1. Sammendrag
- 1.1 Innhald
- 1.2 Nye prosjekt for godkjenning (kap. 1710 og kap. 1760)
- 1.3 Tidlegare vedtekne prosjekt - Godkjenning av endring av omfang og kostnadsrammar (kap. 1710 og kap. 1760)
- 1.4 Saker til informasjon (kap. 1710 og kap. 1760)
- 1.4.1 Samanbinding av Mauken-Blåtind skytefelt (kap. 1710)
- 1.4.2 Heile landet - infrastruktur for bakke-til-luft-radioar (kap. 1710)
- 1.4.3 Sikker tilgang til romsegment (satellitt) for satellittkommunikasjon (kap. 1760)
- 1.4.4 Gjennomgang av nedbemanninga i Forsvaret og av tidlegare bortsettingsprosessar
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortingets godkjenning av oppstart av nye investeringsprosjekt, samt å be om godkjenning av endringar av tidlegare godkjende prosjekt og å orientere Stortinget om framtidige, planlagde prosjekt og nokre andre aktivitetar.
Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne proposisjonen er såleis eit tillegg til budsjettproposisjonen.
Proposisjonen har følgjande innhald:
– Godkjenning av kostnadsramme for to nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kap. 1710 post 47): Setermoen - fleirbrukshall fase 3 og Rena leir - forlegningar for befal og verva.
– Godkjenning av kostnadsramme for to nye materiellprosjekt (kap. 1760 post 45): Nye sjømålsmissil - nyskaffing og Nye C-130J Hercules transportfly.
– Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare vedtekne eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kap. 1710 post 47): Nye lokale for redningshelikoptertenesta ved Bodø hovudflystasjon.
– Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare vedtekne materiellprosjekt (kap. 1760 post 45): Nye fregattar og Skjold-klasse missiltorpedobåtar.
– Informasjonssaker (kap. 1710 og kap. 1760): Samanbinding av Mauken-Blåtind skytefelt, Heile landet - infrastruktur for bakke-til-luft-radioar, Sikker tilgang til romsegment (satellitt), Gjennomgang av nedbemanninga i Forsvaret og Gjennomgang av tidlegare bortsettingsprosessar.
Hærens lokalisering i framtida, i samsvar med Stortingets vedtak og føringar i Innst. S. nr. 234 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003-2004), vil vere sentrert rundt Indre Troms i nord og i Østerdalen i sør. Setermoen leir er difor eit av Forsvarets kjerneområde i Troms.
Stortinget vedtok i 2004 å starte opp eit prosjekt for ein fleirbrukshall på Setermoen ved Stortingets handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 7 (2004-2005), jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005). Kostnadsramma var på 139 mill. kroner og denne hallen er no ferdigstilt. Det vart definert eit behov for enda ein hall på Setermoen, og fleirbrukshall fase 2 vart godkjend av Forsvarsdepartementet i 2006. Denne hallen er no under oppføring og har ei kostnadsramme på 84 mill. kroner. Konseptet med oppdeling i fasar sikrar at behovet vert godt vurdert før neste fase vert sett i gang.
Prosjektet for ytterlegare ein fleirbrukshall på Setermoen (fase 3), er føreslått gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 243 mill. kroner, med planlagd ferdigstilling i 2009. Denne hallen er vesentleg større enn dei som allereie er bygd/er under bygging, og gjev blant anna plass for stridsvogner av type Leopard 2.
Østerdalen garnison vert bygd ut i samsvar med Stortingets vedtak og føringar i Innst. S. nr. 234 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003-2004). Hærens opptrappingsplan tilseier ein auke i talet på yrkesbefal, avdelingsbefal og verva mannskap, innan utgangen av 2008 ved Østerdalen garnison.
I 2006 vart det sett i verk eit prosjekt med 108 forlegningsplassar for å dekkje eit snarleg behov. Dette prosjektet vert ferdigstilt i år. Oppbygginga av Hæren fører til at det er behov for ekstra forlegningskapasitet, og i fase 2 er det planlagd etablert 96 forlegningsplassar i Rena leir, fordelt på hyblar, leilegheiter og kollektivleilegheiter. Prosjektet er føreslått gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 118 mill. kroner, med planlagd ferdigstilling i 2008.
Nye sjømålsmissil (NSM) er utvikla av Kongsberg Defence & Aerospace (Kongsberg). NSM vil vere Forsvarets hovudvåpen for overflatekrigføring på Fridtjof Nansen-klasse fregattar og Skjold-klasse missiltorpedobåtar.
Utviklingsprosjektet Nye sjømålsmissil vart godkjend ved Stortingets handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 7 (1994-1995), jf. St.prp. nr. 1 (1994-1995). Prosjektet gjeld utvikling av eit missilsystem for strid mot sjømål, og blir samordna med nyskaffinga av Fridtjof Nansen-klasse fregattar og nye missiltorpedobåtar av Skjold-klassen.
Stortinget vart i St.prp. nr. 1 (2005-2006) informert om at Forsvarsdepartementet planlegg å etablere eit prosjekt for nyskaffing av sjømålsmissil. I St.prp. nr. 57 (2005-2006) vart det informert om at drøftingar med leverandøren om kontrakt om serieleveranse ville verte sett i gang parallelt med avslutninga av utviklingsfasen. På denne måten kunne ein ha eit bindande tilbod frå leverandøren før Stortinget gav sin eventuelle tilslutning.
Stortinget vart i St.prp. nr. 1 (2006-2007) informert om at Forsvarsdepartementet hadde som mål å fremje prosjektet for nyskaffing av sjømålsmissil for Stortinget i år på grunnlag av resultata frå utviklingsprosjektet.
Det vart i 2004 inngått kontrakt med leverandøren om ein overgangsfase for missilsystemet, for å sikre at Forsvaret kunne fylle sitt ansvar i fregattprosjektet, jf. Innst. S. nr. 220 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 54 (2003-2004). Utgiftene til overgangsfasen er lagt inn som ein del av kostnadene for nyskaffinga.
Formålet med det nye prosjektet er å skaffe eit einskapleg missilsystem som skal vere Forsvarets hovudvåpen for overflatekrigføring på ulike plattformer. NSM er ikkje eit fartøyspesifikt missil, og prosjektet tilfører Fridtjof Nansen-klassen og Skjold-klassen den anti-overflatekapasiteten som desse fartøya er meint å ha. NSM vil òg sikre norske arbeidsplassar og det kan vonleg verte eit høgteknologisk eksportprodukt.
Prosjektet omfattar nyskaffing av sjølve sjømålsmissilet samt anna naudsynt utstyr. Leveranse av missila er planlagd å ta plass frå 2010 og fram til 2014 og vil utgjere viktig materiell i Sjøforsvarets operative beredskap.
Kongsberg har sidan 1996 hatt ein fastpriskontrakt for å utvikle NSM. Dette har vore eit av dei største satsingsområda til Kongsberg, og industrien har sjølv investert store summar i utviklinga. Nasjonal nyskaffing av forsvarsprodukt er som regel ein føresetnad for eventuell eksport. NSM vil føre vidare den nasjonale industrisatsinga, og sikre at kompetanse innan styrte våpensystem blir halde ved lag i Noreg.
Prosjektet si tilrådde kostnadsramme for materiellinvesteringa er 3 360 mill. kroner. Av desse kostnadene er 200 mill. kroner allereie nytta til overgangsfasen, jf. Innst. S. nr. 220 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 54 (2003-2004). I tillegg kjem Forsvarets kostnader for gjennomføring på 30 mill. kroner og kostnader til eigedom, bygg og anlegg (EBA) på 4 mill. kroner.
Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Denne kvalitetssikringa omfattar ein etterkontroll av grunnlaget for prosjektet, ein analyse av kor trygge kostnadsutrekningane er, og ei vurdering av utfordringane i prosjektet, under dette vilkår for kontrakt. På grunnlag av tilrådinga frå ekstern kvalitetssikrar er det utarbeidd ein initiell driftskontrakt mellom Forsvaret og Kongsberg. Denne gjeld frå utløpet av garantitida for missila og fram til 2015. Driftskontrakten vil bli signert samstundes med eventuell inngåing av kontrakt for nyskaffing av missila.
Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.
Luftforsvaret vart tilført seks (6) C-130H Hercules middelstunge, taktiske transportfly i 1969. Desse transportflya har i lang tid hatt ein operativ status som ikkje har vore tilfredsstillande, med altfor store driftskostnader. Flya har ofte vore ute av drift på grunn av at vedlikehald har teke lang tid.
Våren 2006 vart det starta ein prosess som tok sikte på å utarbeide ei såkalla "konseptuell løysing" (KL) for nye transportfly. Dette dokumentet skulle vere ferdig i første kvartal 2007, og deretter skulle det bli utarbeidd ei såkalla "framskaffingsløysing" (FL), som i detalj skulle skildre korleis nyskaffinga var planlagt. Målet var at denne saka skulle bli lagt fram for Stortinget i samband med St.prp. nr. 1 (2008-2009). Neste trinn i prosessen ville då bli innhenting av tilbod, forhandlingar med aktuelle leverandørar og inngåing av kontrakt med den valde leverandøren slik at dei nye flya kunne verte operative i perioden 2014-2016, avhengig av vald flytype.
Forsvarsdepartementet har i analysen av behova, i "konseptuell løysing" for lufttransportkapasitet, konkludert med at Forsvaret har eit behov for både taktisk og strategisk lufttransportkapasitet. Den taktiske delen av denne kapasiteten bør vere under nasjonal kontroll og operasjon, medan den strategiske delen gjerne kan vere ein del av fleirnasjonale løysingar, der fleire nasjonar samarbeider i både nyskaffingsprosjekt og i drift og operasjon.
Ein nasjonalt kontrollert taktisk transportflyflåte vil i framtida ha ei sentral rolle i det norske forsvaret heime og som bidrag til internasjonale operasjonar ved behov. Transportflya vil også vere viktige for innsetting av FN-styrkar i ei fredsopprettande eller fredsbevarande oppgåve, og til sivile oppgåver som humanitær bistand og naudhjelp.
Det har i det siste tiåret vore gjennomført ei rekkje utgreiingar knytte til våre transportfly, om dei skal bli skifta ut eller om dei berre skal bli oppgraderte. I 1996-1997 vart det starta eit prosjekt for å skaffe fly av typen C-130J-30 (ein forlengd versjon av C-130J). Prosjektet vart stoppa like før ein skulle underskrive kontrakta, grunna manglande tilgjengelege investeringsmidlar. Andre nasjonar som i dag opererer C-130J er USA, Australia, Danmark, Storbritannia og Italia.
For å ha ein naudsynt nasjonal flykapasitet i tida fram til Forsvaret ville få tilført nye fly, vart det i mars 2006 vedteke å skifte ut yttervengene på fire av våre seks fly. Føresetnaden var då at det ikkje var aktuelt å kjøpe inn nye transportfly dei nærmaste åra. I tillegg var det planlagt for ei mindre oppdatering av avionikken (flyelektronikken).
Etter at Stortinget vart informert om prosjektet, i St.prp. nr. 1 (2006-2007), har det kome fram opplysningar som indikerer at tilgjenge til oppdaterte fly kan verte lågare enn det som vart lagt til grunn ved vedtaket om vengebytte. Dette har skapt stor uvisse om tilgjenge på fly, og det er difor ikkje inngått avtale om avionikkoppdatering.
Det knyter seg stor uvisse om tilgjenge på gamle fly, sjølv etter oppgraderingar. Basert på Luftforsvarets og Forsvarets logistikkorganisasjons røynsler, er det jamvel ikkje grunn til å vente eit tilgjenge på meir enn om lag 50 pst., sjølv etter ei begrensa avionikkoppgradering.
Noreg har for tida ikkje ein reell taktisk lufttransportkapasitet, som følgje av tilstanden på våre C-130H.
Transporter inn og ut av Afghanistan og internt i landet vert i dag løyst med leigde sivile charterfly og tilgjengeleg leilegheitstransport på andre nasjonars militære transportfly som deltar i ISAFs lufttransport-system (ITAS).
Problemet med dagens ordning er at den i stor grad baserer seg på kommersielle, sivile fly som ikkje kan operere dersom det skulle oppstå alvorlege trugsmål mot lufttrafikken. I tillegg er det eit generelt underskot på militær lufttransportkapasitet i Afghanistan. Noreg kan difor ikkje basere seg einsidig på andre nasjonars kapasitet. Lufttransport knytt til operasjonar er i prinsippet den einskilde nasjons ansvar.
For tida er trugsmålet mot lufttrafikken i Kabul og Nord-Afghanistan vurdert å vere så vidt avgrensa at det er forsvarleg å fly sivile fly. Denne situasjonen kan imidlertid endre seg. På sikt må vi ta høgd for at situasjonen i Afghanistan, også i dei nordlege områda, kan endre seg. Vi må òg ta høgd for at ein eventuell FN-operasjon i Afrika, eller framtidige operasjonar andre stadar i verda, kan stå overfor trugsmål mot lufttrafikken, som krev bruk av militære transportfly. Med tanke på framtidige militære og humanitære innsatsar vil det vere viktig for Noreg å ha ein operativ, taktisk lufttransportkapasitet.
Taktiske transportfly er viktige for både militære og sivilrelaterte oppdrag innanlands. Likevel vert evna til å understøtte våre internasjonale operasjonar det kritiske punktet når ulike alternativ skal vurderast. I denne samanheng må det skiljast mellom ulike ambisjonsnivå. For å understøtte operasjonar over tid frå ein base i operasjonsområdet vert det krevd høg tilgjenge på dei flya som skal operere ute, og i tillegg kapasitet heime til vedlikehaldstrening av flymannskapa og nasjonale transportoppdrag.
I lys av det vi no veit om tilgangen til C-130H etter gjennomført vengeskift, samt ei vurdering av trugsmålsituasjonen i Afghanistan, gjorde Regjeringa i desember 2006 vedtak om at Forsvarsdepartementet skulle undersøkje om det var mogleg å nyskaffe på ein rask måte inntil fire (4) transportfly av typen C-130J. Departementet tok difor kontakt med nokre av våre allierte for å få oversikt over sjansane for kjøp eller leige av C-130J transportfly.
Den mest realistiske løysinga for å få på plass ein permanent kapasitet raskt var å nyskaffe fly som amerikanske styresmakter alt hadde tinga og som dei var villige til å la Noreg overta. Prosjektet omfattar altså nyskaffing av fire C-130J-30 gjennom ein avtale ("Foreign Military Sales"-avtale) mellom norske og amerikanske styresmakter. Første fly vil bli levert i 2008, deretter levering av fly i 2009 og 2010. Nyskaffinga dekkjer det norske operative behovet for ein tilfredsstillande beredskap. Det er for tida ingen andre aktuelle kandidatar for ei rask nyskaffing av transportfly enn C-130J.
Regjeringa avklarte i r-notat i desember 2006 at leige av kapasitet i form av C-130J skulle undersøkjast. Noreg har vore i kontakt med dei tre største brukarane av C-130J (USA, England og Italia). Med unntak av Italia er det ikkje tilgjengeleg kapasitet for leige. Italia har gjeve signalar om at det kan vera mogleg å leige ut eit fly for ein periode på 2-3 år. Tilbodet omfattar også trening av mannskap og bakkepersonell. Dette tilbodet har ikkje tilstrekkeleg omfang til å dekkje vårt totale behov, og vil berre kunna fungere som eit supplement ved eventuell nyskaffing av C-130J. Andre brukarar av C-130J er av reint praktiske årsaker ikkje aktuelle for eit eventuelt samarbeid.
Det militære transportflymiljøet i Noreg er så vidt avgrensa at det å operere to eller fleire flytypar parallelt vil vera svært uhensiktsmessig. Dette vil i praksis gje liten operativ evne. Det er berre leige av flytype vi allereie er kjent med (C-130H) eller nyskaffar hurtig som kan vera aktuelt. På bakgrunn av tidlegare utgreiingar, kjennskap til utviklinga i marknaden, samt ny informasjon frå samarbeidspartnarar i alliansen, har vi konkludert med at leige/lease av C-130H ikkje er eit alternativ.
Ein ser det ikkje som realistisk å leige taktiske transportfly for å dekkje Forsvarets behov, bortsett ifrå eventuelt leige av ein maskin i ein kortare periode som supplement til ei nyskaffing av C-130J.
Noreg vil vurdere å delta i eit europeisk/amerikansk samarbeidsprosjekt, tilsvarande det samarbeidet som eksisterer på F-16, som dagens europeiske brukarar av C-130J er i ferd med å etablere saman med det amerikanske luftforsvaret. Dette inneber at Noreg vurderer å kome med i eit multinasjonalt samarbeid for oppdateringar av flykapasiteten i framtida. Dette vil dekkje behovet for spesielle kapasitetar for taktiske operasjonar, meir generelle oppdateringar som er naudsynte for mellom anna luftromkontroll, samt, vonleg, felles løysingar for logistikk og trening.
I tråd med gjeldande retningslinjer for innkjøp av forsvarsmateriell frå utanlandske leverandørar, vil det bli kravd gjenkjøp for 100 pst. av verdien av kontrakten. Departementet har her ansvaret for å forhandle fram ei avtale om gjenkjøp. Inngåing av kontrakt for nyskaffinga vil bli gjort etter at avtala om gjenkjøp er på plass.
Den tilrådde kostnadsramma for materiellinvesteringa er 3 660 mill. kroner. Drifts- og vedlikehaldskostnader vil bli dekt over Forsvarets driftsbudsjett.
Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomførd i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet på ei såkalla "forenkla framskaffingsløysing".
Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma. Forsvarsdepartementet vil i sitt gjennomføringsoppdrag til Forsvaret følgje opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd. Tiltaka omfattar mellom anna etablering av ein heilskapleg prosjektorganisasjon samt eit konkret styringsdokument med framdriftsplan for gjennomføringsfasen i samsvar med normal standard for store statlege prosjekt.
Prosjekt for nye lokale for redningshelikoptertenesta ved Bodø hovudflystasjon vart godkjend ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 121 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 37 (2006-2007). Prosjektet vart godkjend med ei kostnadsramme på 108 mill. kroner.
Etter å ha henta inn tilbod på prosjektet finn ein at alle tilboda ligg høgt over kostnadsramma. Berekna kostnadsramme basert på lågaste tilbod er 130 mill. kroner. Den store aukinga i høve til godkjend kostnadsramme er grunna i høg aktivitet og auka prisar i byggjemarknaden.
På denne bakgrunn vert det foreslått å auke kostnadsramma for prosjekt for nye lokale for redningshelikoptertenesta ved Bodø hovudflystasjon frå 108 mill. kroner til 130 mill. kroner. For at 330-skvadronen skal få lokale som tilfredsstiller krav til helse, miljø og tryggleik, vert prosjektet vidareført utan opphald.
Prosjektet vart vedteke ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 207 (1998-1999), jf. St.prp. nr. 65 (1998-1999). Hovudkontrakt for utvikling, design og levering av fem fartøy med tilhøyrande våpensystem og kommando- og kontrollsystem vart inngått med Empresa Nacional Bazan (seinare Izar og no Navantia), og dei første fartøya er nå overtekne.
Fregattprosjektet vart opphavleg vedteke med ei kostnadsramme på 12 240 mill. kroner (1999-kroneverdi). Ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 192 (1999-2000), jf. St.prp. nr. 48 (1999-2000), vart kostnadsramma auka til 14 066 mill. kroner (2000-kroneverdi) på grunn av årleg prisstigning, endra valutakurser m.m. Innkjøp av Taktisk datalink-16 (TDL-16) til dei nye fregattane, med tilhøyrande omfangs- og rammeauke for fregattprosjektet, vart vedteke ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 225 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 50 (2002-2003). Etter dette er den økonomiske ramma for prosjektet justert for den årlege prisstiginga.
Utviklingsfasen for oppgraderinga av Evolved Sea Sparrow-missiler (ESSM) vart vedteke i samband med Stortingets handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 7 (1994-1995), jf. St.prp. nr. 1 (1994-1995). Det er lagt til grunn at dei nye fregattane skal utrustast med ESSM som hovudvåpen mot lufttrugsmål. I St.prp. nr. 1 (1996-1997) vart Stortinget informert om at missilet ev. skulle kunne verte omfatta av kostnadsramma for prosjekt Nye fregattar. Stortinget vart gjennom St.prp. nr. 50 (2002-2003) informert om ein auke av stykkprisen for ESSM. I samband med handsaminga av Budsjett-innst. S. nr. 1 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007), vart det vedteke å auke kostnadsramma for prosjektet (post 45) med 581 mill. kroner for innkjøpet av ESSM. Etter den vedtekne rammeauken er kostnadsramma for prosjektet (post 45) 16 878 mill. kroner, og kostnadene for prosjektet for gjennomføring (post 1) er 703 mill. kroner.
Navantia har med utgangspunkt i rapporten deira for 2006 oppfylt 99,7 pst. av gjenkjøpsforpliktinga, sju år etter at kontrakten vart inngått. Forsvarsdepartementet er generelt sett godt nøgd med korleis Navantia har løyst si gjenkjøpsforplikting.
I St.prp. nr. 1 (2006-2007) vart Stortinget informert om usemja mellom norske verft og Navantia om bygging av ytterlegare modular til fartøy nr. fire og fem, men verfta har no kome til semje om vilkår for leveransar av modular til begge fartøya.
Riksrevisjonen har sett i verk ein revisjon av gjenkjøpet for dei nye fregattane.
Våre nye fregattar i Fridtjof Nansen-klassen er høgteknologiske plattformer med avanserte sensorar, samt våpen- og informasjonssystem. For at desse systema skal fungere så godt som råd, er det naudsynt og viktig at systema kan samverke og utveksle informasjon med andre system på andre plattformer, inkludert store komplekse datamengder.
Dei gamle kommunikasjonsberarane, som i hovudsak er berekna for samtale over radio, har ikkje stor nok kapasitet for god datakommunikasjon. Det har difor vore naudsynt å sjå etter andre former for kommunikasjon til Forsvarets plattformer. Forsvaret har i noko tid nytta satellittkommunikasjon (SATCOM) i internasjonale operasjonar med gode røynsler. SATCOM har synt seg som ei god løysing både med omsyn til geografisk dekning og overføringskapasitet.
Nansen-klassen fregattar har vidare eit utal system som nyttar elektromagnetisk stråling (radio) som berar. Det er difor viktig at nye system har funksjonar som hindrar forstyrrande stråling mot andre system. Denne funksjonen finst berre i satellittutstyr laga for militært bruk. Militært satellittutstyr er dessutan mykje meir robust mot forstyrrande stråling frå andre kjelder.
I St.prp. nr. 50 (2002-2003) vart Stortinget informert om at innføringa av SATCOM på fregattane ville bli foreslått finansiert ved ein auke av totalramma for fregattprosjektet.
Det er difor ønskeleg at Nansen-klassen fregattar skal utstyrast med SATCOM som hovudkommunikasjonsberar, og det er laga ei framskaffingsløysning som definerer prosjektet. Dette prosjektet er vurdert å dekkje Forsvaret sine behov for satellittkommunikasjon på dei nye fregattane. Prosjektet har ei kostnadsramme (post 45) på 511 mill. kroner.
Det har òg oppstått eit behov for å kjøpe inn materiell for å betre arbeidssituasjonen for besetninga om bord på fregattane, knytt til biletoppbygging og situasjonsforståing. Kostnadsramma for dette er 15 mill. kroner.
På bakgrunn av det som står over vert det foreslått å auke kostnadsramma for prosjekt Nye fregattar (post 45) med totalt 526 mill. kroner, frå 16 878 mill. kroner til 17 404 mill. kroner. Vidare er det venta at kostnadene for gjennomføring (post 1) aukar med 24 mill. kroner. Etter den føreslåtte rammeauken er kostnadsramma (post 45) 17 404 mill. kroner, og gjennomføringskostnadene (post 1) 727 mill. kroner.
Prosjektet vart vedteke ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 11 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 82 (2002-2003). Prosjektet omfattar produksjon av fem nye Skjold-klasse missiltorpedobåtar (MTB) til Sjøforsvaret, tilpassing av forseriefartøyet KNM Skjold, våpensystem, logistikk og opplæring.
Kontrakten vart underteikna i november 2003, og fartøya er planlagt leverte i perioden 2008-2009, med operativ drift frå 2009. Første fartøy, KNM Skjold, er planlagt levert medio 2007 etter ei skipsteknisk oppdatering. Prosjektet for Skjold-klasse MTB-ar går etter planen, med unntak av gassturbinane som er hefta med forseinkingar.
Målsettinga med prosjektet for å etablere satellittkommunikasjon (SATCOM) for Skjold-klasse MTB-ane, er å tilføre fartøya betre sambandskapasitet slik at dei blir i stand til å operere i eit nettverksbasert forsvar (NbF) på ein tilfredsstillande måte.
SATCOM vert òg i denne proposisjonen omtalt i samband med både fregattprosjektet og i samband med informasjonssaka om sikker tilgang til romsegment (satellitt) for satellittkommunikasjon. SATCOM til MTB-ane har ikkje tidlegare vore teke med fordi systemløysingane ikkje var godt nok vurderte. Prosjektet for satellittkommunikasjon til MTB-ane er rekna ut å koste 149 mill. kroner.
På bakgrunn av det ovannemnde vert det føreslått å auke kostnadsramma for MTB-prosjektet (post 45) med totalt 149 mill. kroner, frå 4 714 mill. kroner til 4 863 mill. kroner, for SATCOM. Vidare er det venta at kostnadane for gjennomføring (post 1) aukar med 2 mill. kroner, frå 125 mill. kroner til 127 mill. kroner.
Norsk industri vil delta i prosjektet der det er føremålstenleg. Dersom utanlandsk leverandør blir vald, vil det bli kravd gjenkjøp.
Som følgje av tingingar med reindriftsnæringa, inngjekk staten og Mauken reinbeitedistrikt ein avtale om ein ny trasé for samanbinding av Mauken og Blåtind skytefelt. Den nye traseen tek vare på Forsvarets behov for øving, samstundes som den tek mindre beiteareal for rein. Ny trasé gjer det naudsynt med nye vurderingar av dei topografiske tilhøva og eit nytt forprosjekt.
Forsvarsdepartementet vil, så snart det ligg føre eit revidert forprosjekt i saka, kome attende til Stortinget på ein eigna måte. Det er òg inngått ein avtale mellom staten og Mauken reinbeitedistrikt om kjøp av beiterettane. Avtalen om kjøp av rettar har eit omfang på 12 mill. kroner og vert finansiert innanfor ramma på prosjektet.
Prosjektet for bakke-til-luft-radioar (prosjekt 7048) vart godkjent av Stortinget ved handsaminga av Innst. S. nr. 232 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 53 (2002-2003). Prosjektet hadde ei kostnadsramme på 217 mill. kroner for eigedoms-, bygg- og anleggsdelen. Prosjektet omfatta oppgradering, tilbygg og nybygg ved 50 radiostasjonar. I november 2004 vart prosjektet mellombels stansa. Årsaka var at ei pårekna finansiering gjennom NATOs investeringsprogram for tryggleik fall bort, samstundes som det var eit behov for å få innarbeidd ein mobil kapasitet i prosjektet. På dette tidspunktet var det ferdigstilt tiltak på ti plassar, og det var forbrukt 49,7 mill. kroner.
Det reviderte prosjektet omfattar såleis totalt 33 radiostasjonar, inkludert dei ti fullførde stasjonane. På nokre av dei ferdigstilte stasjonane er det behov for mindre tiltak for utplassering av fleire radioar. Infrastrukturarbeidet i prosjektet omfattar utviding og/eller ombygging av stasjonar, sikring av eksisterande lokalitetar, elektro- og reservekraft, kjøling, antennemaster, radomar og fornying av jordingsanlegg og lynavleiar. Det reviderte prosjektet er kostnadsrekna til 127 mill. kroner for infrastrukturen for ferdigstilling av det reviderte materiellprosjektet 7048 Bakke-til-luft-radioar.
Forsvaret har dei seinaste åra gjennomgått store endringar, ein såkalla transformasjon mot eit nettverksbasert operasjonskonsept. Dessutan har aukande internasjonale bidrag til område med dårleg eller manglande kommunikasjonsinfrastruktur, ført til aukande bruk av teknologi som krev stor bandbredde. Røynsler frå internasjonale operasjonar syner at satellittkommunikasjon er den einaste kommunikasjonsberaren som kan levere den tilstrekkelege bandbredda til dei operasjonsområda Forsvaret og NATO no opererer i.
Forsvarsdepartementet starta i februar 2006 forprosjekteringa i eit prosjekt kalla "Sikker tilgang til romsegment". Den overordna målsettinga for prosjektet er å sikre Forsvaret tilstrekkeleg tilgang til bandbredde over ein eigen satellitt.
Gjennom 2006 blei det utarbeidd grunnlagsdokumentasjon for prosjektet, mellom anna i form av ei konseptuell løysing. Dette var naudsynt for eit prosjekt av dette omfanget og innan eit så ukjend fagområde for Forsvaret. Forsvarsdepartementet vedtok i desember 2006 å gå vidare med planlegginga av prosjektet, mellom anna å setje i verk ei ekstern kvalitetssikring av konseptet, starte samtalar med aktuelle samarbeidspartnarar og starte prosessen med å få reservert ein posisjon i rommet. Parallelt går eit arbeid med å avklare om det er grunnlag for eit materiellsamarbeid med andre nasjonar for bygging av ein felles satellitt. Fleire europeiske nasjonar har meldt si interesse for dette.
Norsk Romsenter vil vere ein viktig rådgjevar i prosessen. Norsk industri vil vere viktige både i vidare utvikling og som moglege leverandørar til prosjektet.
Prosjektet er i utgangspunktet planlagd å verte gjennomførd i perioden 2009-2011, og har som målsetting å levere operative tenester over satellitt frå 2012. Forsvarsdepartementet planlegg å leggje prosjektet fram for Stortinget for godkjenning i samband med framlegginga av St.prp. nr. 1 (2008-2009).
Med bakgrunn i Soria Moria-erklæringa har Forsvarsdepartementet gjennomgått mellom anna røynslene med nedbemanninga i Forsvaret og tidlegare bortsettingsprosessar. I St.prp. nr. 1 (2006-2007) opplyste Regjeringa at ho våren 2007 ville informere Stortinget om røynslene med nedbemanninga samt å informere om oppfølgingstiltak. I St.prp. nr. 78 (2006-2007), pkt. 4.4 og pkt. 4.5 informerer Regjeringa nærare om dei hovedkonklusjonar og oppfølgingstiltak som er gjort.