Innstilling frå samferdselskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Ursula Evje og Jan Simonsen om at det settes i gang strakstiltak for å fjerne 65-70 tonn kvikksølv ombord i ubåtvrak U-864 utenfor Fedje i Hordaland
Dette dokument
- Innst. S. nr. 280 (2004-2005)
- Kildedok: Dokument nr. 8:99 (2004-2005)
- Dato: 13.06.2005
- Utgiver: Samferdselskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I dokumentet vert det fremma følgjande forslag:
"Stortinget ber Regjeringen sette i gang strakstiltak for å fjerne 65-70 tonn kvikksølv ombord i ubåtvrak U-864 utenfor Fedje i Hordaland."
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, ber Regjeringa gjere greie for situasjonen med sannsynleg kvikksølvforureining utanfor Fedje i samband med statsbudsjettet for 2006.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Dokument 8:99 (2004-2005) - forslag fra stortingsrepresentantene Ursula Evje og Jan Simonsen om at det settes i gang strakstiltak for å fjerne 65-70 tonn kvikksølv ombord i ubåtvrak U-864 utenfor Fedje i Hordaland - vert å leggje ved protokollen.
Oslo, i samferdselskomiteen, den 13. juni 2005
Petter Løvik leiar og saksordførar |