Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 626/2004/EF av 31. mars 2004 om vidareføring av rammeprogrammet for kultur (Kultur 2000-programmet)
Dette dokument
- Innst. S. nr. 258 (2003-2004)
- Kildedok: St.prp. nr. 67 (2003-2004)
- Dato: 10.06.2004
- Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Ved handsaminga av St.prp. nr. 37 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 132 (1999-2000), vedtok Stortinget at Noreg skulle ta del i EUs første rammeprogram for kultur, det såkalla Kultur 2000-programmet. Programmet gjeld for ein periode på fem år, 2000-2004.
Ved europaparlaments- og rådsavgjerd av 31. mars 2004 vart det vedteke at programmet skal vidareførast med to år, dvs. i perioden 2005-2006.
Vidare norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med samtykke frå Stortinget til den toårige lenginga av programmet og til løyvingsvedtak. I medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova er det derfor ein føresetnad at Stortinget gjev sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Ei avgjerd er venta i EØS-komiteen på hausten 2004.
Programmet gjev økonomisk stønad til samarbeidsprosjekt mellom europeiske kulturoperatørar. Programmet tek sikte på å få oppfylt ei rekkje mål m.a. fremming av eit felles kulturområde for europearane gjennom å framheve dei kulturelle fellestrekka deira og respekt for og fremjing av kulturelt mangfald.
Programmet gjev stønad til eittårige og fleirårige prosjekt. Det vert mellom anna gjeve stønad til prosjekt på områda visuell kunst, utøvande kunst, litteratur og kulturarv og til omsetjing av europeiske litterære verk. Større prosjekt som er særleg viktige for europeisk kulturliv, som til dømes dei europeiske kulturhovudstadene og dei europeiske kulturarvdagane, kan òg få stønad.
For eittårige og fleirårige prosjekt er det ein føresetnad at kulturoperatørar frå fleire land tek del i prosjektet. Det vert ikkje gjeve stønad til enkeltpersonar, berre til organisasjonar.
Det er skipa ein forvaltingskomité med representasjon frå deltakarlanda. Komiteen skal uttale seg om prioriteringar og generelle retningsliner for den årlege gjennomføringa av tiltaksområda, prosedyrar for utveljing av prosjekta og fordeling av stønad. Noreg tek del i komiteen med same rettar og plikter som medlemsstatane med unntak av røysterett.
Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EFTA/EØS-statane til framleis å ta del i finansieringa av programmet.
Den finansielle ramma er på 69,5 millionar euro for heile toårsperioden, dvs. gjennomsnittleg 34,75 millionar euro per år. Noregs del vil vere om lag 13,7 mill. kroner, dvs. om lag 6,85 mill. kroner per år. Utgiftene vert dekte over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet, kap. 320 post 75.
I tillegg til løyvinga til kulturprogrammet vert dei landa som tek del i programmet oppmoda til å drive ei nasjonal eining som skal administrere programmet, eit såkalla nasjonalt kontaktpunkt. Per i dag ligg denne eininga i Norsk kulturråd.
Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.
Proposisjonen viser til at kulturprogrammet vil styrkje samhandlinga mellom kulturoperatørar i Noreg og Europa. For norske kulturaktørar er det viktig å kunne halde fram med å nyttiggjere seg eit program som alt er innarbeidd og å byggje vidare på det samarbeidet som er skipa gjennom den første programperioden.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Torny Pedersen og Ola Røtvei, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til at det formelle grunnlaget for kultursamarbeid med EU er lagt i protokoll 31 artikkel 13 om kultur i EØS-avtalen. Videre viser komiteen til at Stortinget i 2000 vedtok at Norge skulle ta del i EUs første rammeprogram for kultur. Kultur 2000-programmet som gjelder for perioden 2000-2004.
Komiteen har merket seg at det ved europaparlaments- og rådsavgjørelse nr. 626/2004 av 31. mars 2004, ble vedtatt å videreføre programmet med to år, dvs. perioden 2004-2006, og at endringene gjelder programperioden og den økonomiske rammen for programmet.
Komiteen viser til at videre norsk deltagelse i programmet for 2 år nødvendiggjør bevilgningsvedtak, og at Stortinget samtykker til videre deltagelse. Komiteen viser til målsettingen med programmet, og hvordan den økonomiske støtten til samarbeidsprosjekter mellom europeiske kulturoperatører blir gitt.
Komiteen vil understreke betydningen av internasjonalt og europeisk kultursamarbeid. For norske kulturaktører er det viktig å kunne fortsette å nyttiggjøre seg et program som allerede er godt innarbeidet, og å bygge videre på det samarbeidet som er etablert gjennom den første programperioden.
Komiteen har merket seg at Norges økonomiske forpliktelse vil være om lag 6,85 mill. kroner per år i to år, og at utgiftene vil bli dekket over budsjettet for Kulturdepartementet kap. 320 post 75.
Komiteen slutter seg til Regjeringens tilrådning om at Norge tar del i avgjørelsen i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtalens avgjørelse nr. 626/2004 EF av 31. mars 2004 om videreføring av rammeprogrammet for kultur, Kultur 2000-programmet.
Utkast til innstilling har blitt forelagt utenrikskomiteen som i brev av 9. juni 2004 opplyser at komiteen ikke har merknader til utkastet.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd 626/2004/EF av 31. mars 2004 om vidareføring av rammeprogrammet for kultur (Kultur 2000-programmet).
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 10. juni 2004
Sonja Irene Sjøli leder og ordfører |