7. En døgnåpen forvaltning - Elektronisk samhandling i og med offentlig sektor
I kapittel 7 i meldinga går det fram at ei døgnopen elektronisk forvaltning gir betre tenester.
Noreg ligg langt framme internasjonalt i å ta i bruk IKT i offentleg sektor. Men sektoren er stor, aktørane er mange og samspelet kan bli betre.
Kvar einskild statleg verksemd har sjølv ansvaret for innkjøp eller utvikling av eigne IKT-løysingar, samtidig som vi har ein sjølvstyrt kommunal sektor. Mange elektroniske tenester er dermed lite samordna ved at løysingane har vore "lokalt" utvikla utan at det har vore stilt felles krav til løysing.
Regjeringas ambisjon er todelt. Brukarane skal møte ein open, tilgjengeleg og samanhengande offentleg sektor som tilbyr heilskaplege og fullstendige digitale tenester gjennom gode elektroniske sjølvbeteningsløysingar. Og Regjeringa vil effektivisere og frigjere ressursar ved bruk av IKT, for dermed å kunne styrkje det offentlege velferdstilbodet samtidig som administrasjonen blir redusert. Rett bruk av IKT gjer begge delar mogleg.
Regjeringa vil leggje til rette for ei døgnopen elektronisk forvaltning der verksemdene i langt større grad må samarbeide. Dette vil utfordre organisatoriske, juridiske og forvaltningsmessige prosessar i offentleg sektor. Realiseringa av ei døgnopen forvaltning skal baserast på hovudprinsipp om utvikling av elektroniske sjølvbeteningsløysingar, etablering av tverrsektorielle fellesløysingar og etablering av felles arkitekturprinsipp for IKT-løysingane i offentleg sektor.
Ein slik arkitektur kan i utgangspunktet ikkje omfatte alle aspekt av offentleg IKT-bruk, men bør i første omgang fokusere på å samordne tenesteyting via Internett til innbyggjarar og næringsliv.
Elektroniske tenester, både til innbyggjarar og næringsliv, skal vere tilgjengelege via innbyggjarportalen Miside og næringslivsportalen Altinn. Kvar einskild verksemd vil ha ansvaret for å følgje opp dette i praksis. Etableringa av tverrsektorielle felleskomponentar skal støtte opp om utviklinga av desentraliserte løysingar og verke på tvers av sektorgrenser og forvaltningsnivå. Eit døme på slike felleskomponentar er løysingar for sikker innlogging av personar og verksemder. Vidare skal store nye statlege IKT-prosjekt vurdere i kva grad dei har komponentar som kan brukast i ein felles offentleg IKT-infrastruktur. Etableringa av felles arkitekturprinsipp for offentleg sektor er sjølve rammeverket for oppbygging av offentlege IKT-system.
Regjeringa vil basere sin programvarepolitikk primært på opne standardar. Bruk av opne IKT-standardar er viktig fordi:
– det legg grunnlag for velfungerande elektronisk samhandling mellom offentlege verksemder, og mellom offentleg sektor og omverda,
– det motverkar at offentlege verksemder og brukarar blir låste til spesielle teknologiar og leverandørar,
– det ved publisering av informasjon og tenester frå offentleg sektor bidrar til likebehandling og inkludering av alle innbyggjarar, uavhengig av kva for programvare eller programvareplattform den einskilde vel, og
– det kan bidra til jamnare konkurransevilkår mellom aktørane, noko som kan vere til fordel for norsk IKT-næring.
Regjeringa ønskjer òg at offentlege verksemder i større grad tek i bruk løysingar baserte på open kjeldekode. Open kjeldekode er programvare som blir tilbode under spesielle lisensvilkår som gir brukar tilgang til å lese kjeldekoden (i eit leseleg programmeringsspråk), og rett til å endre eller vidareutvikle programvara. Ein kultur for å dele eigenutvikla programvare vil kunne komme organisasjonar, bedrifter, studentar og IKT-spesialistar til gode.
Realiseringa av prinsippa om bruk av opne IKT-standardar og open kjeldekode vil i større grad enn tidlegare krevje tverrsektorielle samordningsfunksjonar innan bl.a. standardisering, omgrepsbruk og finansiering. Dermed er det også nødvendig å utgreie nye måtar å organisere og styre IKT-arbeidet på.
Det er eit innarbeidd styringsprinsipp i offentleg sektor at kvar einskild sektor og verksemd i størst mogleg grad sjølv skal bestemme over kva verkemiddel dei vil gjere bruk av for å oppfylle krav og forventningar frå overordna myndigheit. Dette gjeld òg for verksemdas investeringar i og bruk av IKT. Det betyr at kvar einskild sektor og etat også utarbeider eigne IKT-planar og strategiar. Linjeansvarsprinsippet blir gjenspegla ikkje minst i budsjettprosessane og i samband med regelverksutforming.
1. Etablering av elektroniske sjølvbeteningsløysingar:
Kvar einskild verksemd/sektor må gjere relevante tenester tilgjengelege via portalane Miside og Altinn, i tillegg til evt. formidling gjennom verksemdas eigen nettstad. Verksemda/sektoren har ansvaret for å følgje opp dette tiltaket.
2. Etablering av ei publiseringsteneste for offentlege elektroniske postjournalar:
Denne skal bidra til å fremje openheit og styrkje demokratiet ved å gi folk flest betre kunnskap om og innsyn i offentlege aktivitetar, ressursbruk og resultat.
3. Systematiske brukarundersøkingar: Alle statlege etatar skal gjennomføre systematiske brukarundersøkingar som også skal omfatte verksemdas utoverretta IKT-tenester. Som ein hovudregel skal resultata offentleggjerast.
4. Etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor:
Arkitekturen skal vere lagdelt og vil minimum bestå av eit presentasjonslag, eit felleskomponentlag og eit verksemdslag. Arkitekturen skal i størst mogleg grad baserast på opne standardar og eit regime for informasjonstryggleik. Innan utgangen av 2007 skal det utarbeidast ei meir detaljert beskriving av arkitekturprinsippa med tilhøyrande strategi, målbilete og retningslinjer. Sektoranes og verksemdenes IKT-strategiar og store offentlege IKT-prosjekt skal byggje på og understøtte desse.
5. Utarbeiding av ein referansekatalog over forvaltningsstandardar:
Det skal etablerast forvaltningsstandardar som skal presenterast samla i ein såkalla referansekatalog. Referansekatalogen skal gi offentlege verksemder, leverandørar og andre interesserte ei oversikt over tilrådde og obligatoriske forvaltningsstandarar med relevans for IKT-løysingar i det offentlege. Referansekatalogen skal byggjast opp gradvis over tid, og vil i 2007 bli utvida til fleire nye område.
6. Det skal vurderast å etablere felleskomponentar:
For å understøtte den stadig meir komplekse elektroniske samhandlinga i og med offentleg forvaltning, og samtidig bidra til ei mest mogleg brukarretta forvaltning som utnyttar knappe ressursar på ein mest mogleg effektiv måte, skal det vurderast å etablere felleskomponentar for offentleg sektor. I den samanheng må ein bl.a. vurdere korleis dette bør finansierast, styrast og organiserast.
7. Samarbeid med store IKT-prosjekt om felleskomponentar:
I store nye IKT-prosjekt i staten skal prosjektet vurdere om dei kan bruke felles IKT-komponentar, eller om prosjektet kan ha eller utvikle komponentar som kan stillast til rådvelde for fellesskapet. Det er ein føresetnad at vurderingane ikkje må føre til særleg negative konsekvensar for prosjektet og for noverande driftsløysingar mv. knytte til desse.
8. Vurdere oppbygging av eit fornya folkeregister:
Regjeringa skal i samband med arbeidet med felles personopplysningar vurdere eit fornya folkeregister.
9. Vurdere felles krav for IKT-tryggleiksprosessar i staten:
På område der det er spesielle lovkrav, avtalerettslege forhold eller evt. særleg risiko, vil Regjeringa vurdere å stille krav om sertifisering. IKT-tryggleiken i offentleg sektor skal byggje på nasjonal strategi for informasjonstryggleik, jf. kap. 9.5. For å lykkast med å implementere elektronisk forvaltning er det derfor ein føresetnad at ein har systematisk styring av styresmaktenes og verksemdenes IKT-tryggleik.
10. Etablering av eit nasjonalt kompetansemiljø for open kjeldekode:
For at offentlege verksemder skal ha betre føresetnader for å ha eit aktivt forhold til open kjeldekode, skal det opprettast eit kompetansemiljø som fungerer som nøkkelressurs for offentlege verksemder på dette området.
11. Preferanse for open kjeldekode:
Regjeringa vil vurdere vilkåra for å kunne føre ein preferansepolitikk for open kjeldekode, slik at offentlege verksemder skal velje open kjeldekode når slike løysingar er like kostnadseffektive og med god nok kvalitet i forhold til dei leverandøreigde. I tillegg vil FAD vurdere etablering av generelle prinsipp om at programvare som blir utvikla på oppdrag frå det offentlege, skal gjerast tilgjengeleg som open kjeldekode.
12. Open kjeldekode som tema i relevant utdanning:
Regjeringa vil vurdere korleis ein kan styrkje opplæring og bevisstgjering om open kjeldekode i vidaregåande skuleopplæring, og samstundes forbetre undervisningstilbodet på dette området på høgskule- og universitetsnivå.
13. Avklare organisering av arbeidet med felleskomponentar:
Regjeringa vil vurdere korleis arbeidet med felles IKT-arkitektur for offentleg sektor, etablering av felleskomponentar, det vidare arbeidet med forvaltningsstandardar m.m. i tida framover bør organiserast, styrast og finansierast.
Komiteen viser til at Norge er langt framme internasjonalt i å ta i bruk IKT i offentlig sektor, men at samspillet mellom aktørene kan bli langt bedre.
Komiteen viser til at alle aktuelle høringsinstanser er enig i at staten skal basere sin programvarepolitikk på åpne IKT-standarder.
Komiteen er klar over at innarbeidete styringsprinsipper tilsier at hver enkelt sektor i størst mulig grad skal bestemme virkemiddel som de vil bruke for å oppfylle krav og forventninger fra overordnet myndighet. Samtidig viser erfaringene fra flere store statlige IKT-prosjekter at det kan være behov for mer samhandling og felles arkitektur i forhold til systemene og programvare som blir innkjøpt og tatt i bruk, for å sikre at systemene kan kommunisere på tvers der det er behov for det. Det er viktig at bl.a. den nye NAV-etaten lærer av disse erfaringene og utvikler IKT-systemer som bygger på de forslag som fremmes i meldingen.
Komiteen har merket seg at høringsinstansene er opptatt av en bedre koordinering av statens innkjøp og styring av IKT. Komiteen er også opptatt av dette og ber Regjeringen vurdere hvordan en best kan sikre kvalitetssikring, gjenbruk og at systemene kommuniserer med hverandre i forbindelse med store IKT-investeringer.
Komiteen er opptatt av et bredt samarbeid for å utvikle gode digitale løsninger i det offentlige. Det er derfor viktig at de ansatte sikres medinnflytelse, samtidig som innbyggere, næringsliv og andre brukere høres. E-Bygg er et slikt eksempel på et samarbeidsprosjekt mellom kommuner, stat, fagbevegelse og næringslivet, og som har som mål å standardisere de tekniske løsningene ved digitaliseringen av byggesaker.
Komiteen vil vise til at for å sikre gode offentlige tjenester for brukerne, må informasjon og kommunikasjon være uavhengig av brukerens teknologivalg og funksjonsevne.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at Regjeringen vil etablere et nasjonalt kompetansemiljø for åpen kildekode, og støtter dette. Dette er viktig for utviklingsarbeid, innovasjon og nyskaping i offentlig virksomhet og IKT-bransjen. Flertallet vil be Regjeringen om å vurdere innspillet fra Teknologirådet om å etablere flere pilotprosjekter i det videre arbeidet.
Flertallet støtter også Regjeringens forslag om å vurdere en preferansepolitikk for åpen kildekode, samt de konkrete tiltakene i meldingen for å fremme en døgnåpen forvaltning og god elektronisk samhandling mellom offentlige virksomheter.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre ber om at det iverksettes effektmålinger av alle IKT-investeringer i offentlig sektor og et system for gjenbruk av løsninger.
Disse medlemmer mener at all offentlig informasjon og offentlige løsninger må bygge på åpne standarder og være universelt utformet. Offentlig informasjon må også kunne benyttes i næringsutvikling.
Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at når man vurderer om programvare med åpen kildekode skal velges, må ikke bare lisenskostnader, men også utgifter til opplæring og drift inngå i sammenlikningen.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at økt bruk av IKT i offentlig sektor, internt i saksbehandlingen og i kommunikasjonen med innbyggerne legger til rette for effektivisering, bedre kvalitet og reduserte kostnader. Innsatsen representert ved IKT-investeringer i det offentlige forventes derfor i stor grad å fungere selvfinansierende; flere sektorer sett under ett. Dette tilsier vilje til forsert satsing og investering, også om de lønnsomme effekter ikke synliggjøres i ett og samme budsjettår. Disse medlemmer viser til at i Danmark er det fastslått at en investering i IKT i offentlig sektor på 1 mrd. kroner kan gi en innsparing på 17 mrd. kroner. Disse medlemmer advarer mot å anse "en krone brukt, som en krone tapt" i denne sammenhengen, men peker både på at investeringen må følges av oppfølging og krav til forventede innsparinger, og at effekten følges opp over flere år.
Disse medlemmer mener at det ikke er en statlig oppgave å bygge kompetanse i Norge på åpen kildekode, dette fordi man mener at markedet vil greie dette på egenhånd. Disse medlemmer vil derfor gå imot Regjeringens forslag om å etablere et nasjonalt kompetansesenter på åpen kildekode, fordi et slikt senter raskt vil ende opp med å konkurrere med nye og eksisterende kompetansemiljøer innen privat sektor. Disse medlemmer støtter imidlertid arbeidet som gjøres på å samordne IT-politikken, og viser til at disse medlemmer støttet Regjeringens bevilgning under kap. 1508 post 22 i Budsjett-innst. S. nr.13 (2006-2007).
Disse medlemmer ser at det i mange tilfeller er gevinster knyttet til åpen kildekode når det gjelder åpenhet, stabilitet, adaptibilitet, kvalitet, innovasjonstakt, sikkerhet og pris. Disse medlemmer mener allikevel at spørsmålet om man skal velge åpen kildekode eller om man skal benytte proprietær programvare, bør være opp til den enkelte virksomhet ut ifra hva som er mest hensiktsmessig under hensyn til sikkerhet, økonomi, samordning og kommunikasjon med andre systemer i offentlig sektor.
Disse medlemmer er av den oppfatning at det norske utdanningssystemet skal tilby den utdanningen studenter og arbeidsgivere etterspør. Disse medlemmer mener derfor at Regjeringens tiltak om å vurdere åpen kildekode som tema i relevant utdanning er unødvendig, fordi et slikt tilbud bør vokse frem nedenfra gjennom etterspørsel, og ikke gjennom statlige pålegg og tiltak.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre ber Regjeringen sette fortgang i arbeidet med etableringen av elektronisk signatur og elektronisk ID. Verifisering av innhold skal innen år 2009 alltid kunne garanteres ved hjelp av elektroniske signaturer. Disse medlemmer er også opptatt av at nødvendig informasjonssikkerhet ivaretas i alle offentlige tjenester og databaser for privatpersoner og virksomheter. Det bes derfor om at Regjeringen vurderer en endring av anbuds- og innkjøpsreglement for det offentlige, der informasjonssikkerhet alltid skal vurderes.
Disse medlemmer er kjent med at det arbeides med ny og sikrere smartkortteknologi. Dette er et viktig arbeid som vil ha stor betydning for fremtidig tillit til elektronisk handel, transaksjoner og informasjonssikkerhet generelt.