Innstilling frå samferdselskomiteen om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet (rv 680 Imarsundsambandet og rv 669 Sandvika ferjekai med veg) i Møre og Romsdal
Dette dokument
- Innst. S. nr. 261 (2003-2004)
- Kildedok: St.prp. nr. 69 (2003-2004)
- Dato: 10.06.2004
- Utgiver: Samferdselskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet i Møre og Romsdal.
Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte hausten 2004 med førebuande arbeid, med fullføring i løpet av 2006.
Alternativ bruk av ferjetilskot og bompengar er viktige element i finansieringsplanen for prosjektet. Dei prinsippa som er trekte opp for alternativ bruk av innspara ferjetilskot ved ferjeavløysingsprosjekt er lagt til grunn, jf. Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1 (2001-2002), St.prp. nr. 60 (2001-2002) og St.prp. nr. 67 (2002-2003).
Imarsundprosjektet vil avløyse ferjesambandet som i dag går mellom Aukan i Tustna kommune og Vinsternes i Aure kommune. Prosjektet omfattar om lag 3,4 km ny tofelts veg med 6,5 m vegbreidde på rv 680 med bruer over Imarsundet og Litjsundet på høvesvis 580 og 300 m.
Ferjesambandet Aukan - Edøya (Smøla) - Forsnes (Hitra) blir også endra. Ferja til Forsnes blir lagt ned og ferjestrekninga til Smøla blir korta ned ved bygging av 1,3 km ny veg på rv 669 med ny ferjekai i Sandvika. Kaia i Sandvika vil erstatte dagens ferjekai på Aukan og korte ned ferjesambandet mellom Tustna og Edøya i Smøla kommune med om lag 5 minutt, dvs. om lag med ein femtedel.
I tillegg inngår økonomisk tilskot til kabelferje til Solskjeløya i Tustna og ei mindre utbetring av vegnettet på øya.
Kabelferja er føresett driven av eit privat selskap, Tustna kabelferje B/A.
Det er planlagt ein bomstasjon i Aure, om lag 700 m aust for brua over Litjsundet.
Samla kostnadsoverslag for Imarsundprosjektet er 250 mill. 2004-kroner. Kostnaden fordeler seg med 209 mill. kroner på sjølve Imarsundsambandet og 37 mill. kroner på ny veg til Sandvika med ferjekai. Eit eingongstilskot på 4 mill. 2002-kroner til investering i kabelferje og vegutbetring på Solskjeløya inngår også i overslaget.
Samfunnsøkonomisk netto nytte for Imarsundsambandet er rekna til om lag 0 mill. kroner, basert på ei løysing utan bompengar. Basert på ei løysing med bompengar har prosjektet ei netto nytte på om lag -25 mill. kroner.
Ei kabelferje blir å rekne som maskindrive fartøy, som vil krevje naudsynte sertifikat etter sjøfartslovgivinga. Slik sakshandsaming står att.
Bompengesøknad og lokalpolitisk behandling er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen.
Det var lagt til grunn at byggjestart for sambandet vil finne stad før 1. januar 2005 med ei eventuell kommunesamanslåing av kommunane Aure og Tustna frå 1. januar 2006, eventuelt i samband med opninga av Imarsundprosjektet.
Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 60 (2002-2003) slutta eit fleirtal i samferdselskomiteen seg til prinsippet om at innspara ferjetilskot kan nyttast som delfinansiering av vegsamband som gjer ferje overflødig, jf. Innst. S. nr. 227 (2001-2002).
I bompengesøknaden er det lagt til grunn at innspara statlege ferjetilskot ved å leggje ned dagens ferjesamband mellom Tustna/Smøla og Hitra i tillegg til sambandet over Imarsundet skal nyttast til å delfinansiere Imarsundprosjektet.
Vegdirektoratet meiner det er vanskeleg å sjå at det er bygginga av eit fast vegsamband over Imarsundet som gjer ferja til Hitra overflødig. Vegdirektoratet meiner derfor at det ikkje er rett at innsparingar ved ei eventuell nedlegging av ferjesambandet til Hitra skal inngå i finansieringa av Imarsundprosjektet.
Samferdselsdepartementet går derfor inn for at ferjesambandet Aukan - Edøya - Forsnes (rute 54B) blir lagt ned som ein del av etableringa av fast vegsamband over Imarsundet, i tråd med lokale vedtak. Det blir m.a. vist til at det er svært få trafikantar som får auka køyrelengde og at ferjesambandet er avhengig av eit høgt statleg driftstilskot årleg.
Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta samferdselskomiteen seg til prinsippet om å ta utgangspunkt i gjennomsnittleg kostnadsnivå for dei to siste rekneskapsåra når innspara kostnader til drift av eit samband skal fastsetjast, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003).
Det er rekna med at staten får ei netto årleg innsparing i tilskot til drift av ferjesamband på 12 mill. kroner. Tilskotet er føresett utbetalt årleg i ein periode på 15 år etter at Imarsundprosjektet er fullført. Tilskotet skal ikkje justerast for prisauke ut over justering fram til forskoteringa frå bompengeselskapet skjer. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innspara driftstilskot på 180 mill. 2004-kroner.
Samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innspara kapitalkostnader gir 67 mill. 2004-kroner i finansieringsplanen. Storleiken på bidraget er basert på at forskoteringa frå bompengeselskapet skjer i 2005 og 2006 og at tilbakebetalinga frå staten startar i 2007.
Bompengedelen er 26 pst. av det samla finansieringsbehovet og utgjer 99,5 mill. kroner. I tillegg kjem bompengar til innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.
Kommunal- og regionaldepartementet har sagt seg villig til å gå inn med eit eingongstilskot på 15 mill. 2004-kroner til bygging av Imarsundprosjektet. Det er ein føresetnad at det blir tilslutning til samanslåing av kommunane Tustna og Aure og at prosjektet er fullfinansiert. Tustna og Aure kommunar har sagt seg villige til å gå inn med eit tilskot på til saman 18 mill. 2002-kroner fordelt over 5 år.
Kostnadsoverslaget er 250 mill. kroner. Med dei føresetnader som er lagt til grunn er netto kapitalkostnader knytt til forskotteringa rekna til om lag 130 mill. kroner. Samla gir dette eit finansieringsbehov på om lag 380 mill. kroner.
Det er lagt til grunn finansieringsplan som i tabell 4.1 i proposisjonen.
2004-kroner | |
Forskottering - innspara tilskot til drift av ferjesambanda1) | 180,0 mill. |
Forskottering - innspara tilskot til kapitalkostnader for ei ferje | 67,0 mill. |
Tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet | 15,0 mill. |
Tilskot frå Aure og Tustna kommunar | 18,5 mill. |
Bompengar2) | 99,5 mill. |
Totalt | 380,0 mill. |
1)Korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på vegnettet
2)I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet
Det er lagt opp til at finansieringsbidraget frå innspara driftstilskot og kapitalkostnader blir forskotert av bompengeselskapet gjennom låneopptak og ein aksjekapital på 10 mill. 2002-kroner.
Det er føresett at staten vil tilbakebetale forskoteringa gjennom årlege utbetalingar fordelt over 15 år, utan kompensasjon for prisstigning og renteutgifter, jf. St.prp. nr. 67 (2002-2003). Den årlege innsparinga skal under kap. 1320 i statsbudsjettet førast til frådrag på post 72 og fordelast mellom post 23 til dekning av auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på 0,2 mill. kroner pr. år og post 30 til nedbetaling av forskoteringa frå bompengeselskapet.
Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt.
Stortinget har ikkje gitt særskilte føringar for korleis reduserte kostnader skal fordelast for prosjekt som blir finansierte innafor ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot. For dette prosjektet meiner Vegdirektoratet at eventuelle innsparingar skal godskrivast post 72, slik at dei årlege utbetalingane kan stanse før det er gått 15 år.
Andre føresetnader går fram av pkt. 4.5 i proposisjonen.
Med desse føresetnadene er bompengeperioden rekna til 10 år og 4 månader. I tråd med dei lokale vedtaka blir det lagt opp til å oppretthalde 15 års bompengeperiode med opning for å avslutte innkrevjinga i ferjesambandet Seivika - Tømmervåg tidlegare dersom kostnads- og inntektsutviklinga gir rom for dette.
Samferdselsdepartementet viser til at det er oppnådd ein garanti for ei toppfinansiering på totalt 13 mill. kroner. Bidraga er føresette å komme til utbetaling berre dersom kostnadsoverslaget i proposisjonen overstig det som er mogleg å finansiere innafor det opphavelege opplegget i bompengesøknaden, og ikkje ved ein eventuell kostnadsauke etter at Stortinget har behandla saka. I tillegg har Kommunal- og regionaldepartementet opna for at departementet kan bidra med eit ytterlegare bidrag på inntil 2 mill. kroner utover tilskotet på 15 mill. kroner.
Samferdselsdepartementet vil leggje opp til ei ny vurdering av storleiken av det innspara ferjetilskotet basert på tilskotsrekneskapen for det innkorta ferjesambandet Sandvika - Edøya etter to til tre års drift.
Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i denne proposisjonen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet,Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen,frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, vil vise til at Imarsundprosjektet er det første i sitt slag og må reknast som historisk. Det er første gang eit vegprosjekt blir finansiert ved hjelp av alternativ bruk av ferjesubsidiar. Det skal dessutan nyttast midlar som blir frigjorde gjennom innsparingar ved samanslåing av kommunane Aure og Tustna. Utan desse ulike bidraga ville prosjektet ikkje blitt realisert no.
Komiteen vil gi honnør til alle involverte partar for at ein har klart å finne fram til ordningar som er med på å realisere Imarsundprosjektet. Dei nye verkemidla som her blir tekne i bruk vil også kunne nyttast i arbeidet med å realisere eller framskunde andre vegprosjekt.
Komiteen ser positivt på at Imarsundprosjektet gjer det lettare og raskare å reise i regionen. Imarsundprosjektet vil vere eit viktig bidrag for å styrke verdiskapinga, sysselsettinga og busettinga i regionen.
Komiteen konstaterer at Regjeringa sitt forslag er i samsvar med ønska frå lokale styresmakter og at det er teke initiativ til ei toppfinansieringsordning som kan takast i bruk dersom det skulle bli behov for det.
Komiteen har merka seg at Regjeringa i dette prosjektet meiner ein bør vurdere ei justering av den årlege utbetalinga frå staten etter to til tre år slik at utbetalinga blir mest mogleg i samsvar med den faktiske innsparinga. Komiteen ber om at Regjeringa orienterer Stortinget på eigna måte før ei slik eventuell justering blir gjort.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, vil på denne bakgrunn slutte seg til Regjeringa sitt forslag for utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at bilistene årlig betaler inn over 40 mrd. kroner i forskjellige bilrelaterte avgifter, mens det bevilges ca. 12 mrd. kroner til investeringer og vedlikehold av de statlige vegene. Dette betyr at bilistene gjennom bevilgninger til vegnettet bare får tilbake ca. en fjerdedel av hva de betaler inn i avgifter. Et prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønnsomt bør etter disse medlemmers mening ikke finansieres med bompengeinnkreving, men med bevilgninger over statsbudsjettet. Imarsundprosjektet er et slikt prosjekt.
På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2005 med forslag om en bevilgning på 99,5 mill. kroner for fullfinansiering av Imarsundprosjektet utan bompenge-innkreving."
Forslag frå Fremskrittspartiet:
Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2005 med forslag om en bevilgning på 99,5 mill. kroner for fullfinansiering av Imarsundprosjektet utan bompenge-innkreving.
Tilrådinga frå komiteen vert fremma av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Stortinget samtykkjer i at Imarfinans AS får løyve til å ta opp lån til å forskottere bygginga av Imarsundprosjektet og til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygginga etter vilkåra i St.prp. nr. 69 (2003-2004) og Innst. S. nr. 261 (2003-2004).
II
Samferdselsdepartementet gis fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga. Avtalen må vere underskriven før innkrevjinga startar.
Oslo, i samferdselskomiteen, den 10. juni 2004
Petter Løvik leiar og ordførar |