Vedlegg: Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråden til transport- og kommunikasjonskomiteen, datert 12. mai 2006
Eg viser til transport- og kommunikasjonskomitéen sitt brev av 28. mars 2006 der Dok. 8 forslag er lagt ved.
I tråd med Nasjonal transportplan 2006-2015 er det på strekninga E136 Dombås - Ålesund foreslått ei statleg investeringsramme på 660 mill. kr for heile perioden. I handlingsprogrammet for perioden 2006-2009 er det prioritert å fullføre utbygginga av E136 på strekninga Horgheimsundet - Sogge bru. Prosjektet blir etter planen opna for trafikk ved årsskiftet 2006/2007. I tillegg er det lagt opp til å starte utbygginga av strekninga Monge - Marstein i 2009. Etter Vegdirektoratet sitt syn bør strekninga Flatmark - Monge - Marstein bli bygd ut i samanheng. Dette er i tråd med Fylkestinget i Møre og Romsdal sine prioriteringar. Kostnadsoverslaget for heile Flatmark - Monge - Marstein er på om lag 250 mill. kr I tillegg er det i fyrste fireårsperiode sett av nokon midlar til trafikktryggleikstiltak, gang- og sykkelvegar og kollektivtrafikk.
I siste del av tiårsperioden blei det i NTP også vurdert som aktuelt å vidareføre bygging av ny innfartsveg til Ålesund frå Spjelkavik på strekninga Breivika - Lerstad. Dette prosjektet vil ikkje kunne sluttførast innan tiårsperioden med statlege midlar dersom strekninga Flatmark - Monge - Marstein skal byggast ut i samanheng. Det er dessutan lansert eit nytt og dyrare alternativ for strekninga Breivika - Lerstad. Kostnadene for dette prosjektet er derfor usikre og planarbeidet er kome for kort. Prioritering av ny innfartsåre til Ålesund må derfor bli eit tema ved revisjon av NTP for perioden 2010-2019.
I eit OPS-prosjekt får eit OPS-selskap ei heilskapleg oppgåve med å prosjektere, bygge og finansiere eit vegprosjekt, for deretter å ha eit langsiktig ansvar inklusive drift og vedlikehald for strekninga. I dei tidlegare OPS-prosjekta er denne driftsperioden sett til 25 år.
Eit eventuelt OPS-prosjekt bør vere av ein viss storleik. Vegdirektoratet meiner at investeringa bør vere på minimum 750 mill. kr Innafor ei slik ramme bør ein også sørge for at den strekninga av eksisterande veg som skal inngå i OPS-prosjektet, blir rusta opp med tanke på at den skal halde i minst 25 år. Dette fordi det ikkje er gunstig å kome tilbake med nye investeringsprosjekt på ei strekning som eit OPS-selskap har ansvar for under ein OPS-kontrakt.
Strekninga E136 Ålesund - Oppland grense er på om lag 230 km. Dei investeringsprosjekta som så langt er foreslått og prioritert, ligg på ulike deler av denne strekninga.
For å etablere eit OPS-prosjekt må ein eventuelt definere eit konkret utbetringsprosjekt for ei avgrensa strekning av E136. Dette vil endre dei prioriteringane som ligg føre og må derfor bli ein del av prioriteringsprosessen for neste Nasjonal Transportplan.
Eg vil også leggje vekt på at vi no gjennomfører tre prøveprosjekt etter ein OPS-modell. Kontrakten for det tredje og siste av desse vil etter planen bli inngått i juni i år. Etter dette vil det bli gjennomført ei evaluering av ordninga, der fordelar og ulemper blir vurderte opp mot kvarandre. Eg meiner at dei tre prøveprosjekta vil kunne gje eit godt grunnlag for å trekkje konklusjonar om vidareføring av OPS-modellen, og vil avvente resultatet av evalueringa før eg evt. tilrår nye prosjekt gjennomført etter OPS-modellen.