Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2004 m.m. under Olje- og energidepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 78 (2004-2005)
- Kildedok: St.prp. nr. 17 (2004-2005), unntatt kapittel 3
- Dato: 07.12.2004
- Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar på statsbudsjettet for 2004.
Vidare blir det gjort greie for:
– forslag om statleg garanti knytt til deponi for lågradioaktivt avfall,
– budsjettkonsekvensar i samband med aksjesalet i Statoil ASA,
– oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 469 (2003-2004),
– bruk av fullmakter under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE),
– endringar i eigarskap i anlegg på St. Fergus i Skottland,
– utviklinga i Snøhvit-prosjektet.
Dei foreslåtte endringane på statsbudsjettet for 2004 gjeld følgjande kapitler:
– Kap. 1800 Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4800)
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
– Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)
Post 1 Driftsutgifter
Post 21 Spesielle driftsutgifter
– Kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)
Post 1 Driftsutgifter
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Post 22 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overføres
– Kap. 1825 Omlegging energibruk og energiproduksjon
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
– Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten
– Kap. 2490 NVE Anlegg (jf. kap. 5490, 5491 og 5603)
Post 24 Driftsresultat
– Kap. 2442 Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen
Post 70 Tilskudd, overslagsbevilgning
– Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)
Post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet
Post 3 Refusjon av tilsynsutgifter
Post 4 Salg av undersøkelsesmateriale
– Kap. 4811 Statoil ASA
Post 90 Salg av aksjer
– Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)
Post 1 Gebyr- og avgiftsinntekter
Post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomheten
Post 40 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag
– Kap. 4860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet
Post 70 Garantiprovisjon, Statnett SF
– Kap. 5490 NVE Anlegg (jf. kap. 2490)
Post 1 Salg av utstyr mv.
Det vises i proposisjonen til at Stortinget i 2001 ga Olje- og energidepartementet fullmakt til å ta inn nye og andre eigarar i Statoil ASA (Statoil) i tillegg til staten tilsvarande 1/3 av verdien til selskapet, jf. St.prp. nr. 36 og Innst. S. nr. 198 (2000-2001). I samband med delprivatiseringa og børsnoteringa av selskapet i juni 2001 blei 18,3 pst. av aksjane i selskapet selde frå staten til nye eigarar. Olje- og energidepartementet gjennomførte i juli 2004 eit sal av om lag 116,8 mill. aksjar i Statoil.
Statens eigardel i selskapet er etter dette 76,3 pst. og inntektene frå sal av aksjar utgjer i alt kr9858595950. Totale utgifter i samband med salet var på om lag 25,2 mill. kroner.
Departementet følgjer systematisk opp alle olje- og gassfelt på norsk sokkel, medrekna prosjekta nemnd i oppmodingsvedtaket. Regjeringa gjorde framlegg om nokre justeringar i petroleumsskattesystemet i Revidert nasjonalbudsjett 2004 for mellom anna å stimulere til ny aktivitet.
I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004). I tillegg har Stortinget gjeve Olje- og energidepartementet fullmakter i samband med handsaminga av St.prp. nr. 24 og St.prp. nr. 41 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 65 og Innst. S. nr. 159 (2003-2004).
Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruken av desse fullmaktene.
Olje- og energidepartementet ber i proposisjonen Stortinget slutte seg til at staten ved Olje- og energidepartementet kan godkjenne at Petoro AS kan delta i dei naudsynte transaksjonane knytt til Vesterled og FUKA.
Departementet viser til omtalen av Snøhvit-prosjektet i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Det har ikkje komme noko nytt kostnads- og tidsoverslag i forhold til det som har vore omtala tidlegare. Operatøren, Statoil, planlegg å komme med eit oppdatert kostnadsestimat og ein oppdatert tidsplan for prosjektet innan utgangen av året.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Grethe G. Fossum, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og lederen Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, har ingen merknader til dei foreslåtte endringane på statsbudsjettet for 2004.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og det som står ovafor og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Kroner |
Utgifter: |
||||
1800 |
Olje- og energidepartementet |
|||
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overføres,blir auka med |
23 900 000 | ||
frå kr 31 552 000 til 55 452 000 |
||||
1810 |
Oljedirektoratet (jf. kap. 4810) |
|||
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
525 000 | ||
frå kr 150 924 000 til kr 151 449 000 |
||||
21 |
Spesielle driftsutgifter, blir auka med |
18 000 000 | ||
frå kr 55 600 000 til kr 73 600 000 |
||||
1820 |
Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829) |
|||
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
500 000 | ||
frå kr 235 404 000 til kr 235 904 000 |
||||
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overføres,blir redusert med |
5 000 000 | ||
frå kr 54 000 000 til kr 49 000 000 |
||||
22 |
Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overføres,blir auka med |
4 100 000 | ||
frå kr 69 250 000 til kr 73 350 000 |
||||
1825 |
Omlegging energibruk og energiproduksjon |
|||
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overføres,blir auka med |
1 300 000 | ||
frå kr 11 800 000 til kr 13 100 000 |
||||
2440 |
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleums- virksomheten (jf. kap. 5440) |
|||
22 |
Fjerningsutgifter, overslagsbevilgning,blir redusert med |
10 000 000 | ||
frå kr 10 000 000 til kr 0 |
||||
25 (ny) |
Pro et contra-oppgjør, blir løyvd med |
100 000 000 | ||
30 |
Investeringer, blir redusert med |
400 000 000 | ||
frå kr 19 500 000 000 til kr 19 100 000 000 |
||||
2442 |
Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen |
|||
70 |
Tilskudd, overslagsbevilgning,blir redusert med |
30 000 000 | ||
frå kr 170 000 000 til kr 140 000 000 |
||||
2490 |
NVE Anlegg (jf. kap. 5490, 5491 og 5603) |
|||
24 |
Driftsresultat |
0 | ||
Spesifikasjon: |
||||
Driftsinntekter |
-44 000 000 |
|||
Driftsutgifter |
37 800 000 |
|||
Avskrivninger |
5 000 000 |
|||
Renter av statens kapital |
1 200 000 |
|||
0 |
Inntekter: |
|||||
4810 |
Oljedirektoratet (jf. kap. 1810) |
||||
2 |
Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, blir auka med |
18 000 000 | |||
frå kr 31 800 000 til kr 49 800 000 |
|||||
3 |
Refusjon av tilsynsutgifter, blir redusert med |
2 000 000 | |||
frå kr 9 500 000 til kr 7 500 000 |
|||||
4 |
Salg av undersøkelsesmateriale, blir redusert med |
1 000 000 | |||
frå kr 1 000 000 til kr 0 |
|||||
4811 |
Statoil ASA |
||||
90 (ny) |
Salg av aksjer, blir løyvd med |
9 858 596 000 | |||
4820 |
Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820) |
||||
1 |
Gebyr- og avgiftsinntekter, blir auka med |
500 000 | |||
frå kr 22 900 000 til kr 23 400 000 |
|||||
2 |
Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, blir redusert med |
5 000 000 | |||
frå kr 41 400 000 til kr 36 400 000 |
|||||
40 |
Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, blir auka med |
4 100 000 | |||
frå kr 14 400 000 til kr 18 500 000 |
|||||
4860 |
Statsforetak under Olje- og energidepartementet |
||||
70 |
Garantiprovisjon, Statnett SF, blir redusert med |
500 000 | |||
frå kr 11 900 000 til kr 11 400 000 |
|||||
5440 |
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleums- virksomheten (jf. kap. 2440) |
||||
1 (ny) |
Pro et contra-oppgjør, blir løyvd med |
120 000 000 | |||
24 |
Driftsresultat, blir auka med |
25 000 000 000 | |||
frå kr 59 400 000 000 til kr 84 400 000 000 |
|||||
Spesifikasjon: |
|||||
Driftsinntekter |
127 600 000 000 |
||||
Driftsutgifter |
21 500 000 000 |
||||
Lete- og feltutviklingsutgifter |
-800 000 000 |
||||
Avskrivninger |
-14 200 000 000 |
||||
Renter av statens kapital |
-6 700 000 000 |
||||
84 400 000 000 |
|||||
Kroner |
Kroner | ||||
30 |
Avskrivninger, blir redusert med |
100 000 000 | |||
frå kr 14 300 000 000 til kr 14 200 000 000 |
|||||
50 (ny) |
Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med |
800 000 000 | |||
80 |
Renter av statens kapital, blir redusert med |
500 000 000 | |||
frå kr 7 200 000 000 til kr 6 700 000 000 |
|||||
5490 |
NVE Anlegg (jf. kap. 2490) |
||||
1 |
Salg av utstyr mv., blir redusert med |
700 000 | |||
frå kr 1 200 000 til kr 500 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at staten ved Olje- og energidepartementet kan godkjenne at Petoro AS kan delta i transaksjonar knytt til Vesterled og Frigg UK Association.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 7. desember 2004
Bror Yngve Rahm leiar og ordførar |