Innstilling fra utenrikskomiteen om Noregs deltaking i Europarådet i 2005
Dette dokument
- Innst. S. nr. 169 (2005-2006)
- Kildedok: St.meld. nr. 15 (2005-2006)
- Dato: 24.05.2006
- Utgiver: Utenrikskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Regjeringa meiner hovudutfordringa for Europarådet i åra framover er å styrkje oppfølginga av pliktene som medlemslanda har teke på seg til å etterleve dei europeiske grunnverdiane: menneskerettar, demokrati og rettstryggleik. Samarbeidet i Europarådet dekkjer eit breitt spekter av samfunnsområde. Nærare 200 konvensjonar er utarbeidde. Europarådet har styrkt rolla si som garantist for eit felles rettsleg grunnlag på sentrale samfunnsområde. Det er Regjeringa sitt syn at samarbeidet i Europarådet såleis er ein viktig del av arbeidet for å fremje multilaterale løysingar på sentrale utfordringar i Europa.
Europarådet sitt viktigaste arbeid dei seinaste åra har vore å medverke til ei demokratisk utvikling i heile Europa og byggje ned dei politiske skilja mellom aust og vest. Etter den kalde krigen er talet på medlemsland meir enn dobla. Europarådet har no 46 medlemsland med 800 millionar innbyggjarar. Den framleis ustabile situasjonen på Balkan og i fleire av landa og områda i det tidlegare Sovjetunionen syner at dei utfordringane som låg til grunn for skipinga av Europarådet, framleis er høgst aktuelle. Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg er berebjelkar i forvaltinga av menneskerettane i Europa. Regjeringa vil at Noreg skal vere ein pådrivar for å få gjennomført ei naudsynt reform av det europeiske menneskerettssystemet, først og fremst for å sikre framtida til domstolen. Bakgrunnen for reformprosessen er mellom anna at bunken av uhandsama saker i domstolen er raskt veksande. I mai 2004 vart det vedteke ein reformpakke med tiltak for å effektivisere sakshandsaminga ved domstolen, for å betre statane si oppfølging av dommane og for i større grad å førebyggje og rette opp menneskerettsbrot på det nasjonale planet. For å støtte opp om dei nasjonale tiltaka må Europarådets arbeid med opplæringsprogram og anna hjelp til dei nye medlemslanda etter Regjeringa sitt syn styrkjast.
Europarådet har over tid gjort ein verdifull innsats for å fremje tverreligiøs og tverrkulturell dialog. Regjeringa finn Europarådet godt eigna som forum for å vidareføre innsatsen i høve til denne viktige problematikken.
Regjeringa ynskjer å medverke til å vidareutvikle samarbeidet mellom Europarådet og andre organisasjonar som EU, FN og OSSE. EU-utvidinga har stilt krav til ei klarare rollefordeling mellom EU og Europarådet. Det er særleg viktig å unngå at det vert utvikla konkurrerande standardar for menneskerettar i Europa. Regjeringa går inn for at EU knyter seg til det rammeverket som alt finst på ulike område i Europarådet. Frå norsk side vil vi halde fram arbeidet med å få gjennomført reformer i organisasjonen for å sikre at Europarådet vert stadfesta som ein open og kostnadseffektiv organisasjon. Reformene vil medverke til å gje Europarådet den posisjonen som organisasjonen har krav på i den europeiske samarbeidsarkitekturen.
Europarådet sitt tredje toppmøte vart halde i Warszawa 16.-17. mai 2005. Møtet medverka til å fremje samkjensle og einskap i Europa. For første gong vart alle innlegg og debattar sendt direkte over Internett. Det vart vedteke ei politisk erklæring og ein handlingsplan med retningsliner for samarbeidet framover.
Frå norsk side deltok vi aktivt i førebuinga av vedtaka på toppmøtet og fekk saman med dei andre nordiske og dei baltiske landa gjennomslag for ei rekkje saker, først og fremst styrking av det europeiske menneskerettssystemet, samarbeidsavtala om tettare samordning med OSSE og tiltak for på sikt å gjere organisasjonen opnare og meir kostnadseffektiv.
Toppmøtet gjorde vedtak om å oppnemne ei vismannsgruppe til å kome med nye framlegg til å sikre effektiviteten til domstolen på lang sikt. Det vart gjeve sterk tilslutning til at Europarådet skal vere ein garantist mot tilbakeslag og udemokratiske tendensar i medlemslanda. Ei rekkje land peika òg på nytta av at Europa, i høve til utfordringane på det globale planet, står fram som ein forsvarer av desse rettane.
Demokrati og godt styresett skal styrkjast gjennom å skipe eit forum for framtida til demokratiet, med deltaking ikkje berre av styresmaktene, men òg det sivile samfunnet. Forumet skal møtast årleg for å setje søkjelys på aktuelle problem og utfordringar for demokratiet. Samarbeidet mellom kommunar og regionar på tvers av landegrensene skal styrkjast ved å skipe eit eige ekspertsenter for godt styresett på lokalplanet.
Arbeidet for å skape større forståing mellom kulturar og religionar fekk eit gjennombrot på toppmøtet. Det vart vedteke å oppnemne ein samordnar som skal samordne tiltak og førebu dialog med regionar som grensar til Europa. Alle medlemslanda forplikta seg til å fremje tverrkulturell og tverreligiøs dialog. Det faglege innhaldet i skuleverket i Europa skal utformast slik at det gjev større kunnskap om tverrkulturelle tilhøve, og utveksling av unge skal hjelpast fram, både mellom medlemslanda og i høve til granneland til Europa. Det vart vidare gjort fleire vedtak for å styrkje dei humane og sosiale verdiane, slik at Europa skal stå fram som ein global rollemodell for humanitet.
Det vart teke steg for å møte trugsmål mot tryggleiken til borgarane i Europa gjennom tre nye konvensjonar mot terrorisme, menneskehandel og kvitvasking, samt eit styrkt samarbeid mot organisert kriminalitet, korrupsjon og kriminalitet i informasjonssamfunnet. Med desse vedtaka er det teke steg mot meir alleuropeisk samhandling på grunnlag av felles kjerneverdiar. Sosiale rettar og tiltak for ungdom skal styrkjast. Kampanjearbeid for ulike sårbare grupper og offer for menneskehandel, funksjonshemma, born, kvinner og framandkulturelle skal setjast i gang. Det vart vedteke eit treårig handlingsprogram for å styrkje barnerettar og ein tiårig handlingsplan for å skape like vilkår og rettferd for funksjonshemma. Det vart òg vedteke å utforme eit handlingsprogram mot vald i kvardagen.
Toppmøtet gav styringssignal om eit nærare samarbeid mellom Europarådet og OSSE og mellom Europarådet og EU. På møtet vart ei samarbeidsavtale mellom Europarådet og OSSE godkjend. Avtala inneber at dei to organisasjonane i første omgang skal samordne verksemdene sine i kampen mot terrorisme, menneskehandel og intoleranse og samarbeide om tiltak for nasjonale minoritetar. Det var òg semje om eit mandat om forsterka og utdjupa samarbeid mellom Europarådet og EU. Det skal utarbeidast ei samarbeidsavtale mellom dei to organisasjonane.
Etter innspel frå dei nordiske og baltiske landa vart det òg vedteke å gjere tiltak for å gjere organisasjonen opnare og meir kostnadseffektiv. Organisasjonsstrukturen og arbeidsmetodane til organisasjonen må verte meir effektive for å kunne halde stramme budsjettrammer. Arbeidet vart sett i gang umiddelbart, og det er bedt om ein rapport om framdrifta til det neste møtet mellom utanriksministrane i mai 2006.
Regjeringa vil framleis følgje opp dei sakene som Noreg gav særskild prioritet på toppmøtet. Noreg skal øve påtrykk for å få gjennomført reforma av menneskerettssystemet, for å utvide samarbeidet med andre organisasjonar og for å medverke konstruktivt i reformarbeidet i sjølve organisasjonen. Frå norsk side vil vi òg følgje opp vedtaket om å styrkje innsatsen for tverreligiøs og kulturell dialog, skipinga av eit ekspertsenter for lokaldemokrati, og medverke i kampanjearbeidet for sårbare grupper.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Erna Solberg og Finn Martin Vallersnes, fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, fra Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun, fra Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og fra Venstre, Anne Margrethe Larsen, vil understreke Europarådets betydning for å skape dialog og samarbeid for en demokratisk utvikling i hele Europa bygd på grunnleggende verdier som menneskerettigheter og rettsstatens prinsipper.
Komiteen merker seg Regjeringens vurdering om at Europarådet har styrket sin rolle som garantist for et felles rettslig grunnlag og at en prioritert oppgave for Europarådet blir å følge opp forpliktelsene som landene har påtatt seg som medlemmer.
Komiteen legger vekt på at det skal være en felles standard for menneskerettighetene i Europa basert på Den europeiske menneskerettighetskonvensjonen og mener at samarbeidet og rollefordelingen mellom Europarådet og EU må ivareta dette.
Komiteen har også merket seg at det er etablert en samarbeidsavtale med OSSE.
Komiteen er enig i at Norge skal være en pådriver for nødvendige reformer av det europeiske menneskerettighetssystemet og først og fremst for å styrke Den europeiske menneskerettighetsdomstolen. Domstolens saksbehandling må styrkes og effektiviseres for å redusere antallet ubehandlede saker, oppfølging av avgjørelser i domstolen må sikres og antallet klager må søkes redusert ved forebygging av menneskerettighetsbrudd i medlemslandene.
Komiteen har for øvrig merket seg at Europarådet har forsterket sin innsats i det viktige arbeidet med å fremme større forståelse og dialog mellom kulturer og religioner.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
St.meld. nr. 15 (2005-2006) - om Noregs deltaking i Europarådet i 2005 - vedlegges protokollen.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 24. mai 2006
Olav Akselsen leder |
Vidar Bjørnstad ordfører |