Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 om inn­lemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning nr. 1158/2005 om konjunkturstatistikk

Innhold

Til Stortinget

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 vart det vedteke å endre vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 1158/2005 av 8. oktober 2002 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98 om konjunkturstatistikk, som er teken inn i vedlegg XXI til EØS-avtala.

Ettersom gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen inneber auka økonomiske utgifter over fleire år, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsforordninga i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Føremålet med forordninga er å gjere endringar i rådsforordning (EF) nr. 1165/65 om korttidsstatistikk. Bakgrunnen for endringane er røynsler frå den eksisterande forordninga, drøftingar som har funne stad av handlingsplanen for økonomisk korttidsstatistikk i ulike samanhengar og ønske som Den europeiske sentralbanken har uttrykt.

Forordninga gjev høve til å gjennomføre utvals­granskingar på europeisk nivå med sikte på å utarbeide samla utrekningar for alle statane.

Forordninga fører òg til ein del endringar i vedlegga til korttidsforordninga når det gjeld variablar, referanseperiode og tidsfristar for levering av data. For nokre variablar vert talet auka ved overgang frå kvartal til månad. Dette gjeld m.a. produksjonsindeksen for bygg og anlegg. På nokre område vert tidsfristane for datalevering korta ned. Dette gjeld t.d. talet på sysselsette i industrien, bygg og anlegg og tenestenæringane der kravet til produksjonstid vert korta ned frå 90 til 60 dagar etter utgangen av kvartalet.

Det skal òg gjennomførast einskilde studiar for å vurdere om det er mogleg å produsere statistikk på visse nye område. Dette gjeld produsentprisar innanfor bygg og anlegg, kvartalsvis indeks for timeverk og løn innanfor detaljhandelen og tenestenæringane, og dessutan overgang frå kvartalsvis til månadleg omsetningsstatistikk for tenestenæringar.

Etter statistikklova av 16. juni 1989 er Statistisk sentralbyrå det sentrale organet for utarbeiding og spreiing av offisiell statistikk. Som ein del av dette har Statistisk sentralbyrå hovudansvaret for internasjonalt statistikksamarbeid. Når det gjeld EØS-samarbeidet vil dette seie at Statistisk sentralbyrå har hovudansvaret for oppfølginga av protokoll 30 i EØS-avtala og dei pliktene som følgjer av dette, m.a. gjennom vedlegg XXI.

Framlegget stiller store krav til omlegging og utvikling av statistikk. På nokre område kan dette løysast ved utvikling av nye metodar for bruk av administrative data (medrekna mva-oppgåver). Dei største utfordringane knyter seg til utvikling av nye prisstatistikkar for tenestenæringa. Måten dette skal løysast på er framleis under utgreiing. Eit førebels overslag tyder på at desse kan føre til ein årleg tilleggskostnad på mellom 2,5 og 4 mill. kroner.

Dei auka kostnadene vil verte dekte innanfor budsjettrammene til Statistisk sentralbyrå (kap. 1620).

Framlegget fører ikkje til større administrative konsekvensar.

Forordninga er eit viktig tilskot til vidare utvikling av harmonisert korttidsstatistikk innanfor EØS-området. Difor har Noreg òg teke aktivt del i utforminga av planane for denne statistikken.

Regjeringa rår til at Noreg godkjenner avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 om endring av vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 158/2005 om konjunkturstatistikk.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, Reidar Sandal, leiaren Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 om å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 1158/2005 av 8. oktober 2002 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98 om konjunkturstatistikk, krev samtykke frå Stortinget på grunnlag av Grunnlova § 26 anna ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har lagt utkastet til innstilling fram for utanrikskomiteen, som i brev av 25. oktober 2006 opplyste at den ikkje har merknader til utkastet til innstilling.

Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

Komiteen viser til proposisjonen og det som står over, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning nr. 1158/2005 om konjunkturstatistikk.

Oslo, i finanskomiteen, den 1. november 2006

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

leiar

Eirin Kristin Sund

ordførar