Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar på statsbudsjettet 2005 under Moderniseringsdepartementet

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Det vert gjort framlegg om at posten får stikkordet "kan overførast".

Produksjonen av Norsk lysingsblad er lagt om, og frå 1. juli 2005 vert Norsk lysingsblad og Innkjøpsbilaget berre produsert elektronisk. Denne løysinga fører til at kostnadene på post 21 vert reduserte.

Det vert gjort framlegg om å redusere løyvinga med 9,424 mill. kroner til 32,162 mill. kroner i 2005.

Omlegginga av produksjonen av Norsk lysingsblad til elektronisk form, fører til at abonnementsinntektene vert reduserte. Det vert gjort framlegg om å redusere løyvinga med 8,369 mill. kroner til 7,7 mill. kroner i 2005.

Det er venta utbetalingar av færre lån enn det som vart lagt til grunn ved behandlinga av St.prp. nr. 65 (2004-2005). Basert på erfaringstal er det venta at færre lån vert innfridde i år enn ein tidlegare har gjort rekning med.

Det vert gjort framlegg om at løyvinga vert redusert med 400,0 mill. kroner til 100,0 mill. kroner.

Nedjusteringa av overslaget er gjort på grunnlag av netto kreditering av kundar i samband med avrekningar for 2004, og eit oppdatert fakturagrunnlag for 2005 knytt til tal årsverk og risikoklassar.

Ein gjer framlegg om at løyvinga vert redusert med 4,0 mill. kroner til 172,0 mill. kroner.

Oppdaterte overslag over premieinntektene inneber ein auke med 3,0 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving på grunnlag av fakturering av kundar i samband med avrekningar for 2004 og eit høgare fakturagrunnlag for 2005 knytt til ein auke i talet på årsverk.

Det vert gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 4547 post 1 med 3,0 mill. kroner til 43,0 mill. kroner.

Som følgje av auka avskrivingar vert det gjort framlegg om at kap. 2470 post 24, vert auka med 0,534 mill. kroner i 2005.

Det har oppstått eit behov for opprydding av landområda på marinaene. Dette er ein kostnad det ikkje er teke omsyn til i budsjettet for 2005.

På denne bakgrunnen vert det gjort framlegg om at løyvinga under kap. 1582 post 30 vert auka med 10 mill. kroner, frå 33,9 mill. kroner til 43,9 mill. kroner.

Medan ein ventar på sluttføring av sal, er ein del leigeforhold forlengde. Det vert difor gjort framlegg om ei løyving på kap. 5446 post 1 på 1,0 mill. kroner.

Dei avtalte salssummane er 104,6 mill. kroner høgare enn budsjettert.

På denne bakgrunnen vert det gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 5446 post 40 med 104,6 mill. kroner, frå 233,9 mill. kroner til 338,5 mill. kroner.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Tore Hagebakken, Saera Khan, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, frå Høgre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik, frå Kristeleg Folkeparti, Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Arnfinn Nergård, og frå Venstre, Vera Lysklætt, tek den framlagte tilleggsproposisjonen til orientering. Komiteen er tilfreds med dei endringane som er beslutta i forhold til Norsk lysingsblad. Komiteen har merkt seg at det er eit mindre behov for ordninga med spesielle bustadlån til statstilsette.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slike

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2005 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

1522

Statens forvaltningsteneste

21

Spesielle driftsutgifter, vert redusert med

9 424 000

frå kr 41 586 000 til kr 32 162 000

1544

Bustadlån til statstilsette

90

Lån, vert redusert med

400 000 000

frå 500 000 000 til kr 100 000 000

1582

Utvikling av Fornebuområdet

30

Investeringar, Fornebu, vert auka med

10 000 000

frå 33 914 000 til kr 43 914 000

2470

Statens pensjonskasse

24

Driftsresultat

1 Driftsinntekter

- 317 699 000

2 Driftsutgifter

252 602 000

3 Avskrivingar

16 554 000

4 Renter av statens kapital

1 127 000

5 Til investeringsformål

16 000 000

6 Til reguleringsfond

- 15 298 000

- 46 714 000

4522

Statens forvaltningsteneste

4

Inntekter, Norsk lysingsblad, vert redusert med

8 369 000

frå kr 16 069 000 til kr 7 700 000

4546

Yrkesskadeforsikring

1

Premieinntekter, vert redusert med

4 000 000

frå kr 176 000 000 til kr 172 000 000

4547

Gruppelivsforsikring

1

Premieinntekter, vert auka med

3 000 000

frå kr 40 000 000 til kr 43 000 000

5446

Sal av eigedom, Fornebu

1

Leigeinntekter, Fornebu, vert løyvd med

1 000 000

40

Salsinntekter, Fornebu, vert auka med

104 600 000

frå kr 233 920 000 til kr 338 520 000

II

Stortinget samtykkjer i at stikkordet "kan overføres" føyast til løyvinga under kap. 1500 Moderniseringsdepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter, i statsbudsjettet for 2005.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 7. desember 2005

Dag Terje Andersen

leiar

Åge Starheim

ordførar