Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 75/2005 om innlemming i EØS-avtala av avgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF om lenging av fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006)
Dette dokument
- Innst. S. nr. 29 (2005-2006)
- Kildedok: St.prp. nr. 74 (2004-2005)
- Dato: 01.12.2005
- Utgiver: Familie- og kulturkomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
MEDIA Plus-programmet vart opphavleg etablert for ein periode på fem år (2001-2005). Programmet skal stimulere utviklinga av den audiovisuelle industrien i EU. Stortinget ga sitt samtykke til norsk deltaking i det femårige programmet i samsvar med St.prp. nr. 56 (2000-2001) og Innst. S. nr. 218 (2000-2001).
Europaparlaments- og rådsavgjerdene inneber at fellesskapet sitt program for audiovisuell industri vert lengt med eitt år. Lenginga heng saman med Kommisjonen sitt behov for å evaluere programmet og behovet for å få nok tid til å utarbeide og vedta det etterfølgjande programmet (MEDIA 2007).
Lenginga inneber inga endring i innhaldet i programmet. Dei overordna måla for MEDIA Plus vil framleis vere å medverke til å skape ein sterkare felles europeisk marknad for audiovisuelle tenester, å utvikle ein europeisk programindustri som er i stand til å møte dei kulturelle og økonomiske krava informasjonssamfunnet stiller, og å sikre at filmindustrien i medlemslanda kan bli konkurransedyktig på verdsmarknaden. Det blir lagt særleg vekt på behov i statar og regionar som har låg produksjonskapasitet og/eller avgrensa språkleg og geografisk nedslagsfelt. Programmet legg òg vekt på omsynet til uavhengige produsentar og distributørar, og omsynet til den europeiske kulturarven.
Støtte vil verte gitt til utvikling av prosjekt, distribusjon av europeiske verk og marknadsføringsaktivitetar. Vidare vil det verte gitt støtte til utdanning for yrkesutøvarar i den europeiske audiovisuelle industrien. Støtte til utvikling og distribusjon vert i hovudsak gitt som lån, medan støtte til tiltak retta mot opplæring vert gitt som tilskott. Programmet skal supplere nasjonale og regionale tiltak i EØS-området, og støtta kan som hovudregel dekkje inntil 50 pst. av dei prosjekterte kostnadene.
Etter vedtaket om å lenge programmet med eitt år, er det totale budsjettet for perioden 2001-2006 på 511 mill. euro (453, 6 mill. euro til utvikling, distribusjon og marknadsføring, og 57,4 mill. euro til utdanning). Budsjettauken har også tatt høgde for EU-utvidinga.
Den totale ramma for lenginga av MEDIA Plus er 111 mill. euro. Rekna ut frå 2005-nivået, vil tilskotet frå EØS/EFTA-statane (2,11 pst.) vera på om lag 2,34 mill. euro. Noreg sin del (95 pst.) vil vera i underkant av 2,22 mill. euro. Med ein eurokurs på 8,5 vil det norske bidraget for 2006 såleis utgjere om lag 18,9 mill. norske kroner.
Bidraget vil verte finansiert over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett (kap. 334 Film- og medieføremål post 75 Medieprogram) for 2006.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, fra Senterpartiet, Erling Sande, og fra Venstre, Trine Skei Grande, merker seg at norske aktører deltar aktivt i Media-Pluss programmet og at erfaringene med dette synes å være gode. Komiteen slutter seg ut fra dette til å forlenge programmet i tråd med Regjeringens forslag.
Utkast til innstilling har blitt forelagt utenrikskomiteen som i brev av 30. november 2005 opplyser at komiteen ikke har merknader til innstillingen.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gir samtykke til at Norge tar del i beslutning i EØS-komiteen nr. 75/2005 om innlemming i EØS-avtalen av europaparlaments- og rådsbeslutningene 845/2004/EF og 846/2004/EF om forlengelse av fellesskapets program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006).
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 1. desember 2005
May-Helen Molvær Grimstad leder |
Olemic Thommessen ordfører |