Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå finanskomiteen om Kredittmeldinga 2006

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

I kapittel 2 i Kredittmeldinga 2006 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og utviklinga i finansmarknaden. Det blir også gitt ein omtale av den finansielle stabiliteten. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste løyvesakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2006. Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2006, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2005. Omtalen i kapittel 4 og 5 bygger i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 6 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Årsmeldingane frå Noregs Bank og Kredittilsynet for 2006 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at komiteen inviterte sentralbanksjef Svein Gjedrem til open høyring om utøvinga av pengepolitikken i samband med behandlinga av Kredittmeldinga 2006. Referatet frå høyringa følgjer som vedlegg til denne innstillinga.

Finansiell stabilitet blir ofte brukt for å beskrive ein tilstand der det er velgrunna tillit til at føretaka i finanssektoren vil oppfylle dei pliktene dei har take på seg, slik at finansielle avtalar blir inngått på normale forretningsmessige vilkår. Ein har erfaring for at periodar med sterk vekst i gjeld og formuesprisar kan utfordre den finansielle stabiliteten.

Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involvert i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området er blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet.

Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for ein velfungerande finansmarknad og arbeider særleg med rammevilkåra. Kredittilsynet fører tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane. Noregs Bank og Kredittilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank og Kredittilsynet overvaker derfor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje utviklingstrekk som kan svekkje stabiliteten i det finansielle systemet. Samarbeidet mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank blei ytterlegare formalisert i 2006 ved at det blei skipa eit trepartsmøte mellom dei tre institusjonane kvart halvår. I møta vil utsiktene for finansiell stabilitet bli drøfta, samstundes som ein òg vil gå gjennom erfaringar frå kriseøvingar og drøfte samarbeidet ved behandling av eventuelle kriser.

Finansinstitusjonane har hatt gode resultat dei siste åra. Bankane, finansieringsselskapa, kredittføretaka, skadeforsikringsselskapa, livsforsikringsselskapa, verdipapirføretaka og forvaltningsselskap for verdipapirfond hadde alle høgare resultat målt i absolutte tal i 2006 enn i 2005, som òg var eit godt år. God inntening, tilbakehald av delar av innteninga og innhenting av ny kapital har auka den ansvarlege kapitalen i finans­institusjonane, og evna deira til å bere risiko er tilfredsstillande. Vekst i utlån frå bankane har likevel ført til ein reduksjon i kjernekapitaldekninga.

Den norske lånemarknaden er i endring. Innanlandsk kredittvekst til publikum (K2) har auka mykje dei siste tre åra, frå 6,8 prosent ved utgangen av 2003 til 14,6 prosent ved utgangen av 2006. Veksten i hushalda si gjeld har vore høgare enn veksten i disponibel inntekt sidan 1999. Framskrivingar av hushalda si gjeldsgrad basert på referansebanen i Noregs Banks Inflasjonsrapport 3/06 tyder på at gjeldsbelastninga kan halde fram med å auke.

Som følgje av reduserte rentemarginar blei hushalda skjerma for dei fulle effektane av rentehevingane til Noregs Bank i 2006.

Rentemarginar, som er den prosentvise forskjell mellom rentesatsar på utlån og innskot, var på 2,1 prosent ved utgangen av 2006. Dette er det lågaste nivået sidan målingane av rentemarginar starta i 1987. Det kan vere mange årsaker til dette prosentvise fallet i sjølve rentemarginen.

Rentebelastninga til hushalda er framleis låg, men det er venta at marknadsrenta vil stige framover. Sjølv om hushalda samla sett har høg finansformue, held hushald med høg gjeldsbelastning lite av den. Hushald med høg gjeldsbelastning kan derfor i liten grad trekkje på finansformue om dei får betalingsproblem. Om eit hushald får problem med å handtere eit lån, kan det ofte vere ein utveg å avtale ein periode med avdragsfritak, eller forlengje nedbetalingstida på lånet. Den siste tida har ein sett tendensar til at fleire vel lengre nedbetalingstid og avdragsfrie periodar når lånet blir tatt opp. Utviklinga i lånemarknaden saman med auka uvisse om utviklinga i bustadprisane, gir grunnlag for å tru at det ikkje blir teke nok omsyn til at den økonomiske situasjonen til låntakaren kan endre seg. Det kan synast å vere behov for ei instramming i praksis når det gjeld utmåling av bustadlån. Kredittilsynet følgjer denne utviklinga nøye.

Bustadlån utgjer 51 prosent av dei samla utlåna til bankane. Bankane sine utlån fordelte på næringar ber preg av at økonomien er inne i ein høgkonjunktur med ein kraftig vekst i dei fleste næringar. Dei siste åra har gjeldsbelastninga i føretakssektoren falle kraftig. Det låge rentenivået har medverka til at rentebelastninga er blitt redusert. Den høge gjeldsveksten i føretaka i 2006 medverkar truleg til høgare gjeldsbelastning trass i høg lønnsemd. Framskrivingar som er utførte av Noregs Bank, viser at gjelds- og rentebelastninga i føretakssektoren vil stige framover dersom lønnsemda blir svekt og gjeldveksten held fram med å vere høg. Det har vore ein nedgang i talet på konkursar dei tre siste åra, og i 2006 var det 14 prosent færre enn i 2005. I fjerde kvartal 2006 blei det likevel registrert fleire konkursar enn i same periode året før.

Innskotsdekninga til bankane fall i 2006 som følgje av at veksten i bankane sine utlån har vore større enn veksten i innskota.

Livsforsikringsselskapa sine verdijusterte resultat betra seg frå 2005 til 2006, særleg som følgje av den sterke oppgangen i aksjemarknaden siste halvår. Sjølv om bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa var høgare ved utgangen av 2006 enn året før, viser stresstestar som Kredittilsynet og livsforsikringsselskapa har utført, at risikoen i livselskapa er om lag den same i 2005 og 2006. Dette kjem av at aksjedelen i livsfor­sikringsselskapa har auka i 2006. At dei lange rentene steig noko i 2006, gjer sitt til å betre resultatutsiktene for livsforsikringsselskapa. Det er særs viktig at selskapa sjølve med god sikringsmargin tilpassar risikoen i sin portefølje til den soliditet selskapet har.

Jamvel om det er trekk ved den økonomiske utviklinga som kan gi auka risiko, og då særleg den høge og stadig aukande gjeldsbelastninga til hushalda, blir utsiktene til finansiell stabilitet rekna som tilfreds­stillande.

Komiteen tek omtalen til orientering.

Komiteen merkar seg at meldinga peiker på at utviklinga i verdsøkonomien synest jamnare balansert.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, merkar seg at det trass i auka kjøpekraft i mange yrkesgrupper blir rapportert om fallande sparing i norske hushald i det siste, med negativ sparerate i andre halvår i 2006. Fleirtalet er uroleg for denne utviklinga. Dessutan konstaterer fleirtalet at bustadlån utgjer 51 prosent av samla utlån frå bankane. Utlåna frå bankane har vore større enn veksten i innskot. Gjelda i norske hushald er no snart to gonger disponibel inntekt, og gjeldsgraden er høgare enn nokosinne.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, konstaterer at ein av dei største handelspartnarane våre, USA, hadde eit underskot i offentlege finansar på nær 210 mrd. USD i 2006, og ein brutto samla ekstern gjeld på 10 732 mrd. USD, tilsvarande om lag 80 prosent av BNP. Vidare er det eit aukande underskot på driftsbalansen på grunn av ein negativ handelsbalanse. I tillegg blir det no varsla auka underskot på investeringane i USA. Desse tilhøva kan utgjere ein ustabilitet som fleirtalet meiner bør vere ein del av risikobiletet som Noreg må ta stilling seg til.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at forbrukerne er de beste til selv å vurdere sin egen økonomi, og hvilke lån de ønsker å ta opp. Og hvor mye i lån man kan håndtere. Disse medlemmer har tiltro til at forbrukerne selv fatter kloke beslutninger.

Disse medlemmer viser også til at banken har sterke krav knyttet til sin rådgivning, slik at forbrukerne skal få gode, finansielle, råd knyttet til lån, spareprodukter og andre finansielle tjenester.

Disse medlemmer viser også til Kredittindikatoren K2, utgitt av Statistisk sentralbyrå (SSB) i mars 2007. Her viser statistikken at husholdningenes gjeldsvekst ble redusert. Selv om veksten fortsatt er stor, er dette den laveste vekstraten siden mai 2005.

Komiteens medlemmer fra Høyre konstaterer at den sittende regjering med Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet fører en politikk som motvirker sparing, og som stimulerer forbruk. Disse medlemmer viser til økt formueskatt som straffer sparing, og avviklingen av skattestimulert privat pensjonssparing som gjør det mindre fordelaktig å spare til egen pensjon. Norge skiller seg svært negativt ut sammenlignet med andre sentrale europeiske land når det gjelder privat sparing. Disse medlemmer er tilhenger av en mer aktiv politikk for å stimulere privat sparing. Det er viktig at folk tar ansvar for egen fremtid og alderdom, og det bør være en bedre balanse mellom privat og offentlig sparing. I en situasjon hvor økonomien er "overopphetet" bl.a. på grunn av stor mangel på arbeidskraft, vil en politikk som stimulerer privat sparing bidra til mindre press på renten.

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti syner til at den markante auken i hushalda si gjeldsgrad gjer desse meir sårbare for forstyrringar i økonomien, og i særleg grad ein kombinasjon av aukande arbeidsløyse og fallande prisar på bustader. Sjølv om investering i bustad er den viktigaste årsaka til den auka gjeldsgraden, syner denne medlemen til at lån til forbruk har vorte langt meir vanleg. Over dei siste åra har omfanget av forbrukslån og fleksilån eksplodert.

Denne medlemen legg til grunn at dei langt fleste som nyttar slike lån har ein privatøkonomi som er robust nok til å tåla auka låneopptak, og som kan vurdera avvegingane mellom auka forbruk i dag mot forbruk i framtida på ein god måte. Men det er òg grunn til å tru at det er mange som tek i mot tilbod om forbrukslån gjeve gjennom aggressiv marknadsføring av desse låna utan å vurdera tilstrekkeleg om privatøkonomien gjev rom for auka låneopptak til forbruk. Av omsyn til desse meiner denne medlemen at det bør vurderast nærare å innføra tiltak som kan motverka slike tilfelle, til dømes ein pålagt minste periode frå tilbod om forbrukslån er gjeve fram til eit slikt tilbod kan aksepterast av låntakar.

I kapittel 3 i meldinga gis ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2006, samt ein omtale av sentrale løyve som blei gitt same år, der dei einskilde sakene blir kort omtala.

Komiteen tek omtalen til orientering.

Årsmeldinga 2006 for Noregs Bank blei behandla og godkjend i hovudstyremøtet 7. februar 2007. Etter § 30 i lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dei fram for Kongen og gjere dei kjende for Stortinget. Etter § 15b i instruks skal Riksrevisjonen "rapportere til Stortinget mulige bemerkninger til statsrådens myndighetsutøvelse overfor Norges Bank". Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd andre punktum at "Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks". Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden:

"snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet oversende til Riksrevisjonen:

  • a) bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning

  • b) hovedstyrets årsberetning

  • c) representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken, og

  • d) statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank."

Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 12 a-c, til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får også gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere. Noregs Bank blei ikkje instruert med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd i 2006. Det er i pkt. 4.1 i meldinga gjort greie for leiing og administrasjon i, samt verksemda til Noregs Bank i 2006.

Komiteen tek omtalen til orientering.

I St.meld. nr. 13 (2005-2006) Kredittmeldinga 2005 blei det gitt ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2005. I denne meldinga ser ein på utøvinga av pengepolitikken i 2006. I punkt 4.2.2 i meldinga blir det gitt ein omtale av retningslinjene for pengepolitikken.

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

I St.meld. nr. 29 (2000-2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken trekte ein opp dei noverande retningslinjene for pengepolitikken. Retningslinjene blei fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jf. boks 4.1 i meldinga.

I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Noregs Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samtidig også medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000-2001) står det vidare at det er venta at konsumprisveksten som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på +/- eitt prosentpoeng rundt målet for prisstiginga. Noregs Banks rentesetjing skal vere fram­overretta i tid og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når Noregs Banks hovudstyre fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt, og sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ikkje blir vurderte å påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.

Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gi økonomien eit nominelt ankerfeste. Låg og stabil inflasjon er ein viktig føresetnad for at økonomien over tid fungerer på ein måte som medverkar til vekst og velstand. Forskrifta etablerer eit fleksibelt inflasjonsmål for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing.

I punkt 4.2.3 i meldinga følgjer ein omtale av Noregs Banks eiga vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2006, basert på årsmeldinga frå banken. Punkt 4.2.4 gir så ein omtale av andre analysar og vurderingar av pengepolitikken, mellom anna frå OECD og Norges Bank Watch. Departementet sine vurderingar følgjer i punkt 4.2.5.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at komiteen 10. mai 2006 hadde høyring med sentralbanksjef Svein Gj­edrem om utøvinga av pengepolitikken. Referat frå høyringa følgjer som vedlegg til denne innstillinga. Fleirtalet vil understreke at dei ulike delane av den økonomiske politikken heng saman og at innretninga av finanspolitikken (budsjettpolitikken) vil ha mykje å seie for pengepolitikken.

Fleirtalet har merka seg at sentralbanksjefen under den opne høyringa om Kredittmeldinga mellom anna uttalte følgjande:

"Det er slik at økt bruk av oljeinntekter isolert sett vil føre til en renteøkning i forhold til den man ellers ville hatt, for en periode. Men denne renteøkningen vil samtidig føre til en høyere og sterkere kronekurs - altså via en høyere rente vil en få en sterkere kronekurs, og etter blir vil en sterkere kronekurs bidra til en svekkelse av det konkurranseutsatte næringslivet og en reduksjon av sysselsettingen i det konkurranseutsatte næringslivet. Når den utviklingen har pågått en tid, vil rentenivået igjen falle tilbake til et mer normalt rentenivå, mer tilsvarende det rentenivået man har i andre land. Det er hovedmekanismen, enten økt oljepengebruk skjer på utgiftssiden i budsjettene eller på reduserte skatter og avgifter."

Fleirtalet legg til grunn handlingsregelen for budsjettpolitikken. Over tid skal bruken av petroleumsinntekter tilsvare realavkastninga av Statens pensjonsfond - Utland slik at også kommande generasjonar får nyte godt av petroleumsformuen.

Fleirtalet viser vidare til at sentralbanksjefen mellom anna uttalte følgjande under høyringa i finanskomiteen:

"Det som skjer hvis en forlater det som er retningslinjene for den økonomiske politikken, er jo først og fremst at aktørene i det økonomiske livet vil registrere skiftet, og de vil spørre seg ikke bare hva utslagene blir dette første året, men hva vi har i vente i år to, i år tre, i år fire og i år fem. De vil danne seg oppfatninger om hva som vil skje med budsjettpolitikken i år to, i år tre, år fire og år fem, og så vil de opptre i dag med utgangspunkt i disse nye forventningene. Man kan ikke vente at disse historiske økonomiske relasjonene som er buntet sammen i en modell, kan svare på virkningen av slike regimeskifter i den økonomiske politikken.

Der reaksjonene vil komme raskest hvis man bryter med enten inflasjonsmålet eller de mer langsiktige retningslinjene for budsjettpolitikken, vil være i valutamarkedene og i rentepolitikken, som en reaksjon på dette. Men også husholdningene vil jo tilpasse seg forventninger om hvor stor pengerikelighet de kan forvente over en lengre periode.

Å vurdere virkningene av slike regimeskifter i den økonomiske politikken er meget komplisert. Man må vente store variasjoner i valutakurser og renter i en overgangsperiode til forventningene har fått satt seg."

Fleirtalet sluttar seg til desse vurderingane.

Fleirtalet viser til at målsetjinga for pengepolitikken i Noreg er ein låg og stabil inflasjon med ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Fleirtalet viser også til at pengepolitikken tek sikte på stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona og at pengepolitikken samtidig skal understøtte finanspolitikken ved å medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Fleirtalet ser at ein konsekvens av at Noreg er ein liten og open økonomi er at vi har nytt godt av billege importvarer og gode eksportprisar. Dei låge importprisane har gjort sitt til låg inflasjon trass i at Noreg er inne i ein høgkonjunktur.

Fleirtalet viser til at sentralbanksjefen under høyringa i finanskomiteen uttalte:

"Det er forventninger om at vi skal øke renten framover noe mer enn det som vil skje hos et gjennomsnitt av våre handelspartnere. Så det er bygget inn forventninger i rentemarkedene om at vi etter hvert vil få en positiv rentedifferanse. Derfor er det ikke nødvendigvis slik at det vil gi store endringer i valutakursen dersom renten faktisk utvikler seg i samsvar med disse forventningene. Man kan tenke seg at det allerede er priset inn i valutamarkedet, og at valutamarkedet mer reagerer på uventede nyheter enn på ventede endringer i renten."

Fleirtalet konstaterer at ei av utfordringane for landet vårt er avgrensingar i arbeidskraft, i større grad enn avgrensingar i kapital. Dette er ei utfordring ikkje bare for finanspolitikken og pengepolitikken, men også for strukturpolitikken. Fleirtalet ser at store fellesoppgåver kan bli skadelidande av mangel på arbeidskraft.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti,viser til at Regjeringa vil føre ein finanspolitikk som medverkar til ei stabil økonomisk utvikling både på kort og lang sikt. Finanspolitikken skal brukast til å jamne ut svingningane i økonomien for å halde arbeidsløysa nede. Fleirtalet viser til at den nove­rande rentepolitikken medverkar til å redusere veksten i forbruk og private lån. Fleirtalet viser i den samanhengen til at Regjeringa arbeider kontinuerleg med desse problemstillingane.

Fleirtalet tek elles omtalen i meldinga til orientering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at man siden innføringen av den såkalte handlingsregelen våren 2001 har hatt pågående debatt om dette er en fornuftig regel. Disse medlemmer har hele tiden har vært imot handlingsregelen, og mener at forslagene til statsbudsjett de siste årene er en erkjennelse av at regelen kan avvikles. Siden den ble innført våren 2001 har handlingsregelen vært trikset med en rekke ganger, avhengig av regjeringens behov for å løse ulike budsjettutfordringer. Siden 2001 har det vært brukt over 100 mrd. kroner mer enn handlingsregelen skulle tilsi. Disse medlemmer ønsker å erstatte handlingsregelen med retningslinjer for vekst i statens utgifter.

Disse medlemmer viser til at Regjeringen i sitt forslag til statsbudsjett for 2007 også valgte å bruke mer penger enn det handlingsregelen skulle tilsi. I Revidert statsbudsjett for inneværende år anslår Regjeringen at man for første gang vil komme under handlingsregelens 4 prosent bruk av oljepenger. Dette skyldes primært en langt bedre inntektsvekst til staten.

Disse medlemmer mener Regjeringen med sine fremlegg og retorikk er mer opptatt av at man skal klare å følge denne regelen, fremfor å se på hva som er fornuftig bruk av oljepenger i økonomien.

Hovedproblemet med handlingsregelen er at den sterkt begrenser det finanspolitiske handlingsrommet. En av handlingsregelens viktigste svakheter er at den ikke forholder seg til hvor, når eller hvordan oljeinntektene brukes, og at den ikke skiller mellom oljepenger brukt til skatte- og avgiftslettelser, offentlige realinvesteringer eller offentlig forbruk.

Svært mye av den økonomiske debatten i Norge dreier seg om hvordan vi som nasjon skal forholde oss til oljeinntektene. Disse medlemmer vil påpeke det åpenbare ved at oljeinntektene i bunn og grunn er inntekter på lik linje med alle andre inntekter fra norsk produksjon. Det særegne med oljeinntektene er den høye avkastningen, relativt til ressursinnsatsen i form av arbeidskraft og investert kapital. I tillegg tilfaller det aller meste av oljeinntektene staten direkte som grunneier og skatteoppkrever og indirekte via statlig eide oljeselskap.

Disse medlemmer mener at en ansvarlig og langsiktig forvaltning av oljeformuen må fokusere på å maksimere økonomisk vekst, og at oljeinntektene i større grad dermed kan konverteres til real- og humankapital fremfor finanskapital. Det hjelper svært lite for kommende generasjoner at de arver vår oljeformue i form av et oljefond, hvis de samtidig avspises med mye mindre real- og humankapital. Infrastruktur i form av bredbånd eller veier er eksempler på slik fremtidsrettet investering.

Ved bruk av oljeinntekter er det derfor viktig å skille mellom forbruk og investering, samt innkjøp fra utlandet som ikke skaper press i norsk innenlandsøkonomi, og andre innkjøp.

Disse medlemmer vil redusere det statlige forbruket. Disse medlemmer vil også senke skatter og avgifter og øke de offentlige realinvesteringer.

Disse medlemmer viser til at i den situasjonen landet nå befinner seg i ville det være fornuftig å bruke noe mer midler til investeringer på områder hvor det er ledig kapasitet, for eksempel innenfor anleggsbransjen. Bransjen selv opplyser om ledig kapasitet. Og ved å bevilge mer midler til dette formålet ville man utnytte den ledige kapasiteten som finnes i markedet, uten å skape press i økonomien. I tillegg ville man med fornuftige investeringer på veisektoren sørge for bedre effektivitet for næringslivet og innbyggere, og redusert omfang av skader. Dette vil være positivt for økonomien.

I en situasjon med stadig færre arbeidsledige, og man på mange sektorer har behov for tilgang på arbeidskraft, ville det være fornuftig å investere i økt og raskere pasientbehandling. Dette ville medføre at arbeidsføre mennesker som venter på en operasjon kunne få denne utført raskt ved enten offentlig eller private institusjoner, eventuelt i utlandet. Dermed hadde man fått innsparinger på offentlige velferdsordninger, samtidig som man hadde fått denne arbeidskraften raskere tilbake i jobb. Dette vil virke pressdempende på økonomien.

Disse medlemmer viser til at stadig flere fag­økonomer er uenig i stortingsflertallets ensidige fokus på handlingsregelen. Disse medlemmer viser også til at flere stortingsrepresentanter for regjeringspartiene og andre lokale og regionale folkevalgte representanter fra de samme partiene tar avstand fra at handlingsregelen er det eneste fornuftige.

Disse medlemmer mener det er forsvarlig å bruke mer penger enn handlingsregelen tilsier også for inneværende år. Debatten om bruk av midler fra petroleumsvirksomheten burde heller være en debatt om hva man ønsker å bruke på drift og hva man ønsker å benytte til konkrete investeringer. Og når man diskuterer investeringer så er det forsvarlig å vurdere investeringer i realkapital, fremfor å kun konsentrere seg om investeringer i utenlandske selskaper, gjennom aksjer og obligasjoner. Dagens bruk av handlingsregelen tar ikke hensyn til hvordan pengene blir brukt, kun ensidig fokus på hvor mye man bruker.

Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet i 2001 fikk flertall for å innføre inflasjonsmål for pengepolitikken. Inneværende års anslåtte prisstigning er så lav at det isolert sett ikke skulle tilsi en heving av renten slik Norges Bank har foretatt. Disse medlemmer konstaterer at det ikke er samsvar med renteforskriftens bestemmelser og den praksis som følges av Norges Bank, og mener praksis og regelverk bør komme i samsvar.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti meiner at i ein slik situasjon bør den viktigaste oppgåva i strukturpolitikken vera å gje betre hjelp til dei altfor mange i arbeidsfør alder som står utanfor arbeidslivet slik at dei kan koma inn. Det er uakseptabelt, både for den einskilde og for samfunnet at om lag 1 av 4 i arbeidsfør alder ikkje har ordinært arbeid, og det er eit paradoks at dette er tilfelle samstundes som arbeidsmarknaden skrik etter arbeidskraft. Desse medlemene syner til at sentralbanksjefen uttalte fylgjande under høyringa:

"Sykefraværet er høyt, og en stigende andel av folk i yrkesaktiv alder er på attføring og uføretrygd. Mange velger å gå av med pensjon, AFP, når de fyller 62 år. Med den demografiske utviklinga vi nå har, må vi vente at det antallet vil øke sterkt de nærmeste årene. Over 600 000 personer i yrkesaktiv alder mottar nå trygd eller pensjoner. Det er 25 pst. av vår arbeidsstyrke. Det er altså mange positive trekk på tilbudssiden i vår økonomi. Dette er økonomiens akilleshæl."

Desse medlemene meiner at Regjeringa bør auka innsatsen for å få fleire over frå trygd til arbeid. Ei omlegging av AFP, i samarbeid med partane i arbeidslivet, i tråd med det som er lagt til grunn i pensjonsforliket mellom regjeringspartia og Høgre, Kristeleg Folkeparti òg Venstre er og naudsynt for å stimulera sterkare til arbeid etter fylte 62 år.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Regjeringen fører en ekspansiv finanspolitikk. Det bidrar til at Norges Bank gjennom pengepolitikken får et større ansvar for å bremse presset i økonomien gjennom høyere rente. Disse medlemmer mener at kombinasjonen av en ekspansiv finanspolitikk, ma­nglende initiativ for å øke tilbudet av arbeidskraft og fjerning av sparestimulerende tiltak gjør at Regjeringen må bære et betydelig ansvar for en stadig høyere rente.

Tabell 4.1 og 4.2 i meldinga viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 2006, samanlikna med tilsvarande tal for 2005.

Komiteen tek omtalen til orientering.

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, i følgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærmare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. Det visast til meldinga for nærmare omtale.

Komiteen tek omtalen til orientering.

I ein situasjon der kredittinstitusjonane finansierer opp mot 100 prosent av hushalda sine investeringar i bustader, og der ein aukande del av låna vert gjeve med avdragsfridom dei første åra, meiner komiteens medlem frå Kristeleg Folkeparti at Kredittilsynet bør intensivera tilsynet med utlånspraksisen i desse institusjonane.

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) har 185 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. Samarbeidet med FN skjer i første rekkje gjennom Det økonomiske og sosiale rådet i FN (ECOSOC). IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale pengesystemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om penge- og valutapolitiske spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetar: førebygge kriser ved å overvake økonomien i medlemslanda, låne til land med betalingsbalanseproblem eller i krisesituasjonar, og å gi teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei i stand til betre å nedkjempe fattigdom. Det er i kapittel 6 i meldinga gjort rede for organiseringa av oppgåvene og styresettet til samt evalueringa av IMF, i tillegg til særskilte forhold som gjeld Noreg.

Komiteen tek omtalen til orientering.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner det er nødvendig at alle delar av politikken overfor fattige land heng saman. Flertallet ber derfor Regjeringa vurdere på kva måte Stortinget best kan bli invitert til å diskutere IMFs politikk overfor utviklingslanda i samanheng med bistandspolitikken og andre politikkområde som til saman utgjer den heilskaplege utviklingspolitikken.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, viser til formuleringar i Soria Moria-erklæringa om kondisjonalitet der det heiter: "Norsk bistand skal ikke gå til programmer som stiller krav om liberalisering og privatisering". Fleirtalet viser vidare til kondisjonalitetskonferansen som Regjeringa heldt i november 2006 og framlegginga av den regjeringsfinansierte Bull-rapporten. Fleirtalet ber Regjeringa vurdere korleis arbeidet med å forhindre IMFs bruk av kondisjonalitet for tvangsprivatisering og liberalisering best kan styrkjast.

Fleirtalet viser til kritikken av PRGF-låneordninga frå "Independent Evaluation Office of the IMF" i rapporten av 12. mars 2007 om IMFs verksemd i land sør for Sahara. I tillegg peiker Melan-rapporten av februar i år, om samarbeidet mellom IMF og Verdsbanken, på at IMF i PRGF-ordninga går ut over kjerneaktiviteten til institusjonen og overlappar ansvarsområdet til Verdsbanken. Rapporten tilrår derfor at IMF gradvis trekkjer seg ut av langsiktig utviklingsfinansiering og overlet dette til Verdsbanken, noko som vil gi IMF høve til å konsentrere innsatsen på område der institusjonen har sine relative fortrinn, som teknisk assistanse og makroøkonomisk overvaking og rådgiving. Fleirtalet meiner Regjeringa bør vurdere å arbeide for at IMF gradvis avsluttar sitt direkte engasjement i langsiktig finansiering av utviklingsprogram som PRGF-ordninga og overlet denne aktiviteten til Verdsbanken.

Fleirtalet meiner det er viktig at IMF har eit breitt tilfang av kunnskap og erfaring for kva som skaper sysselsetjing, vekst og utvikling i ulike økonomiar. Fleirtalet legg vekt på at ei slik brei tilnærming bør vere basis for det arbeidet som IMF gjer i utlånspolitikken og i si økonomiske og politiske rådgiving overfor dei enkelte medlemslanda. Den nordisk-baltiske gruppa har ein særleg sjanse til å yte bidrag basert på den nordiske samfunnsmodellen. Fleirtalet vil elles understreke kor viktig det er at dei fattigaste landa får styrkt sine eigne økonomifaglege ressursar slik at dei blir betre i stand til sjølve å vurdere ulike politikkval.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at kapitalisme og det frie marked er utvilsomt det redskap som har løftet flest mennesker ut av fattigdommen. Kina, Indonesia, Malaysia, Japan, Sør-Korea, Vietnam, Brasil, Argentina og Tyrkia er gode eksempler på dette.

Disse medlemmer deler derfor ikke flertallets frykt for IMFs krav overfor utviklingsland om liberalisering og privatisering, når vi vet at dette vil være avgjørende for en rekke utviklingsland for å komme ut av den situasjonen de befinner seg i.

Disse medlemmer mener at man kan stille spørsmål ved deler av IMFs virksomhet, spesielt knyttet opp til om de økonomiske ordningene sett under ett faktisk hjelper land ut av fattigdom. I tillegg bør man ha et kritisk blikk på organisasjonen og kostnadene knyttet til byråkrati og administrasjon av IMF og de økonomiske ordningene.

Komiteen har elles ingen merknader til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 23 (2006-2007) - Kredittmeldinga 2006 - blir å leggje ved protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 31. mai 2007

Reidar Sandal

leiar og ordførar