Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra samferdselskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/42/EF om rapportering av hendingar innan sivil luftfart

Innhold

Til Stortinget

EØS-komiteen vedtok 23. april 2004 å endre vedlegg XIII (Transport) til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2003/42 av 13. juni 2003 om rapportering av hendingar innan sivil luftfart.

Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Føremålet med direktivet er å leggje tilhøva til rette for å få informasjon om risiko for luftfartsulukker før slike ulukker og alvorlege hendingar skjer. Det første steget i arbeidet for å få ned ulukkesraten i luftfarten, var å gjennomføre undersøkingar av ulukker og alvorlege hendingar som alt har skjedd, i medhald av rådsdirektiv 94/54/EF av 21. november 1994 (undersøkingsdirektivet), om fastsetjing av grunnleggjande prinsipp for undersøking av ulukker og alvorlege hendingar innan sivil luftfart. Men det er få ulukker og alvorlege hendingar som skjer, og undersøkinga av desse gjev avgrensa høve til læring.

Rapporteringsdirektivet har som føremål å utfylle undersøkingsdirektivet ved ein meir proaktiv tilnærmingsmåte. Direktivet byggjer på røynsler som syner at det normalt ikkje er éi einskild årsak til ei luftfarts­ulukke, men ei rekkje årsaksfaktorar. Røynsler har synt at rapporteringsviljen er god når det gjeld å melde frå om tekniske manglar og andre tilhøve som ikkje rapportøren sjølv er involvert i. Av frykt for konsekvensane er flygarar, flygeleiarar og andre tilbakehaldne med å rapportere om tilhøve der dei sjølve er innblanda. Dette gjer det vanskeleg for luftfartsstyresmaktene å få inn relevant informasjon i tide til å avdekkje veikskapar.

Direktivet byggjer på røynsler frå havariundersøkingar som syner at menneskelege faktorar, i ulik grad, er knytte til 80 pst. av ulukker og hendingar innan sivil luftfart.

Skal rapporteringsviljen styrkjast, må frykta for straff, inndraging av sertifikat, reaksjonar frå arbeidsgjevar og uthenging i media reduserast eller fjernast gjennom rettslege garantiar.

Direktivet legg grunnlaget for eit nytt system for rapportering av luftfartshendingar som ikkje er å rekne som alvorlege.

For å skape den naudsynte tilliten til systemet blant rapportørane, er direktivet basert på ein grunntanke om at dei innrapporterte opplysningane berre skal nyttast til flytryggingsmessige føremål.

Det er ikkje venta at direktivet vil få administrative og økonomiske konsekvensar av særleg omfang.

Gjennomføringa av direktivet i norsk rett vil krevje endring i luftfartslova. Direktiv skal gjennomførast i norsk rett i medhald av artikkel 7 bokstav b) i EØS-avtala.

Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Samferdselsdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med dei naudsynte lovendringane.

Utenrikskomiteen melder i brev av 27. oktober 2004 ingen merknader til foreløpig innstilling fra samferdselskomiteen.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, fra Høyre, Hans Gjeisar Kjæstad, lederen Petter Løvik, Mathias Råheim og Åse Versland, fra Fremskrittspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Kari Økland, og fra Senterpartiet, Jorunn Ringstad, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/42/EF om rapportering av hendingar innan sivil luftfart.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 28. oktober 2004

Petter Løvik

leder

Hans Gjeisar Kjæstad

ordfører