvikt eller graverende forhold.
Komiteen viser til sine merknader til årsmeldingen for 2006 hvor det ble uttrykt ønske om at Stortingets styringssignaler ble eksplisitt kommentert i det påfølgende års årsmelding, og registrerer med tilfredshet at dette er gjort i årsmeldingen for 2007.
EOS-utvalgets årsmelding kan vise til en omfattende virksomhet. Samarbeidet mellom utvalget og tjenestene fungerer godt, og tjenestene forholder seg profesjonelt til kontrollorganet. Komiteen vil også for 2007 uttrykke stor tilfredshet med det arbeidet utvalget har utført.
Komiteen registrerer at det har vært gjennomført en rekke inspeksjoner i samtlige tjenester og at det er avholdt en rekke interne arbeidsmøter i utvalget. Videre har utvalget hatt utstrakt kontakt med tilsvarende organer i andre land.
Komiteen har videre merket seg at antall klager har økt fra 16 i 2006 til 22 i 2007, og at utvalget av eget tiltak har funnet grunn til å reise 18 saker.