Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Alliansen vart utvida 29. mars 2004 med Estland, Latvia, Litauen, Slovenia, Slovakia, Romania og Bulgaria. Ei anna stor hending i NATO i 2004 var toppmøtet i Istanbul 28.-29. juni. Der traff NATO vedtak om omforming av alliansen og om nye initiativ overfor partnarland og anna samarbeid i den vidare Midtausten-regionen.

Motsetnadene over Atlanterhavet som kom til syne under Irak-konflikten, kom også til å prege drøftingane i alliansen i 2004. Likevel synte 2004 ein etter Regjeringa si meining sterkare vilje frå amerikansk side til å gjere bruk av alliansen som hovudforum for konsultasjonar og som ramme for internasjonale operasjonar. Mot slutten av 2004 var det håp om betre samarbeidsklima, særleg etter det uformelle toppmøtet 22. februar 2005 der president Bush møtte NATO-kollegaene sine.

Samarbeidet mellom EU og NATO hadde ikke mykje framgang i 2004. Dialogen var begrensa til å gjelde NATO-operasjonen i Bosnia-Hercegovina, som EU tok over i desember 2004, og utviklinga av militære kapasiteter.

Noreg har lagt vekt på å støtte opp om NATO som det sentrale forumet for konsultasjonar og samarbeid i spørsmål om fellestryggleiken i alliansen. Frå norsk side har ein vore uroa over manglande framgang i arbeidet med å utforme breiare politisk og praktisk samarbeid mellom dei to organisasjonane utover reint militære spørsmål.

EU-vedtaka om å etablere innsatsstyrkar er eit uttrykk for styrkinga av tryggings- og forsvarspolitikken i EU. Norge vedtok å gå saman med Sverige og Finland i ein felles nordisk innsatsstyrke på inntil 150 mann. Innsatsstyrkane er etter Regjeringa si meining viktige for at EU skal evne å støtte FN i krisehandteringsoperasjonar. Avtalegrunnlaget for den norske deltakinga er i ferd med å fullførast.

På norsk side har ein også arbeidd for å sikre god tilgang til EU-organet for forsvarsmateriell (European Defence Agency).

Når det gjeld internasjonale operasjonar, er det brei semje om at NATO må halde oppe styrkenivået sitt i Kosovo gjennom den NATO-leidde internasjonale fredsstyrken KFOR. Det var stor uro der i mars 2004. Det viste kor ustabil situasjonen framleis er. Norge hadde ein bataljon på rundt 450 mann då. Seinare i 2004 bytte Norge ut hærbidraget i Kosovo med ei helikoptereining.

Under Istanbul-toppmøtet vedtok NATO overføring av den NATO-leidde fredstryggingsoperasjonen SFOR i Bosnia-Hercegovina til ein ny EU-leidd styrke, EUFOR.

Utbygginga av styrken International Security Assistance Force, ISAF, i Afghanistan har halde fram i 2004. Etter at NATO tok over styrken i 2003, har det vore ei sentral målsetjing å medverke til å gje sentralregjeringa større kontroll også i provinsane. Hovudutfordringane det næraste året vil vere å støtte opp under parlamentsvala og å utvide ISAF i den vestlege og sørlege delen av landet. Det norske bidraget til ISAF har vore viktig for den samla NATO-innsatsen. I 2004 stod Noreg mellom anna for leiinga av den eine av tre bataljonsstridsgrupper i Kabul. Noreg vil framleis leggje hovudtyngda av det internasjonale militærengasjementet til Afghanistan.

På Istanbul-toppmøtet vedtok NATO å etablere ein treningsmisjon i Irak til opplæring av irakiske tryggingsstyrkar. Noreg har delteke i denne frå starten. Noreg har også medverka til å leggje til rette for opplæring av irakiske offiserar ved Joint Warfare Centre i Stavanger og har forplikta seg til å sende inntil ti instruktørar til Irak. Vidare deltek Noreg i den fleirnasjonale styrken i Irak med inntil ti stabsoffiserar i dei britiske og polske hovudkvartera, i tillegg til opplæring av irakisk politioffiserar i Noreg med vekt på menneskerettar, likestilling og administrasjon. Motsetningane som hadde gjort seg gjeldande mellom sentrale allierte i handsaminga av Irak-spørsmålet, vart i Istanbul skuva i bakgrunnen til fordel for eit felles syn på opplæringa av irakiske tryggingsstyrkar.

Noreg vil sjå positivt på ei rolle for NATO i den israelsk-palestinske konflikten dersom partane i konflikten skulle ønskje det.

Noreg var i 2004 med i NATO sin maritime patrulje- og overvakingsoperasjon i Middelhavet som ein del av alliansen sin felles kamp mot internasjonal terror og spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

I Baltikum har Noreg hatt ei luftkontrolleining sidan april 2004 fordi dei baltiske statane ikkje har eigen kapasitet til slik kontroll av eige luftrom.

Utvidinga av NATO med sju land som tidlegare var partnerland, forsterka behovet for tilpassing av partnarsamarbeidet. Under toppmøtet i Istanbul vedtok NATO å styrkje samarbeidet med alle partnarland, og særleg i aust med landa i Kaukasus og Sentral-Asia. For Noreg er det viktig at dette ikkje fører til svekt kontakt med vesteuropeiske partnarland som Sverige og Finland, eller landa på Vest-Balkan.

Kontakten med landa i Middelhavsregionen vart utvida i 2004. Den skal stimulere til ein brei reformprosess og sikre nye partnarar i kampen mot internasjonal terrorisme. I tillegg tok Istanbul-initiativet sikte på styrka samarbeid i den vidare Midtausten-regionen.

I NATO-Russland-rådet meiner Regjeringa at samarbeidet har utvikla seg positivt. Dette gjeld både praktisk militært samarbeid og politiske konsultasjoner. Rådet er nå eit viktig politisk instrument i den tillitskapande prosessen mellom tidlegare motparter.

Det er også skapt eit godt utgangspunkt for eit nærare samarbeid mellom NATO og Ukraina. Noreg vil støtte eit USA-leidd fond i NATO-regi for destruksjon av mellom anna handvåpen i Ukraina med 2 mill. norske kroner.

I 2004 har NATO gjennomgått store militære tilpassingar for å vere betre rusta mot dei nye tryggingsutfordringane. Særleg er det behov for meir fleksible styrkar som kan nyttast både innanfor og utanfor NATO-territorium. NATOs reaksjonsstyrke er eit ledd i dette. Reaksjonsstyrken vart hausten 2004 erklært å ha avgrensa operativ kapasitet, og han vil ha full operativ kapasitet i 2006. Noreg har delteke i alle kontingentane i reaksjonsstyrken. Det vart også arbeidd med å få meir allsidige og deployerbare styrkar i alliansen. NATO har store utfordringar med å få generert nødvendige styrkar til operasjonar og til reaksjonsstyrken. Den første årlege, globale styrkegenereringskonferansen vart gjennomført i november 2004. Dette skal gjere systemet meir oversiktleg og langsiktig.

Arbeidet med å tilpasse NATO til dei nye tryggingsutfordringane held fram, men trass i god framgang meiner Regjeringa at det framleis er stor avstand mellom ambisjonar og ressursar. For at NATO framleis skal kunne vere den sentrale organisasjonen for tryggingssamarbeid i det transatlantiske området, er det avgjerande at alliansen utviklar seg vidare både når det gjeld militære ressursar og politisk samhald.