Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 630 Aetat post 1 Driftsutgifter med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 634 post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak. Dette skal medverke til å styrke avklaringsarbeidet av yrkeshemma i Aetat, jf. omtale under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak.

På bakgrunn av innbetalingar hittil i 2004, vert det foreslått å auke inntektsanslaget under kap. 3630 post 80 med 10 mill. kroner til 40 mill. kroner.

På bakgrunn av innbetalingar hittil i 2004 vert det foreslått å redusere inntektsanslaget under kap. 3630 post 81 med 3 mill. kroner til 11 mill. kroner.

Gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma vil i 2004 vere noko lågare enn tiltaksnivået på 22 550 som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har mellom anna samanheng med eit sterkt fokus på behandling av søknadar om attføring i samband med overføringa av vedtaksmyndigheit frå Trygdeetaten til Aetat frå 1. juli 2004, samt den auka tilstrømminga av yrkeshemma som skal avklarast.

For å oppnå raskare avklaring og få yrkeshemma snøggare inn på arbeidsmarknadstiltak foreslår Regjeringa at løyvinga under kap. 634 post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak vert redusert med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 630 Aetat post 1 Driftsutgifter, jf. omtale under kap. 630 Aetat.

På bakgrunn av lågare aktivitet på dette tiltaket så langt i år, vert det foreslått at løyvinga under kap. 634 post 74 reduserast med 23 mill. kroner til 15,751 mill. kroner.

Løyvinga under kap. 3634 post 2 vert foreslått auka med 16,159 mill. kroner til 18 mill. kroner. Auken har samanheng med inntektene knytte til sal av kurs til Oppland fylkeskommune i samband med forsøket "Fritt Fram".

På bakgrunn av at fleire deltakarar i prosjektet "Arbeid i sikte" i Verdal har andre ytingar enn sosialhjelp som er lagt til grunn, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3634 post 60 med 1 mill. kroner til 500 000 kroner.

Som følgje av ein større tilstrømming enn venta av ventelønsmotakarar frå selskap som ikkje er refusjonspliktige, er omfanget av refusjonar noko lågare enn budsjettert for 2004. Det vert foreslått å setje ned løyvinga under kap. 3635 post 1 med 7,8 mill. kroner til 72,2 mill. kroner.

På grunn av inntektsauke som skuldast at Oslo kommune har betalt inn tidlegare pålagt tvangsmulkt gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om å setje opp løyvinga med 6,8 mill. kroner, frå 1,6 mill. kroner til 8,4 mill. kroner.

Etter å ha ført over personell frå Petroleumstilsynet til Oljedirektoratet gjerast det framlegg om å setje ned denne posten med 525 000 kroner. Olje- og energidepartementet vil føreslå at løyvinga til Oljedirektoratet under kap. 1810 vert auka like mykje.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 525 000 kroner til 122,283 mill. kroner.

Auka aktivitet i samband med tilsyn med petroleumsverksemda fører med seg auka utgifter på til saman 5,4 mill. kroner. Desse utgiftene refunderast av operatørselskapa, jf. forslag til auking under kap. 3642 post 3 Refusjon tilsynsutgifter.

Som følgje av mellom anna redusert omfang av oppdrag som Petroleumstilsynet utfører for Norad og Boris, vert utgiftene redusert med 700 000 kroner, jf. kap. 3642 post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 21 med 4,7 mill. kroner, frå 12,6 mill. kroner til 17,3 mill. kroner.

Reduserte oppdrag knytt til mellom anna Norad og Boris fører med seg tilsvarande reduserte inntekter, jf. kap. 642 post 21 Spesielle driftsutgifter.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga under post 2 med 700 000 kroner, frå 1,3 mill. kroner til 600 000 kroner.

Løyvinga for 2004 er 52,2 mill. kroner.

Inntektene under denne posten vil auke på grunn av meir aktivitet knytta til tilsyn, jf. kap. 642 post 21 Spesielle driftsutgifter.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 3 med 5,5 mill. kroner, frå 52,2 mill. kroner til 57,7 mill. kroner.

I tråd med utvikling av elektronisk utveksling av informasjon er målet til Petroleumstilsynet at mest mogleg informasjon skal kunne finnast på nettet. Dette har ført til ein gradvis reduksjon av inntekter frå kopiering.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 6 med 400 000 kroner, frå 2,1 mill. kroner til 1,7 mill. kroner.

I lys av utviklinga i arbeidsløysa dei siste månadane, utbetalingane hittil i år og utsiktene på arbeidsmarknaden framover vil utbetalingane til dagpengar verte noko høgare enn det som vart lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. På denne bakgrunn vert det gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 2541 post 70 Dagpengar med 294 mill. kroner til 10 900 mill. kroner.

I lys av at utviklinga i talet på attføringspengemottakarar hittil i år har vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 2543 post 70 Attføringspengar med 220 mill. kroner til 9 000 mill. kroner.

Veksten i utbetalingane til attføringsstønadane har vore lågare enn tidlegare lagt til grunn, mellom anna som følgje av at færre personar har delteke i tiltak finansiert over attføringsstønadane. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 2543 post 71 Attføringsstønadar med 225 mill. kroner til 1 535 mill. kroner.