Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentantane Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt om å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Dette framlegget vert sett fram i dokumentet:

"Stortinget bed Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie."

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Anniken Huitfeldt, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og Johanne Skjølberg, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, viser til representantforslaget.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, viser til at obligatorisk undervisning i sidemål har lange tradisjonar i norsk skole, og at endringar i lovverket som gjer at sidemålsundervisninga i skolen blir valfri, vil føre med seg ei monaleg endring av den norske språkpolitikken.

Fleirtalet meiner sidemålet har ein naturleg plass så vel i grunnskolen som i den vidaregåande skolen. Undervisninga i sidemål er ein viktig del av skolen si formidling av den nasjonale kulturarven, og kjennskap til og bruk av begge skriftformene er ei vinning for det norske språket.

Fleirtalet viser til at det for ei rekkje stillingar gjeld eit krav om å meistre båe målformer, mellom anna innafor skoleverket og kommune-/statsadministrasjonen. Fleirtalet har merka seg at det i framlegget vert vist til Norsk språkråd som i ei høyringsfråsegn peika på at: "Statsinstitusjonane har vanskeleg for å etterleve mållova, og mange av dei grunngjev dette med at nynorskkompetansen hjå dei tilsette er for dårleg." Fleirtalet meiner i den samanhengen at det er behov for å sjå nærare på om sidemålsopplæringa, og da særskilt nynorsk, bør styrkast. Fleirtalet ber Regjeringa syte for at dei språkpolitiske målsettingane om jamstelling av dei to målformene våre vert tekne i vare i utdanningssystemet.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Høgre meiner det er viktig å stimulere til god språkutvikling i både nynorsk og bokmål. Forståinga for den norske kulturarven byggjer på kjennskap til båe målformer. Etter desse medlemene sitt syn er det likevel mykje som tyder på at modellen i dag med obligatorisk skriftleg undervisning i sidemål ikkje gjer at desse måla blir nådde i vesentleg grad.

Desse medlemene vil peike på at alt fleire elevar i den norske skulen er fritekne frå undervisning i sidemål av di dei har ein annan språkleg bakgrunn enn norsk. I Oslo-skulen gjeld dette ein av tre elevar.

Desse medlemene har merka seg det treårige prøveprosjektet som er gjennomført i Oslo-skulen, der den skriftlege sidemålsundervisninga blei gjort valfri for eit årskull ved halvdelen av dei vidaregåande skulane. I prosjektet var det nynorskundervisninga som vart gjort valfri. Grunngjevinga for prosjektet var at det var naudsynt for elevane å få meir tid til å arbeide med hovudmålet. For byrådet i Oslo var det viktig å samstundes leggje vekt på at elevane i prosjektet skulle lese nynorsk litteratur og at dei skulle få ei positiv oppleving i møtet med den nynorske kulturarven. Prosjektet vart avslutta sommaren 2007, og i november same året la NIFU STEP fram ein evalueringsrapport som konkluderer med at det kan påvisast ei svak betring i dei skriftlege dugleikane i hovudmålet og ein svakt positiv effekt i ele­vane si haldning til nynorsk. Byrådet har fremma ei sak for kultur- og utdanningskomiteen i bystyret, der dei ønskjer å utvide forsøket til å omfatte alle elevar i den vidaregåande skulen i Oslo.

Desse medlemene viser til at det finst for ein del store utfordringar i den norske skulen knytte til elevane sine dugleikar i hovudmålet, anten det er bokmål eller nynorsk. Evalueringa frå NIFU STEP syner at det kan vere gevinstar å hente for dugleikane i hovudmålet om undervisninga i sidemålet gjerast valfri. Elevane får betre tid til å øve på hovudmålet og gjere seg meir fortrulege med dette. Samstundes er det gledeleg at haldningane til sidemålet - og mo­tivasjonen til å bli kjend med litteratur og kulturarv på og i sidemålet - viser ei betring når den skriftlege delen av sidemålet er valfri. Dette gjer at det er mogeleg å løyse ei anna utfordring ved norskopplæringa i skulen, nemleg at haldningane til sidemålet vert dårlege som følgje av undervisningsmetodane og opplegget i faget.

Desse medlemene vil streke under at forslaget om å gjere undervisninga og eksamen i sidemål valfri skal gjelde utan omsyn til om eleven sitt sidemål er nynorsk eller bokmål.

Desse medlemene fremjar forslaget i dokumentet.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet meiner det er liten nytteverknad av å oppretthalde kravet til undervisning og eksamen i to nesten like språk. Desse medlemene viser til at norske elevar har låg fagleg kompetanse i lesing og meiner det kan vere ein samanheng mellom kravet til undervisning og eksamen i to nesten like skriftspråk som er ein del av årsaka.

Desse medlemene meiner, til skilnad frå komitéfleirtalet, at det i praksis er særs få stillingar der det er vert kravd å ha fullgod kompetanse i båe målformene. Desse medlemene meiner målformene er så like at det er unaturleg å krevje særskild kompetanse i båe målformene ved tilsetting i offentlege administrative stillingar.

Desse medlemene vil fokusere på kor viktig det er at elevane i norsk skole blir betre i basisdugleikane. Undersøkingar viser at om lag 20 pst. av norske ungdommar er funksjonelle analfabetar når dei går ut av vidaregåande skole. Desse medlemene meiner denne situasjonen er dramatisk og heilt ut uakseptabel. Ressursane i skolen må prioriterast strengare og undervisninga må fokusere meir på dei viktigaste dugleikane. Desse medlemene meiner sidemålskravet ikkje er med på å lette leseforståinga, snarare tvert om.

Desse medlemene legg merke til at alle parti jamnt snakkar om kor viktig det er å prioritere auka innsats for å sikre elevane basisdugleikar. Samstundes er fleirtalet sjeldan viljug til konkret handling. Desse medlemene har registrert at fleire er komne til den sannkjenninga at sidemålskravet har spela ut si rolle og bør skiftast ut med eit meir moderne og viktig fokus på lesedugleikar.

Desse medlemene sannkjenner at språkdebatten har ein tendens til å skape motsetnader, og er kjende med at statsminister Wollert Konow var nødt til å gå av som statsminister i 1912, mellom anna på grunn av den sterke stønaden sin til nynorsken. Men desse medlemene hadde håpa at tilnærminga til språkdebatten hadde endra seg noko sidan den gongen.

Desse medlemene vil igjen presisere at føremålet med forslaget ikkje er å kome ein av språkformene til livs, men gjere tilveret for elevane betre og enklare ved at dei får eitt skriftspråk å halde seg til. Om det er bokmål eller nynorsk vil vere opp til den einskilde lærestaden å definere.

Desse medlemene registrerer at det frå ein­skilde hald vert gjeve uttrykk for ein frykt for at nynorsk vil bli borte og at verdien som nynorsk har heve for Noreg, ikkje minst i litteraturen, vil bli svekka dersom forslaget frå Framstegspartiet vert vedteke. Desse medlemene meiner denne redsla er totalt ugrunna og meiner det vil vere viktig å gje elevar, same kva målform dei har, god kjennskap til norsk litteratur og litteraturhistorie. I eit slikt bilete vil nynorsk spele ei av to hovudroller.

Desse medlemene viser elles til grunngjevinga for framlegget i dokumentet.

Forslag frå Framstegspartiet og Høgre:

Stortinget bed Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument nr. 8:29 (2007-2008) - representantforslag frå stortingsrepresentantane Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt om å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie - vert å leggje ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 29. januar 2008

Ine Marie Eriksen Søreide

Dagrun Eriksen

leiar

ordførar