1. Samandrag
Bakgrunnen for meldinga er lovføresegna om at Kongen minst kvart fjerde år skal leggja fram ei stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste, jf. § 10 i lov av 11. april 1980 nr. 5.
Lov om målbruk i offentleg teneste, mållova, regulerer bruken av nynorsk og bokmål i staten. Lova har som hovudfunksjon å tryggja stillinga for nynorsk som offisielt skriftmål ved sida av bokmål. Indirekte har lova også ein vidare funksjon i å vera med på å sikra grunnlaget for nynorsk skriftkultur og for nynorskens posisjon i det norske språksamfunnet meir allment.
I den politiske plattforma si har Regjeringa peikt på det verdifulle mangfaldet som ligg i det at vi har to norske skriftkulturar. Formelt er nynorsk og bokmål likestilte målformer, men reelt sett har nynorsk vanskelegare vilkår. Regjeringa vil derfor streka under at det frå det offentlege si side er særleg viktig å leggja til rette for at nynorsken skal kunna utvikla seg på ein god måte.
Slik tilrettelegging vil vera ein del av den offensive språkpolitikken som Regjeringa meiner det er nødvendig å føra for å styrkja posisjonen for norsk språk generelt.
Fullnøyande bruk av nynorsk i offentleg forvaltning representerer ei motvekt til dei delane av samfunnet der nynorsken i utgangspunktet er marginalisert. For at nynorsk skal vera godt synleg i det offentlege rommet, står dei kvantitative kvotekrava i mållova heilt sentralt. Særleg viktig i så måte er regelen om at sentrale statsorgan i allment informasjonstilfang skal veksla mellom nynorsk og bokmål slik at ingen av målformene over tid kjem ut med mindre enn 25 pst. Men dessverre er det likevel enno på langt nær alle statsorgan som etterlever denne regelen. Det har vore liten framgang i nynorskbruken den siste fireårsperioden. På fleire område har utviklinga gått i motsett lei.
Proposisjonar og meldingar til Stortinget svarar for ein stor del av det trykte informasjonstilfanget som departementa lagar.
Meldinga viser at av alt dette var 17,3 pst. på nynorsk, altså nesten åtte prosentpoeng lågare enn det forskriftsfesta minstekravet. Dette er likevel ein auke på tre prosentpoeng frå perioden 1997-2000. Det går fram av meldinga at det er store variasjonar dei enkelte departementa imellom. Berre fire av dei etterlevde minstekravet på 25 pst. i perioden 2001-2004.
Dette gjer det nødvendig å henta fram att det offensive tiltaksprogrammet som vart lagt fram i den førre meldinga, og leggja større innsats og meir ressursar i å følgja dette aktivt opp på gjennomføringssida. Eit særleg viktig punkt i så måte er etableringa av ei konsulentteneste for offentleg språk som ein del av sekretariatet i Språkrådet. Den skriftlege sidemålsopplæringa i skulen må utviklast og styrkjast, ikkje reduserast.
Målbruksreglane er ein del av dei grunnleggjande saksbehandlingspliktene som kviler på kvart enkelt statsorgan.
Regjeringa ventar no at alle statlege leiarar tek på seg det ansvaret dei har, og gir eit klart og utvitydig signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane heretter skal følgjast til punkt og prikke.
Eit strategisk viktig startpunkt for ei nødvendig intensivering av det statlege måljamstillingsarbeidet er å rydda opp på dei statlege heimesidene på Internett.
Regjeringa har i det politiske grunnlagsdokumentet sitt funne det nødvendig å streka under at offentlege nettstader skal følgja mållova.
Dersom ikkje intensivert innsats og dei andre skisserte tiltaka i denne meldinga gir snarlege og tilfredsstillande resultat, vil Regjeringa vurdera om det kan vera tenleg å ta i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som ikkje viser vilje til å etterleva målbruksreglane.
I målbruksmeldinga frå 2001 varsla regjeringa Bondevik ein ny giv for nynorsk målbruk i staten og skisserte fleire konkrete tiltak.
I denne meldinga er det klart dokumentert at det som har skjedd sidan 2001, knapt kan karakteriserast som nokon ny giv.
Regjeringa vil med denne meldinga gi klar beskjed om at reglane om målbruk i staten skal etterlevast. At dette skjer, er eit ansvar for leiarar på alle nivå, på linje med andre embets- og tenesteplikter. Hovudansvaret kviler på den øvste leiaren i kvart enkelt statsorgan. Med tanke på dei kulturpolitisk svært viktige omsyn mållova skal tena, vil Regjeringa no streka under at det er nødvendig å få orden på måljamstillingsarbeidet internt i eigen organisasjon.
Den sentrale tilsynsfunksjonen er ein nødvendig føresetnad for å få initiert og koordinert den innsatsen som no må gjerast for å rydda opp i det statlege måljamstillingsarbeidet. Derfor er det avgjerande at det blir sett av nødvendige administrative ressursar til å følgja dette opp. Dette gjeld særleg i Språkrådet, som har tilsynsansvaret for alle statsorgan under departementsnivået.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil på si side halda god kontakt med dei andre departementa. Føresetnaden er at alle desse snarast råd får rydda opp i eige hus, slik at dei også kan stå fram som føredøme for dei underliggjande organa sine. Kultur- og kyrkjedepartementet har no ein god dialog med dei fleste andre departementa, og Regjeringa ventar at alle departement legg seg i selen for snarast råd å koma opp i minst 25 pst. nynorsk slik det er fastsett.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil elles ta eit overordna ansvar for å få sett i gang dei tiltak som er nødvendige. Den påbodne rapporteringa til Stortinget som denne meldinga er eit døme på, er i seg sjølv eit viktig verkemiddel i måljamstillingsarbeidet. Det er påtakeleg kor mykje lettare det er å få respons i tilsynsarbeidet når ein kan visa til at tida for den lovpålagde meldinga til Stortinget nærmar seg.
Det er viktig at ein no kjem raskt i gang med eit nødvendig oppryddingsarbeid. Tidsperspektivet må vera så pass nært at det ikkje inviterer til å utsetja initiativ som må takast og tiltak som må gjennomførast. Signalet er at ein må prioritera eit arbeid som tidlegare har vore forsømt. I løpet av eit par år bør ein ha kome så langt at det store fleirtalet av statsorgan kan dokumentera minst 25 pst. nynorsk. I den grad dette ikkje skulle lukkast, vil det måtta vurderast kva for tiltak og justeringar som det elles kan bli nødvendig å setja i verk.
Det aller første Kultur- og kyrkjedepartementet vil ta initiativet til, er å få sett i gang arbeidet med å rydda opp på dei statlege heimesidene på Internett.
Ein del av bodskapen i meldinga frå 2001 var at ein skulle byggja ut det tradisjonelle tilsynsarbeidet med positive støttetiltak slik at dette i mindre grad fekk karakter av kontrollverksemd. Det var særleg den påtenkte språkkonsulenttenesta ein her hadde i tankane. Målet for arbeidet framover må vera å gjera denne konsulentfunksjonen til ein integrert del av tilsynsarbeidet, slik at nødvendig kontroll og rapportkrav kan kombinerast med tilbod om hjelp og støtte.
Det er elles grunn til å streka under at den statlege språkkonsulenttenesta skal ha eit todelt formål, og at det å fremja språkleg jamstilling berre er det eine av desse.
Det andre formålet vil vera å fremja godt språk i staten anten det er tale om bokmål eller nynorsk.
I den førre meldinga vart det også peikt på at særleg Språkrådet har vanskar med å få inn dei årlege målbrukrapportane i tide. Departementet meiner derfor at tida no er inne til også å ta inn i forskrifta til mållova at statsorgan har plikt til innan ein viss frist kvart år å senda inn rapport om eigen målbruk.
Dersom ikkje intensivert innsats og dei andre skisserte tiltaka i denne meldinga gir snarlege og tilfredsstillande resultat, vil Regjeringa vurdera om det kan vera tenleg å ta i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som ikkje viser vilje til å etterleva målbruksreglane.
Det har lenge vore uavklart kor langt verkeområdet for mållova strekkjer seg når det gjeld statstilknytte verksemder som ikkje er ein organisatorisk del av forvaltninga. Departementet vil sjå nærmare på dette spørsmålet og koma tilbake til saka i annan samanheng.