Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar på statsbudsjettet for 2004.

Vidare blir det gjort greie for:

  • – forslag om statleg garanti knytt til deponi for låg­radioaktivt avfall,

  • – budsjettkonsekvensar i samband med aksjesalet i Statoil ASA,

  • – oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 469 (2003-2004),

  • – bruk av fullmakter under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE),

  • – endringar i eigarskap i anlegg på St. Fergus i Skottland,

  • – utviklinga i Snøhvit-prosjektet.

Dei foreslåtte endringane på statsbudsjettet for 2004 gjeld følgjande kapitler:

  • – Kap. 1800 Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4800)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres

  • – Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

Post 1 Driftsutgifter

Post 21 Spesielle driftsutgifter

  • – Kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)

Post 1 Driftsutgifter

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres

Post 22 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overføres

  • – Kap. 1825 Omlegging energibruk og energiproduksjon

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres

  • – Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten

  • – Kap. 2490 NVE Anlegg (jf. kap. 5490, 5491 og 5603)

Post 24 Driftsresultat

  • – Kap. 2442 Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen

Post 70 Tilskudd, overslagsbevilgning

  • – Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet

Post 3 Refusjon av tilsynsutgifter

Post 4 Salg av undersøkelsesmateriale

  • – Kap. 4811 Statoil ASA

Post 90 Salg av aksjer

  • – Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)

Post 1 Gebyr- og avgiftsinntekter

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomheten

Post 40 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag

  • – Kap. 4860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet

Post 70 Garantiprovisjon, Statnett SF

  • – Kap. 5490 NVE Anlegg (jf. kap. 2490)

Post 1 Salg av utstyr mv.

Det vises i proposisjonen til at Stortinget i 2001 ga Olje- og energidepartementet fullmakt til å ta inn nye og andre eigarar i Statoil ASA (Statoil) i tillegg til staten tilsvarande 1/3 av verdien til selskapet, jf. St.prp. nr. 36 og Innst. S. nr. 198 (2000-2001). I samband med delprivatiseringa og børsnoteringa av selskapet i juni 2001 blei 18,3 pst. av aksjane i selskapet selde frå staten til nye eigarar. Olje- og energidepartementet gjennomførte i juli 2004 eit sal av om lag 116,8 mill. aksjar i Statoil.

Statens eigardel i selskapet er etter dette 76,3 pst. og inntektene frå sal av aksjar utgjer i alt kr9858595950. Totale utgifter i samband med salet var på om lag 25,2 mill. kroner.

Departementet følgjer systematisk opp alle olje- og gassfelt på norsk sokkel, medrekna prosjekta nemnd i oppmodingsvedtaket. Regjeringa gjorde framlegg om nokre justeringar i petroleumsskattesystemet i Revidert nasjonalbudsjett 2004 for mellom anna å stimulere til ny aktivitet.

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004). I tillegg har Stortinget gjeve Olje- og energidepartementet fullmakter i samband med handsaminga av St.prp. nr. 24 og St.prp. nr. 41 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 65 og Innst. S. nr. 159 (2003-2004).

Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruken av desse fullmaktene.

Olje- og energidepartementet ber i proposisjonen Stortinget slutte seg til at staten ved Olje- og energidepartementet kan godkjenne at Petoro AS kan delta i dei naudsynte transaksjonane knytt til Vesterled og FUKA.

Departementet viser til omtalen av Snøhvit-prosjektet i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Det har ikkje komme noko nytt kostnads- og tidsoverslag i forhold til det som har vore omtala tidlegare. Operatøren, Statoil, planlegg å komme med eit oppdatert kostnadsestimat og ein oppdatert tidsplan for prosjektet innan utgangen av året.