7. Verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF)
Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) har 184 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. Samarbeidet med FN skjer i første rekkje gjennom Det økonomiske og sosiale rådet til FN (ECOSOC). IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om monetære og valutapolitiske spørsmål.
Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetar: overvaking av økonomien i medlemslanda, lån ved betalingsbalanseproblem og i krisesituasjonar, og teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei i stand til betre å nedkjempe fattigdom.
Det er i kapittel 7 i meldinga gjort nærare greie for organisering, oppgåver, ressurser, evaluering av verksemda til IMF og særskilte forhold som gjeld Noreg.
Komiteen tar omtalen av IMFs virksomhet til orientering.