Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2004 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Innhold

Til Stortinget

Justisdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2004. Forslaga om endringar i løyvinga på nokre av dei regelbundne postane er mellom anna baserte på rekneskapstal pr. 30. september 2004.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 400 post 1 med 1,5 mill. kroner.

Løyvinga på kap. 400 post 71 dekkjer tilskot til internasjonale organisasjonar under Justisdepartementet sitt saksfelt. Bidraget til World Intellectual Property Organization (WIPO) blir refundert frå Utanriksdepartementet. Denne delen er redusert frå 30 pst. til 2,8 pst.. Utanriksdepartementet har difor berre refundert kr 74 802 til Justisdepartementet i 2004. På bakgrunn av dette foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3400 post 1 med 0,633 mill. kroner.

Som følgje av at arbeidet med Høgsterett si historie er avslutta, vil det ikkje lenger vere utgifter i samband med dette. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 61 post 1 med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 410 post 1, jf. omtale under kap. 410 post 1.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 410 post 1 med 0,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 61 post 1.

Oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra viser at talet på tvangsavviklingar i 2004 som følgje av at fristen for aksjeselskapa til å setje opp aksjekapitalen gjekk ut ved utløpet av 2003, vert lågare enn venta, jf. omtale under kap. 475. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 3410 post 1 med 5,9 mill. kroner.

Ved handsaminga av budsjettframlegget for 2004 i Stortinget blei løyvinga under kap. 430 Kriminalom­sorga si sentrale forvaltning, post 1 Driftsutgifter auka med 10 mill. kroner. 1 mill. kroner av aukinga skulle bli nytta til auka bruk av tenester frå Alternativ til vold (ATV).

Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2004 vedtok Stortinget å auke løyvinga under kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning, post 1 Driftsutgifter med 10 mill. kroner. På bakgrunn av budsjettavtala mellom Arbeidarpartiet og partia i Regjeringa blei tilskotet til Kirkens Sosialtjeneste auka med 0,4 mill. kroner.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyv­inga under kap. 430 post 1 med 1 mill. kroner.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430 post 45 med 0,3 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år foreslår Justisdepartementet å setje ned løyvinga under kap. 430 post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv. med 12 mill. kroner.

Den siste tida har ein sett auka omsynsløyse og råskap i dei kriminelle miljøa. Det er difor viktig å sikre tryggleiken for politiet så langt det er mogeleg, m.a. gjennom betre utstyr og materiell for sikring og vern. Den stramme budsjettsituasjonen for politiet i 2004 gjer at ein ikkje finn å kunne dekke inn ekstrautgifter ved omdisponeringar, kostnadsreduserande tiltak m.m. innafor eksisterande ramme for politiet.

Samla meirkostnader i 2004 for politiet etter ranet av Norsk Kontantservice er rekna til om lag 50 mill. kroner, dvs. 10 mill. kroner meir enn styrkinga som vart gitt gjennom Revidert nasjonalbudsjett 2004. Justisdepartementet foreslår ei tilleggsløyving på 9 mill. kroner for å dekke delar av meirkostnadene.

I samanheng med ranet av Norsk Kontantservice har politiet drive auka spaning, etterretning og kommunikasjonskontroll også i ei rekkje andre alvorlege saker. Justisdepartementet foreslår ei tilleggsløyving på 6 mill. kroner til å dekke desse kostnadene.

I 2004 vert det skrive ut vesentleg fleire pass enn venta. Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga med 16,4 mill. kroner til dekking av meirutgifter knytt til produksjon av fleire maskinlesbare pass.

Som følgje av at særskilt opplæring og trening av mannskap knytt til utrykkingseiningar i løpet av 2004 er overført frå Politihøgskulen til politidistrikta, foreslår ein å auke kap. 440 post 1 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 442 post 1, jf. omtale under kap. 442.

I St.prp. nr. 63 (2004-2005) vart det meldt at Justisdepartementet ville kome attende til fordelinga mellom kap. 440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten og kap. 441 Oslo politidistrikt i samband med Stortinget sitt vedtak om tilleggsløyving for m.a. å tilverke at nyutdanna polititenestemenn og -kvinner får arbeid i etaten. På bakgrunn av dette foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 440 post 1 med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 441 post 1, jf. omtale under kap. 441.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 440 post 21, jf. omtale under kap. 440 post 21. Samla forslag om tilleggsløyving på kap. 440 post 1 blir etter dette 37,5 mill. kroner.

Politiet sine utgifter i samband med asyl- og utlendingssaker vert delvis dekka over kap. 440 post 1 og delvis over kap. 440 post 21. Det er nødvendig å justere noko på fordelinga mellom postane. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 440 post 21 med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 440 post 1, jf. omtale under kap. 440, post 1.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling for passinntekter foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440 post 1 med 100 mill. kroner.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 440 post 1 med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 441 post 1, jf. omtale under kap. 440.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 442 post 1 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 440 post 1, jf. omtale under kap. 440.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 443 post 1 med 0,5 mill. kroner.

Justisdepartementet overtok frå og med 2004 budsjettansvaret for redningshelikoptertenesta levert av Luftforsvaret sin 330. skvadron. I den samanheng har det skjedd ein teknisk feil. Justisdepartementet foreslår difor å auke løyvinga under kap. 455 post 1 med 18,35 mill. kroner i 2004.

Ei kontinuerleg døgnvakt ved redningshelikopterbasen på Sola vart etablert frå 1. juni 2004. Meirkostnadene i 2004 er berekna til 2,1 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår derfor ein reduksjon på kap. 455 post 1 på 2,1 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på Helse- og omsorgsdepartementet sitt kap. 732 post 73.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 455 post 1 med 2,5 mill. kroner.

Posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap. Det vil bli eit meirforbruk på posten i 2004. Dette skuldast store utgifter for Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og forventa utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 455 post 21 med 4,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, 430, 443 og 475.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460 post 1 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, 430, 443 og 475.

Ut frå rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 10 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 71 med 10 mill. kroner.

Ordninga med eigendel for fri rettshjelp blei avskaffa frå 1. september 2003. Rekneskapstal pr. 31. august 2004 viser ei meirinntekt på posten. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 3470 post 1 med 5 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og forventa utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 471 post 71 med 8 mill. kroner.

Tidlegare fordelte Justisdepartementet løyvinga til konfliktråda via fylkesmennene over kap. 474 Konflikt­råd post 60 Overføring til kommunane. Frå 1. januar 2004 blei arbeidsgjevaransvaret overført til Sekretariatet for konfliktråda i samband med at staten overtok ansvaret for konfliktråda. I motsetning til staten set kommunane av feriepengar i eit fond i oppteningsåret, og betalar dei ut året etter. Kommunane overfører difor avsetjing av feriepengar for 2004 til Sekretariatet for konfliktråda. Kommunane overfører også ubrukte midlar frå 2003. Dette er midlar som blei fordelte til kommunane for 2003 og dermed ført ut av rekneskapen til staten.

På denne bakgrunn blei det i samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004), vedteke å opprette ein ny inntektspost post 1 Diverse inntekter under kap. 3474, og å auke løyvinga parallelt under kap. 474 post 1 og kap. 3474 ny post 1 med 2,8 mill. kroner. Nye opplysingar tilseier at inntektene for 2004 vil kome opp i 3,8 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår difor å auke løyvinga under kap. 474 post 1 og kap. 3474 post 1 med 1 mill. kroner.

Oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra viser at talet på tvangsavviklingar i 2004 som følgje av at fristen for aksjeselskapa til å setje opp aksjekapitalen gjekk ut ved utløpet av 2003, vert lågare enn venta. Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2004 vedtok Stortinget å redusere løyvinga under kap. 475 post 1 som følgje av oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra på tvangsoppløysingar i 2004. Det blei i denne samanheng rekna med at 1 000 selskap ville bli tvangsavvikla i 2004. I samsvar med nye oppdateringar frå Brønnøysundregistra legg Justisdepartementet no til grunn at om lag 470 selskap vil bli tvangsavvikla i 2004.

På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 475 post 1 med 7,4 mill. kroner. Ein foreslår også å redusere løyvinga under kap. 3410 post 1 med 5,9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3410 post 1. Justisdepartementet foreslår å omdisponere 0,6 mill. kroner av netto innsparing på totalt 1,5 mill. kroner til kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1, jf. omtale under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1.

I St.meld. nr. 13 (2001-2002) tilrådde Justisdepartementet at arkivet med pantebøkene blei lokalisert og sentralisert til Ullensvang. Stortinget gjorde 12. juni 2002 vedtak nr. 393 om å be Regjeringa opprette eit sentralt pantebokregister i Ullensvang herad.

Den teknologiske utviklinga tilseier at det vil vere meir rasjonelt og effektivt å skanne framtidige pantebokdokument under sakshandsaminga. Dei eksisterande pantebokdokumenta bør vere skanna i løpet av 10-12 år. Etter ei totalvurdering meiner departementet at skanninga av eksisterande pantebokdokument vil bli meir kostnadseffektiv enn kva som har blitt lagt til grunn tidlegare. Arbeidsplassar knytt til pantebokregisteret i Ullensvang vil difor bli mindre over tid og ikkje vare lenger enn 10-12 år. Det er difor nødvendig å etab­lere alternative løysingar for å sikre varige arbeidsplassar i Ullensvang.

Justisdepartementet rår difor til at det i Ullensvang blir oppretta eit servicesenter for tinglysinga kombinert med brukarstøtte og svarteneste for matrikkelen. Totalt vil dette gje 13-14 varige arbeidsplassar i Ullensvang.

Stortinget har ved handsaminga av St.meld. nr. 30 (2002-2003) "Norge digitalt - et felles fundament for verdiskaping" vedteke store omorganiseringar i Statens kartverk. Dette har frigjort lokale og bygningsmasse ved Statens kartverk. Sett i lys av den teknologiske utviklinga og den nye situasjonen som har oppstått, finn Justisdepartementet det mest formålstenleg at desse lokala hos Statens kartverk blir nytta til pantebokregisteret. Dette inneber at det ikkje er nødvendig å byggje eit nytt spesialtilpassa bygg i Ullensvang til pantebokregisteret.

Dei framtidige årlege meirkostnadene blir redusert med om lag 3,4 mill. kroner ved å nytte eksisterande lokale hos Statens kartverk framfor å leggje pantebokregisteret til Ullensvang. Over ein periode på 10-12 år blir dei samla meirkostnadene redusert med om lag 35-40 mill. kroner.

Forslaget inneber ingen budsjettmessige konsekvensar for 2005 utover kva det er gjort framlegg om i St.prp. nr. 1 (2004-2005) på kap. 412. Justisdepartementet legg opp til å starte etableringa av eit servicesenter i Ullensvang ved årsskiftet 2005/2006.

Departementet rår til at det blir oppretta eit servicesenter for tinglysinga i Ullensvang herad, og at sentralarkivet for panteboka blir lagt til Statens kartverk sitt hovudkontor i Ringerike kommune.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Anne Helen Rui og Knut Storberget, frå Høgre, leiaren Trond Helleland, Linda Cathrine Hofstad og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen og Harald Espelund, frå Kristeleg Folkeparti, Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og frå Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, viser til proposisjonen og har følgjande merknader til dei ulike kapitlane.

Komiteen viser til proposisjonen. Komiteen viser til at det i Revidert nasjonalbudsjett for 2004 ble bevilget 40 mill. kroner ekstra på politibudsjettet som følge av ranet av Norsk Kontantservice. Regjeringen foreslår ytterligere bevilgninger til arbeidet med å oppklare denne saken. Komiteen slutter seg til dette.

Komiteen har videre merket seg at etterforskning og oppfølging av ranet av Norsk Kontantservice vil kreve ressurser også i 2005, og at Regjeringen vil komme tilbake til saken på egnet måte dersom det skulle bli nødvendig.

Komiteen er enig i at nytt utstyr og materiell vil gjøre politiet bedre rustet til å sikre og verne verdier og personell i samband med Norges Bank sine transporter. Komiteen har merket seg at Regjeringen vil komme tilbake til spørsmålet om kjøretøy som kan vernes mot skudd. Komiteen slutter seg til dette.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser at de endringer som har blitt gjort, og gjøres for budsjettet for 2004, viser at budsjettforliket mellom Arbeiderpartiet og regjeringspartiene i fjor ga for lite penger til politiet og justissektoren. Disse medlemmer synes det er gledelig at Regjeringen i sitt nye budsjettforslag økte bevilgningen til politiet, og er tilfreds med at budsjettforliket med Regjeringspartiene for budsjettet 2005 gir en økning på justisbudsjettet på 275 mill. kroner utover Regjeringens forslag.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, merker seg departementets begrunnelse for å erstatte pantebokregisteret i Ullensvang med et servicesenter for tinglysingen. Flertallet støtter Regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til sine merknader i Innst. S. nr. 221 (2001-2002) der disse medlemmer var mot å flytte tinglysingen ut av domstolene og fysisk flytte pantebøkene til Ullensvang. Disse medlemmer er tilfreds med at det ikke blir noe av flyttingen som stortingsflertallet vedtok 12. juni 2002. Disse medlemmer er fortsatt av den oppfatning at domstolene er riktig instans for tinglysingsmyndigheten da domstolene har en unik kunnskap om rettsforhold knyttet til fast eiendom, pant, skifte og tvangssaker. Disse medlemmer vil peke på at tinglysingsoppgaven ikke bare krever kompetanse innen tinglysingsreglene, men også om annet lovverk som gjelder fast eiendom, som skifte, arv, tingrett, panterett, namsrett og selskapsrett. Mange eiendomsoverganger skjer i forbindelse med arvefall og skifte - situasjoner der domstolene allerede har oppgaver, og der det ofte vil være behov for en mer omfattende veiledning enn bare knyttet til tinglysings­reglene.

Disse medlemmer er glade for at Regjeringen har revurdert sitt standpunkt og snudd i spørsmålet om å splitte tinglysingen fra pantebøkene. Disse medlemmer stiller seg uforstående til at det nå bringes på bane etablering av et servicesenter for tinglysingen på et helt annet sted enn der pantebøkene og koordineringsoppgaven for tinglysing etter Regjeringens eget forslag er lokalisert. Disse medlemmer ser det som økonomisk og praktisk lite meningsfylt å opprette et nytt servicesenter for tinglysing i Ullensvang. Det ansees som formålstjenlig ut fra effektivitetshensyn at de ansatte i Statens kartverk i Ringerike kan svare direkte på henvendelser knyttet til tinglysing. Et servicesenter i Ullensvang, når tinglysingen og pantebøkene legges i Ringerike, virker byråkratisk og lite gjennomtenkt, og tyder på at det er andre hensyn som ligger til grunn for etableringen.

Komiteen viser til de øvrige forslagene til endringer og har ingen merknader til dette.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

61

Høgsterett (jf. kap. 3061)

1

Driftsutgifter, blir redusert med

800 000

frå kr 53 028 000 til kr 52 228 000

400

Justisdepartementet (jf. kap. 3400)

1

Driftsutgifter, blir redusert med

1 500 000

frå kr 201 235 000 til kr 199 735 000

410

Tingrettane og lagmannsrettane (jf. kap. 3410)

1

Driftsutgifter, blir auka med

800 000

frå kr 1 185 535 000 til kr 1 186 335 000

430

Kriminalomsorgen si sentrale forvaltning (jf. kap. 3430)

1

Driftsutgifter, blir redusert med

1 000 000

frå kr 1 712 913 000 til kr 1 711 913 000

45

Større kjøp av utstyr og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med

300 000

frå kr 85 545 000 til 85 245 000

60

Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv., kan overførast, blir redusert med

12 000 000

frå kr 22 340 000 til kr 10 340 000

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 3440)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 1, blir auka med

37 500 000

frå kr 5 898 543 000 til kr 5 936 043 000

21

Spesielle driftsutgifter, blir redusert med

5 000 000

frå kr 96 074 000 til kr 91 074 000

441

Oslo politidistrikt (jf. kap. 3441)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 1, blir auka med

1 900 000

frå kr 1 219 322 000 til kr 1 221 222 000

442

Politihøgskulen (jf. kap. 3442)

1

Driftsutgifter, blir redusert med

3 000 000

frå kr 204 680 000 til kr 201 680 000

443

Oppfølging av innsynslova

1

Driftsutgifter, blir redusert med

500 000

frå kr 7 332 000 til kr 6 832 000

455

Redningstenesta (jf. kap. 3455)

1

Driftsutgifter, blir auka med

13 750 000

frå kr 340 929 000 til kr 354 679 000

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

4 400 000

frå kr 5 640 000 til kr 10 040 000

460

Dei særskilde etterforskningsorgana

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 000 000

frå kr 8 267 000 til kr 10 267 000

466

Særskilde straffesaksutgifter m.m.

1

Driftsutgifter, blir auka med

10 000 000

frå kr 553 700 000 til kr 563 700 000

470

Fri rettshjelp (jf. kap. 3470)

71

Fritt rettsråd, blir auka med

10 000 000

frå kr 238 500 000 til kr 248 500 000

471

Staten sitt erstatningsansvar

71

Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving, blir auka med

8 000 000

frå kr 74 880 000 til kr 82 880 000

474

Konfliktråd

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 000 000

frå kr 39 374 000 til kr 40 374 000

475

Bohandsaming

1

Driftsutgifter, blir redsert med

7 400 000

frå kr 63 028 000 til kr 55 628 000

Inntekter:

3400

Justisdepartementet (jf. kap. 400)

1

Diverse inntekter, blir redusert med

633 000

frå kr 707 000 til kr 74 000

3410

Rettsgebyr (jf. kap. 410)

1

Rettsgebyr, blir redusert med

5 900 000

frå kr 1 351 468 000 til kr 1 345 568 000

3440

Politidirektoratet – Politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 440)

1

Gebyr, blir auka med

100 000 000

frå kr 298 540 000 til kr 398 540 000

3470

Fri rettshjelp (jf. kap. 470)

1

Eigendel m.m., blir auka med

5 000 000

frå kr 4 994 000 til kr 9 994 000

3474

Konfliktråd

1

Diverse inntekter, blir auka med

1 000 000

frå kr 2 800 000 til kr 3 800 000

II

Stortinget samtykkjer i at:

  • 1. Det blir oppretta eit servicesenter for tinglysinga i Ullensvang herad.

  • 2. Sentralarkivet for panteboka blir lagt til Statens kartverk sitt hovudkontor i Ringerike kommune.

Oslo, i justiskomiteen, den 25. november 2004

Trond Helleland
leiar og ordførar