Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2004 av 26. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av Erasmus Mundus-programmet (2004-2008)
Dette dokument
- Innst. S. nr. 208 (2003-2004)
- Kildedok: St.prp. nr. 60 (2003-2004)
- Dato: 27.05.2004
- Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Proposisjonen gjeld innlemming i EØS-avtala av utdanningsprogrammet Erasmus Mundus (2004-2008). Utdannings- og forskingsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen nr. 66/2004 av 26. april 2004 om slik innlemming. Utanriksdepartementet, som har fremja proposisjonen, sluttar seg til dette. Norsk deltaking i programmet har budsjettkonsekvensar. Stortinget må difor gi samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.
Erasmus Mundus-programmet har som overordna mål å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning i Europa og fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med statar utanfor EØS-området. Programmet skal medverke til å auke utviklinga av menneskelege ressursar og fremje dialogen mellom nasjonar og kulturar. Det skal òg styrkje internasjonale kontaktar innanfor høgare utdanning ved å leggje til rette for at kvalifiserte studentar og fagleg personale frå heile verda kan verte engasjerte i høgare utdanning i EØS-området. Programmet krev at institusjonar for høgare utdanning i Europa tilbyr felles mastergradsprogram, Erasmus Mundus mastergradsprogram, med eit eige stipendprogram og stipendordningar for studentar og fagleg personale frå tredjestatar. Programmet er ikkje basert på avtalar mellom EU og tredjestatar.
Institusjonar for høgare utdanning i EU-statar, kandidatstatar og EFTA/EØS-statar har i utgangspunktet rett til å tilby Erasmus Mundus mastergradsprogram. Ein reknar med at rundt 100 slike mastergradsprogram vil vere utvikla innan 2008, med mellom 20 og 30 tredjestatsstudentar på kvart program i tillegg til studentar frå EØS-området. Programmet kan òg støtte utfyllande verksemd, til dømes å utvikle ordningar for ymsesidig godkjenning av kvalifikasjonar med tredjestatar.
Regjeringa tek med grunnlag i NOU 2003:25 sikte på å gjere eit framlegg til felles lovverk for privat og offentleg høgare utdanning for Stortinget, tidlegast våren 2004. I dette arbeidet vil det verte vurdert om det er naudsynt å justere lovverket for å tilpasse det til Erasmus Mundus-programmet, og om det er mogleg for institusjonane å utvikle og tildele felles eller fleirdoble gradar i samarbeid med utanlandske partnarinstitusjonar.
Kostnaden med programmet er 230 mill. euro, fordelte på 5 år. EFTA/EØS-statane skal i tillegg betale 487 000 euro for EU-kommisjonen sin administrasjon av programmet. Noregs del av dei samla kostnadene er rekna til om lag 45 mill. kroner totalt.
Eurokursen og Noregs del av EFTA sin del av totalbudsjettet vil variere frå år til år. Administrasjonen av Erasmus Mundus vil verte lagt til det nyskipa nasjonale organet Senter for internasjonalisering av høgare utdanning. Med den noverande eurokursen vil utgiftene ved norsk tilmelding til programmet, inkludert administrasjon i EU og i Noreg, verte om lag 3,2 mill. kroner i 2004, 6,8 mill. kroner i 2005, 9,3 mill. kroner i 2006, 12,2 mill. kroner i 2007 og 18,2 mill. kroner i 2008. Utgiftene vert dekte over statsbudsjettet kap. 281 post 73.
Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M. Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Arne Sortevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representanten Jan Simonsen, viser til at Erasmus Mundus-programmet skal utvikle eit strukturert samarbeid mellom institusjonar i EØS-området og i resten av verda.
Det er eit mål å auke utvekslinga av studentar mellom norske institusjonar og institusjonar i andre land. Den auka utvekslinga skal gå begge vegar slik programmet legg opp til. Ikkje minst er det viktig å legge til rette for at studentar frå tredjeland får høve til å ta del i eit organisert samarbeid med institusjonar i Europa.
Spesielt på masternivå bør fleire norske studentar få høve til å ta delar av graden ved ein utanlandsk institusjon. Komiteen meiner det vil lette utvekslinga om ein, slik programmet legg opp til, får etablert fellesgradar og gradar på tvers av institusjons- og landegrenser.
Komiteen merkar seg at departementet vil vurdere om det er naudsynt å endre lovverket for å tilpasse seg programmet. Komiteen går ut frå at det vil bli gjort i samband med den varsla proposisjonen på grunnlag av NOU 2003:25.
Komiteen har ingen andre merknader til framlegget.
Komiteen viser til at utkastet til innstilling om saka har vore lagt fram for utanrikskomiteen, som i brev 26. mai 2004 melder at komiteen ikkje har merknader til utkastet.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2004 av 26. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av Erasmus Mundus-programmet (2004-2008).
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 27. mai 2004
Rolf Reikvam leiar og ordførar |