Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Forslag om endringar

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 400 post 1 med 1,5 mill. kroner.

Løyvinga på kap. 400 post 71 dekkjer tilskot til internasjonale organisasjonar under Justisdepartementet sitt saksfelt. Bidraget til World Intellectual Property Organization (WIPO) blir refundert frå Utanriksdepartementet. Denne delen er redusert frå 30 pst. til 2,8 pst.. Utanriksdepartementet har difor berre refundert kr 74 802 til Justisdepartementet i 2004. På bakgrunn av dette foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3400 post 1 med 0,633 mill. kroner.

Som følgje av at arbeidet med Høgsterett si historie er avslutta, vil det ikkje lenger vere utgifter i samband med dette. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 61 post 1 med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 410 post 1, jf. omtale under kap. 410 post 1.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 410 post 1 med 0,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 61 post 1.

Oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra viser at talet på tvangsavviklingar i 2004 som følgje av at fristen for aksjeselskapa til å setje opp aksjekapitalen gjekk ut ved utløpet av 2003, vert lågare enn venta, jf. omtale under kap. 475. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 3410 post 1 med 5,9 mill. kroner.

Ved handsaminga av budsjettframlegget for 2004 i Stortinget blei løyvinga under kap. 430 Kriminalom­sorga si sentrale forvaltning, post 1 Driftsutgifter auka med 10 mill. kroner. 1 mill. kroner av aukinga skulle bli nytta til auka bruk av tenester frå Alternativ til vold (ATV).

Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2004 vedtok Stortinget å auke løyvinga under kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning, post 1 Driftsutgifter med 10 mill. kroner. På bakgrunn av budsjettavtala mellom Arbeidarpartiet og partia i Regjeringa blei tilskotet til Kirkens Sosialtjeneste auka med 0,4 mill. kroner.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyv­inga under kap. 430 post 1 med 1 mill. kroner.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430 post 45 med 0,3 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år foreslår Justisdepartementet å setje ned løyvinga under kap. 430 post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv. med 12 mill. kroner.

Den siste tida har ein sett auka omsynsløyse og råskap i dei kriminelle miljøa. Det er difor viktig å sikre tryggleiken for politiet så langt det er mogeleg, m.a. gjennom betre utstyr og materiell for sikring og vern. Den stramme budsjettsituasjonen for politiet i 2004 gjer at ein ikkje finn å kunne dekke inn ekstrautgifter ved omdisponeringar, kostnadsreduserande tiltak m.m. innafor eksisterande ramme for politiet.

Samla meirkostnader i 2004 for politiet etter ranet av Norsk Kontantservice er rekna til om lag 50 mill. kroner, dvs. 10 mill. kroner meir enn styrkinga som vart gitt gjennom Revidert nasjonalbudsjett 2004. Justisdepartementet foreslår ei tilleggsløyving på 9 mill. kroner for å dekke delar av meirkostnadene.

I samanheng med ranet av Norsk Kontantservice har politiet drive auka spaning, etterretning og kommunikasjonskontroll også i ei rekkje andre alvorlege saker. Justisdepartementet foreslår ei tilleggsløyving på 6 mill. kroner til å dekke desse kostnadene.

I 2004 vert det skrive ut vesentleg fleire pass enn venta. Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga med 16,4 mill. kroner til dekking av meirutgifter knytt til produksjon av fleire maskinlesbare pass.

Som følgje av at særskilt opplæring og trening av mannskap knytt til utrykkingseiningar i løpet av 2004 er overført frå Politihøgskulen til politidistrikta, foreslår ein å auke kap. 440 post 1 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 442 post 1, jf. omtale under kap. 442.

I St.prp. nr. 63 (2004-2005) vart det meldt at Justisdepartementet ville kome attende til fordelinga mellom kap. 440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten og kap. 441 Oslo politidistrikt i samband med Stortinget sitt vedtak om tilleggsløyving for m.a. å tilverke at nyutdanna polititenestemenn og -kvinner får arbeid i etaten. På bakgrunn av dette foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 440 post 1 med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 441 post 1, jf. omtale under kap. 441.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 440 post 21, jf. omtale under kap. 440 post 21. Samla forslag om tilleggsløyving på kap. 440 post 1 blir etter dette 37,5 mill. kroner.

Politiet sine utgifter i samband med asyl- og utlendingssaker vert delvis dekka over kap. 440 post 1 og delvis over kap. 440 post 21. Det er nødvendig å justere noko på fordelinga mellom postane. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 440 post 21 med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 440 post 1, jf. omtale under kap. 440, post 1.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling for passinntekter foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440 post 1 med 100 mill. kroner.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 440 post 1 med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 441 post 1, jf. omtale under kap. 440.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 442 post 1 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 440 post 1, jf. omtale under kap. 440.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 443 post 1 med 0,5 mill. kroner.

Justisdepartementet overtok frå og med 2004 budsjettansvaret for redningshelikoptertenesta levert av Luftforsvaret sin 330. skvadron. I den samanheng har det skjedd ein teknisk feil. Justisdepartementet foreslår difor å auke løyvinga under kap. 455 post 1 med 18,35 mill. kroner i 2004.

Ei kontinuerleg døgnvakt ved redningshelikopterbasen på Sola vart etablert frå 1. juni 2004. Meirkostnadene i 2004 er berekna til 2,1 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår derfor ein reduksjon på kap. 455 post 1 på 2,1 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på Helse- og omsorgsdepartementet sitt kap. 732 post 73.

Som ei delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1 på til saman 6,4 mill. kroner, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 455 post 1 med 2,5 mill. kroner.

Posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap. Det vil bli eit meirforbruk på posten i 2004. Dette skuldast store utgifter for Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og forventa utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 455 post 21 med 4,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, 430, 443 og 475.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460 post 1 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, 430, 443 og 475.

Ut frå rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 10 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 71 med 10 mill. kroner.

Ordninga med eigendel for fri rettshjelp blei avskaffa frå 1. september 2003. Rekneskapstal pr. 31. august 2004 viser ei meirinntekt på posten. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 3470 post 1 med 5 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og forventa utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 471 post 71 med 8 mill. kroner.

Tidlegare fordelte Justisdepartementet løyvinga til konfliktråda via fylkesmennene over kap. 474 Konflikt­råd post 60 Overføring til kommunane. Frå 1. januar 2004 blei arbeidsgjevaransvaret overført til Sekretariatet for konfliktråda i samband med at staten overtok ansvaret for konfliktråda. I motsetning til staten set kommunane av feriepengar i eit fond i oppteningsåret, og betalar dei ut året etter. Kommunane overfører difor avsetjing av feriepengar for 2004 til Sekretariatet for konfliktråda. Kommunane overfører også ubrukte midlar frå 2003. Dette er midlar som blei fordelte til kommunane for 2003 og dermed ført ut av rekneskapen til staten.

På denne bakgrunn blei det i samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004), vedteke å opprette ein ny inntektspost post 1 Diverse inntekter under kap. 3474, og å auke løyvinga parallelt under kap. 474 post 1 og kap. 3474 ny post 1 med 2,8 mill. kroner. Nye opplysingar tilseier at inntektene for 2004 vil kome opp i 3,8 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår difor å auke løyvinga under kap. 474 post 1 og kap. 3474 post 1 med 1 mill. kroner.

Oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra viser at talet på tvangsavviklingar i 2004 som følgje av at fristen for aksjeselskapa til å setje opp aksjekapitalen gjekk ut ved utløpet av 2003, vert lågare enn venta. Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2004 vedtok Stortinget å redusere løyvinga under kap. 475 post 1 som følgje av oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra på tvangsoppløysingar i 2004. Det blei i denne samanheng rekna med at 1 000 selskap ville bli tvangsavvikla i 2004. I samsvar med nye oppdateringar frå Brønnøysundregistra legg Justisdepartementet no til grunn at om lag 470 selskap vil bli tvangsavvikla i 2004.

På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 475 post 1 med 7,4 mill. kroner. Ein foreslår også å redusere løyvinga under kap. 3410 post 1 med 5,9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3410 post 1. Justisdepartementet foreslår å omdisponere 0,6 mill. kroner av netto innsparing på totalt 1,5 mill. kroner til kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1, jf. omtale under kap. 455 post 21 og kap. 460 post 1.