2. Merknader frå komiteen
- 2.1 Rapport om statleg målbruk 2001-2004
- 2.2 Mål og tiltak for arbeidet framover
- 2.3 Økonomiske og administrative konsekvensar
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Erling Sande, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til faneparagrafen i mållova der det blir slått fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer som skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ, for stat, fylkeskommune og kommune. Det er eit språkpolitisk mål at nynorsk skal ha ein trygg posisjon både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål ved sida av bokmål. Fleirtalet vil understreke kor viktig det er å styrke og verne det norske språk generelt, slik at både bokmål og nynorsk kan bestå som kulturspråk og fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet. I fleire samanhengar vil nynorsk vere særleg utsett i så måte, fordi det er den minst utbreidde målforma, og at det av den grunn er meir krevjande å sikre gode rammevilkår.
Fleirtalet vil peike på at staten og det offentlege gjennom sin språkbruk har eit særleg ansvar for å syte for ei god veksling mellom bokmål og nynorsk. Fleirtalet er samd med departementet i at sidemålsopplæringa i skulen er noko av grunnlaget for at ein kan ha ei mållov med plikt for dei tilsette til å bruke både bokmål og nynorsk. Fleirtalet stør målsetjinga om å utvikle og styrkje sidemålsundervisninga og fleirtalet vil peike på at tilgang til undervisningsmateriell på båe målformer til same tid og til den same prisen er ein viktig føresetnad for å sikre elevar eit fritt val av målform og for rekruttering av språkkompetanse i det offentlege.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, viser til at formålet med målloven i utgangspunktet er å verne retten til å anvende den målform som faller en naturlig eller som man velger, samt å hindre at en målform diskrimineres.
Disse medlemmer støtter retten til valg av målform, men er imot enhver form for tvang og lovregulering som har til hensikt å påtvinge den enkelte å anvende en målform som ikke er frivillig. Språk og målform bør være resultatet av en naturlig prosess hvor individ, kultur og samfunn inngår. Enhver må kunne velge sitt hovedmål, men også respektere den andre målformens likeverd og berettigelse.
Disse medlemmer mener det å ha som målsetning at en viss prosentandel av "svakeste" målform skal benyttes i offentlig tjeneste, i dette tilfelle 25 pst., virker rigid, begrensende og byråkratisk. Det synes klart at dette påfører det offentlige et unødvendig og byråkratiske forsinkende ledd - som reduserer effektiviteten og evnen til å oppfylle målsetningene til de respektive etater. I lys av behovet for modernisering og effektivisering av det offentlige bør slike bestemmelser fjernes.
Disse medlemmer mener enhver nordmann har evnen til å forstå begge målformer. Dette er språkets kjerne: kommunikasjon. En levende språkkultur vokser ikke frem gjennom tvang, kontroll og reguleringer.
Disse medlemmer mener at man i altfor lang tid har satt de to målformene opp mot hverandre - dette tjener ingen hensikt. Det synes klart at nynorsk skriftkultur har tilført den norske kulturarv verdifulle skatter, men det har vært i form av enkeltmenneskers engasjement og ikke statlig overstyring. Det er ikke tall og prosentandeler som avgjør språkets levedyktighet, men menneskene som frivillig anvender det.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen stille i bero de foreslåtte innskjerpinger som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige organ. Stortinget legger til grunn at man ikke setter i verk tiltak som har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer, og som søker å øke omfanget og virkeområdet til gjeldende mållov."
"Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa."
"Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at statlige selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til aksjeselskap - men også andre foretak slik som helseforetak, skal være unntatt reguleringer og forskrifter som omfatter statlige organer i målloven."
"Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med realistiske språklige forutsetninger og at den faktiske anvendelse av målform i den norske befolkningen legges til grunn for lovens formål og gjennomføring."
Komiteens medlem fra Høyre mener det er viktig at offentlig sektor besitter kompetanse til å skrive brev, forfatte skriv, og skrive utredninger i begge målformer. Dette medlem mener imidlertid at så vel hensynet til rekruttering av kompetent arbeidskraft, som integrering av arbeidskraft fra fremmede kulturer, tilsier at den enkelte arbeidstager må ha rett til å benytte den målformen vedkommende selv behersker best i sitt arbeid. Dette medlem mener derfor mållovens bestemmelser om krav til at alle ansatte skal beherske begge målformer skriftlig bør utredes nærmere med sikte på en oppmykning. Dette medlem ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen legge frem en sak for Stortinget med henblikk på en oppmykning av mållovens krav om at den enkelte arbeidstaker skal beherske begge målformer."
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til meldinga når det gjeld omtale av rapportering av målbruk i sentralt informasjonstilfang i departementa og i andre sentrale statsorgan. Fleirtalet meiner meldinga gir god og grundig omtale av målbruken i offentleg teneste og deler departementet si vurdering av utfordringane på dette feltet.
Fleirtalet støtter dei mål og tiltak som vert omtalt i meldinga, og som mellom anna inneber eit sterkare søkjelys på leiaransvaret, utbygging av språkkonsulenttenesta og avsetting av naudsynte ressursar til den sentrale tilsynsfunksjonen.
Fleirtalet vil streke under at oppfølging av reglane i mållova er eit ansvar for leiarar på alle nivå i staten, på linje med andre embets- og tenesteplikter.
Fleirtalet er særskilt nøgd med dei tydelege signala om at ein no skal prioritere arbeidet med oppfølging av mållova sterkare. Kultur- og kyrkjedepartementet varslar at i løpet av eit par år bør det store fleirtalet av statsorgan kunne dokumentere minst 25 pst. nynorsk. Fleirtalet støtter dette målet.
Fleirtalet er vidare samd i departementet si prioritering av arbeidet med å rydde opp på dei statlege heimesidene på Internett, der mykje tyder på at det er enda dårlegare stelt med måljamstillinga enn elles.
Fleirtalet er tilfreds med at departementet no ønskjer å forskriftsfeste interne instruksar i alle statsorgan for korleis mållova skal oppfyllast. Fleirtalet er også positiv til departementet sitt framlegg om å ta inn i forskrifta til mållova at statsorgan har plikt til innan ein viss frist kvart år å sende inn rapport om eigen målbruk. I dag går det bort unødig mykje tid og ressursar på å purre opp dei organa som forsømer seg.
Statstilknytte verksemder som ikkje er ein organisatorisk del av forvaltninga, har eit uavklara forhold til mållova. Fleirtalet ser behovet for ei slik avklaring, og er glad for at departementet varslar at dei vil sjå nærare på dette spørsmålet.
Fleirtalet vil vidare peike på at tekst på skilt er viktige symbol som verkar haldningsskapande og som synleggjer at vi i Noreg har to jamstilte skriftspråk. Fleirtalet meiner at offentleg sektor har eit stort rom for betring når det gjeld skilting av statlege etatar på båe målformer.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, er uroa over utviklinga i målbruken i offentleg teneste. Til tross for ein viss auke i nynorskbruken i proposisjonar og meldingar til Stortinget og elles nokre enkeltståande lyspunkt blant statsorgan under departementa, har den gjennomgåande tendensen sidan 2001 vore stillstand og til og med tilbakegang på fleire område.
Dette fleirtalet er samd med Regjeringa i at dei mangelfulle resultata viser at det no er naudsynt å ta fram att dei offensive tiltaka som vart skissert i den førre meldinga. For å lukkast betre med desse tiltaka framover, meiner dette fleirtalet det må leggast inn meir ressursar i det sentrale tilsynsarbeidet og meir arbeid i aktiv oppfølging på gjennomføringssida.
Dette fleirtalet støtter prioriteringa av auka innsats og dei positive tiltaka som vert varsla i meldinga. Dersom dette ikkje skulle gi snarlege og tilfredsstillande resultat, meiner dette fleirtalet det kan vere tenleg å ta i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som ikkje viser vilje til å etterleve målbruksreglane.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til at dei økonomiske konsekvensane av denne meldinga avgrensar seg til den vidare oppbygginga av den statlege språkkonsulenttenesta. Dette tiltaket er tidlegare kostnadsrekna til 3 mill. kroner. Fleirtalet viser til at tiltaket er fylgt opp eit stykke på veg, med ei løyving på vel 1 mill. kroner i statsbudsjettet for 2006.