Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig delprogram (COOPENER) under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF om tiltak på energiområdet

Innhold

Til Stortinget

Utanriksdepartementet foreslår i proposisjonen at Stortinget samtykkjer til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004.

COOPENER handlar om samarbeid mellom EU og utviklingsland om å fremje fornybare energikjelder og energieffektivitet. COOPENER er ein del av det fleirårige handlingsprogrammet "Intelligent energi for Europa" (2003-2006), som vart innlemma i EØS-avtala ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 164/2003 av 7. november 2003.

Norsk deltaking i COOPENER-programmet krev løyvingsvedtak over to år, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

Programmet "Intelligent energi for Europa" (2003-2006) skal støtte ei berekraftig utvikling på energiområdet. Delprogrammet COOPENER gjeld støtte til initiativ som fremjer fornybare energikjelder og energieffektivitet i utviklingsland, særleg innanfor ramma av fellesskapssamarbeidet med utviklingsland i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Stillehavsområdet. Aktivitetane under COOPENER vil fokusere på oppbygging og utvikling av lokal kompetanse i desse landa, med særleg vekt på forvaltinga på ulike styresmaktnivå. Siktemålet er å styrkje den evna landa har til å utvikle og gjennomføre konkrete prosjekt og tiltak, eventuelt i samarbeid med EU eller andre partnarar, som kan medverke til meir effektiv energibruk og auka bruk av fornybare energiressursar.

Deltaking i delprogrammet gjer det mogleg for no­rske aktørar å søkje EU om støtte til prosjekt, seminar og andre tiltak som ligg innanfor rammene av programmet. For å få støtte må tiltaka ha deltaking frå minst to land i EØS-området. Programmet har difor ein viktig funksjon som brubyggjar for samarbeid og etablering av kontaktnett over landegrensene. Norske aktørar har viktig kompetanse på dette området. COOPENER vert i tillegg rekna for å vere i samsvar med norske prioriteringar om å fremje ein berekraftig energipolitikk for utviklingslanda.

Tilskotet frå Noreg på om lag 1,8 mill. kroner, dvs. om lag 0,9 mill. kroner pr. år, vil verte finansiert over budsjettet til Olje- og energidepartementet (budsjettkapittel 1824, post 21).

Deltaking i delprogrammet vil ikkje få nemnande administrative konsekvensar.

Gjennomføring av avgjerda i EØS-komiteen gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Utkast til innstilling er lagt fram for utanrikskomiteen, og komiteen har ikkje merknader til innstillinga.

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig delprogram (COOPENER) under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF om tiltak på energiområdet.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 24. november 2004

Bror Yngve Rahm

leiar og ordførar