Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

I proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av vegsambandet rv 64 Bremsnes- Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) i Møre og Romsdal. Atlanterhavstunnelen vil gi fast vegsamband mellom Averøy kommune og Kristiansund og Frei kommunar på Nordmøre ved bygging av ein undersjøisk tunnel under Bremsnesfjorden, samt tilknytingsvegar på Averøya og i Kristiansund.

Atlanterhavstunnelen vil betre kommunikasjonane mellom Averøya og Kristiansund og dermed styrke Kristiansund som regionsenter. Prosjektet omfattar bygging av 3,9 km ny veg i dagen mellom Bremsnes og Øksenvågen på Averøya, ein undersjøisk tunnel på om lag 5,7 km mellom Øksenvågen og Kristiansund og 0,6 km ny veg i Kristiansund. Vegdirektoratet har godkjent at tunnelen blir bygd med 10 pst. stigning og forbikjøringsfelt i stigningane.

Reguleringsplanane for Atlanterhavstunnelen blei vedtekne av kommunestyret i Averøy 8. september 2003 og kommunestyret i Kristiansund 18. juni 2002. Bomstasjonen inngår i reguleringsplanen for den delen av prosjektet som ligg i Averøy kommune.

Kostnadsoverslaget er kvalitetssikra av ein ekstern konsulent i samsvar med prinsippa for styring av statlege investeringar. Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme på 635 mill. kroner og ei kostnadsramme på 665 mill. kroner. Etablering av bomstasjon inngår i kostnadene for prosjektet.

Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag -46 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til -0,1, og internrenta er rekna til 6 pst. Dei viktigaste nyttefaktorane er redusert reisetid saman med bortfall av ferjekostnader og ulemper ved å bruke ferje.

Bompengesøknad og lokalpolitisk behandling er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen.

Dagens ferjesamband er eit utprega lokalsamband. Bygging av Atlanterhavstunnelen vil føre mykje av persontrafikken i ferjesambandet over på personbil eller buss. Det er knytt stor uvisse til trafikkprognosar for bynære ferjeavløysingsprosjekt. Storleiken på eingongsveksten er vesentleg for finansieringsevna til prosjektet. Tre ulike fagmiljø har kome fram til ein eingongsvekst på om lag 70 pst. for kjøretøy ved bompengetakstar tilsvarande ein auke i ferjetakstane på 30 pst.

På grunnlag av dei gjennomførde trafikkvurderingane tilrår Statens vegvesen at det blir lagt til grunn ein eingongsvekst ved trafikkopning på 60 pst. for kjøretøy og 30 pst. for personreiser i basisalternativet. Det er lagt til grunn ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på om lag 1 100 kjøretøy ved trafikkopning.

Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte sommaren 2006, med fullføring i løpet av 2008. Det er lagt til grunn finansieringsplan som går fram av tabellen.

Tabell 5.1 Finansieringsplan

Mill. 2005-kroner

Forskottering - innsparte ferjetilskot

52

Bompengar - forskotsbompengar*

8

Bompengar - etterskotsbompengar på prosjektet *

593

Tilskot frå Kristiansund, Aure og Frei kommunar

127

Ordinære statlege midlar

35

Sum

815

* I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Det er lagt til grunn at innsparte statlege ferjetilskot som følgje av at dagens ferjesamband mellom Bremsnes og Kristiansund blir lagt ned, skal nyttast til å delfinansiere Atlanterhavstunnelen.

Bygginga av Atlanterhavstunnelen vil medføre ein samla auke i dei statlege driftskostnadene på 17 mill. kroner over ein 15-årsperiode. Det samla finansieringsbidraget til prosjektet frå innsparte ferjetilskot blir på 52 mill. kroner når det blir tatt omsyn til insparte kapitalkostnader i ferjeflåten.

Det er lagt til grunn forskotsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet Bremsnes-Kristiansund i om lag 2 1/2 år frå prosjektet er godkjent av Stortinget og fram til trafikkopning. Etter fullføring av Atlanterhavstunnelen er det lagt til grunn i underkant av 18 år med etterskotsinnkrevjing av bompengar i det nye vegsambandet.

Det er venta at bompengeinntektene vil gi eit samla finansieringsbidrag på om lag 600 mill. kroner. Av dette kjem om lag 8 mill. kroner frå forskotsinnkrevjinga. I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet tilrår at det blir akseptert å leggje til grunn om lag 18 år med etterskotsinnkrevjing av bompengar for ferjeavløysingsprosjektet Atlanterhavstunnelen.

I arbeidet med å innføre AutoPASS er det vurdert som ønskjeleg at passasjerbetaling skal utgå i alle bomstasjonar.

Det totale inntektstapet utan passasjerbetaling er rekna til nærare 100 mill. kroner. Fritak vil derfor medføre at prosjektet ikkje kan finansierast utan vesentlege statlege midlar sjølv om bompengeperioden er auka i høve til det normale (15 år).

Vegdirektoratet går inn for at betaling av bompengar for passasjerar og kollektivtrafikk blir lagt til grunn i bompengeordninga for Atlanterhavstunnelen.

Averøy, Kristiansund og Frei kommunar har sagt seg villige til å gå inn med eit tilskot på til saman 122 mill. 2003-kroner til prosjektet, fordelt med 28,080 mill. kroner frå Averøy, 88,920 mill. kroner frå Kristiansund og 5,0 mill. kroner frå Frei. I samband med kjøp av renteopsjon er 1,7 mill. kroner av tilskotet nytta til delfinansiering av kostnadane ved kjøpet. Tilskotet til prosjektet utgjer etter dette 127 mill. 2005-kroner som er føresett utbetalt i 2006.

Bankar og næringsliv i området har førebels sagt seg villige til å forskottere til saman 6,4 mill. kroner gjennom innbetaling av ekstra aksjekapital.

I møte i fylkesutvalet 29. august 2005 gjekk fylkeskommunen inn for å setje av 35 mill. kroner til prosjektet innafor fylkesfordelt ramme til øvrige riksvegar i Møre og Romsdal i 2010.

Fylkeskommunen går vidare inn for at ordninga med betinga refusjon kan nyttast for dette prosjektet med inntil 30 mill. kroner frå den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Møre og Romsdal i perioden 2010-2013.

Eventuell kostnadsauke skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. I dette prosjektet, der det berre er føresett 35 mill. kroner av ordinære statlege midlar, skal lokale styresmakter og/eller bompengeselskapet dekke 94 pst. av overskridingar opp til kostnadsramma, jf. St.prp. nr. 67 (2002-2003), og staten 6 pst. Overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og må følgjeleg dekkjast innafor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Møre og Romsdal.

Dersom økonomien i prosjektet blir betre enn føresett, har Averøy, Kristiansund og Frei kommunar gått inn for at trafikantane og kommunane skal godskrivast, slik at bompengeperioden blir redusert og kommunane får tilbakebetalt delar av tilskotet.

Bompengeselskapet har inngått opsjonsavtale med ein bank som gjer det mogleg for selskapet å binde lånerenta for 90 pst. av kostnadene med ei maksimal rente på 5,3 pst. fram til 2025. Dette er lagt til grunn i finansieringsplanen. For resten av bompengeperioden er det lagt til grunn ei lånerente på 8 pst.

Opsjonsavtalen som bompengeselskapet har inngått, er tidsavgrensa til 22. desember 2005. Basisføresetnader som elles er lagt til grunn for finansieringsanalysen går fram av pkt. 5-6 i proposisjonen. Økonomien i prosjektet er svært følsam for endringar i føresetnadene, særleg endringar i trafikkveksten.

Fylkesutvalet har i møte 29. august 2005 fatta vedtak om fylkeskommunal garanti for eit bompengelån på inntil 635 mill. kroner. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet.

Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av vegsambandet rv 64 Bremsnes-Kristiansund (Atlanterhavstunnelen), vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i denne proposisjonen.