Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om navigasjonssystemet Loran-C – forslag om forlenga drift i 2006
Dette dokument
- Innst. S. nr. 62 (2005-2006)
- Kildedok: St.prp. nr. 35 (2005-2006)
- Dato: 15.12.2005
- Utgiver: Transport- og kommunikasjonskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Fiskeri- og kystdepartementet legg i proposisjonen fram eit forslag om å forlenge drifta av navigasjonssystemet Loran-C ut 2006 ved dei fire norske stasjonane. Dette fører til at den planlagde avviklinga av stasjonane ikkje vert sett i verk i 2006.
I 1992 inngjekk Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike, Irland og Noreg ein avtale om drifta av Loran-C i Nordvest-Europa, kalla NELS-avtalen. Fiskeri- og kystdepartementet har i fleire stortingsdokument opplyst at Noreg vil seie opp avtalen og legge ned drifta med verknad frå 1. januar 2006. Ho er gjeldande ut 2005.
Danmark, Tyskland, Nederland og Irland har også bestemt å trekke seg frå avtalen. NELS-avtalen vil difor opphøre frå 1. januar 2006. Frankrike vil vidareføre drifta av Loran-C til 2015.
Det viser seg at det er fornya interesse i Europa for å etablere Loran-C som eit backup-system for satellittbaserte navigasjonshjelpemiddel, men det er i dag inga endeleg avklaring i saka. Regjeringa foreslår difor å vidareføre drifta av Loran-C i 2006, i påvente av ei slik avklaring. Dei avgjerder som vert tatt i Europa i 2006 når det gjeld val av backup-system, vert difor retningsgjevande for kva som vil skje med drifta av Loran-C ved dei norske stasjonane etter 2006.
Det er mogleg å drive dei norske stasjonane utan å inngå nokon ny avtale tilsvarande den avtalen som nyleg er sagt opp (NELS-avtalen).
Fiskeri- og kystdepartementet vil i løpet av 2006 på eigna måte komme tilbake til Stortinget med orientering om den vidare utviklinga.
Fiskeri- og kystdepartementet har i St.prp. nr. 1 (2005-2006) foreslått å løyve 27,6 mill. kroner over kap. 1070. Denne summen omfattar 16 mill. kroner til drift av Samfunnet Jan Mayen og 11,6 mill. kroner til avviklingskostnader til dei fire Loran-C stasjonane, i alt 27,6 mill. kroner. For 2006 vil det vere mogeleg å drive dei fire norske stasjonane for 11,6 mill. kroner.
Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2006 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
1070 |
Samfunnet Jan Mayen |
||
1 |
Driftsutgifter, vertauka med |
11 600 000 | |
frå kr 16 060 000 til kr 27 660 000 |
|||
71 |
Avviklingskostnader Loran-C, vert sett ned med |
11 600 000 | |
frå kr 11 600 000 til kr 0 |
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 15. desember 2005
Per Sandberg leiar |
Borghild Tenden ordførar |