Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, frå Høgre, Brit I. H. Andreassen, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, frå Framstegspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Ola T. Lånke og Oddny Omdal, og frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, vil understreke at det var mange tilsette i barneheimane og spesialskulane som gjorde ein god innsats for at barna skulle få så gode oppvekstvilkår som mogeleg. Mykje på grunn av deira innsats er det mange tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som kan sjå tilbake på ein, etter forholda, trygg og god oppvekst. Diverre var det også dei som blei utsette for omsorgssvikt og overgrep av til dels alvorleg karakter. Komiteen finn dette godt dokumentert, mellom anna i kartleggingsutvalet sin rapport NOU 2004:23 Barnehjem og spesialskoler under lupen. Oppfølginga i denne innstillinga rettar seg nettopp mot den gruppa som kartleggingsutvalet fann blei utsette for omsorgssvikt og overgrep på barneheimar og spesialskular i perioden 1945 til 1980.

Komiteen vil understreke at slike forhold som er blitt avdekt på barneheimar og spesialskular i perioden 1945-1980 ikkje skulle ha skjedd, og at ein heller ikkje i framtida kan tillate at slikt skjer.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, vil peike på at barnevernsfeltet framleis rommar mange utfordringar, men har likevel tru på at dei grepa som er gjort i barnevernet dei seinare åra har gitt barn som i dag blir plasserte på institusjon ein helt annan og langt tryggare kvardag enn tidlegare. Desse grepa omfattar mellom anna ei ny organisering av barnevernet, ei betring av kvaliteten både på sjølve institusjonane og i tilsynsfunksjonen og auka rettstryggleik for barna.

Komiteen har merka seg at Regjeringa meiner det ikkje bør setjast i gang ei nasjonal gransking av alle institusjonane, med den grunngjevinga at kunnskapen om omfanget og årsakene til at det skjedde omsorgssvikt og overgrep overfor barneheims- og spesialskulebarn, no ligg føre gjennom NOU 2004:23. Ei nasjonal gransking av enkeltinstitusjonar vil bli omfattande, tidkrevjande og ei ytterlegare påkjenning for dei involverte enkeltpersonane. Komiteen har merka seg at det heller ikkje lenger er stilt krav frå interessegrupper om ei nasjonal gransking. Komiteen deler Regjeringa si oppfatning av dette spørsmålet.

Komiteen vil peike på at det er opp til kommunane å vurdere på sjølvstendig grunnlag korleis dei vil stille seg til krav om kommunal gransking eller erstatning. Komiteen viser til at departementet i meldinga opplyser at det vil bli utarbeidd nasjonale retningsliner for kommunale granskingar.

Komiteen har merket seg at det er kommuner som f.eks. Bergen som har gått foran og løftet dette opp på et nasjonalt nivå. Komiteen vil berømme det arbeidet som er gjort i noen kommuner og det ansvaret de har tatt for å gi barn som har vært utsatt for overgrep en oppreisning. Hadde ikke kommunene tatt dette initiativet, så ville det nok tatt betydelig lengre tid før omfanget av disse sakene var blitt kjent.

Komiteen viser til at det er blitt etablert fleire in­teresseorganisasjonar etter kvart som meir av det som har skjedd av omsorgssvikt og overgrep overfor barneheims- og spesialskulebarn er blitt avdekt. Sjølv om det har variert kven og kor mange desse gruppene til eikvar tid har representert, vil komiteen gi honnør for det viktige arbeidet desse organisasjonane har gjort som pådrivarar overfor offentlege myndigheiter og som støttespelarar for mange tidlegare barneheims- og spesialskulebarn.

Komiteen viser òg til at når det gjeld erstatning frå det offentlege, har støttegruppene fremma ulike krav. Stiftelsen Rettferd for taperne krev at det vert utbetalt eit likt beløp på 500 000 kroner til dei barneheims- og spesialskulebarna som kjem inn under vederlagsordninga. Støttegruppene i Stavanger, Bergen og Oslo ber om at alle får lik delerstatning frå staten på 725 000 kroner etter søknad.

Komiteen vil peike på det særskilte ansvaret som kviler på staten, når det offentlege gjennom plassering i barneheimar/spesialskular tar på seg omsorgsansvaret for barn. Når det no er så godt dokumentert at mange av desse barna i perioden 1945-1980 blei utsette for omsorgssvikt og overgrep, er det etter komiteen sitt syn rimeleg at staten gir ein viss økonomisk kompensasjon til dei dette gjeld. Særleg klårt blir ansvaret staten har for å gi ein slik kompensasjon, når det i ettertid har vist seg at det offentlege har vore ansvarleg for at dokumentasjon som kunne påvise uheldige og ulovlige forhold er blitt makulert, og at mange av dei det gjeld av den grunn vanskeleg kan nå fram i det ordinære rettsapparatet. Ein kompensasjon frå staten må derfor tilkjennast uavhengig av om dei det gjeld har rettsleg grunnlag for erstatning eller ikkje.

Komiteen viser til at interessegruppene ønskjer seg ei rimelegheitsbasert erstatning frå det offentlege, mellom anna for å sleppe belastninga ved å gå til ordinært erstatningssøksmål. Ein slik prosess ville for mange vere vanskeleg, ikkje berre på grunn av den kjenslemessige påkjenninga, men òg fordi det i mange tilfelle vil vere svært vanskeleg å dokumentere omsorgssvikt og overgrep som ligg fleire tiår tilbake i tid.

Komiteen vil vise til dei etter kvart mange oppgjera som har skjedd mellom staten og ulike grupper av skadelidande opp gjennom åra. Nokre av desse oppgjera har skjedd gjennom særskilte erstatningsordningar, andre gjennom tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning. Eit døme på det siste har vi i Stortinget si behandling av St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordningar for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener. Eit døme på oppgjer gjennom ei særskilt ordning, er erstatningsordninga for nordsjødykkarane.

Komiteen har merka seg at Regjeringa i stortingsmeldinga ikkje gjer framlegg om ei særskilt erstatningsordning for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn. Regjeringa viser til tilrådingane frå kartleggingsutvalet om ei tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning i dei tilfella det ikkje ligg føre rettsleg grunnlag for erstatning. Kartleggingsutvalet viser til at dei tidlegare barneheims- og spesialskulebarna allereie kjem inn under rettferdsvederlagsordninga, og at fleire har blitt tilkjent vederlag gjennom ordninga dei siste åra. Regjeringa peikar samtidig på at det er Stortinget som avgjer kva slags erstatningsordning ein skal velje.

Komiteen har merka seg tilrådingane i St.meld. nr. 44 (2003-2004) om i framtida å tilkjenne rimelegheitsbaserte kompensasjonserstatningar gjennom tilpassingar til rettferdsvederlagsordninga. Komiteen viser vidare til at ein samla justiskomité under behandlinga av St.meld. nr. 44 (2003-2004) støtta denne tilrådinga, og meinte at oppretting av fleire særskilte erstatningsordningar er lite tenleg.

Komiteen vil på denne bakgrunn tilrå at erstatning til tidlegare barneheims- og spesialskulebarn skjer gjennom ei tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning.

Komiteen viser til at dette er ei fleksibel ordning, og at det kan gjerast tilpassingar både i beviskrav og erstatningsutmåling tilpassa denne gruppa.

Komiteen viser til at dei nemnde interessegruppene har gjort krav om utbetaling av eit likt beløp til alle dei personane som kjem inn under ei erstatningsordning. Komiteen finn gode argument for ei slik ordning.

Komiteen vil likevel peike på utfordringa knytt til det å gi kvar enkelt ei erstatning som blir oppfatta som rettvis gjennom ei slik ordning, all den tid opplevingane er høgst ulike frå person til person. Nokre har budd kort tid på institusjon, andre har budd der i årevis. Nokre har opplevd seksuelle overgrep, andre har kanskje lidd under manglande oppfølging og omsorg av ulike grad, eller blitt mishandla fysisk.

Komiteen vil på den andre sida understreke at det også vil vere ei stor utfordring å vurdere storleiken på individuelle erstatningar i forhold til dei kriteria ein kan tenkje seg som grunnlag for ei slik vurdering. I tillegg til ei gradering av ulike overgrep, ville lengda på institusjonsopphaldet vere eit mogeleg kriterium. Komiteen vil peike på problemet knytt til at slike kriterier ikkje nødvendigvis treng å svare til korleis den enkelte opplever alvorsgraden i den omsorgssvikten eller dei overgrepa dei har blitt utsette for, og heller ikkje til kva følgjer overgrepa har hatt for dei ulike personane i ettertid.

Komiteen vil òg peike på det forholdet at dokument som kunne ha påvist overgrep og omsorgssvikt i mange tilfelle ikkje finst, anten fordi dei er makulert eller på grunn av dårlege arkiveringsrutinar. I nokre tilfelle finst det såleis god dokumentasjon, i andre tilfelle finst det ikkje dokumentasjon i det heile. I kva grad dokument ligg føre, treng ikkje nødvendigvis å svare til alvorsgraden i dei overgrepa som har funne stad.

Komiteen har, etter ei heilskapleg vurdering, likevel komme fram til at ei løysing med individuelle erstatningar vil vere den mest rettvise løysinga. Utmålinga av erstatningsbeløp må baserast på skjønns­vurderingar av kva som er rimeleg i kvart enkelt tilfelle.

Komiteen peikar på at det i stortingsmeldinga verken blir tatt stilling til erstatningsbeløp eller til korleis ei erstatningsordning kan tilpassast gruppa av tidlegare barneheims- og spesialskulebarn. Når det gjeld tilpassing av ordninga, overlet Regjeringa til Stortinget å ta stilling til dei tilrådingane kartleggingsutvalet har kome med. Desse tilrådingane gjeld tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning.

Komiteen deler synet til kartleggingsutvalet om at det bør gis klårare retningsliner og føringar i forhold til det som i dag blir praktisert overfor denne gruppa ved søknader om erstatning gjennom rettferdsvederlagsordninga.

Komiteen vil peike på kartleggingsutvalet sin gjennomgang av dei avgjerdene som allereie er gjort om rettferdsvederlag for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn. Gjennomgangen viser at det ikkje alltid er lett å sjå av saksframstillinga og grunngjevinga kvifor somme har fått og andre ikkje har fått rettferdsvederlag.

Komiteen vil òg peika på at kartleggingsutvalet i NOU 2004:23 har vist til at generelle trekk i samfunnet og kva ein kunne forvente av omsorga for barn i den perioden søkjaren var under barnevernet si omsorg, har vore viktig i vurderinga av rettferdsvederlagssaker. Utvalet viser til enkeltsaker der det ikkje er tilkjent rettferdsvederlag med den grunngjevinga at søkjaren ikkje kom mindre heldig ut enn andre som voks opp på barneheimar eller spesialskuler, eller samanlikna med andre barn som var tekne hand om av barnevernet i den same perioden. Komiteen er samd i kartleggingsutvalet si påpeiking av at korkje styresmakter eller ansvarshavande personar kunne seiast å ha "handla i god tru" ut ifrå førestillingar som gjorde seg gjeldande i samfunnet på den tida når det gjeld omsorgssvikt og overgrep overfor denne gruppa. I behandling av søknader om erstatning gjennom ei "tilpassa rettferdsvederlagsordning" for denne gruppa, bør det såleis leggjast til grunn at dette handla om alvorlege krenkingar både etter etiske, pedagogiske og rettslege vurderingar.

Komiteen deler vidare utvalet sitt syn om at det ved alvorlege fysiske og seksuelle overgrep i mindre grad enn i dag bør leggjast vekt på kva for følgjer desse overgrepa har hatt for den enkelte. Dette for å understreke det uakseptable i sjølve det å bli utsett for overgrep når ein som barn var plassert på institusjon av det offentlege.

Komiteen vil, som utvalet, peike på at det kan vere vanskeleg å dokumentere omsorgssvikt og fysiske og seksuelle overgrep. Årsakene er mellom anna at arkivmaterialet har vesentlege manglar, dels som følgje av dårlege rutinar, dels fordi det er blitt sletta. Komiteen er derfor samd i at krava til bevis for alvorlege fysiske og seksuelle overgrep må kunne senkast noko, ved at ei eigenerklæring om slike forhold blir tillagd stor vekt.

Komiteen finn det rimeleg at krava til bevis blir senka, ikkje berre når det gjeld overgrep, men òg når det gjeld alvorleg omsorgssvikt.

Komiteen legg etter dette til grunn at det i søknad om erstatning skal leggjast avgjerande vekt på ei eigenerklæring om dei forholda det søkjast om erstatning for, og ei stadfesting som fortel kvar og til kva tid vedkommande budde på barneheim eller spesialskule.

Komiteen vil understreke at ingen pengesum kan gjere godt igjen den urett som er gjort mot mange av dei tidlegare barneheims- og spesialskulebarna.

Komiteen vil vidare vise til at ei rimelegheitsbasert vederlagsordning, som i dette tilfellet gjeld Stortinget si utvida rettferdsvederlagsordning, ikkje er meint å skulle dekke det samla økonomiske tapet søkjaren eventuelt har hatt. Meininga med erstatninga er å gi ein viss økonomisk kompensasjon for den urett som er gjort. Beløpet blir utmåla skjønnsmessig basert på kva ein etter ei heilskapleg vurdering ser på som rimeleg i det enkelte tilfellet.

Når det gjeld storleiken på vederlaget, vil komiteen først vise til utgreiinga frå Regjeringa i St.meld. nr. 44 (2003-2004):

"Når det gjelder størrelsen på billighetserstatningen etter en utvidet ordning foreslår regjeringen at den øvre grense på 200 000 kroner skal gjelde også etter en billighetserstatningsordning for krigsbarn. Samme beløpsgrense har også vært lagt til grunn i særordninger, for eksempel jødebo-oppgjøret. Regjeringen finner det i denne sammenheng relevant å vise til erstatningsnivået domstolene har fastlagt for oppreisning for seksuelle overgrep på maksimum 150 000 - 200 000 kroner. Veiledende nivå for oppreisningserstatning fastsatt av domstolene til voldtektsofre er 100 000 kroner."

Komiteen vil understreke at dei tidlegare barneheims- og spesialskulebarna utmerker seg spesielt når det gjeld graden av statleg ansvar, i og med at det her var snakk om barn som det offentlege tok på seg omsorgsansvaret for ved å plassere dei på institusjon. Komiteen meiner dette tilseier at ein gjennom ei tilpassa og utvida rettferdsvederlagsordning for denne gruppa går ut over den øvre grensa på 200 000 kroner som i dag gjeld for Stortinget si rettferdsvederlagsordning, og som òg har vore lagt til grunn i særordningar.

Komiteen vil på denne bakgrunn foreslå at dei som blir tilkjent erstatning etter ei tilpassa og utvida rettferdsvederlagsordning for denne gruppa, får eit beløp på inntil 300 000 kroner.

Komiteen er klar over at sjølv om dette beløpet sprengjer den ramma som er sett for erstatningar gjennom rettferdsvederlagsordninga, er det lågare enn det dei ulike støttegruppene for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn har gjort krav om.

Komiteen vil her minne om at Noreg er eit land der erstatningsbeløpa tradisjonelt har vore låge. Dette er ein ønska politikk i eit samfunn som vårt der vi har eit godt utbygd sosialt tryggleiksnett med gode velferdsordningar som skal fange opp dei som fell utanfor og får det vanskeleg.

Komiteen meiner altså likevel at staten har eit særskilt ansvar når han, som i dette tilfellet, både kan klandrast for mykje av den uretten som har funne stad, og samtidig i mange tilfelle har stått for makulering av dokumentasjon av det som har skjedd.

Komiteen vil understreke at denne innstillinga omhandlar dei gruppene og den tidsperioden som var omfatta av mandatet til kartleggingsutvalet. Av omsyn til rettferd og likebehandling finn komiteen det rett at tilpassingane i rettferdsvederlagsordninga blir gjorde gjeldande for alle barn som var plasserte i barneheimar og skuleheimar/spesialskular for barn og ungdom med tilpassingsvanskar i perioden, uavhengig av plasseringsgrunnlaget.

Komiteen meiner at dei som tidlegare har søkt om erstatning gjennom Stortinget si rettferdsvederlagsordning, kan søkje på nytt etter at ei tilpassing av ordninga er gjort gjeldande, uavhengig av om dei har fått erstatning eller ikkje. Eit eventuelt tilkjent beløp vil kome i fråtrekk dersom søkjaren vert tilkjent erstatning gjennom den tilpassa og utvida rettferdsvederlagsordninga.

Komiteen finner det ikke usannsynlig at noen barn som ble plassert av det offentlige i fosterhjem, også kan ha vært utsatt for overgrep. Komiteen mener at denne gruppen må komme inn under den samme erstatningsordningen som barn som var plassert i barnehjem og skolehjem/spesialskoler.

Komiteenvil understreke at erstatning etter ei tilpassa rettferdsvederlagsordning for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn ikkje vil avskjere moglegheiten personar frå denne gruppa har til å gå til erstatningsrettsleg søksmål på bakgrunn av dei same forholda.

Komiteen vil her vise til at departementet meiner det ikkje er behov for nye endringar i den alminnelege erstatningsretten tilpassa denne gruppa. Erstatningsrettslege søksmål retta mot staten på bakgrunn av overgrep eller omsorgssvikt under opphald i barneheimar eller spesialskular vil bli behandla tilsvarande som for andre erstatningskrav retta mot staten. Departementet viser vidare til at det er utarbeidd eigne retningsliner for behandlinga av slike krav, og at det er ein viss praksis for at staten ikkje gjer gjeldande forelding.

Komiteen støtter vurderinga frå departementet, men føreset at forelding ikkje vert gjort gjeldande i saker som omhandlar denne gruppa.

Komiteen viser til brev fra statsråd Dåvøy datert den 24. april 2005, hvor hun påpeker viktigheten og nødvendigheten av at relevante opplysninger fra institusjonsopphold oppbevares, både med tanke på videre oppfølging og med tanke på ettertiden, og slutter seg til statsrådens synspunkter. Komiteen vil understreke at all relevant dokumentasjon og offentlige papirer må følge forvaltningslovens regler om oppbevaring i 80 år. Dette fordi man i en rekke barnevernssaker kan få behov for innsyn i slike dokumenter, både fra barnet selv, de pårørende og det offentlige. Dokumentasjonen er i tillegg av stor historisk betydning. Komiteen vil påpeke at uavhengig av eierstrukturer på institusjoner og skoler må det offentlige sørge for at all relevant dokumentasjon oppbevares forsvarlig, samtidig som personvernet og rettssikkerheten ivaretas.