Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra næringskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContentplus)

Innhold

Til Stortinget

Gjennom europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF er det vedteke eit fleirårig fellesskapsprogram for å fremje europeisk digitalt innhald (eContentplus) (2005-2008). Programmet tek sikte på å gjere digitalt innhald i Europa meir tilgjengeleg og enklare å nytte for borgarar og næringsliv. Vedtaket tok til å gjelde 1. januar 2005. Ettersom norsk deltaking inneber økonomiske forpliktelser over fleire år, er Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen naudsynt, jf. Grunnloven § 26 andre leddet. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsvedtak nr. 456/2005/EF om innlemming i EØS-avtala av eContentplus følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

eContentplus er eit sentralt verkemiddel i verkeleggjeringa av Lisboa-strategien. Ei viktig søyle i Lisboa-strategien er EU sin handlingsplan for informasjonssamfunnet, eEurope 2005.

Noreg har gjennom EØS-avtala teke del i dei tre føregåande EU-programma om digitalt innhald: INFO2000 (1996-1999), MLIS (Multilingual Information Society) (1997-1999) og eContent (2001-2004). Programmet eContentplus tek sikte på å skape gode vilkår for næringsutvikling, og fører vidare på ein meir fokusert måte arbeidet innanfor dei føregåande programma. Tiltaka innanfor eContentplus skal vidare utfylle andre igangverande initiativ innanfor EU.

Aktivitetane innanfor programmet har små og mellomstore føretak som målgruppe, og er konsentrerte rundt følgjande tre tiltaksområde:

  • – Tiltak for å betre tilgangen, bruken og vidareforedlinga av digitalt innhald innanfor det europeiske fellesskapet.

  • – Tiltak for å leggje til rette for auka kvalitet og for å fremje gode eksempel knytt til digitalt innhald mellom produsentar og brukarar av digitalt innhald på tvers av sektorane.

  • – Tiltak for å styrkje samarbeid mellom offentlege og private innhaldsprodusentar og brukarar, mellom anna organisasjonar og verksemder som gjev eksisterande innhald auka verdi.

Regjeringa ønskjer å opne for at Noreg også under eContentplus-paraplyen tek initiativ til deltaking i program og initiativ som er naturleg knytt til arbeidet med digitalt innhald i eEurope 2005, innanfor dei budsjettrammene som er vedtekne.

Sekretariatet for den norske oppfølginga vil førebels bli lagt til Nærings- og handelsdepartementet, men ein tek sikte på å setje desse oppgåvene ut på anbod. Dei nasjonale aktivitetane vil i første omgang vere knytta til å arrangere informasjonsdagar om utlysing av midlar overfor aktuelle søkjarar og utlegging av relevant informasjon om programmet på aktuelle vevsider.

Innanfor ramma av eContentplus-programmet vil ein nasjonal ekspert frå EFTA/EØS-statane vere knytte til Kommisjonen. Det ligger an til at eksperten kjem frå Noreg, som ein får betalt tilbake frå programmet. Ordninga kjem i tillegg til det reine økonomiske bidraget, men ein gjer eit frådrag i bidraget på ca. 90 000 euro for kvar ekspert.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane å ta del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda blir teken i EØS-komiteen. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda syner stort avvik frå det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka bli lagd fram for Stortinget på nytt. Ein tek sikte på avgjerd i EØS-komiteen i løpet av våren 2005.

Det fleirårige EU-programmet eContentplus vil ha ei ramme på til saman 149 mill. euro i tidsrommet 2005-2008. Ved deltaking i programmet vil Noreg ha budsjettmessige plikter under heile denne programperioden.

Noreg vil plikte seg til å gje finansiell støtte til programmet som svarar til om lag 2 pst. av den samla kostnadsramma, dvs. om lag 2,98 mill. euro eller om lag 25,3 mill. kroner. I tillegg kjem Noreg sin andel av administrative kostnader, grovt rekna til om lag 840 000 euro, eller 7,14 mill. kroner. Det vil også komme på utgifter til ein nasjonal ekspert med om lag 800 000 kroner pr. år, til saman 3,2 mill. kroner i programperioden. Vidare vil nasjonal oppfølging (sekretariat) medføre utgifter på om lag 2,4 mill. kroner til. I tillegg kjem utgifter til evaluering av programdeltakinga i etterkant på om lag 1 mill. kroner. Totale årlege kostnader knytt til programmet utgjer om lag 9,77 mill. kroner, som vil utgjere 39,07 mill. kroner for heile programperioden. Av desse er 3,4 mill. kroner knytta til auka utgifter i Noreg.

Nærings- og handelsdepartementet har ansvaret for den norske deltakinga i programmet, og kostnadene vil verte dekte innanfor den eksisterande budsjettramma til departementet. For 2005 og 2006 kjem utgiftene til det nye eContentplus-programmet i tillegg til dekking av utgifter til avslutting av det eksisterande eContent-programmet.

Etter Nærings- og handelsdepartementet sitt syn vil norsk deltaking i eContentplus-programmet i EU auke medvitet om kor viktig det er å stimulere til norsk digital innhaldsproduksjon. Programmet passar godt saman med viktige norske IT-politiske prioriteringar knytt til næringspolitikken, IT-politikken og fornyinga av den offentlege sektoren. Internasjonalt samarbeid innan forsking og næringsutvikling er her eit viktig supplement til nasjonalt arbeid, og Noreg vil difor ha stor nytte av å ta del i programmet. Nærings- og handelsdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContentplus). Utanriksdepartementet er samd i dette.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, fra Høyre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, fra Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og fra Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, har merket seg at Norge gjennom EØS-avtalen har tatt del i de tre foregående EU-programmene om digitalt innhold. Videre registrerer komiteen at det flerårige fellesskapsprogrammet eContentplus (2005-2008) tar sikte på å gjøre digitalt innhold i Europa mer tilgjengelig og enklere å benytte for borgere og næringsliv. Vedtaket, fattet gjennom europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/205/EF, tok til å gjelde fra 1. januar 2005.

Komiteen har også merket seg at saken blir fremmet for Stortinget før avgjørelsen er tatt i EØS-komiteen, for at Norge skal kunne ta del i programmet så tidlig som mulig.

Komiteen støtter Regjeringens forslag.

Komiteens utkast til innstilling ble 31. mai 2005 oversendt utenrikskomiteen til uttalelse. Utenrikskomiteen uttaler følgende i brev av 2. juni 2005:

"Utenrikskomiteen har ikke merknader til ovennevnte utkast til innstilling."

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og ber Stortinget gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContentplus).

Oslo, i næringskomiteen, den 7. juni 2005

Olav Akselsen

leder

Silja Ekeland Bjørkly

ordfører