Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

3. Registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i eit fripoliseregister

For arbeidstakarar som har eller har hatt tenestepensjonsordning hos noverande eller tidlegare arbeidsgivar, utgjer tenestepensjonen eit supplement til pensjon frå folketrygda. Alle tilsette i stat og kommune har supplerande tenestepensjonsordning. Også mange føretak i privat sektor har oppretta tenestepensjonsordningar for tilsette.

Føretak i privat sektor opprettar i hovudsak pensjonsordningar etter "lov 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon" og "lov 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold" (innskotspensjons­-lova). Pensjonsordningar etter desse lovene får ei skattemessig gunstig behandling. I føretak som har oppretta slik pensjonsordning, vil arbeidstakar som er medlem av ordninga opparbeide seg pensjonsrettar mens han arbeider i føretaket. Når arbeidstakars medlemskap tek slutt, typisk når arbeidsforholdet blir avslutta før oppnådd pensjonsalder, blir det skrive ut eit bevis på kva pensjonsrettar arbeidstakaren har tent opp. Dette beviset blir omtala som fripolise ("lov om foretakspensjon") eller pensjonskapitalbevis (innskotspensjonslova).

Ein fripolise og eit pensjonskapitalbevis utgjer eigne rettsforhold mellom innehavar og pensjonsinnretninga som forvaltar pensjonsretten. Etter at fripolise og pensjonskapitalbevis er utskrivne, er pensjonsretten til den tidlegare medlemmen økonomisk lausriven frå den pensjonsordninga som retten er utskriven frå. Den pensjonsinnretninga som forvaltar fripolisen eller pensjonskapitalbeviset, skal årleg informere innehavar om rettane gjennom den årlege kontoutskrifta. Bedrifta som finansierte pensjonen, har ikkje lenger noko ansvar for å gi informasjon.

I "lov om foretakspensjon" og innskotspensjonslova er det gitt føresegner om registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i eit fripoliseregister. "Lov om foretakspensjon" kapittel V inneheld føresegner om eit fripoliseregister, og i § 4-14 første ledd første setning heiter det at "Fripoliser utstedt i henhold til reglene i loven her skal registreres i Fripoliseregisteret". I innskotspensjonslova er det i § 6-2 fjerde ledd gitt ei tilsvarande føresegn. Men eit register for registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis er førebels ikkje oppretta. Ved behandlinga av "lov om foretakspensjon" bad finanskomiteen om ei nærmare vurdering av spørsmålet om dei offentlege pensjonsordningane bør inkluderast i eit fripoliseregister, før eit slikt register eventuelt blir oppretta.

Finansdepartementet sende 19. november 2003 på høyring eit utkast til forskrift om eit fripoliseregister. Utkastet til forskrift var utarbeidd av ei arbeidsgruppe som bestod av representantar frå Finansdepartementet og Kredittilsynet. I kapittel 3 i meldinga blir forslaga frå arbeidsgruppa beskrivne nærmare. Men først kjem ein kort omtale av vurderingar knytte til registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i samband med fastsetjinga av "lov om foretakspensjon" og innskotspensjonslova. Det blir òg referert kva høyringsinstansane har meint om forslaget frå arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa har utarbeidd utkast til forskrift om eit fripoliseregister for tenestepensjon (fripolisar og pensjonskapitalbevis) etter føretakspensjonslova og innskotspensjonslova. Departementet registrerer at høyringsinstansane er delt i sitt syn på om det bør opprettast eit fripoliseregister for desse ordningane åleine, og at fleire høyringsinstansar meiner at eit fripoliseregister bør omfatte tilsvarande rettar frå offentlege pensjonsordningar. Fleire høyringsinstansar meiner på denne bakgrunnen at det vil vere formålstenleg om problemstillingane knytte til informasjon om eigne pensjonsrettar blir utgreidde nærmare i ein breiare samanheng.

Departementet legg vekt på at informasjon om opptente pensjonsrettar i tenestepensjonsordningane i privat sektor bør vere enkelt tilgjengeleg for dei med pensjonsrettar. Departementet legg til grunn at eit sentralt register over utskrivne fripolisar og pensjonskapitalbevis, når registeret byggjer på brukarvennlege løysingar og gratis tilgang til data om eigen pensjon, kan gjere det lettare for dei med pensjonsrettar å få tilgang til den relevante informasjonen. I dei private tenestepensjonsordningane, der innehavarar av fripolisar og pensjonskapitalbevis årleg får ei oversikt over eigen opptent pensjon i form av ei kontoutskrift frå pensjonsinnretninga, kan eit fripoliseregister vere ei alternativ kjelde til informasjon om pensjonsrettar. Dersom ein person er i tvil om ein har fripolise eller pensjonskapitalbevis, kan registeret bekrefte eller avkrefte dette. Men fordi opplysningane i registeret kjem til å vere innhenta frå pensjonsinnretninga, kan registeret i utgangspunktet ikkje gi informasjon ut over det pensjonsinnretninga kan gi.

Eit fripoliseregister, slik det er føreslått av arbeidsgruppa, kan ikkje gi ei oversikt over dei samla pensjonsrettane til kvar enkelt. Pensjonsopptening som ikkje blir med i det føreslåtte registeret, er mellom anna pensjon i privat tenestepensjonsordning der arbeidstakar eller pensjonist framleis er medlem, opptent pensjon frå arbeidsforhold i offentleg sektor, opptent pensjon i individuelle pensjonsavtalar og opptent pensjon i folketrygda.

Det er i "lov om foretakspensjon" og innskotspensjonslova gitt føresegner om registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i eit register. Fordelen med eit slikt register er at ein samordnar informasjon, og at etterlatne enkelt kan sjekke om ein avdød person har fripolise eller pensjonskapitalbevis. På dette grunnlag kan ein finna ut kven som har pensjonsrettar etter ein fripolise eller eit kapitalbevis.

Både offentlege og private tenestepensjonsordningar er utforma som eit supplement til ytingar frå folketrygda. Sjølv om offentleg og privat tenestepensjon for mange arbeidstakarar betyr mykje, er folketrygda for dei fleste arbeidstakarar det viktigaste elementet i samla pensjon. Departementet meiner derfor at det, før ein tar endeleg standpunkt i saka, bør vurderast om pensjonsrettar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og frå folketrygda bør inkluderast i eitt register, slik at kvar enkelt får ei betre og meir samkjørt oversikt over samla pensjonsopptening.

I NOU 2004:1 Modernisert folketrygd er det føreslått omfattande endringar i folketrygda. Dei supp­lerande offentlege og private tenestepensjonsordningane må i neste omgang tilpassast desse endringane. I samband med oppfølginga av NOU 2004:1 Modernisert folketrygd vil departementet derfor vurdere korleis informasjon om pensjonsrettar frå folketrygda og frå offentlege og private tenestepensjonsordningar kan leggjast til rette på ein god måte, mellom anna om informasjon om pensjon frå slike ordningar bør takast inn i eit pensjonsregister som kan gi kvar enkelt eit betre samla bilete av eigne pensjonsrettar.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er kjend med at det er teke initiativ frå næringa sjølv til å lage eit enkelt register som vil gje oversikt over den enkelte sine rettar i livsforsikringar, kapitalforsikringar og pensjonsforsikringar. Fleirtalet har ikkje merknader til eit slikt register.

Fleirtalet er elles samd med departementet sin konklusjon om at det i samband med oppfølging av NOU 2004:1 Modernisert folketrygd vert føreteke ei vurdering av korleis informasjon om pensjonsrettar frå folketrygda og frå offentlege og private tenestepensjonsordningar kan leggjast til rette på ein god måte, og at det då mellom anna vert vurdert om pensjonsrettar frå slike ordningar bør takast inn i eit pensjonsregister som kan gje kvar enkelt eit betre samla bilete av eigne pensjonsrettar.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til det arbeid FNH har startet med å etablere et register som skal omfatte alle rettigheter i forhold til forsikringsselskapene. Det vil si at alle livsforsikringer, både individuelle og kollektive, både kapitalforsikringer og pensjonsforsikringer, vil vises i registeret. Registeret vil bli lagt opp slik at det også kan motta innrapportering fra det offentlige, pensjons­kasser, banker, verdipapirfond og andre aktører.

Et slikt totalregister vil etter disse medlemmers oppfatning være langt nyttigere både for forsikrede og pårørende når det gjelder informasjon om dekninger enn et isolert fripoliseregister.

Departementet konkluderer med at det i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2004: modernisert folketrygd vil foreta en vurdering av hvordan informasjon om pensjonsrettigheter fra folketrygden og fra offentlig og private tjenestepensjonsordninger kan legges til rette på en god måte.

Etter disse medlemmers oppfatning vil et slikt totalregister som FNH skisserer ivareta nettopp de hensyn som departementet er opptatt av.