Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Sammendrag

Stortinget vedtok i mars 2005 eit forslag i St.prp. nr. 34, jf. Innst. S. nr. 132 (2004-2005), om å avvikle eineretten til Posten Norge AS (Posten) frå 1. januar 2007.

Regjeringa ber i St.prp. nr. 58 (2005-2006) om Stortinget si tilslutning til at vedtaket blir oppheva. Regjeringa meiner at eineretten for Posten framleis vil vere grunnleggjande viktig for å sikre rimelege og gode posttenester i heile landet.

Ved endringar i postlova i 2003 blei det fastsett ein tidsplan for ein gradvis reduksjon av einerettsområdet. Lovendringane førte med seg at eineretten frå 1. juli 2003 vart avgrensa til å omfatte lukka adressert brevpost med vekt under 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten for eit prioritert brev i første vektklasse (20 gram). Frå 1. januar 2006 blei eineretten ytterlegare redusert til sendingar med vekt under 50 gram og med pris inntil to og ein halv gonger grunntaksten. Lovendringane følgde av eit nytt EØS-direktiv på postområdet.

Regjeringa Bondevik II fremma hausten 2004 St.prp. nr. 34 (2004-2005) om å avvikle eineretten til Posten endeleg frå 1. januar 2007. Forslaget vart vedteke av Stortinget. Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet røysta imot.

Ei full avvikling av eineretten frå 1. januar 2007 i Noreg vil innebere ei forsert liberaliseringstakt i forhold til EU. EU-kommisjonen skal etter postdirektivet (direktiv 97/67/EF som endra ved direktiv 2002/39/EF) leggje fram eit forslag innan utgangen av 2006 med sikte på å opne postmarknaden i 2009. Fleire medlemsland er skeptiske til å opne postmarknaden fullt ut for konkurranse.

Noreg arbeider aktivt for å påverke EUs arbeid, slik at det ikkje blir vedteke eit forslag om ytterlegare liberalisering som vil gjere det vanskeleg for Noreg å oppretthalde eit godt og rimeleg posttilbod i heile landet. For Regjeringa vil det vere sentralt at eventuell ytterlegare liberalisering seinare ikkje går på kostnad av krava til dei leveringspliktige tenestene, og at einskapsportoen kan bli vidareført. Det vil òg vere viktig å sikre at postomdeling framleis skal kunne skje seks dagar i veka.

Målet for postpolitikken er at det skal liggje føre eit tilbod om landsdekkjande posttenester til rimelege prisar og god kvalitet. Erfaringar frå land som har avvikla eineretten tyder ikkje på at ei liberalisering gjer det umogleg å nå denne målsettinga. Liberaliseringa av postmarknaden i Sverige tyder likevel på at det først og fremst er kundar med store postvolum som har tent på konkurranseutsetjinga.

På bakgrunn av erfaringar frå Sverige, ser Samferdselsdepartementet det ikkje som sannsynleg at avvikling av eineretten vil føre til at konkurrentar til Posten etablerer seg i heile landet.

Etter postlova gjeld det eit krav om geografisk einskapsporto for sendingar innafor einerettsområdet. Samferdselsdepartementet meiner at eineretten er eit godt verkemiddel for å fremje geografisk prisutjamning. Liberalisering vil kunne føre til auka prisforskjellar.

Saman med eventuelle direkte statlege overføringar, bidrar overskotet frå eineretten til å finansiere meirkostnader knytt til bedriftsøkonomisk ulønsame posttenester.

Undersøkingar utført av Post- og teletilsynet om tenestekvalitet og tilgjenge til Postens tenester viser ei positiv utvikling.

Samferdselsdepartementet meiner at ei finansiering av ulønsame tenester gjennom einerett og krav til einskapsporto er ei meir solidarisk ordning enn å auke løyvingane over statsbudsjettet.

Samferdselsdepartementet meiner at ut frå omsynet til like konkurransevilkår bør den norske postmarknaden i alle fall ikkje opnast i forkant av EU.

Den beste måten å sikre gode posttenester i heile landet, er å halde fast ved ein avgrensa einerett. Dette må i alle fall gjelde fram til EU eventuelt avviklar eineretten.

Forslaget om å oppretthalde eineretten til Posten vil neppe få vesentlege administrative konsekvensar. Forslaget vil imidlertid kunne få økonomiske konsekvensar for både Posten og staten.

Dei økonomiske konsekvensane er avhengig av i kor stor grad Posten hadde klart å forsvare marknadsposisjonen mot konkurrentane dersom marknaden hadde blitt fullt ut liberalisert, medrekna omfanget av "fløyteskumming" frå andre operatørar av dei lønsame delane av marknaden.

Forslaget inneber ikkje at effektiviseringsarbeidet i Posten skal opphøyre.

Departementet legg til grunn at full liberalisering ville ha ført til press for nedbygging av tilbodet i dei bedriftsøkonomisk ulønsame delane av marknaden, noko som ikkje ville vere i samsvar med oppgåvene Regjeringa ønskjer at Posten skal ha plikt til å utføre for samfunnet. Alternativt måtte staten ha ytt tilskot til drifta i desse delane av marknaden over statsbudsjettet.