Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

4. Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

I Kredittmeldinga 2002 blei det gitt ei oversikt over regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet for 2002 og fram til 1. juni 2003. I kapittel 4 i meldinga er det gitt ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet hovudsakleg for perioden frå 1. juni 2003 til 31. desember 2003. Framstillinga kan gå noko utover dette tidsrommet. Vidare inneheld omtalen ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same periode. Kredittmeldinga 2002 inneheld som nemnt òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 2003. Enkelte av desse sakene blir kort omtala på nytt i meldinga. Sjå elles Kredittmeldinga 2002 kapittel 3.

Komiteen tek det som står i kapittel 4 i meldinga om regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet til orientering.