1. Sammendrag
- 1.1 Innledning
- 1.2 Omtale av den samla utbygginga og første utbyggingsetappe
- 1.3 Trafikkgrunnlag mv.
- 1.4 Foreløpig finansieringsopplegg for utbygging av E6 på hele strekninga Gardermoen – Kolomoen
- 1.5 Utbyggings- og finansieringsopplegg for E6 på strekningene Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen (første utbyggingsetappe)
- 1.6 Fylkeskommunal garanti
- 1.7 Avtale
I proposisjonen legg Samferdselsdepartementet fram forslag om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Hovinmoen – Dal i Akershus og Skaberud – Kolomoen i Hedmark. Det er lagt opp til anleggsstart på strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen ved årsskiftet 2007/2008, og begge strekningane er planlagt opna for trafikk i løpet av 2009.
I tillegg blir i proposisjonen ei rekkje element knytt til den samla utbygginga av E6 mellom Gardermoen og Kolomoen lagt fram. Det er lokalpolitisk tilslutning til det skisserte bompengeopplegget.
I St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 blir E6 Gardermoen – Kolomoen behandla som eitt prosjekt. Det ligg ikkje føre tilstrekkelege avklaringar til at eit endeleg forslag til finansieringsopplegg for heile prosjektet kan leggjast fram for Stortinget no.
Samferdselsdepartementet har framleis kontinuerleg utbygging av E6 mellom Gardermoen og Kolomoen som mål. Finansieringsopplegget for E6 Gardermoen – Kolomoen blir derfor lagt fram for Stortinget i to omgangar.
Samferdselsdepartementet vil kome attende til Stortinget med endeleg opplegg for utbygging og finansiering av dei attståande strekningane på E6 mellom Gardermoen og Kolomoen så snart det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.
Prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen har ei samla veglengde på om lag 66 km og går frå Hovinmoen ved Gardermoen i Ullensaker kommune i Akershus, til Kolomoen i Stange kommune i Hedmark.
Eksisterande veg oppfyller standardkrava for tofelts motorveg i tidlegare vegnormalar, med unntak av ein 4 km lang strekning nord for Minnesund som manglar parallellveg. Det har vore stor trafikkauke på strekninga. Årsdøgntrafikken (ÅDT) på E6 varierte i 2005 frå 22 400 køyretøy ved Hovinmoen til om lag 12 200 køyretøy langs Mjøsa og nordover til Kolomoen. Helge- og sommardøgntrafikken er vesentleg høgare på heile strekninga.
Det har vore mange og alvorlege trafikkulykker på strekninga. Om lag 80 pst. av ulykkene var møteulykker. Trafikkavviklingsproblema på strekninga er aukande.
Fylkesdelplan for transportkorridoren Gardermoen – Mjøsbyane blei godkjent av Miljøverndepartementet 19. mai 2004. Planen dekkjer både veg- og jernbane i korridoren. I fylkesdelplanen blir det tilrådd å utvide E6 mellom Gardermoen og Lillehammer til fire felt langs dagens trasé, med vekt på gode miljømessige løysingar ved passering av eksisterande busetnad og i høve til strandsona ved Mjøsa.
I St.meld. nr. 24 (2003-2004) er det lagt til grunn anleggsstart på prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen i siste del av perioden 2006-2009 under føresetnad av lokal tilslutning til delvis bompengefinansiering. Det er lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 2 800 mill. 2004-kroner for utbygging til firefelts veg langs eksisterande trasé. Vidare er det lagt til grunn at 50 pst. skal finansierast med bompengar. Det er derfor føresett ei statleg løyving på 1 400 mill. 2004-kroner.
Prosjektet omfattar seks delstrekningar. Det er lagt opp til å utarbeide felles reguleringsplanar for E6 og jernbanen på strekninga Minnesund – Skaberud.
Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer eit alternativ med større omfang av tunnelar enn i det alternativet for ny E6 som Statens vegvesen går inn for, og det ligg føre motsegner til alle alternativa på to delstrekningar i Eidsvoll kommune. Det er derfor knytt stor uvisse til både traséval, kostnader og framdrift på planarbeidet.
Det er førebels lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 4 700 mill. 2007-kroner ved utbygging av E6 til firefelts veg på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Kostnadsoverslaget er inkl. om lag 50 mill. kroner til etablering av bomstasjonar og om lag 50 mill. kroner til avbøtande tiltak på sidevegnettet i Ullensaker og Eidsvoll kommunar. Vidare inngår om lag 120 mill. kroner til prosjektering og byggjeplanlegging av prosjektet. Meirkostnadene ved det alternativet som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer langs Mjøsa, er førebels rekna til om lag 1 500 mill. kroner.
Netto nytte pr. investert krone (NNK) er rekna til om lag 0,4.
Den lokalpolitiske behandlinga, prinsippvedtak og vedtak om etappevis utbygging, går nærare fram av punkt 3 i proposisjonen.
Samferdselsdepartementet har merka seg at Akershus fylkeskommune føreset at det blir etablert eit opplegg med "park-and-ride" samordna med kollektivtransport. Departementet stiller seg positiv til tiltak for samordning av kollektivtransport på veg og bane, og føreset at Statens vegvesen samarbeider med lokale planstyresmakter om slike tiltak i den vidare planlegginga.
Strekninga Hovinmoen – Dal er 11 km lang og ligg i Ullensaker og Eidsvoll kommunar i Akershus. Samla vegbreidde på ny firefelts veg med midtrekkverk blir 26,5 m.
Strekninga Skaberud – Kolomoen er 12 km lang og ligg i Stange kommune i Hedmark. Frå Skaberud og fram til Skavabakken blir samla vegbreidde 20 m. Vidare nordover blir samla vegbreidde noko større.
Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 1 230 mill. kroner og kostnadsramme 1 290 mill. kroner (2007-kroner). I kostnadene inngår 16 mill. kroner til etablering av to automatiske bomstasjonar og 26 mill. kroner til avbøtande tiltak på sidevegnettet i Ullensaker og Eidsvoll kommunar. Vidare inngår om lag 30 mill. kroner til prosjektering og byggjeplanlegging av dei to strekningane.
Netto nytte pr. investert krone (NNK) er rekna til om lag 1,6.
Etter Samferdselsdepartementet si vurdering har Akershus og Hedmark fylkeskommunar med vedtaka slutta seg til eit opplegg med delvis bompengefinansiert utbygging av strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen som første etappe av utbygginga av prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen innafor dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2006-2015.
I følgje gjennomført trafikkanalyse vil ein firefelts E6 i liten grad påverke reisemiddelvala i transportkorridoren.
I finansieringsopplegget for E6 Gardermoen – Kolomoen er det føresett etablering av automatiske bomstasjonar på kvar av dei seks delstrekningane, og utan bomstasjonar på parallellvegnettet. Eit slikt opplegg vil gi betre samanheng mellom nytte og betaling enn det som har vore vanleg ved bompengefinansiering av lengre utbyggingsstrekningar. Opplegget vil føre til at lokale trafikantar som berre køyrer delar av strekninga, vil betale lågare takstar enn trafikantar som køyrer heile strekninga. Men innkrevjingsopplegget er ikkje utprøvd tidlegare. Samferdselsdepartementet er derfor samd i at opplegget må vurderast undervegs, med sikte på å innføre justeringar/tiltak dersom dette skulle vise seg nødvendig.
Med eit takstnivå på 9 kroner for lette køyretøy og 18 kroner for tunge køyretøy i kvar bomstasjon er det rekna med at trafikkreduksjonen som følgje av overføring av trafikk til alternative ruter og andre transportformer, vil variere mellom 4 og 12 pst. Trafikkreduksjonen er vesentleg større i sør enn i nord, både på grunn av meir omfattande sidevegnett og betre kollektivtrafikktilbod.
Forventa betalande ÅDT gjennom bomstasjonssnitta ved ulike takstnivå for lette og tunge kjøretøy i samanlikningsåret 2010 er vist i tabell 4.1 i proposisjonen.
Det er teke utgangspunkt i eit kostnadsoverslag på 4 700 mill. 2007-kroner for utbygging av E6 til firefelts veg på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Overslaget er basert på godkjente reguleringsplanar for strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen, forslag til reguleringsplanar for strekninga Dal – Boksrud – Minnesund og Statens vegvesen sitt forslag til val av trasé på strekninga Minnesund – Hedmark/Akershus grense – Skaberud.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen skal finansierast innafor den statlege ramma som vart fastsett gjennom Stortinget si behandling av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015. Resten av utbyggingskostnadene er føresett finansierte med bompengar.
Med eit samla kostnadsoverslag på 4 700 mill. kroner vil dei statlege midlane utgjere om lag 32 pst. Dersom løysinga som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer langs Mjøsa blir lagt til grunn, vil dei statlege midlane utgjere om lag 24 pst.
Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing av bompengar, og innkrevjinga er føresett å starte etter kvart som delstrekningane blir opna for trafikk. Det er lagt opp til 15 års innkrevjing i kvar bomstasjon.
Dette inneber bompengeinnkrevjing i ein eller fleire bomstasjonar i perioden 2010-2027, til saman 18 år.
Det er føresett lik takst pr. km på alle delstrekningane. Vidare er det lagt til grunn at tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg) skal betale dobbel takst. For å stimulere til bruk av elektronisk brikke, er det lagt til grunn ei rabattordning som inneber 10 pst. takstreduksjon ved bruk av brikke. Det er ikkje føresett rabattar ut over dette. Samferdselsdepartementet føreset at dette blir lagt til grunn i det vidare arbeidet med innkrevjingsopplegget.
På grunn av usikre kostnader for strekninga Minnesund – Skaberud går Akershus fylkeskommune og Eidsvoll kommune inn for at det blir gitt rom for noko lengre bompengeperiode enn 15 år, anslagsvis 20 år. Samferdselsdepartementet viser til at bakgrunnen for å avgrense lengda på innkrevjingsperioden er omsynet til trafikantane og at uvissa knytt til ulike føresetnader for finansieringsvurderingane aukar framover i tid. I basisalternativet bør det derfor som hovudregel leggjast til grunn ein innkrevjingsperiode på maksimum 15 år i kvar bomstasjon. Departementet vil komme tilbake til dette i samband med det endelege opplegget for utbygging og finansiering av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen.
Alternativet basert på Statens vegvesen sitt forslag til val av trasé langs Mjøsa er venta å føre til ein samla takst på om lag 60 kroner for lette køyretøy (0,9 kr/km) og om lag 120 kroner for tunge køyretøy (1,8 kr/km) som køyrer heile strekninga Gardermoen – Kolomoen i den perioden det er innkrevjing i alle bomstasjonane.
Ein førebels finansieringsplan for utbygging av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen, basert på samla investeringskostnader på 4 700 mill. kroner, er vist i tabell 5.2 i proposisjonen.
Bompengar vil òg dekkje renteutgiftar på til saman om lag 1 580 mill. kroner og kostnader til drift av bomstasjonar på til saman om lag 280 mill. kroner.
Forslaget til finansieringsopplegg for dei to første strekningane byggjer på det førebelse finansieringsopplegget for utbygging av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen.
Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn 400 mill. kroner i statlege midlar til første utbyggingsetappe. I tråd med St.meld. nr. 24 (2003-2004) er det føresett 150 mill. kroner i perioden 2006-2009.
Finansieringsplanen for første utbyggingsetappe er vist i tabell 6.1 i proposisjonen. I tillegg er det rekna med at bompengeselskapet vil stille til disposisjon om lag 90 mill. kroner. til prosjektering og byggjeplanlegging av dei attståande strekningane mellom Dal og Skaberud.
Med føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 10 år dersom utbygginga blir avgrensa til strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen. Bompengar vil òg dekkje renteutgiftar på til saman om lag 300 mill. kroner og kostnader til drift av bomstasjonar på til saman om lag 100 mill. kroner.
Det er ein føresetnad at bompengeselskapet har ein renteavtale som minimum sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i finansieringsplanen for første utbyggingsetappe. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivået blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.
Hedmark og Akershus fylkeskommunar har fatta vedtak om fylkeskommunale garantiar for eit bompengelån på inntil 1 100 mill. kroner til første utbyggingsetappe, fordelt med 550 mill. kroner på kvar av garantistane. Dei fylkeskommunale garantiane skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet.
Etter at Stortinget har fatta vedtak om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.