Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Finansiell stabilitet

Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra, Kredittilsynet fører tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren, mens Noregs Bank skal medverke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området har blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet. Verksemda til IMF blir omtala nærmare i kapittel 8 i meldinga.

Første del av kapittel 2 i meldinga skildrar utviklinga i finansmarknadene den siste tida. Vidare blir strukturen i den norske finansmarknaden omtala. Seinare i kapitlet blir det gjort nærmare greie for ulike risikofaktorar, som marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko og risiko i betalingssystema. Avslutningsvis kjem ei kort oppsummering av hovudtrekka og einskilde av departementet sine merknader. Kapitlet inneheld òg to boksar med omtale av nye retningslinjer for kapitaldekningsregelverket. Talmaterialet og bakgrunnsinformasjonen til kapitlet er i stor grad henta frå rapportar og publikasjonar frå Noregs Bank og Kredittilsynet, mellom anna rapportane frå Noregs Bank om finansiell stabilitet og rapportane frå Kredittilsynet om finansinstitusjonar og rapporten Tilstanden i Finansmarkedet 2003.

Finansiell stabilitet inneber mellom anna at det finansielle systemet oppfyller viktige funksjonar i samfunnet - som kredittallokering, betalingsformidling og prising av finansielle aktiva. Vidare inneber finansiell stabilitet at aktørane har tillit til at systemet fungerer, og at finansielle avtalar blir gjorde opp på rettmessig vis. Eit stabilt og velfungerande finansielt system legg såleis grunnlaget for ulike spare- og investeringsalternativ, mellom anna realinvesteringar som er finansierte med eigenkapital og gjeld, og omfordeling av risiko mellom ulike aktørar. Nokre av dei sentrale samanhengane i det finansielle systemet, og korleis desse verkar inn på den finansielle stabiliteten innanlands, er skildra i første del av kapitlet om finansiell stabilitet i St.meld. nr. 7 (2003-2004) Kredittmeldinga 2002.

Finansdepartementet vurderer den finansielle stabiliteten som noko styrkt etter at Kredittmeldinga 2002 blei lagd fram i oktober 2003. Bankane er samla sett relativt godt kapitaliserte, og er med normal inntening i stand til å ta monalege tap før soliditeten er truga. Bankane oppnådde eit betre resultat i 2003 enn året før, men resultatet var likevel svakare enn i 2001. Både den totale kapitaldekninga og kjernekapitaldekning i bankane auka svakt frå 2002. Vidare blei utlånstapa noko reduserte i 2003 i forhold til 2002. Rentenedgangen i 2003 førte til press på bankane sine rentemarginar, og netto renteinntekter blei reduserte samanlikna med året før.

Veksten i bankane sin kreditt til hushalda har vore høg over fleire år, og står ikkje i forhold til veksten i inntektene til hushalda. Gjeldsbelastninga har derfor auka monaleg dei siste åra, særleg i visse grupper av hushald. Auken i gjeldsbelastning gjer at ein renteauke vil ha større innverknad på hushaldsøkonomien. Rentebelastninga er kraftig redusert som følgje av rentereduksjonane, noko som medverkar til redusert kredittrisiko knytt til lån til hushalda på kort sikt. Ved ein eventuell renteauke kan belastninga likevel auke igjen, og det er derfor viktig at kvart einskilt hushald har noko å gå på når dei tek opp lån, som sikring mot uventa renteauke og inntektsfall. At bankane har auka den delen av utlåna der lånebeløpet er høgare enn bustadverdien, medverkar til å auke kredittrisikoen knytt til lån til hushalda.

Veksten i gjelda til føretaka er relativt låg, noko som har medverka til redusert gjeldsbelastning. Rentebelastninga har blitt redusert som følgje av lågare rente og låg gjeldsvekst. Lågare gjelds- og rentebelastning trekkjer saman med ei betring i konjunktursituasjonen i retning av redusert kredittrisiko i samband med lån til føretaka. Utviklinga i føretakssektoren, og dermed også kredittrisikoen knytt til lån til denne sektoren, heng tett saman med utviklinga i hushaldssektoren ettersom innteninga er avhengig av etterspurnaden til hushalda.

Rekna som del av forvaltningskapitalen har bufferkapitalen til livsforsikringsselskapa auka frå utgangen av 2002 til utgangen av 2003. Auken i bufferkapital heng saman med den positive utviklinga i verdipapirmarknaden. Trass i at bufferkapitalen utgjer ein større del av forvaltningskapitalen, har kapitaldekninga falle i same periode. Kapitaldekninga er likevel relativt god.

Renteendringar verkar annleis for livsforsikringsselskap enn for bankar. Rentereduksjonar inneber at mark­nadsverdien av obligasjonane til livsforsikringsselskapa aukar. Lågare rente inneber på den andre sida at livselskapa oppnår lågare avkastning når dei investerer midlar på nytt i marknaden, slik at låge renter på lang sikt kan gjere det vanskeleg for livsforsikringsselskapa å oppfylle rentegarantien. Som følgje av redusert marknadsrente har Finansdepartementet redusert den høgaste avkastninga som livselskapa kan garantere for framtidige innbetalingar, til 3 pst.

Livsforsikringsselskapa er òg eksponerte for mark­nadsrisiko som følgje av at delar av forvaltningskapitalen blir investert i aksjar. Kursane har svinga sterkt dei seinare åra, og ein kan ikkje utelukke høg volatilitet også framover. På same måte som i førre Kredittmelding vil departementet understreke kor viktig det er at livsforsikringsselskapa tilpassar risikoen knytt til kapitalplasseringane til soliditetssituasjonen. Dei gode resultata i 2003 har medverka til at livsforsikringsselskapa går inn i 2004 med ein høgare bufferkapital enn det dei hadde ved inngangen til 2003. Auka bufferkapital set selskapa i stand til å auke aksjedelen av forvaltningskapitalen.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at den finansielle stabiliteten ser ut til å vere noko styrkt det siste året, mellom anna ved at bankane er god kapitaliserte og i stand til å ta monalege tap.

Fleirtalet har vidare merka seg at den høge kredittveksten til hushaldningane ikkje står i forhold til veksten i hushaldningane sine inntekter.

Fleirtalet vil peika på at det ved vurdering av nye lån må takast høgde for at rentenivået i framtida kan verta høgare enn det me opplever i dag. Både myndighetene og bankane må sjå til at auka soliditet hos bankane ikkje fører til "utlånspress".

Fleirtalet tek elles det som står i kapittel 2 om finansiell stabilitet til orientering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at til tross for at husholdningenes kredittetterspørsel fortsatt er høy, og på femte året viser en tosifret vekstrate, og også er høyere enn veksten i husholdningenes inntekter, har nedgangen i Norges Banks foliorente på 5,25 prosentpoeng fra sommeren 2002 til mars 2004 bidratt til at renteutgiftene som andel av disponibel inntekt har falt til et nivå som utgjør en tredel av nivået på slutten av 1980-tallet. Med en stadig høyere gjeldsgrad i husholdningene er det likevel viktig at bankene ved tildeling av nye lån ikke legger dagens lave rentenivå til grunn, men tar høyde for at låntaker må kunne tåle en ikke ubetydelig renteoppgang i løpet av lånets løpetid.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at norske banker har historisk gode resultater, som er blant de beste i Europa. Etter disse medlemmers mening viser det at konkurransen i det norske bankmarked er for svak, blant annet med bakgrunn i den dominerende stilling enkelte banker har fått, gjennom oppkjøp og fusjoner, de siste årene. Disse medlemmer ber Konkurransetilsynet og Regjeringa om å følge denne utviklingen nøye, og iverksette tiltak hvis utviklingen fortsetter. Prisen forbrukerne i dag betaler for banktjenester er åpenbart for høy.

Disse medlemmer viser videre til at gjelda til forbrukerne over år har økt mer enn husholdningenes inntekter. Etter disse medlemmers mening kan denne situasjonen for mange familier bli ekstra vanskelig når renta stiger igjen. Det er derfor viktig at banker og andre som låner ut penger, er oppmerksom på det, og veileder kunder som har lån de vanskelig kan klare å betjene i en situasjon der renta stiger. Det er viktig at Finansdepartementet og underliggende etater er oppmerksom og iverksetter tiltak før en slik situasjon oppstår.