Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 105/2005 av 8. juli 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor
Dette dokument
- Innst. S. nr. 90 (2005-2006)
- Kildedok: St.prp. nr. 36 (2005-2006)
- Dato: 09.02.2006
- Utgiver: Kommunal- og forvaltningskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 105/2005 av 8. juli 2005 vart europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor innlemma i EØS-avtala.
Føremålet med direktivet er å leggje til rette for vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor gjennom å fastsetje minstereglar for vidarebruk. Direktivet er vedteke i medhald av artikkel 95 i EF-traktaten, som gjeld tiltak for å effektivisere den indre marknaden.
Direktivet skal sikre ein minste likskap mellom nasjonale reglar om vidarebruk av offentlege dokument. Større intern likskap mellom dei nasjonale reglane skal hindre at konkurransen på den indre marknaden, særleg når det gjeld produkt og tenester, vert svekka. Direktivet er eit minimumsdirektiv, og medlemsstatane vert oppmoda om å gå lenger enn minsterammene dersom dette er mogleg, for å sikre best mogleg vidarebruk og verdiskaping på grunnlag av offentlege data.
Direktivet gjer det naudsynt med visse endringar i norsk rett. Justisdepartementet har teke med gjennomføringa av direktivet i arbeidet med oppfølginga av NOU 2003:30 "Ny offentlighetslov". Dei lovendringane som er naudsynte for gjennomføringa av direktivet, er såleis vortne fremja i framlegget til ny offentleglov, jf. Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), som er fremja på nytt i Ot.prp. nr. 9 (2005-2006).
Som ei følgje av at direktivet vert innlemma i EØS-avtala, er det gjort framlegg om lovfesting av forbodet mot diskriminering mellom ulike aktørar når det gjeld vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, lovfesting av forbodet mot einerettsavtaler, innføring av rett til å krevje kopi av dokument i alle eksisterande format og språkversjonar og innføring av rett til å krevje elektronisk kopi dersom det er mogleg og føremålstenleg. Vidare vert det innført ei plikt til å opplyse om kven som er rettshavar når det vert gjeve tilgang til informasjon som det knyter seg immaterielle rettar til, og det vert innført eit øvre pristak når det vert gjeve tilgang til informasjon. Eventuelle standardlisensar for vidarebruk skal vere tilgjengelege i digitalt format og skal kunne handsamast elektronisk.
Det er venta at direktivet vil få avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege. Forbodet mot einerettsavtaler vil likevel få økonomiske og administrative konsekvensar for verksemder som har einerettsavtaler med det offentlege i dag, og som eventuelt ikkje kan haldast ved lag.
Det ligg eit stort potensial for verdiskaping i vidarebruk av offentleg informasjon. Moderniseringsdepartementet vurderer det slik at ei innlemming av direktivet i EØS-avtala vil medverke til at informasjon frå offentleg sektor kan utnyttast betre. Dei endringane som følgjer av direktivet, vil leggje til rette for auka vidarebruk, særleg med tanke på bruk i nye verdiaukande tenester, og vil kunne føre til auka verdiskaping i økonomien.
Moderniseringsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om å innlemme direktivet i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Dag Terje Andersen, Tore Hagebakken, Saera Khan, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, fra Høyre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Venstre, Vera Lysklætt, har ingen merknader til Regjeringens forslag.
Komiteens utkast til innstilling har vært forelagt utenrikskomiteen, som i brev av 8. februar 2006 uttaler at den ikke har merknader.
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til godkjenning av avgjørelsen i EØS-komiteen nr. 105/2005 av 8. juli 2005 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2003/98/EF om viderebruk av informasjon fra offentlig sektor.
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 9. februar 2006
Dag Terje Andersen leder |
Inger Løite ordfører |