Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om verksemda til Posten Norge AS
Dette dokument
- Innst. S. nr. 210 (2007-2008)
- Kildedok: St.meld. nr. 12 (2007-2008)
- Dato: 29.04.2008
- Utgiver: Transport- og kommunikasjonskomiteen
- Sidetall: 9
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I tråd med gjeldande styringsopplegg legg Samferdselsdepartementet fram ei stortingsmelding om verksemda til Posten Norge AS (Posten). Planen for Postens verksemd i perioden 2006-2008 (§ 10-plan) dannar grunnlaget for departementet si stortingsmelding om verksemda til Posten.
Førre stortingsmelding om verksemda til Posten blei lagt fram for Stortinget den 14. november 2003, jf. St.meld. nr. 11 (2003-2004) og Innst. S. nr. 124 (2003-2004).
Formålet med stortingsmeldingane om verksemda til Posten er å gje Stortinget ei orientering om utviklinga i konsernet og Postens planar for verksemda dei næraste åra og departementet si vurdering av desse. Vidare vil Samferdselsdepartementet orientere om forhold departementet føreset at selskapsleiinga vektlegg i styringa av verksemda.
Meldinga vil i all hovudsak ikkje innehalde drøftingar av regulatoriske forhold knytt til postverksemda, med unntak av Postens lovpålagte plikt om å tilby grunnleggjande banktenester i ekspedisjonsnettet.
Det overordna målet på postområdet er å sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester til rimeleg pris og med god kvalitet. Departementet gir i meldinga ei vurdering av behovet for tilby banktenester, og korleis Postens ulønsemd knytt til denne verksemda eventuelt skal finansierast.
Posten Norge AS er organisert som eit aksjeselskap fullt ut eigd av staten. Selskapsforma byggjer på ei klar rollefordeling mellom staten som eigar og selskapsleiinga. Det er Regjeringas politikk at Posten Norge AS skal vere 100 pst. eigd av staten.
Staten si eigarstyring av selskapet er blant anna knytt til fastsetjing av avkastningskrav og utbytepolitikk. Det er òg staten si oppgåve å vurdere eigenkapitalen i selskapet.
Regjeringa meiner at eineretten til Posten framleis er grunnleggjande viktig for å sikre rimelege og gode posttenester i heile landet.
Dei nye forslaga som blir omtalte i meldinga
Omlegging av postkontorstrukturen; inntil 124 noverande postkontor blir omgjort til nye Post i Butikk
Alle noverande Post i Butikk skal oppgraderast
Alle nye Post i Butikk (PiB) skal tilby kulturbillettar, og målet er at tilbod av kulturbillettar òg skal innførast ved dei eksisterande PiB’ane ved oppgradering av desse
Postens lovpålagde plikt til å formidle banktenester i sitt ekspedisjonsnett blir oppretthalde
Ordninga med statleg kjøp av ulønsame post- og banktenester blir vidareført
Avkastningskravet til Posten skal setjast ned frå 10,8 pst. for morselskapet til 10 pst. på konsernnivå
Posten er ei av dei største bedriftene i landet. Posten omsette i 2006 for 23 668 mill. kroner og hadde ei bemanning på 22 272 årsverk.
Postmarknaden er inne i ein kraftig endringsprosess. Utviklinga er prega av generell nedgang i etterspørselen etter dei tradisjonelle tenestene og store omstillingar i leverandørmarknaden. Dei store kundane ønskjer samla kommunikasjons- og logistikkløysingar som dekkjer heile Norden. Utviklinga krev leverandørar med grenseoverskridande distribusjonsnett og eit breitt tenestespekter. Parallelt med denne utviklinga har styresmaktene i nokre europeiske land vedteke å (del)privatisere dei tidlegare statlege postselskapa og/eller avvikle eineretten i brevmarknaden. I post- og logistikkbransjen styrkar dei store aktørane sin posisjon, blant anna gjennom oppkjøp og samanslåingar. Dei store postselskapa er aktive pådrivarar i denne prosessen. Utviklinga gjer seg òg gjeldande i Noreg og i dei andre nordiske landa.
Postens kjerneverksemd er post-, logistikk og IKT-tenester og anna verksemd som står i direkte samanheng med dette. Fallande etterspørsel etter dei tradisjonelle tenestene (brevpost og grunnleggjande banktenester), auka kundekrav og konsolideringstrenden i bransjen, gjer at Posten ser det som nødvendig å halde fram å vekse innanfor dei andre segmenta og etablere ein konkurransedyktig posisjon på nordisk nivå. Ein slik nordisk posisjon vil underbyggje lønsemda i Posten på lengre sikt.
Samferdselsdepartementet føreset at Posten løyser dei samfunnspålagte krava på ein god og effektiv måte. Departementet legg til grunn at Posten driv lønsamt, kontinuerleg søkjer effektive løysingar både på inntekts- og kostnadssida, og sikrar ei god lønsemdsutvikling i kjerneverksemda. Departementet legg til grunn at omstillingane i Posten ikkje går utover kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene i nokon del av landet.
Dersom det skulle bli endring av reservasjonsprinsippet for reklame, ser departementet at dette kan innebere store utfordringar for Posten.
EU-kommisjonen la den 18. oktober 2006 fram forslag til eit nytt postdirektiv der det blir foreslått full liberalisering av postmarknaden frå 1. januar 2009. Regjeringa støtta ikkje forslaget og arbeidde aktivt overfor EU for å behalde eineretten/utsetje liberaliseringa. Medlemmene i EU sitt rådsmøte tilrådde i oktober 2007 å behalde eineretten lenger, og å opne den europeiske postmarknaden først frå 2011 - to år seinare enn planlagt, og med moglegheit for ei ytterlegare utsetjing på to år for 11 namngitte medlemsland. Regjeringa vil vurdere korleis norsk postpolitikk skal utformast framover, mellom anna i lys av EUs framtidige vedtak. Endeleg vedtak i EU er venta våren 2008.
Posten legg stor vekt på å ta samfunnsansvar, og ser ikkje nokon motsetnad mellom å utvikle Posten til eit nordisk kommunikasjons- og logistikkselskap, og samtidig sikre dei samfunnspålagte oppgåvene. Posten meiner tvert imot at eit lønsamt, slagkraftig og offensivt Posten på nordisk nivå er den beste garanti for framleis høg kvalitet på den landsdekkjande servicen i Noreg, òg innanfor tradisjonelle tenester. Norsk næringsliv, både i distrikta og i sentrale strøk, vil vere tent med eit konkurransedyktig Posten på nordisk nivå.
Ny konsesjon for Posten blei vedteken i desember i 2006 for perioden 1. januar 2007 til 31. desember 2010. Den nye konsesjonen er i stor grad ei vidareføring av tidlegare konsesjon, men inneheld somme nye føresegner om blant anna universell utforming av Postens tenestetilbod og målbruk.
Målsettingane på postområdet blir i dag i all hovudsak sikra gjennom sektorspesifikk regulering ved at det i konsesjonen til Posten er stilt krav til dei leveringspliktige tenestene. I dei årlege rapportane frå Post- og teletilsynet, som fører tilsyn med at Posten etterlever krava i konsesjonen, blir det konkludert med at utviklinga i servicenivået i hovudsak er positiv og at konsesjonsvilkåra er oppfylte.
Departementet stiller strenge krav til at vi har eit velfungerande statleg postselskap med fokus på at privatkundar og næringsliv i heile landet blir tilbydd gode, likeverdige og rimelege posttenester. Departementet understrekar at ei sterk stilling i heimemarknaden er avgjerande òg for at Posten skal lukkast med den nordiske satsinga.
Departementet føreset at Posten viser samfunnsansvar utover det som følgjer av lover og reguleringar, og står fram som eit godt eksempel for andre aktørar i saker der det er viktige samfunnsinteresser som bør bli varetekne.
Etterspørselen etter tradisjonell brevpost har halde fram med å falle. Postens totale brevvolum har likevel vakse som følgje av auka distribusjon av uadressert reklame. Det er likevel lågare fortenestemarginar knytt til desse tenestene. Innanfor pakkeverksemda har Posten hatt ei positiv volumutvikling, og særleg det internasjonale pakkevolumet gjennom dotterselskapet PNL har utvikla seg positivt. For pakkepost er såleis innteninga totalt sett god. For å betre framsendingskvaliteten og styrkje lønsemda i morselskapet, har Posten i føregåande planperiode samordna brev- og pakkeproduksjon på færre og større sorteringsterminalar og implementert ny teknologi for å auke automatiseringa i produksjonen. Posten har vidare konsentrert verksemda om kjerneaktiviteten ved sal av dotterselskap samt ved å ha styrkt marknadsposisjonen til konsernet i logistikk- og ekspressmarknaden. Strategien til konsernet har vore å vekse i definerte nisjemarknader i Norden, med basis i kjerneverksemda i Noreg.
Effektane av Postens vedtekne tiltak er ikkje vurdert som tilstrekkelege for å hindre ei svekking i lønsemda framover. For å unngå ei fallande lønsemdsutvikling, ønskjer Posten difor å styrkje sine marknadsposisjonar gjennom oppkjøp og auka nærvær i den nordiske marknaden. Posten ser det òg som viktig å inngå i internasjonale alliansar for å sikre seg innvolum for vidaredistribusjon i Noreg.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten held fram med å utvikle verksemda som eit moderne og effektivt selskap som tek samfunnsansvar, og at leiinga i Posten har eit langsiktig fokus på kjerneverksemda.
Posten har dei siste sju åra gjennomført ei omfattande omlegging av verksemda. Tiltaka har resultert i betre lønsemd og auka kvalitet på tenestene. Målingar som Posten har fått gjennomført, viser at kundane er godt nøgde med tilbodet på postkontora og i Post i Butikk.
Dei eigendrivne postkontora har likevel eit underliggjande lønsemdsproblem på grunn av kraftig nedgang i etterspørsel etter bank- og betalingstenester over skranke. På bakgrunn av dei marknadsmessige endringane i etterspørselen etter tenester ved ekspedisjonsstadene, ser ikkje Posten lenger banktenester som ein del av kjerneverksemda. For å tilpasse verksemda til dei marknadsmessige endringane ønskjer Posten ytterlegare å leggje om eigendrivne postkontor til Post i Butikk. Det blir lagt opp til at inntil 124 kontor skal leggjast om til Post i Butikk innan utgangen av 2010.
Omlegginga vil føre til nedbemanning ved dei gjeldande postkontora, med ein brutto reduksjon på om lag 450 årsverk (650 tilsette) i Posten.
Departementet legg til grunn at Posten kan leggje om inntil 124 postkontor til Post i Butikk innan utgangen 2010, under den føresetnad at Posten set i verk tilstrekkeleg med tiltak for å sikre privatkundar og småbedrifter i heile landet tenester med høg kvalitet og eit minst like godt tilbod av dei samfunnspålagte tenestene i ny struktur. Det er òg viktig med god dialog overfor lokale styresmakter før og under gjennomføring av strukturendringa. Posten har òg revidert måten å gjennomføra omstillingar på, i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane, for å vareta interessene til tilsette som blir omfatta av omlegginga.
Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av utviklinga i bruken av grunnleggjande banktenester i Postens nett, fått eit eksternt konsulentselskap til å utgreie framtidig behov for banktenester i Postens ekspedisjonsnett. Det er departementet si vurdering at konklusjonane i rapporten peikar i retning av at det ikkje er riktig å endre dagens plikt for Posten til å sikre eit grunnleggjande banktilbod i heile landet. Ei omlegging av postkontornettet vil føre til at kostnadene knytte til mellom anna formidling av grunnleggjande banktenester vil bli sterkt reduserte, men det vil likevel framleis vere ulønsamt for Posten å formidle desse tenestene. Så lenge Posten av samfunnsmessige omsyn difor er pålagt å drive ulønsame post- og banktenester, meiner departementet at ulønsame banktenester bør bli inkluderte i ordninga med statleg kjøp.
Ordninga med statleg kjøp er ikkje avvikla, og det blei i perioden 1993-2005 løyvd tilskot til kjøp av ulønsame posttenester. Dei siste par åra har einerettoverskotet stort sett dekt tapet Posten har hatt ved å formidle ulønsame post- og banktenester, og det har ikkje vore løyvd tilskot. Dei komande åra ser Posten at det i minkande grad vil vere tilfellet at einerettsoverskotet dekkjer meirkostnadene ved dei ulønsame post- og banktenestene. Av den grunn bør ordninga vidareførast, der ein òg inkluderer dei ulønsame banktenestene. Kostnadene og ulønsemda ved post- og banktenestene må vurderast samla, då Postens konkurranseevne er påverka av ulønsemda ved formidlinga av begge desse tenestekategoriane.
Forslag om løyvingar til Posten vil bli tatt opp i dei årlege statsbudsjettprosessane, og har mykje å seie for kva strategi verksemda legg for framtida. At banktenestene blir inkluderte i prinsippet, gjer at Posten får ein meir stabil planleggingshorisont, og kan halde fram å vere ei bedrift som kan vareta samfunnsoppgåvene på lang sikt.
Nødvendige omstillingar i Posten har ført til ei kraftig nedbemanning i morselskapet.
Omstillingane har medført at talet på tilsette er redusert med om lag 7 800 årsverk, eller nær 35 pst., i perioden 2000-2006. Bemanninga i Postens dotterselskap auka derimot med over 4 400 årsverk i perioden 2000-2006.
Det er forventa at nye kostnadseffektiviserande tiltak vil kunne medføre ei ytterlegare nedbemanning i morselskapet i dei komande åra. Elles i konsernet er det venta ein bemanningsauke på grunn av oppkjøp.
Samferdselsdepartementet føreset at Posten gjennomfører framtidige omstillingar i nært samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar, og at verksemda arbeider aktivt med å leggje til rette for at overtallige kan få anna arbeid i Posten. Posten har fullført prosessar med fagforeiningane om revidert verkemiddelavtale og prosessreglar for å handsama overtalige. Dei avtalte ordningane omfattar mellom anna omskuleringtiltak og samarbeid med NAV for å hindre fråfall frå arbeidslivet. Departementet legg vidare til grunn at Posten held fram å prioritere arbeidet med å få ned sjukefråværet og uføretrygdinga, og har fokus på gode arbeidsforhold for dei tilsette. Det er særs viktig at Postens personalpolitikk i omleggingsfasen frå postkontor til Post i Butikk inneheld tiltak som hindrar at dei som mistar jobben blir utstøytte frå arbeidslivet.
Posten har i løpet av perioden 2002-2006 auka omsetnaden med om lag 57 pst. Det er i hovudsak Postens ekspress- og logistikkverksemd som står for denne veksten.
Konsernet si inntektssamansetjing har endra seg dei siste åra. Postsegmentet sin del av omsetnaden gjekk ned frå 78 pst. på slutten av 1990-talet til 42 pst. i 2006.
I underkant av 90 pst. av Postens inntekter kom i 2006 frå konkurranseutsett verksemd. Driftsresultata til konsernet viste i løpet av desse åra ei vesentleg betring av lønsemda i underliggjande drift. Resultatforbetringane var særleg knytt til omstillingane og effektiviseringane i morselskapet. Posten hadde ved utgangen av 2006 ein eigenkapitaldel på 35,5 pst. Posten vurderer den finansielle situasjonen til konsernet som tilfredsstillande.
Postens kjøp av logistikkverksemd og IKT-selskap i 2005/2006 medførte ein auke i omsetninga til konsernet. Det er vidare venta at inntektene frå pakke- og ekspressverksemda vil auke framover, mens inntektene frå tradisjonell brevpost og grunnleggjande banktenester vil halde fram å falle. Effektane av vedtekne effektiviseringstiltak og forventa inntektsvekst i den gjeldande verksemda er ikkje vurderte som tilstrekkelege til å kompensere for effektane av inntektsnedgang knytt til dei tradisjonelle brev- og banktenestene og generell lønns- og kostnadsvekst. Posten vil difor mellom anna framleis styrkje konkurranseposisjonen sin i den nordiske marknaden gjennom oppkjøp.
Posten melde seg ut av Statens Pensjonskasse (SPK) med verknad frå 1. januar 2006 og inngjekk ei avtale om ny pensjonsordning med Vital Forsikring.
Samferdselsdepartementet får som eit ledd i eigaroppfølginga av Posten jamleg utført eksterne verdivurderingar av selskapet. Danske Markets fastsette i februar 2006 verdien av konsernet sin eigenkapital til 12,5 mrd. kroner. Danske Markets framhevar at Posten er eit veldrive selskap, men at utviklinga innanfor den tradisjonelle verksemda vil føre til dårlegare resultat i morselskapet i åra som kjem. I 2007 fikk Posten sjølv eit firma, Handelsbanken Capital Markets, til å utføre ei verdivurdering. Her blei verdien av eigenkapitalen til Posten fastsett til 14,4 mrd. kroner.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten legg betydeleg vekt på å oppfylle alle dei samfunnspålagte krava på ein god og likeverdig måte i heile landet, driv verksemda effektivt og at Posten i det vesentlege held seg til Posten si kjerneverksemd.
Departementet vurderer eigenkapitalsituasjonen til Posten som god i høve til dei utfordringane som Posten er stilt overfor, og at fokuset no må vere på å betre dei leveringspliktige tenestene.
Generelt reflekterer avkastningskravet den venta avkastninga som kunne vore oppnådd på tilsvarande risikable investeringar. Utbyte er den delen av avkastninga som blir teken ut av eigaren.
Av omsyn til ei effektiv forvaltning av staten sine verdiar meiner departementet at avkastningskravet for Posten bør bli utforma slik at det blir lagt vekt på dei same prinsipp som for private selskap. Avkastningsnivået må likevel heile tida vurderast opp mot Postens samfunnsansvar som formidlar av landsdekkjande posttenester, og skal ikkje bli prioritert til ulempe for kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene. Med tanke på dei utfordringane verksemda vil ha framover, med å få fram leveringspliktige posttenester av god kvalitet, foreslår departementet at avkastningskravet for Posten blir nedjustert frå 10,8 pst. for morselskapet til 10 pst. for konsernet dei neste åra. Avkastningskravet må vurderast på nytt dersom inntektsføresetnadene til Posten endrar seg.
I St.meld. nr. 11 (2003-2004) blei det fastsett at utbytet frå Posten frå og med rekneskapsåret 2006 skal bli rekna som innlånsrenta til staten multiplisert med eigenkapitalen til Posten, avgrensa oppover til 75 pst. av overskotet etter skatt.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Karita Bekkemellem, Eirin Faldet, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Truls Wickholm, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, er glad for at det går godt i Posten og at man kan vise til gode resultater. Flertallet vil peke på at Posten Norge AS de siste årene har hatt en positiv utvikling. Lønnsomheten har i perioden fra 2003-2006 blitt stadig bedre.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Bård Hoksrud, lederen Per Sandberg og Arne Sortevik, fra Høyre, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra Kristelig Folkeparti, Jan Sahl, og fra Venstre, Borghild Tenden, vil peke på at Posten Norge AS de siste årene har hatt en positiv utvikling. Lønnsomheten har i perioden fra 2003-2006 blitt stadig bedre. Dette har blant annet skjedd ved kostnadsreduksjoner og oppkjøp av selskaper. Disse medlemmer er svært fornøyd med denne utviklingen. Disse medlemmer vil imidlertid også peke på at de tradisjonelle post- og banktjenestene som selskapet driver med, blir en stadig mindre del av selskapets virksomhet. Samtidig går også bruken av disse tjenestene stadig ned på grunn av endringer i behovet for en del av de tradisjonelle posttjenestene.
Disse medlemmer vil peke på at en stadig større del av Posten Norge AS’ virksomhet er på områder hvor det i dag er full konkurranse, og at kun ca. 12 pst. av selskapets virksomhet nå er innenfor det tradisjonelle posttjenesteområdet.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er opptatt av Posten som en viktig samfunnsaktør. Posten Norge drives i dag som et heleid statlig aksjeselskap. Flertallet anser at denne driftsformen er valgt fordi den best skulle tjene det norske samfunnet. Posten styres etter økonomiske mål, men flertallet ser dette som et styringsredskap for å kunne oppfylle de samfunnsmessige viktige oppgavene til Posten. Flertallet er derfor glad for at Posten ikke ser noen motsetning mellom å være ledende norskbasert kommunikasjons- og logistikkselskap i Norden og samtidig ivareta sine samfunnsoppgaver.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener at statens eierandel på 100 pst. ikke bør videreføres. Posten Norge AS fremstår i dag som et internasjonalt post- og logistikkonsern som driver sin hovedvirksomhet i åpen og økende konkurranse og i økende grad på det nordiske markedet. Statlig eierskap er etter disse medlemmers syn verken en nødvendighet eller en forutsetning for et myndighetsbestemt posttilbud.
Disse medlemmer peker på at enkelte land i Europa, herunder Danmark, har valgt å delprivatisere det tidligere statlige eide postselskapet. Disse medlemmer vil også vise til at Posten Sverige og Posten Danmark nå har vedtatt at man skal fusjonere, for å stå sterkere når postmonopolet forsvinner i 2011.
Disse medlemmer vil peke på at det på ingen måte er nødvendig med 100 pst. statlig eierskap for å sikre et landsdekkende posttilbud av tjenester med rimelig pris og med god kvalitet.
Disse medlemmer viser til at av omsetning innenfor postsegmentet utgjorde Postens enerettstjenester 28 pst. av omsetningen i 2007. Disse medlemmer har merket seg at postsegmentet utgjør en tydelig synkende andel av Postens samlede omsetning. I 2000 sto postsegmentet for 75 pst. av inntektene, mens i 2007 er andelen 38 pst. Disse medlemmer mener at gjennom samme tidsperiode er det overordnete samfunnsmessige målet for postområdet godt ivaretatt. Disse medlemmer viser videre til at staten om nødvendig kan betale foretak for å produsere ønskede tjenester. Disse medlemmer har merket seg at dette i særlig grad gjelder for såkalte "tjenester av allmenn økonomisk betydning" fordi offentlig finansiering av slike tjenester er særskilt regulert ved siden av det generelle forbudet mot offentlig støtte i EØS-avtalens artikkel 61 (1).
Disse medlemmer har videre merket seg at Postens aktive oppkjøpsstrategi har medført at av samlet omsetning i 2007 er 40 pst. generert fra virksomheter kjøpt opp i perioden 2004-2007, og at driftsresultatet er fallende for postsegmentet der også omsetningen for enerettsområdet er fallende. Disse medlemmer har merket seg at Posten selv anslår Postens omsetning innenfor dagens enerettsområde i 2011 til å utgjøre ca. 10 pst. av konsernets samlede omsetning.
Disse medlemmer har også merket seg departementets omtale av Postens strategi, og at det legges føringer på rapportering til eier og at det pålegges stor forsiktighet ved vurdering av strategiske investeringer utenfor det nordiske markedet. Disse medlemmer peker igjen på at med enerettsområde som om noen år ventelig bare vil omfatte 10 pst. av konsernets virksomhet, synes det ganske unødvendig at staten viderefører 100 pst. eierskap i et stort post- og logistikkonsern som har 90 pst. av sin virksomhet i åpen konkurranse og i økende grad på det nordiske markedet.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen legge frem sak om statlig nedsalg i Posten Norge AS."
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, understreker at Posten fortsatt er et fundamentalt offentlig tjenestetilbud for innbyggere og næringsliv i hele landet, og særlig i distriktene, hvor flertallet mener at tjenesten bør videreutvikles. Det at vi i Norge har bevart enhetsportoen - og 6 dagers postombæring, er etter flertallets menig meget viktig, og bør være det også i fremtiden.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil peke på at det er statens ansvar å sikre alle likeverdige posttjenester over hele landet, herunder ombringing av post 6 dager i uken.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, vil peke på at som stor aktør i Norge er det også viktig at Posten har et godt samarbeid med andre viktige aktører i samfunnet, som idretten og andre kulturformål. Flertallet har merket seg at Posten har jobbet godt på flere av disse områdene.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er fornøyd med at eneretten til enkeltsendinger under 50 gram ikke ble opphevet fra 2007. Flertallet støtter departementets vurdering av hvordan utfordringene med et nytt EU-direktiv bør håndteres. Det er ikke ønskelig at det legges til rette for aktører som kun opererer i de befolkningstette områdene, og på den måten "skummer fløten" av postmarkedet i Norge. Flertallet oppfatter eneretten på enkeltsendinger under 50 gram som en viktig forutsetning for fortsatt enhetsporto - og 6 dagers ombæring. En opphevelse av eneretten vil måtte bety større statlige overføringer til Posten, dersom enhetsportoen og 6 dagers ombæring skal opprettholdes.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til den nylig inngåtte fusjonen mellom Posten i Sverige og Danmark. Disse medlemmer vil peke på at dette aktualiserer Posten Norge AS’ konkurransesituasjon. Posten Norge AS har etablert seg som en stor aktør i det nordiske markedet, og det er viktig at selskapet settes i stand til å møte den konkurransen fusjonen innebærer. Disse medlemmer viser til at konsernsjef Dag Mejdell uttaler i Postavisen 4. april 2008:
"Det er ingen tvil om at fusjonen er rettet mot vår ekspansjon i de to landene. Dette gir et snytt svenskdansk postselskap med lavere kostnader og sterkere muskler til å konkurrere på vår hjemmebane – i Norge."
Disse medlemmer mener fusjonen må føre til at Norge så snart som mulig åpner opp for fri konkurranse på brevpost under 50 gram, slik Posten selv har uttrykt ønske om. Dette for å sikre at Posten Norge AS står best mulig rustet i konkurransen i våre naboland, og at Posten vinner erfaringer på hjemmemarkedet før EUs foreslåtte liberalisering blir innført i alle EU/EØS-land.
Disse medlemmer er kjent med at EU har vedtatt at alle posttjenestene fra 2011 skal åpnes for fri konkurranse, men at det er mulig å utsette innføringen til 2013. Disse medlemmer vil derfor peke på at meldingen og de forslagene til endringer som ligger her, er med på å gjøre Posten Norge i stand til å møte konkurransen når det i 2011 eller 2013 blir åpnet for fri konkurranse på alle posttjenestene i EU og i EØS-området.
Disse medlemmer viser til at Regjeringen tidligere har omgjort Stortingets vedtak om å avvikle eneretten til Posten Norge AS, jf. St.prp. nr. 58 (2005-2006) og Innst. S. nr. 182 (2005-2006). Disse medlemmer viser videre til at EU-parlamentet har vedtatt at postmarkedet skal liberaliseres innen 2011, og at dette gjennom EØS-avtalen vil berøre Norge. Direktiv om liberalisering forventes vedtatt våren 2008. Direktivet vil ventelig inneholde en klausul som gjør at land som liberaliserer, får rett til å nekte nasjonal konsesjon til postoperatører fra land som velger å utsette liberaliseringen med inntil 2 år. Posten Norge AS, som driver aktivt oppkjøp av virksomhet i Norden, vil ifølge Postens egne opplysninger kunne bli rammet av en slik bestemmelse i Danmark dersom Norge utsetter en liberalisering.
Disse medlemmer mener Postens enerett i Norge bør avvikles, og fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen om å avvikle eneretten til Postens Norge AS i tråd med Innst. S. nr. 132 (2004-2005), jf. St.prp. nr. 34 (2004-2005)."
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til at Posten også er en av Norges største arbeidsgivere. Dette gir, etter flertallets mening, også Posten et spesielt ansvar. Både som viktig nøkkelarbeidsplass på mange mindre steder, og som statlig eid arbeidsplass - og dermed også en arbeidsplass som bør være et eksempel til etterfølgelse for andre arbeidsgivere og arbeidstakere.
Dette innebærer etter flertallets mening at man bør ha gode samarbeidsforhold med de ansatte, og være tidlig ute med å ta tak i problemer som rasisme og mobbing.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, registrerer at det i meldingen gis adgang til at inntil 124 postkontor kan legges ned, men at disse igjen skal erstattes av Post i Butikk - såkalt PiB. Dette vil også bety en nedbemanning av ca. 450 årsverk (650 ansatte) i postkontornettet. Flertallet er bekymret for disse ansatte. Dette dreier seg, etter det flertallet kjenner til, om mange personer som har fylt femti år. Mange av disse er også kvinner med lav utdanning. Dette er erfaringsvis en gruppe som har vanskelig for å komme seg ut igjen i arbeidslivet dersom de blir arbeidsledige. FAFOs rapport "Den nye staten" viser at uføretrygdingen og sykefraværet øker markant i omstillingsprosesser. Det vil vi forsøke å unngå. Flertallet mener det er et viktig mål at ingen skal havne i arbeidsledighet eller på trygdeordninger som følge av de forestående omstillingene.
Flertallet er derfor meget glade for den dialogen Regjeringen ved statsråden har hatt med berørte parter i denne saken. Flertallet er opptatt av at det er viktig å lytte til de ansattes organisasjoner. Dette er etter flertallets mening blitt gjort på en god måte av statsråden.
Flertallet viser til at meldingen presenterer en viktig forbedring av hvordan NAV kan komme inn og arbeide med omstillinger. Flertallet vil gi ros til Regjeringen for at dette er kommet på plass. Det er viktig at NAV nå har fått beskjed om at de må starte omskoleringsassistanse/støtte fra det tidspunktet det er klart hvem som blir overtallige, og at dette også skal gjøres ut ifra det lokale arbeidsmarkedet. Flertallet er også fornøyd med at Posten og de ansatte har kommet fram til en omstillingsavtale, og vil understreke viktigheten av at de ansatte er delaktige i utarbeidelsen og gjennomføringen av omstillingene.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre vil peke på at det i meldingen legges opp til at Posten Norge AS kan legge ned inntil 124 postkontor. Denne omleggingen vil få betydning for mange ansatte i selskapet som risikerer å bli omplassert eller å miste jobben sin. Disse medlemmer er også kjent med at mange av disse jobbene blant annet er i distriktene. Disse medlemmer vil peke på at det er viktig at selskapet i samarbeid med NAV har en aktiv rolle for å hjelpe de ansatte som mister jobben over i nye jobber.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til meldingens omtale av nedleggelse av postkontor, og mener Regjeringen i sitt forslag til nedleggelse av 124 postkontor passerer en smerteterskel for antall postkontor her i landet. Dette medlem mener 300 postkontor er en minimumsgrense, og at Regjeringens forslag til halvering av antallet vil gi en rekke uheldige virkninger, særlig for folk i distriktene og for næringslivet. Dette medlem mener Posten er en samfunnsinstitusjon med et viktig samfunnsoppdrag. Dette medlem mener Posten skal være synlig til stede der folk bor, både for å tilby posttjenester og for å styrke Postens legitimitet i befolkningen. Med Regjeringens forslag til nedleggelser står Posten i fare for å svekke sin egen merkevare, i tillegg til at Posten utsettes for unødig sterk konkurranse, noe som kan slå tilbake på Postens inntjening på lengre sikt. Dette medlem viser for øvrig til at 650 arbeidsplasser kan forsvinne, og at mange av disse arbeidsplassene er i distriktene.
Dette medlem går på denne bakgrunn imot Regjeringens forslag om å legge ned inntil 124 postkontor. Dette medlem fremmer derfor følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen sørge for at det ikke legges ned postkontor, men at antallet opprettholdes på dagens nivå. De økonomiske merkostnadene dette medfører, forutsettes dekket ved redusert avkastningskrav."
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, ber departementet følge utviklingen rundt "Post i Butikk"-omleggingen (PiB) nøye i årene som kommer. Det er nå en svært stor andel av infrastrukturen i postkontornettet som er privatisert. Dette flertallet er bekymret for at kjedene som har avtaler med Posten får en monopolliknende tilstand i distriktene. Nettet blir avhengig av om kjedene finner det lønnsomt å fortsette med Post i Butikk, og her vil det kunne komme en økt kostnad. Det er i dag grovt sett fire matvarekjeder i Norge. Mange steder er det ikke konkurranse mellom disse. En større konvertering til Post i Butikk kan minske muligheten for politisk styring.
Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil peke på at Post i Butikk (PiB) av mange forbrukere har blitt ansett å være positivt. Det har flere steder gitt økt tilgjengelighet. I denne runden legges egendrevne postkontor i all hovedsak om til PiB i et 1:1-forhold. Dette flertallet mener dette er et minimum. Dette flertallet er også kjent med at det har vært knyttet bekymring til massesendinger i forbindelse med at det nå opprettes PiB’er på steder der bedrifter og lokalt næringsliv er avhengig av å kunne gjennomføre dette. Dette omtales i meldingen, men dette flertallet vil allikevel understreke viktigheten av PiB’er der det er behov for å kunne sende massesendinger, uten at det finnes andre gode alternativer, og at det legges til rette for at dette skal kunne gjøres på en like god måte som i dag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre synes det er positivt at Regjeringen viderefører arbeidet til den forrige regjeringen gjennom omstilling av virksomheten til Posten Norge AS. Disse medlemmer synes det er positivt med økt satsing på Post i butikkløsninger. Postmarkedene er i endring og møter konkurranse fra blant annet digital kommunikasjon. Dette krever nytenkning og fremtidsrettet omstilling. Det overordnede er å sikre tilfredsstillende posttjenester over hele landet. Løsninger med Post i Butikk er et viktig bidrag i dette arbeidet, noe som etter disse medlemmers mening ivaretar hensynet til brukerne på en god måte.
Disse medlemmer er kjent med at det har kommet innspill fra en del kommuner og steder som er i ferd med å miste postkontoret sitt. Disse medlemmer forstår godt bekymringene som kommer. Disse medlemmer vil imidlertid peke på at erfaringene med Post i Butikk har vært svært gode, og at kundene som har fått erstattet sitt gamle postkontor med Post i Butikk, er svært fornøyd med ordningen. Dette skyldes blant annet at Post i Butikk har lengre åpningstider. Disse medlemmer mener derfor at det er viktig at Posten Norge AS sørger for at det blir etablert flere Post i Butikk i de områdene hvor tradisjonelle postkontor blir lagt ned.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti er enig i at det mange steder kan vises til gode erfaringer med Post i Butikk. Dette medlem er positiv til at nåværende Post i Butikk oppgraderes, men merker seg at oppgraderingen er svært beskjeden og kun begrenser seg til innføring av salg av kulturbilletter. Dette medlem mener det bør satses videre på Post i Butikk både når det gjelder innhold og omfang. Dette medlem mener en utvidelse og videreutvikling av Post i Butikk må gjøres som et tillegg til, og ikke på bekostning av, dagens postkontorstruktur.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er glad departementet legger opp til at det fortsatt skal være betalingstjenester i hele landet, og at man er villige til å betale for dette gjennom en utvidelse av ordningen med statlig kjøp av ulønnsomme tjenester.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre har merket seg at departementet heretter vil inkludere ulønnsomme banktjenester i ordningen med statlige kjøp. Disse medlemmer er av den oppfatning at Posten Norge i størst mulig grad skal bestemme hvilke tjenester selskapet selv ønsker å tilby sine kunder. Disse medlemmer vil derfor foreslå at man i konsesjonskravene overfor Posten Norge tar bort pålegget om at man skal tilby banktjenester. Disse medlemmer vil spesielt peke på at behovet som en gang lå til grunn for dette pålegget, nå i stor grad er blitt borte. Dette fordi ny teknologi helt klart har sørget for at pålegget fra statens side ikke lenger er til stede i samme grad som de var den gangen Posten i sin tid fikk disse påleggene.
Disse medlemmer legger til grunn at Posten leverer tjenester ihht. konsesjonsvilkårene gitt for perioden 1. januar 2007 til og med 31. desember 2010 med de endringer som følger av avvikling av enerett, og at leveringer av tjenester måles jevnlig.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen oppheve konsesjonskravet til Posten Norge om plikten til å opprettholde fullverdige banktjenester."
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at avkastningskravet til Posten også justeres i denne meldingen. Dette er etter flertallets mening positivt. Dette vil kunne hjelpe Posten til bedre å takle utfordringene i kommende år. Det er viktig at det reduserte avkastningskravet til morselskapet kommer de underliggende selskapene til gode. I første omgang bør disse lettelsene brukes til å avhjelpe i omstillingene og sikre at de ikke gjennomføres for raskt.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, er bekymret for at Postens inntekter i stor grad er basert på distribusjon av reklame. Papirreklame for forbruksartikler er ikke positivt for klimaet. Flertallet mener utviklingen vil gå i retning av at dette ikke i fremtiden vil kunne være en inntektskilde. Stadig flere henger opp klistremerker som sier "nei takk" til reklame, og det er en tiltakende debatt rundt om man aktivt skal måtte takke "ja" til Telefonkatalogen. Dette vil nok også skje når det gjelder reklame. Flertallet mener derfor det er viktig at Posten og departementet er oppmerksomme på dette, og ser etter andre løsninger og andre inntektskilder.
Komiteens medlem fra Venstre har merket seg at arbeidet med ny markedsføringslov har tatt lang tid i Regjeringen, og forventer at Regjeringen innen kort tid legger fram sitt forslag for Stortinget. Dette medlem er skeptisk til å pålegge én enkelt bedrift spesielle restriksjoner når det gjelder distribusjon av reklame. Den nye markedsføringsloven bør behandle markedsaktørene likt med hensyn til disse spørsmålene.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til at en annen viktig inntektskilde for Posten er massepost. Dette er eksempelvis utsendinger av kontoutskrifter, strømregninger og liknende. Flertallet registrerer at dette er en posttype som stadig flere mottar elektronisk gjennom sikre nettjenester. Dette vil i nær fremtid kunne bety en utfordring for Posten rent økonomisk. Flertallet er opptatt av at Posten er offensive med hensyn til denne problemstillingen. Posten er allerede i dag en av landets viktigste IKT-bedrifter med bl.a. ErgoGroup - det gamle Statens datasentral som datterselskap. Flertallet mener det er viktig for Posten å satse slik at staten, gjennom Posten, kan sikre befolkningen et effektivt kommunikasjonsnett.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, vil peke på at gjennom klimaforliket, jf. avtalen i forbindelse med behandlingen av St.meld. nr. 34 (2007-2008), har stortingsflertallet pålagt offentlige virksomheter å ta klimaansvar.
Flertallet viser til at Posten har en stor bygningsmasse, stor kjøretøypark og distribuerer en stor mengde papir. Endringer i måten man håndterer disse tre elementene på, vil kunne gi klimagevinster.
Flertallet mener det er viktig at Posten utvikler eksisterende og nye bygg som energieffektive bygg. Kjøretøyene som Posten selv eier og de som benyttes i tjeneste for Posten, bør ha den til enhver tid beste miljøteknologien. I de områdene Posten opererer større flåter av kjøretøy, bør man vurdere å benytte CO2-nøytralt drivstoff. Flere lastebilprodusenter opprettholder garantien ved bruk av ren biodiesel. Posten bør stille strenge krav også til dem som man inngår avtaler med.
Flertallet er kjent med at Posten Norge sammen med åtte andre europeiske postselskaper forpliktet seg til å redusere sine Co2-utslipp med 10 pst. over de neste fem årene. Miljøprogrammet retter seg mot miljøeffektivisering av transport, bygninger, maskiner, miljøvennlige produkter, økt bruk av fornybar energi, samt drivstoff med lavt CO2-utslipp. Posten er også en av 12 bedrifter som er pekt ut som samarbeidsaktør i den nasjonale klimakampanjen Klimaløftet. Dette er etter flertallets mening en god start.
Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen om å avvikle eneretten til Postens Norge AS i tråd med Innst. S. nr. 132 (2004-2005), jf. St.prp. nr. 34 (2004-2005)."
Forslag fra Fremskrittspartiet og Høyre:
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringen legge frem sak om statlig nedsalg i Posten Norge AS.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen oppheve konsesjonskravet til Posten Norge om plikten til å opprettholde fullverdige banktjenester.
Forslag fra Kristelig Folkeparti:
Forslag 4
Stortinget ber Regjeringen sørge for at det ikke legges ned postkontor, men at antallet opprettholdes på dagens nivå. De økonomiske merkostnadene dette medfører, forutsettes dekket ved redusert avkastningskrav.
Komiteen har ellers ingen merknader, visert til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 12 (2007-2008) - om verksemda til Posten Norge AS - vedlegges protokollen.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 29. april 2008
Per Sandberg |
Bård Hoksrud |
leder |
ordfører |