Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innledning

I kapittel 2 i Kredittmeldinga 2005 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og om utviklinga i finansmarknaden. Vidare omtalar ein i kapitlet den finansielle stabiliteten. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkeltsakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2005. Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2005 (og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken). Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2005. Kapittel 6 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 2005. Omtalen i kapittel 4, 5 og 6 byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 7 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF) og inneheld også ein gjennomgang av IMF si gjennomføring av "Financial Sector Assessment Program" (FSAP) i Noreg i 2005. Formålet med IMF sin FSAP er å fremme robuste finansielle system i medlemslanda. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Folketrygdfondet for 2005 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, Reidar Sandal, lederen Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Eirin Kristin Sund, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Venstre, Lars Sponheim, viser til at komiteen inviterte sentralbanksjef Svein Gjedrem til åpen høring om utøvelsen av pengepolitikken i forbindelse med behandlingen av Kredittmeldinga 2005. Referatet fra høringen følger som vedlegg til denne innstillingen.