Sammendrag
- Kap. 800 Barne- og familiedepartementet
- Kap. 840 Krisetiltak
- Kap. 841 Familievern og konfliktløysing
- Kap. 842 Statleg forvaltning av familievernet (jf. kap. 3842)
- Kap. 844 Kontantstønad
- Kap. 845 Barnetrygd
- Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 3854)
- Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 3855)
- Kap. 856 Barnehagar (jf. kap. 3856)
- Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
- Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid
- Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar
- Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 854)
- Kap. 3855 Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 855)
På kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 1 Driftsutgifter er det eit meirbehov på 2,33 mill. kroner som kjem av at mellombelse tiltak vert utførte av departementet, men finansierte over ulike fagkapittel.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 1 med 2,33 mill. kroner mot ei innsparing på 0,83 mill. kroner på kap. 841 Familievern og konfliktløysing post 22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., 0,6 mill. kroner på kap. 856 Barnehagar post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,335 mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn og 0,565 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid.
På kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter er det eit meirbehov på 2,19 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innafor den samla ramma til departementet. Det gjeld mellom anna midlar til nasjonale ekspertar. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av faglege føremål i kapitla.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 med 2,19 mill. kroner mot ei innsparing på 0,097 mill. kroner på kap. 844 Kontantstønad post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,428 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,74 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Utvikling og opplysingsarbeid o.a., 0,065 mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn og 0,86 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid.
Utgiftene til tilskot til krisesentra i 2005 er rekna til å bli 15,488 mill. kroner høgare enn løyvinga på 99,512 mill. kroner.
Meirbehovet kjem av høgare kommunale tilskot til krisesentra enn rekna med i saldert budsjett. Auka kommunale tilskot utløyser auka statlege tilskot.
Departementet foreslår å auke kap. 840 post 60 med 15,488 mill. kroner.
Utgiftene til meklingsgodtgjersle er i 2005 rekna til å bli 1,356 mill. kroner høgare enn løyvinga på 10,786 mill. kroner.
Meirbehovet kjem av at fleire meklingar blir utførte utanfor familievernet enn lagt til grunn for løyvinga i saldert budsjett. Dette kjem mellom anna av at ventetida hjå eksterne meklarar er kortare enn i familievernet.
Departementet foreslår å auke kap. 841 post 21 med 1,356 mill. kroner.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,830 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap. 800 post 1.
I 2004 vart familievernet feilaktig belasta ein kostnad som barnevernet skulle ha dekka. For å kompensere for dette, foreslår BFD å redusere løyvinga på kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet post 1 Driftsutgifter med 2,8 mill. kroner. Løyvinga på kap. 842 post 1 vert auka tilsvarande. Sjå omtale under kap. 855 post 1.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,097 mill. kroner for å finansiera meirutgifter under kap. 800 post 21. Sjå omtale under kap. 800 post 21.
Utgiftene til kontantstønad i 2005 er rekna til 2 940 mill. kroner, som er 13,5 mill. kroner under løyvinga på 2 953,5 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2005.
Det siste overslaget byggjer på tal ved utgangen av september, som inneber at verknaden av hovudinntaket i barnehagane er rekna med i talet på barn med kontantstøtte.
Mindreutgiftene kjem av at det er færre barn som mottar kontantstønad og at utbetalt stønad per barn er lågare enn tidlegare lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.
Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 13,5 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2005 er rekna til 14 290 mill. kroner, som er 20 mill. kroner under løyvinga på 14 310 mill. kroner.
Mindreforbruket kjem av lågare utbetalingar av ordinær barnetrygd, finnmarkstillegg og ekstra småbarnstillegg til einslege forsørgjarar enn lagt til grunn for løyvinga i saldert budsjett.
Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 20 mill. kroner.
Fylkesnemndene for sosiale saker er eit statleg, kollegialt og uavhengig forvaltningsorgan som behandlar og avgjer saker om tvangstiltak etter barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Den klart største delen av saker er etter barnevernlova. Vedtak gjort i fylkesnemnda kan berre påklagast av domstolane. Arbeidet til fylkesnemnda og tidsfristar for arbeidet er fastsett i lov.
Det er vanskeleg på førehand å gi gode anslag for utviklinga i talet på saker som vert meldt til fylkesnemndene for sosiale saker. I første halvår 2005 var sakstala om lag det same som for same tidsperiode i 2004, mens det per 1. oktober 2005 har vore ei auke på om lag åtte prosent samanlikna med same periode i 2004.
I prognosar per 1. oktober 2005 har fylkesnemndene for sosiale saker meldt eit behov på om lag 95 mill. kroner. Dette ligg om lag 4 mill. kroner over løyvinga på posten. Departementet foreslår å auke kap. 854 post 1 med 4 mill. kroner mot tilsvarande innsparing på kap. 854 post 21.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 4,428 mill. kroner. Av dette er 0,428 mill. kroner knytt til finansiering av meirutgifter under kap. 800 post 21. Vidare gjeld 4 mill. kroner ei intern innsparing for å dekkje meirutgifter under kap. 854 post 1. Innsparinga fører til reduserte midlar til utviklingsarbeid knytt til barnevernet.
Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Løyvinga dekkjer og statsrefusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til denne gruppa. Det særskilte tilskotet vert utbetalt frå UDI og statsrefusjonen via Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsløyving. Talet på einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som kjem til landet i 2005 er venta å bli om lag 230.
I prognosar per 1. oktober 2005 har Bufetat meldt eit behov på om lag 135,2 mill. kroner, medan UDI har stipulert utgiftene sine til å bli om lag 129,5 mill. kroner. I tillegg har departementet motteke refusjonskrav frå fylkesmannen i Troms og Finnmark på om lag 200 000 kroner. Det inneber at det er behov for ei tilleggsløyving i 2005 på 59,5 mill. kroner. Departementet foreslår å auke kap. 854 post 64 med 59,5 mill. kroner.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,74 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 21. Sjå omtale under kap. 800 post 21.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 2,8 mill. kroner for å kompensere familievernet for ein feilaktig belasta kostnad i 2004. Sjå omtale under kap. 842 post 1.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 16,82 mill. kroner. Dette må sjåast i samband med meirutgiftene under kap. 855 post 70. Sjå omtale under kap. 855 post 70.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 15,85 mill. kroner. Dette må sjåast i samband med meirutgiftene under kap. 855 post 70. Sjå omtale under kap. 855 post 70.
Då staten overtok ansvaret for det fylkeskommunale barnevernet frå 1. januar 2004 var målsettinga å heve kvaliteten og redusere kostnadsveksten, jf. strategi om den statlege overtakinga av det fylkeskommunale barnevernet og familievernet (Rundskriv Q-19 2003). I tråd med dette er det frå staten overtok ansvaret for det fylkeskommunale barnevernet gjennomført fleire tiltak som medverkar til eit betre barnevern.
I tillegg til at arbeidet med å etablere eit betre barnevern vart prioritert, vart det sett i gang eit omfattande omstillingsarbeid for å redusere kostnadsveksten i sektoren. Tiltaka er vidareført i 2005. Det har likevel vist seg, etter at ein no har fått meir informasjon om den faktiske kostnadsutviklinga i 2005, at det var meir ressurskrevjande å sikre ei god fagleg verksemd enn tidlegare lagt til grunn, samtidig som omstillingsarbeidet ikkje har hatt så stor innsparingseffekt i 2005 som ein gjekk ut frå. Innsparinga har ikkje vore tilstrekkeleg til å dekkje inn kostnadane ved etableringa og omstillinga. Etaten har samtidig hatt ein klar vekst i talet på barn under tiltak både i 2004 og 2005. Rekneskapsutviklinga for tredje kvartal indikerer eit vesentleg meirforbruk i 2005. Barne- og familiedepartementet ser alvorleg på meirforbruket og arbeider med tiltak for å sikre at fastlagte budsjettrammer kan haldast.
Riksrevisjonen peikar og i sin rapport (Dokument nr. 1 (2005-2006) på sider ved styringa til Barne- og familiedepartementet og Bufetat som ikkje fungerer tilfredstillande. Barne- og familiedepartementet ser alvorleg på dette og vil setje i verk tiltak med sikte på å betre den økonomiske styringa i og av etaten. I samband med dette vil Barne- og familiedepartementet internt auke ressursbruken knytt til etatsstyring, og ha ei tett oppfølging av direktoratet med særskilt vekt på kritiske faktorar i den økonomiske utviklinga. Bufdir vil og, i dialog med Barne- og familiedepartementet, vurdere eventuelle tiltak for å betre styringa av regionane.
På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke kap. 855 post 70 med 215 mill. kroner.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,6 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap. 800 post 1.
Løyvinga på posten dekkjer eingangstilskot til dekking av anleggskostnader ved etablering av nye barnehageplassar. Investeringstilskotet vert gitt til etablering av ny kapasitet i ordinære barnehagar som aukar talet på barn i barnehagen.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 20 mill. kroner. Det er knytt vesentleg uvisse til kor mange prosjekt som vil opne i 2005 eller 2006 og om det vil bli søkt investeringstilskot i 2005 eller 2006. I tillegg vil kompensasjon av meirverdiavgift få ulik verknad frå prosjekt til prosjekt.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,4 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1 og 21. Sjå omtale under kap. 800 post 1 og 21.
Departementet foreslår at posten vert redusert med 1,425 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1 og 21. Sjå omtale under kap. 800 post 1 og 21.
Utgiftene til fødselspengar i 2005 er rekna til 9 170 mill. kroner, som er 284 mill. kroner under løyvinga på 9 454 mill. kroner vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.
Ein reknar med at færre kvinner vil motta fødselspengar og at utbetalinga per familie vil vere lågare enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.
Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 284 mill. kroner.
Utgiftene til eingongsstønad i 2005 er rekna til 435 mill. kroner, som er 25 mill. kroner meir enn løyvinga på 410 mill. kroner slik ho blei justert til i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.
Ein reknar med at fleire kvinner vil motta eingongsstønad enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 25 mill. kroner.
Utgiftene til adopsjonspengar i 2005 er rekna til 135 mill. kroner, som er 15 mill. kroner under løyvinga på 150 mill. kroner vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.
Ein reknar med færre kvinner med adopsjonspengar per månad enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.
Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 15 mill. kroner.
Visse innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp.
Færre einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar kjem til landet enn tidlegare. Det fører og til at færre vert busette i løpet av det første året. Departementet foreslår å redusere kap. 3854 post 4 med 7 mill. kroner.
Prognosane for kommunale eigendelar frå regionane har auka med 3,9 mill. kroner. Aukinga kjem av fleire barn i statlege barneverntiltak.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3855 post 60 med 3,9 mill. kroner for 2005.