Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantene Rolf Reikvam, Lena Jensen, Karita Bekkemellem Orheim og Vidar Bjørnstad om å revitalisere Kompetansereformen som ei utdannings- og arbeidslivsreform
Dette dokument
- Innst. S. nr. 197 (2003-2004)
- Kildedok: Dokument nr. 8:45 (2003-2004)
- Dato: 25.05.2004
- Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Dokumentet inneheld dette framlegget:
"1. Stortinget ber Regjeringen ta initiativ overfor partene i arbeidslivet for å få prøvd ut pilotprosjekter for etter- og videreutdanning innenfor en eller flere bransjer. Prosjektene skal baseres på en trepartsfinansiering. Stortinget ber Regjeringen i statsbudsjettet for 2005 legge inn de midler som skal være statens andel i prosjektene.
2. Stortinget ber Regjeringen i budsjettet for 2005 vurdere om inntektssystemet i tilstrekkelig grad fanger opp fylkeskommunenes ansvar overfor voksnes rettigheter til videregående opplæring."
Komiteen, medlemene fra Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M. Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Arne Sortevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representanten Jan Simonsen, syner til dokumentet.
Komiteen er samd med forslagsstillarane i at bruk og utvikling av kompetanse er viktige element for å auke verdiskapinga. Ein kompetent arbeidsstokk gir moglegheit for ei meir stabil og langvarig tilknytting til arbeidsmarknaden.
Komiteen meiner at tiltaka under Kompetansereforma har vore viktige for å leggje rammevilkåra til rette slik at den einskilde kan få naudsynt kompetanseheving. Komiteen vil særleg syne til tiltak som vaksne sin rett til grunnskole og vidaregåande opplæring, retten til utdanningspermisjon, skattefritak for etter- og vidareutdanning og endringar i Lånekassa sitt regelverk. Komiteen ser det som særs viktig at ein byggjer vidare på desse tiltaka, men er samd med departementet (brev dagsett 15. april 2004) at det er trong for å vurdere ei ny innretning av politikken for i større grad å nå bransjar og personar med låg formell kompetanse.
Kompetent arbeidskraft er eit stort konkurransefortrinn både for den einskilde sjølv og for dei verksemder som vil hevde seg i ein kunnskapsbasert økonomi. Difor meiner komiteen at arbeidet med å leggje til rette etter- og vidareutdanningstilbod for større grupper, og da særleg dei gruppene som i liten grad har nytta seg av slike, må vere ei viktig politisk oppgåve framover. Etter- og vidareutdanning er eit av dei viktigaste verktya vi har for å kvalifisere folk til eit yrkesliv som stadig endrast, og problem på arbeidsmarknaden og nye krav til folketrygdsystemet framover vil skunde på trongen for omstilling og nyskaping i næringsliv og offentleg sektor. Komiteen vil difor understreke at Kompetansereforma ikkje berre vil vere ei utdanningsreform, men ei vel så viktig arbeidslivsreform i åra framover.
Komiteen syner til Kompetanseutviklingsprogrammet og til Kompetanseberetningen for Norge 2003. Einskildmenneske si motivasjon for læring er sterkt knytta til deira daglege arbeid. Kompetanseutvikling er meir enn deltaking i formell etter- og vidareutdanning. Like viktig er det å ha utfordrande arbeidsoppgåver, ha krevjande kundar eller leverandør, ta del i mentorordning eller vere deltakar i prosjektarbeid. Komiteen syner til at det særleg for personar med lågast utdanning har vist seg lite fruktbart å einsidig fokusere på etter- og vidareutdanningstilboda.
Komiteen vil peike på at Kompetanseutviklingsprogrammet er eit resultat av eit inntektspolitisk samarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet. 50 000 personar har teke del i ulike tiltak med finansiering frå programmet. Dei to siste åra har midla i programmet særleg vore retta mot spreidingsprosjekt og mot bransjar og sektorar som i liten grad har gjort seg nytte av programmet hittil.
Komiteen syner til med at eit utval oppnemnt av Arbeids- og administrasjonsdepartementet med Sigbjørn Johnsen som leiar, leverte si innstilling i NOU 2001:25 Støtte til livsopphold ved utdanningspermisjon. Her blei det gjort ei grundig vurdering av ulike finansieringsordningar. Konklusjonen frå eit fleirtal i utvalet var at "etter en samlet vurdering vil utvalget ikke tilrå at det etableres en sentral finansieringsordning". Utvalet rådde til, ut frå faglege vurderingar, at ein nå retta tiltaka mot den svakaste gruppa og at ein endra Lånekassa sine reglar for betre å fange opp denne gruppa.
Komiteen tek til etterretning at det ikkje er semje om å etablere eit generelt etter- og vidareutdanningsfond no. Det er ikkje sikkert at dette vil treffe dei gruppene som treng det mest, men i staden vil favorisere dei som allereie har ei høg utdanning. Komiteen er likevel positiv til at det vert prøvd ut ordningar for finansiering av livsopphald under utdanning, som gjer det økonomisk mogleg for folk å søkje kompetanseheving. Eit av problema med etter- og vidareutdanningsreforma i dag er at kostnadene knytte til utdanning av vaksne stort sett vert handsama som eit økonomisk problem for den einskilde arbeidstakar og arbeidsgjevar.
Komiteen er difor positiv til at Regjeringa tek initiativ til i samarbeid med partane i arbeidslivet å sette i verk nokre konkrete forsøksprosjekt i bransjar som i dag investerer lite i etter- og vidareutdanning. Prosjekta må ta utgangspunkt i dei behova bransjen har, og prøve ut ulike modellar for finansiering av livsopphald. Erfaringane frå desse prosjekta må evaluerast og vere utgangspunkt for vidare nasjonal politikk på området. Dersom dette har økonomiske konsekvensar for staten, føreset komiteen at dette vert teke opp i dei årlege budsjetta.
Komiteen meiner at partane i arbeidslivet bør sjå på korleis ein kan skape eit arbeidsliv som i større grad legg godt til rette for læring på og utanfor arbeidsplassen. Ei avklaring av grensegangen mellom kva som er arbeidsgjevar sitt ansvar og plikter, og kva som er den einskilde sitt ansvar og plikter, må vere eit partsansvar.
Komiteen vil peike på problemstillingar knytte til arbeidssøkjande som mistar retten til dagpengar når dei startar på ei utdanning, og syner til at departementet i brev dagsett 15. april 2004 til komiteen melde at Regjeringa vil vurdere korleis ein i større grad kan samordne utdannings- og arbeidsmarknadspolitikken slik at ein får ein kompetent og fleksibel arbeidsstokk. Komiteen er tilfreds med at det vert vurdert ei større samordning her.
Komiteen syner vidare til St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring, og omtala av Kompetansereforma der. Komiteen vil særleg peike på at departementet varslar at det, på bakgrunn av Kompetansereforma og kunnskap om trongen til kompetanse og kunnskap om kva som gir god læring, vil utarbeide ein langsiktig strategi for kompetansepolitikken fram mot 2010. Dette arbeidet skal gjerast i samarbeid med mellom anna partane i arbeidslivet. Komiteen har merka seg at departementet vil komme tilbake til dette i St.prp. nr. 1 (2004-2005).
Komiteen er kjend med at det er stor variasjon frå fylke til fylke når det gjeld korleis den einskilde fylkeskommune legg forholda til rette for at vaksne skal få tilbod om vidaregåande opplæring. Det er variasjon både i fylkeskommunane sin informasjon og i kor stor grad fylkeskommunane var førebudde på dei ulike tiltaka. Fylkeskommunane prioriterer og, innanfor sine rammar, i stor grad 16-19-åringane. Komiteen vil likevel peike på at sjølv om talet på vaksne i fylkeskommunal vidaregåande opplæring syner nedgang frå 1998-2002, omfattar tala ikkje dei som tek vidaregåande opplæring som privatistar eller hos studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar og andre private tilbodarar. Det er likevel klart at det er stor variasjon mellom fylka.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke Framstegspartiet og representanten Simonsen, er derfor samd med forslagsstillarane i at det er trong for ein gjennomgang av inntektssystemet for å få ei vurdering av om det fangar opp fylkeskommunen sitt ansvar overfor vaksne.
Fleirtalet ber Regjeringa komme tilbake til dette på eigna måte.
Komiteen syner elles til den komande handsaminga av St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen mener at barn og unge skal ha en fortrinnsrett til utdanning, fremfor voksne. Disse medlemmer viser til at når fylkeskommunen er pålagt å sørge for at et tilbud eksisterer, betyr ikke det at fylkeskommunen selv må drive dette tilbudet. Private aktører, studieforbund osv. skal kunne stå som arrangører av tilbudet med fylkeskommunen som finansielt ansvarlig. Disse medlemmer ser likevel behovet for en bred gjennomgang av forhold som kan påvirke praktiseringen i de ulike fylkeskommunene i forhold til de voksnes rettigheter til opplæring. En slik gjennomgang må se på alle forhold som kan påvirke praktiseringen, og ikke bare inntektssystemet, som kan være en forklaringsfaktor.
Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med en gjennomgang av alle forhold knyttet til praktiseringen i de ulike fylkeskommunene i forhold til de voksnes rettigheter."
Disse medlemmer er skeptiske til den sykeliggjøringen som ligger til grunn for de vurderinger som er gjort i forslaget, og vil påpeke at det må være et likeverdig tilbud til alle arbeidstakere i forhold til kompetanseutvikling og etter- og videreutdanningstilbud. Disse medlemmer er av den oppfatning at sykeliggjøring er med på å redusere den enkeltes oppfatning av egen verdi og muligheter for egen kompetanseutvikling.
Disse medlemmer vil påpeke at den helt nødvendige satsningen på en utdannelsesreform for voksne må komme i tillegg til - og ikke gå på bekostning av - det kontinuerlige arbeide for å styrke kvalitet og faglig innhold i utdannelsessystemet for øvrig.
Disse medlemmer vil understreke viktigheten av at næringslivets behov står helt sentralt i en etter- og videreutdanningsreform, men at det individuelle behovet også er en del av en helhetlig vurdering.
Disse medlemmer er motstandere av en individuell lovfestet rett til utdanningspermisjon for voksne. Disse medlemmer mener slik permisjon frivillig skal avtales mellom partene i arbeidslivet, eller mellom virksomheten og den enkelte arbeidstaker.
Forslag frå Framstegspartiet og representanten Simonsen:
Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med en gjennomgang av alle forhold knyttet til praktiseringen i de ulike fylkeskommunene i forhold til de voksnes rettigheter.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Dokument nr. 8:45 (2003-2004) - framlegg frå stortingsrepresentantene Rolf Reikvam, Lena Jensen, Karita Bekkemellem Orheim og Vidar Bjørnstad om å revitalisere Kompetansereformen som ei utdannings- og arbeidslivsreform - vert å leggje ved møteboka.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 25. mai 2004
Rolf Reikvam leiar |
Jan Olav Olsen ordførar |