Andre saker
I St.meld. nr. 13 (2001-2002) tilrådde Justisdepartementet at arkivet med pantebøkene blei lokalisert og sentralisert til Ullensvang. Stortinget gjorde 12. juni 2002 vedtak nr. 393 om å be Regjeringa opprette eit sentralt pantebokregister i Ullensvang herad.
Den teknologiske utviklinga tilseier at det vil vere meir rasjonelt og effektivt å skanne framtidige pantebokdokument under sakshandsaminga. Dei eksisterande pantebokdokumenta bør vere skanna i løpet av 10-12 år. Etter ei totalvurdering meiner departementet at skanninga av eksisterande pantebokdokument vil bli meir kostnadseffektiv enn kva som har blitt lagt til grunn tidlegare. Arbeidsplassar knytt til pantebokregisteret i Ullensvang vil difor bli mindre over tid og ikkje vare lenger enn 10-12 år. Det er difor nødvendig å etablere alternative løysingar for å sikre varige arbeidsplassar i Ullensvang.
Justisdepartementet rår difor til at det i Ullensvang blir oppretta eit servicesenter for tinglysinga kombinert med brukarstøtte og svarteneste for matrikkelen. Totalt vil dette gje 13-14 varige arbeidsplassar i Ullensvang.
Stortinget har ved handsaminga av St.meld. nr. 30 (2002-2003) "Norge digitalt - et felles fundament for verdiskaping" vedteke store omorganiseringar i Statens kartverk. Dette har frigjort lokale og bygningsmasse ved Statens kartverk. Sett i lys av den teknologiske utviklinga og den nye situasjonen som har oppstått, finn Justisdepartementet det mest formålstenleg at desse lokala hos Statens kartverk blir nytta til pantebokregisteret. Dette inneber at det ikkje er nødvendig å byggje eit nytt spesialtilpassa bygg i Ullensvang til pantebokregisteret.
Dei framtidige årlege meirkostnadene blir redusert med om lag 3,4 mill. kroner ved å nytte eksisterande lokale hos Statens kartverk framfor å leggje pantebokregisteret til Ullensvang. Over ein periode på 10-12 år blir dei samla meirkostnadene redusert med om lag 35-40 mill. kroner.
Forslaget inneber ingen budsjettmessige konsekvensar for 2005 utover kva det er gjort framlegg om i St.prp. nr. 1 (2004-2005) på kap. 412. Justisdepartementet legg opp til å starte etableringa av eit servicesenter i Ullensvang ved årsskiftet 2005/2006.
Departementet rår til at det blir oppretta eit servicesenter for tinglysinga i Ullensvang herad, og at sentralarkivet for panteboka blir lagt til Statens kartverk sitt hovudkontor i Ringerike kommune.