1. Sammendrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Innleiande perspektiv
- 1.2.1 Samfunnsutvikling og kulturpolitikk
- 1.2.2 Kulturelt mangfald i ei globalisert verd
- 1.2.3 Utanrikskulturell verksemd og inter- nasjonal kulturutveksling
- 1.2.4 Kyrkja som kulturberar
- 1.2.5 Særskilt om samisk kultur
- 1.2.6 Særskilt om nasjonale minoritetar og deira kultur
- 1.2.7 Kultur og næring
- 1.2.8 Kultur og helse
- 1.2.9 Fornying og omstilling
- 1.2.10 Allmennkringkasting og kultur
- 1.2.11 Nokre skatte- og avgiftsspørsmål
- 1.3 Musikk
- 1.3.1 Hovudutfordringar og prioriteringar
- 1.3.2 Ensemblefeltet
- 1.3.3 Symfoniorkestra
- 1.3.4 Festivalane og dei lokale arrangørane
- 1.3.5 Rikskonsertane
- 1.3.6 Innkjøpsordninga for fonogram
- 1.3.7 Kyrkjemusikk
- 1.3.8 Folkemusikk og folkedans
- 1.3.9 Verdsmusikk
- 1.3.10 Populærmusikk
- 1.3.11 Jazz
- 1.3.12 Dokumentasjon og informasjon
- 1.4 Scenekunst
- 1.5 Film m.m., dataspel og kino
- 1.6 Biletkunst, kunsthandverk, arkitektur, design og
offentleg rom
- 1.6.1 Innleiande merknader
- 1.6.2 Nasjonalmuseet for kunst
- 1.6.3 Eit landsdekkjande formidlingsnettverk
- 1.6.4 Kunstfestivalar o.l.
- 1.6.5 Kunsthandverk
- 1.6.6 Innkjøp og samlingsforvaltning
- 1.6.7 Elektronisk kunst
- 1.6.8 Fleksibilitet og prosjektfinansiering
- 1.6.9 Aukande internasjonalisering
- 1.6.10 Elektronisk formidling
- 1.6.11 Arkitektur og offentleg rom
- 1.6.12 Design
- 1.6.13 Utsmykking
- 1.6.14 Særskilt om utsmykking m.m. i kyrkjer og andre heilage rom
- 1.7 Arkiv, bibliotek og museum
- 1.7.1 Innleiande merknader
- 1.7.2 Vidareføring av opptrappingsplanen i abm-meldinga
- 1.7.3 Aktivt utviklingsarbeid i regi av ABM- utvikling
- 1.7.4 Arkiv
- 1.7.5 Bibliotek
- 1.7.6 Museum
- 1.7.6.1 Vidareutvikling av museumssektoren
- 1.7.6.1.1 Nasjonal nettverksbygging
- 1.7.6.1.2 Regional konsolidering
- 1.7.6.1.3 Reformprosessen - status og vidare utvikling
- 1.7.6.1.4 Framtidig finansieringsordning
- 1.7.6.1.5 Spørsmålet om gratis museum
- 1.7.6.1.6 Museet som samfunnsinstitusjon
- 1.7.6.1.7 Særlege prioriteringar
- 1.7.6.1.8 Samiske museum
- 1.7.6.1 Vidareutvikling av museumssektoren
- 1.8 Språk
- 1.8.1 Mål og rammer for språkpolitikken
- 1.8.2 Eit kompetansesenter for norsk språk
- 1.8.3 Stabilisering av rettskrivinga
- 1.8.4 Innsamling av stadnamn
- 1.8.5 Verkeområdet for mållova
- 1.8.6 Aktiv støtte til nynorsk skriftkultur
- 1.8.7 Nynorsk programvare m.m.
- 1.8.8 Ein norsk språkbank
- 1.8.9 Ein samla norsk språkpolitikk
- 1.8.10 Samisk og andre minoritetsspråk
- 1.9 Litteratur
- 1.9.1 Innkjøpsordningane
- 1.9.2 Fritaket frå meirverdiavgift
- 1.9.3 Nærare om bransjeavtalen
- 1.9.4 Bokklubbane
- 1.9.5 Elektronisk publisering, distribusjon og handel
- 1.9.6 Lydbøker
- 1.9.7 Tilrettelagd litteratur
- 1.9.8 Litteratur på nynorsk
- 1.9.9 Kulturelt mangfald og litteratur
- 1.9.10 Norsk Forfattersentrum
- 1.9.11 Born og litteratur
- 1.9.12 Litteraturfestivalar
- 1.9.13 Norsk litteratur i utlandet
- 1.10 Kunstnarane
- 1.11 Friviljug innsats på kulturfeltet
- 1.12 Verkemiddel - nærare om nokre aktuelle spørsmål
- 1.12.1 Innleiande merknader
- 1.12.2 Om Norsk kulturråd
- 1.12.2.1 Vurdering av regelverket
- 1.12.2.2 Kulturrådet som uavhengig forvaltningsorgan - spørsmålet om instruksjonsrett
- 1.12.2.3 Korleis forma ut nytt regelverk
- 1.12.2.4 Tilhøvet til ABM-utvikling
- 1.12.2.5 Samansetjinga av rådet
- 1.12.2.6 Ordskiftet om regionalisering
- 1.12.2.7 Nokre hovudkonklusjonar
- 1.12.3 Spørsmålet om kulturlov
- 1.12.4 Kunnskapsbehov og FoU om kultursektoren
- 1.13 Kulturbygg
- 1.13.1 Innleiande merknader
- 1.13.2 Rom for kunst - midlar frå Norsk kulturfond
- 1.13.3 Evalueringa av ordninga for tilskot til lokale/regionale kulturbygg
- 1.13.4 Ny, desentralisert ordning for tilskot til kulturhus
- 1.13.5 Ny ordning for tilskot til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur
- 1.13.6 Nasjonale kulturbygg
- 1.13.7 Statlege bygg
Siktemålet med meldinga er å trekkja opp hovudlinene for dei kulturpolitiske prioriteringane det komande tiåret, dvs. at det skal handla om den statlege medverknaden i utviklinga av kulturfeltet i åra fram mot 2014.
Ein hovudbodskap er å halda fram den profesjonelle kunsten og den fagleg forankra kulturinnsatsen som eit verde i seg sjølv. Dessutan vert kvalitet streka under som eit avgjerande kriterium for at eit kulturtiltak skal verta prioritert i den statlege kulturpolitikken.
Det er viktig å leggja til rette for mangfaldet innanfor kulturlivet. Eit breitt spektrum av skapande, utøvande, dokumenterande og formidlande innsatsar frå alle delar av kulturfeltet er ei verdfull motvekt mot den einsrettande krafta ulike kommersielle krefter i samfunnet kan representera.
Eit aktivt og engasjerande kulturliv er viktig både på individ- og samfunnsnivå. Ein dynamisk og pulserande kultursektor som kommuniserer godt med breie brukargrupper er eit uunnverleg aktivum for landet. Kultursektoren er kjelde til kreativ inspirasjon, kunnskap og opplevingar for alle aldersgrupper - både for folk flest og for avgrensa grupper med særskilde interesser og behov.
Noreg har mange viktige kulturinstitusjonar og eit stort tal kvalifiserte kunstnarar og kulturarbeidarar. For fullt ut å kunna dra nytte av det potensial dette representerer, er det - i eit land med avgrensa folketal og spreidd busetnad - påkravd med omfattande økonomisk medverknad frå det offentlege.
Både allmenne utviklingsliner og endringar innanfor dei respektive kunst- og kulturområda har skapt ei rad nye utfordringar som vil krevja nye ressursar i det komande tiåret. Dels vil det dreia seg om å dekkja opp tiltak som er presenterte i tidlegare dokument, og som Stortinget har slutta seg til, dels er det tale om nye prioriteringar.
Innanfor scenekunstfeltet knyter behova seg fyrst og fremst til:
– å gje større armslag for scenekunsten utanfor dei etablerte institusjonane, ikkje minst for moderne dans
– stegvis å styrkja Den Norske Opera, slik at institusjonen innan 2008 er fullt ut i stand til både kunstfagleg og praktisk å ta i bruk den nye operabygningen. Dette krev ein auke av driftstilskotet med om lag 50 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 48 (2001-2002) Nytt operahus i Bjørvika
– å utvikla distrikts- og regionopera i samsvar med Stortinget sitt vedtak og etter ein utarbeidd plan for å stimulera eksisterande tiltak og initiativ
– å prioritera institusjonar med særleg god ressursutnytting og dei små institusjonane som har høge turnékostnader.
På musikkfeltet er hovudutfordringane at:
– tilskotsordninga for musikkensemble skal verta utvida. Desse er særs viktige for fornying av repertoar, nytolking og formidling av nye verk
– ein del viktige og musikalsk vellukka festivalar skal få betre handlingsrom
– symfoniorkestra i Bergen, Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø skal få fleire musikarar
– innkjøpsordninga for fonogram skal verta utvida
– kyrkjemusikken skal verta prioritert gjennom ei eiga tilskotsordning.
Innanfor biletkunstfeltet vil utviklinga av det nye Nasjonalmuseet for kunst vera den mest krevjande utfordringa i åra som kjem. Andre viktige tiltak vil vera å styrkja utvekslinga av samtidskunst mellom Noreg og utlandet, leggja til rette for nye kunstuttrykk og for å formidla kunst som står utanfor den vestlege kunsttradisjonen.
På litteraturfeltet er det behov for å byggja ut innkjøpsordningar for essayistikk og sakprosa. Dessutan er det naudsynt å betra rammevilkåra for utgjeving av litteratur på nynorsk. I tillegg må arbeidet med produksjon og formidling av litteratur til synshemma styrkjast.
Av dei direkte verkemidla overfor kunstnarane er det særleg aktuelt å styrkja ordninga med arbeidsstipend.
På abm-feltet (arkiv, bibliotek og museum) er oppgåva å følgja opp opptrappingsplanen på over 400 mill. kroner i løpet av fem år som vart lovd gjennom St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving, og som fekk brei tilslutnad i Stortinget. Inneverande år er å rekna som år 2 i oppfølginga, og hittil er om lag 100 mill. kroner av den samla opptrappinga på plass i budsjettet.
– Hovudutfordringa på museumsfeltet er å omskapa eit brokut landskap av 700 800 museum til om lag 100 fagleg kvalifiserte og økonomiske handleføre institusjonar som skal samarbeida i eit nasjonalt nettverk. Det pågår for tida mange viktige konsolideringsprosessar i dei fleste fylka.
– Hovudutfordringa på bibliotekfeltet er å byggja opp Nasjonalbiblioteket til eit forskingstilretteleggjande kompetansesenter med mellom anna nyopning for publikum på Solli plass sommaren 2005. Vidare er det ei viktig oppgåve å leggja til rette for det saumlause biblioteket, dvs. at dei informasjonsressursane som norske bibliotek samla rår over, skal vera lett tilgjengelege for alle.
– Hovudutfordringa på arkivfeltet er å setja Arkivverket i stand til å handtera dei aukande mengdene elektronisk arkivtilfang. Mykje viktig historisk kjeldemateriale kan elles gå tapt. Dessutan kan det gå ut over rettstryggleiken for den einskilde dersom forvaltninga slettar spora etter seg gjennom ikkje å setja i verk turvande åtgjerder for å tryggja langtidsbevaringa av elektroniske arkiv.
Ei rad kulturinstitusjonar har udekte investeringsbehov. Innanfor scenekunstfeltet skal nybygget for Hålogaland Teater realiserast. Ei scene for dans skal etablerast i hovudstaden. Mange museum har akutte behov for betre gjenstandsmagasin og meir tidsmessige formidlingsarenaer. Behovet for kulturelle møteplassar lokalt og regionalt er framleis stort. Dei nye spelemidlane til kulturbygg vil verta eit viktig verkemiddel for å dekkja desse behova.
Departementet stiller institusjonane innanfor kulturlivet overfor strenge krav til omprioriteringar og samarbeid for å utnytta ressursane på ein fullgod måte. Som lekk i det omfattande arbeidet som pågår med omstilling, modernisering og fornying av offentleg sektor, er krava til stram styring og kostnadseffektiv drift eit av hovudspørsmåla i denne meldinga. For å møta dei store utfordringane ein liten nasjon står overfor i kulturpolitikken, er det likevel samstundes naudsynt med ein gradvis auke av dei statlege løyvingane til kulturføremål.
Kulturmeldinga gjev i seg sjølv ingen konkrete tilvisingar om i kva omfang eller i kva for budsjettår opptrappingane skal skje, av di dette er spørsmål som må handsamast i dei årlege statsbudsjetta på vanleg måte. Departementet må difor ta klåre atterhald om den økonomiske utviklinga, staten sitt økonomiske handlingsrom og dermed om kva for økonomiske rammevilkår kultursektoren kan gjevast.
Kulturmeldinga held fram frie grupper, tidsavgrensa prosjekt o.l. som viktige tiltak for å nå måla i kulturpolitikken. Likevel må dei store institusjonane framleis vera hjørnesteinane i gjennomføringa av kulturpolitikken. Dette er permanente strukturar som er bygde opp over lang tid, og som forvaltar ein svært stor del av dei statlege driftsressursane til kulturføremål. Institusjonane har eit ansvar for til kvar tid å vera lydhøyre og mottakelege for impulsar frå omgjevnaden, fanga opp nye behov og samhandla både med kvarandre og med utanforståande aktørar på ein dynamisk måte.
På fleire delar av kulturfeltet representerer friviljug arbeid ein viktig del av eller eit vesentleg supplement til den ordinære, løna innsatsen. Dei tradisjonelle, friviljuge organisasjonane er berre ein del av dette biletet. På kulturområdet har det vakse fram ei rekkje lokale og regionale verksemder som i stor grad vert borne oppe av friviljug innsats for det aktuelle tiltaket. Gjennom dei nye spelemidlane til friviljug sektor vil det kunna leggjast endå betre til rette for born og unges engasjement i lokale kulturtiltak.
Ein meir samansett og fleirtydig kultursituasjon har ført til at det i dag er behov for å skapa ei ny forståing av kva norsk felleskultur består av. Tradisjonelle førestellingar om det norske og nasjonal identitet er i endring.
På eit grunnleggjande plan utfordrar denne situasjonen sentrale premissar for kulturpolitikken. Heilt fram til i dag har den norske kulturpolitikken og dei norske kulturinstitusjonane i høg grad vore tufta på det som kan kallast eit nasjonalt prosjekt. Dei fleste større kulturinstitusjonane vart etablerte med tilvising til nasjonal ideologi og sjølvforståing. Somme av dei sentrale premissane har vore at vi alle tek del i ein felles, nasjonal kulturarv, og at ei av dei viktigaste oppgåvene i kulturpolitikken har vore å styrkja denne nasjonale felleskulturen. Denne forståinga har vore rådande heilt til i dag.
Kulturpolitikken må leggja til grunn eit dynamisk og inkluderande perspektiv, som gjev rom for eit mangfald av ulike røyster. Like sjansar, likeverd og retten til å vera ulik må vera grunnleggjande premissar.
Ulike problemstillingar knytte til globalisering og kulturelt mangfald står høgt på dagsordenen, både på nasjonalt nivå og i ulike regionale og internasjonale fora.
Eit hovudmål i kulturpolitikken er at heile folket skal sikrast tilgjenge til kulturgode. Det handlar om retten til å delta i kulturlivet, og det handlar om likeverd. Kultur skal være tilgjengeleg for alle menneska i samfunnet, også for dei som har redusert funksjonsevne.
Med den utviklinga som har skjedd dei siste tiåra, har grensene mellom dei ulike kunstområda vorte mindre tydelege. Dette har mellom anna medverka til fagleg fornying og endra organisasjonsformer. Eit resultat av denne utviklinga er at sjangergrenser vert mindre tydelege, og at det vert samhandla på nye måtar på tvers av kunstartane. Dette er noko kulturpolitikken må ta omsyn til i framtida.
Ansvaret for å reflektera og stimulera til nyutvikling ligg både hjå einskildkunstnarar, frie grupper og dei faste institusjonane. Det skal likevel strekast under at dei store institusjonane både er og framleis skal vera hjørnesteinar i gjennomføringa av kulturpolitikken.
Erfaringane i Noreg samsvarar med røynsler frå andre land. Dei viser at det er behov for fleire parallelle strategiar for å fremja kulturelt mangfald. Det er trong for tiltak som kan gje handlingsrom for dei ulike minoritetane til å fremja og utvikla kulturuttrykka sine på eigne premissar. Samstundes er det behov for å skapa møtestader og tiltak som fremjar nye kombinasjonar av uttrykksformer. Dette medfører at ein både må vidareutvikla særordningar for grupper med ulik etnisk bakgrunn og samstundes stimulera til å inkorporera nye uttrykk i eksisterande ordningar og institusjonar.
Eit viktig område når det gjeld internasjonalt kultursamarbeid, er å stimulera norske fag- og utøvarmiljø til å delta i internasjonale samarbeidsprogram. Dels er det tale om på heimebane å få impulsar frå andre land i arbeidet med kulturpolitiske spørsmål og tiltak, dels har norske miljø noko å læra bort til utanlandske miljø. Fleire norske institusjonar og miljø har vore med i EU-prosjekt under Kultur 2000 og Media Plus. Departementet ser positivt på at norske institusjonar, organisasjonar og miljø deltek i slike program, og vil leggja betre til rette for at norske interessentar kan søkja seg inn i samarbeidsprosjekt. Norsk kulturråd og ABM-utvikling vil vera formidlingskontaktane for deltaking i EU-prosjekt. I den samanhengen vil departementet samstundes peika på det potensialet som ligg i EUs rammeprogram for forsking og utvikling, der spesielt institusjonar innanfor ABM-området vil kunna delta i samarbeidsprosjekt. Mellom anna har Nasjonalbiblioteket røynsle frå deltaking i EU-finansierte prosjekt, og departementet vil sjå det som positivt om fleire institusjonar kunne dra nytte av slike internasjonale samarbeidsprosjekt.
For å sikra Noreg si rolle som ein aktiv deltakar og bidragsytar i den globale kulturutvekslinga er det trong for overordna og systematisk planlegging med langsiktig perspektiv. Noreg må som andre land gjera seg nytte av dei føremonene feltet byr på, og yta økonomisk og administrativ støtte til institusjonar, kunstnarar og andre kulturarbeidarar som ynskjer å markera og profilera seg på ein internasjonal, offentleg arena på ein tydeleg og godt synleg måte.
Stadig fleire land Noreg samhandlar med, legg auka vekt på kulturens plass i ein brei kommunikasjonsstrategi overfor utvalde målgrupper i andre land. Denne forma for breiddediplomati (public diplomacy) er eit uttrykk for den styrkte rolla som media spelar i vår tid, og viser korleis kulturfeltet vert stadig viktigare for å formidla korleis tenkinga, forskinga og samfunnsdebatten ovrar seg i eit land.
Målet med den utanrikskulturelle politikken er vidare å sikra at norsk kulturliv får ta del i det nye handlingsrommet for internasjonalt kultursamarbeid.
Den utanrikskulturelle politikken skal medverka til kulturell pluralisme og språkleg mangfald globalt.
Det er eit mål å sikra at ein frå norsk side er synleg i europeisk samanheng.
Noregs tilhøve til eit Europa i endring krev ein gjennomtenkt kommunikasjonsstrategi. Ein aktiv politikk som medverkar til å formidla norske standpunkt og interesser, og som etablerer nyanserte og oppdaterte bilete av det moderne Noreg, er ein føresetnad for å unngå marginalisering og dermed sikra at ein i Europa ser og høyrer norske aktørar.
Det er eit mål å leggja til rette for større variasjon når det gjeld land vi mottek kulturimpulsar frå, gjennom aktiv kulturutveksling med land på andre kontinent.
Å få kunnskap om mindre kjende tradisjonar og samtidsuttrykk medverkar til å fremja nordmenn sin kunnskap om og interesse for land i mindre kjende verdsdelar. Det er ein føresetnad for auka innsikt i og respekt for eigen så vel som andre kulturar.
Det er eit mål å medverka til å styrkja dialogen mellom ulike kulturar som ein føresetnad for mellommenneskeleg forståing.
Kulturelle, etniske og religiøse faktorar medverkar til å forsterka mange av dei politiske og økonomiske konfliktane verda opplever i dag.
Det vil vera tenleg å integrera det internasjonale kultursamarbeidet i dei brubyggjande og konfliktførebyggjande prosessane som Noreg er involvert i internasjonalt. Mellom anna vil ein støtta og leggja til rette for kulturutvekslingstiltak som medverkar til å styrkja felles normer og referanserammer, og som fremjar kunnskap og kontakt på tvers av kulturelle, politiske og geografiske skiljeliner.
Det er eit mål å etablera tiltak for å møta det aukande behovet for informasjon om, oversyn over og koordinering av norske kulturaktivitetar i utlandet.
Internasjonaliseringa av kulturlivet og det aukande omfanget av uformelle nettverk har forsterka behovet for systematisk informasjons- og erfaringsutveksling med tanke på å koordinera og gjera norske aktivitetar synlege. Omfattande internettsatsingar, som utvikling av ein overorda Noregs-portal i regi av Utanriksdepartementet, står sentralt i dette arbeidet.
Dei norske utanriksstasjonane spelar ei viktig rolle i arbeidet med å skapa oversyn over og samanheng i det Noreg står for i utlandet.
Målet er vidare å leggja til rette for auka koordinering av norsk politikk i høve til det multilaterale systemet.
Reell norsk medverknad føreset at det er konsekvens, konsistens og samanheng mellom kulturområdet og dei andre politikkområda. Dette gjer koordinering av den statlege norske innsatsen på ulike område til eit hovudspørsmål, også med tanke på å fremja eit best mogeleg samspel med ikkje-statlege aktørar og nettverksmiljø i kulturlivet.
Kyrkja har ei rolle som kulturberar og kulturarena. Og kyrkja står overfor mange av dei same utfordringane som kulturlivet og samfunnet elles. I eit samfunn med aukande livssynsmangfald og ein veksande flora av kulturtradisjonar er det særleg viktig at folkekyrkja vår fører ein aktiv dialog med dei som representerer andre religionar og livssyn.
Samane i Noreg utgjer eit urfolk med ein særeigen kultur. Norske styresmakter har eit ansvar for å medverka til å bevara og å vidareutvikla denne kulturen. Regjeringa er medviten om dette ansvaret og vil difor følgja utviklinga når det gjeld samisk kultur særskilt. Dette skal gjerast i dialog og samråd med Sametinget.
Med di størstedelen av samane bur i Noreg, er framtida for den samiske kulturen i stor mon avhengig av korleis ein legg til rette tilhøva her i landet. Noreg har difor eit ansvar for å visa veg i utviklinga. I internasjonalt samarbeid bør Noreg ta mål av seg å vera eit førebilete når det gjeld respekt for og handtering av urfolk sin kultur.
Sentralt i den samiske kulturen står språket. Departementet vil i samarbeid med Sametinget arbeida for å bevara og vidareutvikla samisk språk.
Samisk kultur må sikrast eit forsvarleg økonomisk grunnlag. Slik tilhøva er i dag, er det eit mishøve mellom eksisterande behov og tilgjengelege ressursar.
Samisk kultur har ofte behov som skil seg frå norsk kultur elles. Den er sårbar, men òg sterk og har eit stort utviklingspotensial. Det inneber at offentlege styresmakter med ansvar for samiske kulturspørsmål må vera spesielt merksame på utfordringane. Det gjeld både stat, fylkeskommune og kommune.
Gjennom ratifiseringa av Europarådet sin rammekonvensjon for vern av nasjonale minoritetar har Noreg eit ansvar for å fremja dei vilkåra som er naudsynte for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, kan ta vare på og utvikla kulturen sin og bevara dei grunnleggjande delane av identiteten sin.
Næringslivet spelar ei stadig viktigare rolle i kulturlivet, som strategisk samarbeidspartnar, oppdragsgjevar og kjøpar av kulturprodukt osb. Det vil etter ei tid ha både kulturøkonomiske, kulturelle og kunstnarlege konsekvensar. Det er difor god grunn til å retta kulturpolitisk interesse mot temaet.
I Noreg som i andre land har næringslivet ein tradisjon for å støtta kulturlivet, og bidrag frå private bedrifter utgjer i mange høve eit viktig supplement til dei offentlege tilskota. Næringslivet sitt engasjement tykkjest i løpet av nokre år å ha utvikla seg frå ei relativt diskret mesénrolle, med moderat eksponering av sponsoren som motyting for økonomiske bidrag, til ei meir gjensidig verksemd i form av strategisk samarbeid mellom kunstnarlege verksemder og næringslivsaktørar.
Kultursektoren har eigenskapar som er viktige for verdiskapinga i bedriftene, til dømes kreativitet og idérikdom. Dette er verdiar som er viktige for bedriftene i ein stadig meir global marknad med store krav til omstilling og konkurranseevne.
Det er ei viktig kulturpolitisk oppgåve å medverka til at næringslivet kan aksla eit større kulturpolitisk ansvar og slik hjelpa fram vokster og utvikling i kultursektoren.
Samspelet mellom kultur og næring er eit tverrsektorielt tema som kan ha noko å seia innanfor fleire politikkområde. Mellom anna finst det døme frå fleire land på kva kulturtiltak kan ha å seia for utviklinga av byar, tettstader og regionar.
Det ligg fast at det offentlege har hovudansvaret for å finansiera det ideelle og ikkje-kommersielle kulturlivet. For kulturlivet kan likevel eit samarbeid med bedriftene gje grunnlag for fleire finansieringskjelder. Dette kan gje større handlingsrom for å realisera fleire ynskte prosjekt og tiltak. Det er ein føresetnad at offentleg kulturforvaltning skal tena fellesskapsinteressene og arbeida for å realisera allmenne mål for kultursektoren som det ikkje utan vidare er rimeleg å venta at private aktørar tek ansvaret for.
Omsynet til dei overordna måla for kultursektoren inneber likevel ikkje at ein skal oversjå verdien av at private aktørar samstundes søkjer å realisera eigne mål i kultursektoren. I mange høve vil næringslivet og kulturlivet finna område med felles interesse. Men for dei private aktørane er det viktig at det offentlege held fast ved det grunnleggjande ansvaret for det ikkje-kommersielle kulturlivet. Utan den offentlige støtta ville det i eit land som Noreg knapt ha funnest eit kulturliv som kan samarbeida med næringslivet. Det er viktig at staten respekterer det private næringslivet som ein viktig partnar i arbeidet for å utvikla kulturlivet. I denne partnarskapen er det avgjerande å identifisera og utvikla område der det offentlege og private har felles interesser.
Det må strekast under at samarbeid mellom kulturlivet og næringslivet er verdfullt; det lyt skje på dei respektive partane sine eigne premissar, og staten som bidragsytar til kulturfeltet har ingen partsrolle i dette hopehavet. Konsekvensen av dette er at dersom ein kulturinstitusjon opplever bortfall av slike inntekter, vil ikkje ein slik situasjon legitimera krav om at staten skal kompensera for inntektstapet. Og motsett, når ein institusjon oppnår ein monaleg auke i sponsorinntektene sine, skal ikkje dette ha noko å seia for dei økonomiske bidraga frå staten eller andre offentlege tilskotsytarar. Likevel lyt vi ta atterhald for at det kan oppstå tilfelle der eit tiltak innhaldsmessig utviklar seg i kommersiell lei på ein slik måte at grunnlaget for offentleg tilskot ikkje lenger er til stades.
I opptrappingsplanen for psykisk helse for perioden 1998-2006 står det at regjeringa ynskjer ei samfunnsutvikling som legg større vekt på dei kulturelle og menneskelege verdiane.
Siktemålet med det vidare arbeidet er å medverka til at kunst og kultur av god kvalitet vert betre tilgjengeleg for fleire, og at kultur vert ein akseptert metode i det førebyggjande, helsefremjande og rehabiliterande arbeidet.
Kravet til fornying og omstilling gjeld heile den offentlege sektoren og med auka styrke. Dei institusjonane i kulturlivet som får hovuddelen av dei årlege driftsbudsjetta frå det offentlege, møter òg dette kravet.
Samfunnet opplever ei stadig omforming. Kulturlivet kan ikkje stilla seg utanfor ein slik prosess. Det er ei stor utfordring for leiarane i kulturinstitusjonane å motivera til ei forståing for at det er endring som gjev tryggleik, ikkje det etablerte og det vante.
Prinsipielt vil staten kunna nytta både gulrot og pisk for å oppnå ynskte endringar i kulturlivet. Dersom ein institusjon over lengre tid har dårlege resultat, bør dette få konsekvensar for dei offentlege tilskota. Men det er liten tvil om at det i dei fleste tilfella er mest tenleg å nytta gulrota. Departementet vil difor i samband med dei årlege budsjettforslaga vurdera å innføra særskilde insentivordningar for å motivera til ynskte endringsprosessar, og då vurdert frå samfunnets og publikums side.
Både NRK og TV2 er forplikta til å driva allmennkringkasting. Allmennkringkasting inneber at kringkastarane skal senda eit breitt spektrum av program. Eit viktig element i krava til NRK og TV2 er at programmenyen skal ha ei tematisk og sjangermessig breidd. Det må strekast under at jamvel om fjernsyn og radio er massemedium, skal programma i allmennkringkastingskanalane NRK og TV2 ikkje berre vera retta mot dei breie lag av folket. Dei smale kulturuttrykka har sin sjølvsagde plass i programtilbodet, også i beste sendetida.
Utforminga av skatte- og avgiftssystemet har store konsekvensar for kultursektoren. Der det er tenleg, vil regjeringa ta sikte på å endra einskilde føresegner slik at skatte- og avgiftssystemet byggjer opp om og stimulerer ei positiv utvikling av kulturområdet.
Regjeringa ser at dagens reglar kan gje uynskte verknader og vil følgja problemstillinga. Dersom det tykkjest naudsynt, vil ein koma attende til Stortinget med saka.
Det næraste tiåret må musikksektoren få auka tilskot innanfor dei tilgjengelege rammene. Det er eit overordna mål å innretta satsinga slik at det fremjar nyskaping og fleksibilitet.
Musikkpolitikken skal forma eit trygt grunnlag for å skapa musikk av høg kvalitet. Dei mange uttrykksformene må vera tilgjengelege for flest mogeleg. Utgreiingane på musikkfeltet frå den seinare tida gjev verdfulle innspel til å vurdera musikksektoren i åra som kjem.
På det skapande området må det leggjast vinn på at offentlege stønadsordningar for produksjon skal kunna ivareta nyskaping innanfor alle sjangrar, medrekna musikkformer som ikkje er tufta på notasjon, og sjangrar som er nye i landet. Det må arbeidast for å auka talet på framføringar av nykomponert musikk. Å tryggja vidareutviklinga av samtidsmusikken lyt nemnast særskilt.
Å stimulera interessa for musikk hjå born og unge er no som før ei viktig utfordring. Den auka tilførsla av spelemidlar til lokal kulturaktivitet dei komande åra vil gje økonomisk handlingsrom for utvida musikkformidling til skuleelevar.
God musikk må takast vare på og formidlast som fonogram. For å kunna støtta ein rimeleg del av dei nye produksjonane vil innkjøpsordninga for fonogram under Norsk kulturråd få vidare rammer dei komande åra.
Musikk er ei kunstform med høg grad av internasjonalt samarbeid og internasjonal utveksling. Prosjekt og nettverk på tvers av landegrensene kan stimulera til nyskaping og kvalitativ utvikling. Å leggja til rette for internasjonalt samkvem både for musikarar og formidlarar lyt vera ei prioritert oppgåve.
Den statlege politikken på musikkfeltet dekkjer dei fleste lekkjene i produksjons- og formidlingskjeda gjennom ulike støtteordningar til komponistar, utøvarar, konsertarrangørar og plateinnspelingar. Det er viktig å streka under samanhengen mellom dei ulike aktørane på feltet og mellom dei ulike økonomiske verkemidla.
For å tryggja norsk musikkliv som ein blømande del av norsk kulturliv er det viktig at dei offentlege tilskota gjev fullgode rammer for kunstnarleg nyskaping og legg til rette for fleksibilitet og dynamikk i musikklivet.
Noreg har i dag eit rikt og pulserande musikkliv som i stor grad er resultat av at det dei siste tiåra har vakse fram mange nye ensemble som produserer, framfører og formidlar eit mangslunge musikktilbod av høg kvalitet både innanfor klassisk musikk - inkludert samtidsmusikk - og innanfor dei mange uttrykksformene av jazz, folkemusikk, pop, rock og verdsmusikk. Ut frå dei kulturpolitiske måla på musikkområdet om mangfald, kvalitet og tilgjenge er det behov for ei monaleg styrking av dei økonomiske rammevilkåra på ensemblefeltet.
Ensemblefeltet har eit særleg behov for sterkare innsats frå det offentlege. Det store mangfaldet av ensemble har tronge vilkår. Ei rad gode instrumental- og vokalensemble gjer seg gjeldande innanfor eit breitt spekter av uttrykksformer, samstundes som det finst eit potensial for endå meir spesialisert og variert verksemd.
Jamvel om ensembla kan søkja tilskot frå fleire ordningar, kan berre ein liten del av behovet dekkjast opp innanfor gjeldande rammer. Det er ei utfordring å skapa eit betre grunnlag for ensembleverksemd, både for langsiktig arbeid innanfor dei store repertoarområda og for prosjekt innanfor alle sjangrar. Det er elles ynskjeleg at kyrkjemusikken vert knytt musikkpolitisk betre i hop med musikkfeltet elles.
Det er neppe tenleg å samla dei statlege tilskota i éi ordning ubunden av sjangrar, men det kan vera naturleg å leggja til rette for ei meir heilskapleg og samordna tilskotsforvaltning. Vidare vil det vera tenleg at Norsk kulturråd gjev tilsegner om fleirårig tilskot til ensemble når det er eit særleg behov for å arbeida utan avbrot med produksjon og formidling over ein lengre periode.
Departementet legg til grunn at ein monaleg auke i tilskota til ensembla er naudsynt for å gje feltet rimelege vilkår for vidare utvikling og for å letta nyetableringar.
Stortinget har bede om at korfeltet skal vurderast særskilt. Korfeltet er med som ein del av utgreiinga Musikkliv og musikkpolitikk (Norsk kulturråd 2002, rapport nr. 31). Utgreiinga peiker på at det er behov for eit lyft for dette feltet.
Utgreiinga rår til å bruka dei ulike eksisterande tilskotsordningane meir målretta; dvs. generell ensemblestøtte, reisestøtte, aspirantstøtte, plateinnspelingsstøtte osv.
Symfoniorkestra tilfører musikklivet eit eineståande tilbod av både norsk og utanlandsk musikk. Musikarar i orkestra har dessutan ofte andre viktige roller som medverkande i ensemble eller som musikkpedagogar. Ei hovudutfordring for orkestra i åra frametter er å nå fram med eit variert musikktilbod til eit publikum med ulike og vekslande preferansar. Orkestra lyt følgjeleg evna å vera fleksible og å samarbeida. Betre kvalitativ informasjon om orkestra bør skaffast fram ved hjelp av periodiske evalueringar og meir presis målstyring.
Ei utgreiing om orkesterfeltet frå 2001 (Symfoniorkesterutredning. Ny orkestersatsning - kvantitativt og kvalitativt) vurderer korleis ein på ulike måtar kan oppnå målet om å gjera musikk av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogeleg, og korleis ein kan stimulera til kunstnarleg fornying, målretta aktiviteten og sikra god ressursbruk.
Dei norske orkestra kan gjennom dei seinare åra dokumentera god kunstnarleg vekst og utvikling. Størst internasjonal merksemd har Oslo-Filharmonien hatt. Det er ei viktig kulturpolitisk oppgåve å medverka til at orkesteret kan utvikla seg vidare. I denne samanhengen er det ei sentral deloppgåve å syta for at orkesteret får dei akustiske og praktiske tilhøva i Oslo konserthus som er naudsynte for vidare utvikling av orkesteret. Dette krev medverknad frå Oslo kommune som eigar av Konserthuset.
Departementet legg til grunn at symfoniorkestra også i framtida vil vera ulike med omsyn til storleik, organisering, økonomi, fagleg profil og omfang. Det bør leggjast til rette for å få fram eit større mangfald i musikkframbodet frå orkestra.
Oslo-Filharmonien har i dag 109 musikarar. Dei andre symfoniorkestra framfører - med noko vekslande argumentasjon - gode faglege grunnar for å verta større. Departementet vil prioritera dette i framtidige budsjett.
Departementet har i samarbeid med Norsk teater- og orkesterforening sett i gang eit arbeid for å revidera det noverande opplegget for mål- og resultatstyring for orkestra og teatra og for å innføra periodiske evalueringar, til dømes kvart femte år.
Eit rikt konsertliv i heile landet heile året er eit overordna siktemål. Gode vilkår for musikkfestivalar og lokale arrangørar er difor viktig. Det er ei særleg utfordring å styrkja vilkåra for dei mange musikkfestivalane og andre konsertarrangørar landet rundt.
Utviklinga av festivalane er noko av det mest gledelege og nyskapande som er skjedd innanfor musikkfeltet dei seinare åra.
For å dekkja behova betre enn i dag må ramma for tilskotsordninga aukast monaleg. Tildeling av midlar må tuftast på ei vurdering av kvalitet, oppslutnad og lokalt ankerfeste.
Samstundes som arrangørleden må styrkjast ressursmessig, er det viktig at dei lokale arrangørane byggjer lokale nettverk som også omfattar interesseorganisasjonar og andre miljø der musikkgleda og den friviljuge innsatsen er ei drivkraft.
Det kan vera tenleg å gjennomføra ulike forsøks- og utviklingsprosjekt i samarbeid mellom landsomfattande arrangørnettverk, sterke organisasjonar og kvalitetsmedvitne produksjonsmiljø, til dømes Norsk Kulturhusnettverk og Norgesnettet, Norsk Jazzforum, Norsk Rockforbund i samarbeid med Rikskonsertane og Norsk kulturråd, for å utvikla kompetanse og erfaring med tanke på ei generell styrking av arrangørleden.
Rikskonsertane har heile landet som verkefelt og har oppgåver innanfor eit breitt spektrum av musikkfeltet. Rikskonsertane fremjar mangfaldet i norsk musikkliv med konsertar innanfor mange sjangrar. Gjennom skulekonsertordninga formidlar dei levande musikk til skuleelevar i hundretusental. Gjennom programmeringa av eit mangslunge turnétilbod i heile landet med norske og utanlandske musikarar og musikkensemble og satsingar på verdsmusikk ivaretek Rikskonsertane ei viktig rolle i norsk musikkliv.
Det vil vera behov for ei viss styrking av Rikskonsertane for å kunna utnytta arrangørnettverk og formidlingskompetanse i utviklinga av eit landsomfattande tilbod av opera og ballett.
Innføring av Den kulturelle skulesekken set skulekonsertordninga til Rikskonsertane inn i ei ny heilskapsramme. Det er viktig både å ta vare på, vidareføra og vidareutvikla kompetansen og nettverka som er bygde opp gjennom 35 år med skulekonsertverksemd. Det vert difor viktig å klårgjera den rolla Rikskonsertane skal ha innanfor den heilskapen som Den kulturelle skulesekken representerer.
Departementet ser det som viktig at alle kommunar som ynskjer det, skal få delta i den landsomfattande skulekonsertordninga. Ordninga må vidareutviklast og i større grad tilpassast ulikskapane i lokalt kulturliv. Departementet ser i den samanhengen med interesse på den planen dei fire store bykommunane Oslo, Trondheim, Kristiansand og Drammen har utarbeidd i samarbeid med Rikskonsertane for å prøva ut ein skulekonsertmodell som er tilpassa storbysituasjonen.
Innkjøpsordninga for fonogram bør styrkjast for å tryggja at ein større del av viktige produksjonar med norske musikarar og norskkomponert musikk kan verta innkjøpt, anten produksjonen er utgjeven av eit norsk eller eit utanlandsk selskap.
Innkjøpskomiteen, som innstiller kva titlar som skal kjøpast inn, er til no peikt ut av organisasjonane FONO, GramArt, IFPI, Musikernes Fellesorganisasjon, NOPA, Norsk Komponistforening og Rådet for folkemusikk og folkedans. Departementet ynskjer å gå bort frå ordninga med at utvalde organisasjonar oppnemner representantar, og i staden oppnemna ein komité etter framlegg frå relevante organisasjonar tufta på behovet for fagleg ekspertise og på same måten som for dei andre fagutvala til Kulturrådet.
Den kyrkjemusikalske verksemda i norske kyrkjelydar representerer eit viktig potensial i norsk kulturliv. Rammevilkåra for norsk kyrkjemusikk er i dag lite tilfredsstillande. Difor vert berre delar av dette potensialet utnytta. Både kyrkja og kulturlivet må tilleggjast ansvar for å leggja til rette for at rikdommen av kyrkjemusikk, skapt gjennom den lange historia kyrkja har, og i vår eiga tid, skal verta ein viktig integrert faktor i det indre livet til kyrkjelydane og i norsk kulturliv. Det bør setjast i verk tiltak for å styrkja rekrutteringa til kyrkjemusikaryrket og for å fremja regional og lokal satsing på kyrkjemusikalsk aktivitet.
Det er i dag ingen særskilde avsetningar til kyrkjemusikkføremål. Kyrkjemusikkfestivalar kan søkja og få tildelt midlar over festivaltilskotsordninga i Norsk kulturråd.
Det er to overordna omsyn departementet vil tilrå å leggja vekt på når det gjeld å styrkja rammene for kyrkjemusikken med økonomiske verkemiddel. Det bør veljast strategiar som gjev flest mogeleg ressursar til aktivitet, og ein bør prøva å avgrensa bruken av ressursar til administrasjon. Det bør veljast strategiar som ikkje etablerer ein statisk struktur, men som gjev høve til fleksibilitet og variasjonsbreidd.
Departementet har kome til at ei særskild støtteordning for kyrkjemusikk gjennom Norsk kulturråd vil vera ei god løysing for å ivareta desse overordna omsyna. Det bør ikkje gjevast tilskot til einskildprosjekt, men til program over fleire år, til dømes tre til fem år.
Noreg er åleine om å kunna verna, forvalta, og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv. Folkemusikken har dei siste tiåra fått fleire utøvarar på høgt nivå, fleire arenaer og større publikum, og det skjer nytenking når det gjeld formidlings- og samversformer. Det er behov for meir samla innsats for å styrkja grunnlaget for produksjon og formidling. Interessa for og rekrutteringa innanfor folkedansen har derimot gått tilbake, og dette stiller folkedansmiljøa overfor særskilde utfordringar.
Det vil vera tenleg å styrkja prosjektmidlane til produksjon av framsyningar og til turné- og konsertverksemd, slik at eit godt utval topputøvarar får grunnlag for å satsa profesjonelt, og slik at det kan verta rom for nokre produksjonar med større grupper. Det bør òg vera rom til folkedansutøvarar og produksjonar med vekt på folkedans innanfor denne ordninga. Ei utøvarstyrt oppbygging av frie grupper og ensemble tykkjest vera mest tenleg.
Den norske folkedansen er i ein vanskeleg situasjon. Han er lite synleg og rekrutteringa er veik. Det trengst særlege tiltak for å styrkja folkedansen som allment kunstnarleg uttrykk, verneverdig lokalkultur og generasjonssamanbindande eigenaktivitet.
I åra framover vil det koma auka midlar til lokal friviljug verksemd, Frifond m.m. Saman med utviklinga av Den kulturelle skulesekken bør Frifond kunna medverka til å styrkja det lokale arbeidet med folkemusikk og folkedans.
I tilknyting til rapporten om folkemusikk og folkedans har Norsk kulturråd gjeve uttrykk for behov for ei klårare oppgåvedeling mellom organisasjonane eller ei omorganisering for å motverka oppbygging av parallelle strukturar. Det vart vidare peikt på at Rådet for folkemusikk og folkedans har ein uklår styrings- og oppgåvestruktur. Departementet vil gå gjennom funksjonar og organisatoriske sider ved Rådet for folkemusikk og folkedans.
Folkemusikk- og folkedansarkiva er eit nettverk av nasjonale, regionale og lokale arkiv som gjer rikdomen av innsamla materiale tilgjengeleg for både organisasjonane og medlemene deira på grasrota, for topputøvarane og andre kunstnarar og for dei ulike typane utdanning og forsking. Nasjonalbiblioteket bør trekkjast inn i arbeidet som kompetanseorgan for langsiktig bevaring av lyd og for drift av databasar.
Å fremja formidling av verdsmusikk kan vera med på å skapa forståing og respekt for ikkje-vestlege kulturar. Den innsatsen som Rikskonsertane og ymse festivalar gjer for å spreia slike musikkuttrykk, må førast vidare.
Det er eit stort publikum for verdsmusikk i Noreg, og interessa er aukande. Som døme må nemnast Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Oslo World Music.
Populærmusikken bør fremjast som uttrykksform, og krav til kvalitet må stå like sentralt som overfor dei andre områda av musikklivet. Støtta til populærmusikk bør i større grad ytast innanfor ramma av dei generelle stønadsordningane. Det er framleis ikkje aktuelt med støtte til den kommersielle delen av populærmusikken.
Gjennom ulike ordningar er det teke sikte på å supplera og korrigera marknaden med omsyn til vilkåra for nyskaping, produksjon og formidling. For 2003 er det fordelt om lag 18 mill. kroner til populærmusikk over dei ulike tilskotsordningane, Norgesnettet, musikkverkstad-ordninga, turné-, transport- og festivalstøtte-ordninga, festivaltilskotsordninga og tilskotsordninga for landsomfattande musikkorganisasjonar. I tillegg kjem midlar frå Frifond-ordninga.
Over heile landet finst det mange ungdommar som brukar mykje av fritida i band og rockegrupper. Denne aktiviteten er omfatta av hovudmåla for tilskotsordninga for lokal, friviljug verksemd blant born og unge - Frifond. Dei økonomiske rammene for friviljug arbeid vert auka som følgje av at kulturlivet får større del av speleoverskotet. Dette vil såleis også kunna koma populærmusikken til gode.
Norsk jazz har stor breidd i uttrykksformer, god rekruttering og er internasjonalt orientert. Å tryggja grunnlaget for jazzen i Noreg tilseier særleg ein innsats for å vidareutvikla spele- og møtestader for denne musikkforma.
Offentleg økonomisk innsats må innrettast slik at han tryggjer eit breitt og samansett jazzfelt, der improvisasjonsmusikken får høve til å nå ein større marknad og eit nytt og breiare publikum.
Innretninga av tilskota til jazzføremål vil verta vidareført, slik at Norsk jazzforum held fram med å vidarefordela tilskotsmidlar via medlemene sine, dvs. dei fleste norske jazzmusikarane, storbanda, jazzklubbane og ei rad jazzfestivalar, medan dei regionale jazzsentra administrerer midlar til scenedrift, produsentar og pedagogisk verksemd i kvar sine regionar.
Ein meir kontinuerleg presentasjon av både norsk og internasjonal jazz vil vera tenleg for ytterlegare å tryggja kvalitet, breidd og rekruttering. Å skipa til ei nasjonal scene for jazz vil skapa ein viktig møtestad for publikum og utøvarar. Ein samlende møteplass for jazzmiljøa og felles konsertscene bør i fyrste omgang ikkje skje som nyetablering, men bør utviklast med utgangspunkt i eksisterande miljø og eigna spelestader.
Dokumentasjon og informasjon om norsk musikkliv er ein naudsynt føresetnad for eit levande musikkliv. Dokumentasjonen av og informasjonen om norsk musikkliv er organisert på ulike måtar. Dels er arbeidet knytt til bestemte musikkformer og lokale miljø innanfor musikkfeltet og dels til meir landsomfattande institusjonar og nettverk med verksemd på tvers av sjangergrenser. Fellesløysingar og fagleg samarbeid kan medverka til å styrkja denne delen av musikklivet.
Musikkinformasjonssenteret, Norsk Jazzarkiv og Visearkivet vil ha behov for meir tidhøvelege lokale og betre infrastruktur. Den rehabiliterte hovudbygningen for Nasjonalbibliotekets Oslo-avdeling vil ha rom for ei samlokalisering av de nemnde institusjonane.
Departementet tek sikte på at alle desse skal vera på plass når den rehabiliterte bygningen for Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo opnar for publikum i 2005.
Dei offentleg støtta scenekunstinstitusjonane har eit omfattande og stabilt publikum, om lag 1,2 millionar vitjande per år og om lag på same nivået i dag som for 25 år sidan. Jamvel om institusjonane i dag møter tevling om folks interesser og fritid, er det ei stor utfordring for dei statsstøtta institusjonane å nå fram til eit større publikum. Større spreiing av framsyningar gjennom etermedium i form av transmisjonar vil kunna gje verdfulle bidrag. Til dømes kan ei transmittert oppsetjing av opera, teater og dans oppnå eit publikum som langt overstig det eit teater elles kan ha gjennom eit heilt år.
For å skapa rom for større fleksibilitet innanfor scenekunstfeltet kan det vera naudsynt å arbeida i fleire retningar:
– Dei etablerte institusjonane må kontinuerleg vurdera eigen organisasjon og kostnadsstruktur.
– Samstundes som institusjonane skal ha trygge rammevilkår, må dei offentlege stønadsordningane gjerast meir fleksible.
– Det er særleg naudsynt å auka løyvingane til den frie scenekunsten, men det er òg ynskjeleg å prioritera institusjonar med særleg god ressursutnytting og dei små institusjonane som har høge turnékostnader.
Det vil i tillegg vera naudsynt å prioritera auka rammer til opera og dans, både til Den Norske Opera og til verksemda elles i landet, for å realisera intensjonane for det nye operahuset og Nasjonal plan for opera og ballett.
Dei faste teaterinstitusjonane må ha trygge økonomiske rammevilkår. Det er eit særleg behov for å betra dei økonomiske rammene for dei mindre institusjonsteatra og einskilde andre teaterverksemder. God kunstnarleg utvikling, ressursutnytting, omstillings- og samarbeidsevne og økonomistyring vil vera avgjerande for prioriteringa mellom institusjonane. Godt samarbeid mellom teatra og med dei frie gruppene må fremjast både av kunstnarlege, praktiske og økonomiske grunnar. Dei gode produksjonane må nå ut til eit større publikum. Betre kvalitativ informasjon om teatra bør skaffast fram ved hjelp av periodiske evalueringar og meir presis målstyring.
Det er naudsynt å utvikla tiltak som gjer at særleg born og ungdom frå grupper som ikkje har noko tilhøve til scenekunsten, får oppleva scenekunst og får høve til å koma innanfor det profesjonelle scenekunstmiljøet og kunna oppleva at dette miljøet er ein integrert del av livet deira. Det langsiktige i slike tiltak må understrekast. Den kulturelle skulesekken er eit svært viktig verkemiddel i denne samanhangen.
Det er òg naudsynt å stimulera til at kunstnarar med ikkje-vestleg bakgrunn får høve til å styrkja den kunstnarlege profesjonaliteten sin og utvikla uttrykka sine på eigne premissar. Dette kan skje gjennom særlege utdanningstiltak og gjennom støtte til organisasjonar, ensemble og einskildkunstnarar. Slike tiltak kan etter kvart setja dei i stand til å møta norske og andre vestlege kollegaer på ulike, men likeverdige vilkår.
Departementet tek ikkje sikte på å følgja opp framlegget om å avgrensa rammefinansieringa til nokre få institusjonar og knyta dei fleste teatra til ei ordning med programfinansiering. Departementet meiner det for tida ikkje er aktuelt å endra prinsippa for noverande finansieringsordningar, heller ikkje å etablera nye institusjonar eller innlemma fleire institusjonar i ordninga med avtalefesta samfinansiering.
Fyrste innsatsområde vil vera å gje dei mindre regionteatra som turnerer mykje, kompensasjon for turnéutgifter gjennom ein auke i det faste tilskotet i løpet av nokre år.
Andre innsatsområde vil vera å tilføra nokre av dei mindre verksemdene utviklingsmidlar for ein periode på inntil fem år, og det uavhengig av om dei er ein del av ordninga med avtalefesta samfinansiering eller ikkje. Når perioden er over, skal utviklingsmidlane koma andre verksemder til gode for ein ny periode.
Tredje innsatsområde vil vera å auka tilskotet til institusjonar med særskild god ressursutnytting. Dette må òg gjelda for institusjonar utanfor ordninga med avtalefesta samfinansiering.
Fordi institusjonsteatra jamt over rår over større ressursar enn det frie grupper gjer, bør dei invitera til samarbeid med frie sceniske grupper, opna scenene sine og stilla andre fasilitetar til rådvelde i det omfang dette lèt seg sameina med den ordinære verksemda.
For kvar enskild teaterinstitusjon er det avgjerande at styringa av verksemda på alle plan er god. Leiinga er ansvarleg for at institusjonane byggjer opp ein viss økonomisk reserve i form av fond eller fri eigenkapital. Avsetning til ein slik økonomisk reserve skal ikkje få negative følgjer for omfanget av det statlege tilskotet.
Det er ein føresetnad frå staten si side at institusjonane syter for at det vert sett av tilstrekkeleg med pengar til vedlikehald av bygningar og teknisk utstyr.
Bygginga av eit nasjonalt operahus er det største einskildprosjektet på kulturområdet i Noreg i dag. Etter den framdriftsplanen som er presentert for Stortinget, skal operahuset stå ferdig i 2007 med opning og ordinær drift frå hausten 2008. Departementet vil rapportera om prosjektet i dei årlege budsjettproposisjonane.
Det må strekast under at driftsbudsjettet for Operaen i nytt hus føreset både auka driftstilskot frå staten og auka eigeninntekter.
Slik det er gjort greie for i St.prp. nr. 48 (2001-2002) Nytt operahus i Bjørvika, er kostnader til laust inventar og utstyr halde utanfor kostnadsramma, og departementet vil fremja løyvingsforslag seinare. Det vert arbeidd med å kartleggja utstyrsbehovet, og i fyrste fase vil utstyr som påverkar bygget eller installasjonar i bygget, verta prioritert. Departementet vil koma attende til saka når spørsmåla er avklåra.
Opera og dans skal gjevast eit lyft i heile landet gjennom å stimulera eksisterande tiltak og initiativ. For å oppnå stabilitet og fleksibilitet ynskjer departementet å leggja til rette for grunnfinansiering av tiltaka og at det i tillegg må kunna søkjast om tilskot til program og prosjekt.
Stortinget har uttrykt ein ambisjon om ikkje berre å styrkja Den Norske Opera i hovudstaden, men også om å fremja kunstformene opera og dans landet rundt.
For å oppnå best mogeleg utnytting av ressursane og for ikkje å sementera organiseringa av feltet, men leggja vekt på så god fleksibilitet som råd er, vil ikkje departementet ta initiativ til å skipa nye institusjonar. I staden for ein ovanfrå-og-ned-politikk tilrår departementet å utforma politikken nedanfrå-og-opp. Det vil seia at ein prioriterer å stimulera tiltak med lokal forankring, både eksisterande og nye. Departementet vil følgja utviklinga av feltet for å sjå til at ei slik tilnærming gjev god geografisk spreiing av tilboda.
Der det er fleire tiltak eller initiativ innanfor det same geografiske området, har departementet gjeve signal om at aktørane bør søkja i lag med sikte på ei samla organisering som kan gje betre planlegging og ressursbruk.
Det er viktig at tiltak på operafeltet - som på dansefeltet - får høve til kontinuitet i verksemda. Samstundes må det skapast rom for fleksibilitet. Statstilskot vil berre vera eit delbidrag. Departementet vil ikkje tilrå faste fordelingsnøklar for tilskot frå dei ulike offentlege forvaltningsnivåa, men sjå på storleiken av regionale og lokale bidrag som ein indikator på engasjementet for opera i regionen og slik òg for vurdering av statleg støtte.
For at modellen med regionopera skal kunna fungera fullgodt, må eksisterande kunstinstitusjonar med tilskot over departementet sitt budsjett medverka til satsinga.
Det vil vera eit viktig bidrag til å fremja utvikling av regionoperaene dersom regionale og lokale styresmakter stør tiltak for å etablera operakor.
Riksoperaverksemda til Den Norske Opera skal framleis vera ein hjørnestein i den nasjonale formidlinga av opera og dans. Tilbodet bør byggjast vidare ut, slik at fleire stader kan ta imot framsyningar, og slik at det kan verta større regularitet i verksemda.
Eit vilkår må vera at mottakarane har økonomisk støtte til føremålet hjå lokale og/eller regionale politiske styresmakter.
Danseframsyningar når ut til eit altfor lite publikum og berre til eit fåtal stader. Å endra dette vil krevja auka midlar til produksjon, gjestespel og turnéar, tilrettelegging av arenaer og tiltak for publikumsutvikling. Dette tilseier at det bør finnast stønadsordningar og andre særskilde tiltak som er eigna til å stimulera til auka publikumsinteresse for og betre tilgjenge til danseframsyningar.
For å få dansen inn på nye arenaer er det behov for nytenking som inkluderer nye aktørar og nye samarbeidsformer, ressursar til utvikling av fleksible spelestader og styrkt formidlingskompetanse.
I samarbeid med Senter for dansekunst har departementet arbeidd for å etablera ei eiga scene for moderne dans i Oslo. Vonleg vil ei permanent dansescene kunna innpassast i utbygginga på Vestbane-tomta.
For dansarane ved Nasjonalballetten er det etablert ei pensjonsordning frå fylte 41 år. Dansarane i Carte Blanche har ikkje ei slik ordning, og pensjonsalderen for desse dansarane er difor den vanlege på 67 år. Det er naudsynt å koma fram til ei ordning som gjer det mogeleg for Carte Blanche å avslutta tilsetjingsforholdet til dansarane når karrieren som aktiv dansar er over.
Departementet vil koma attende til saka i budsjettsamanheng.
Mangfaldet av scenekunstnarar og sceniske grupper utan fast tilknyting til institusjonar er ein viktig ressurs både for kunstnarleg nyskaping og for formidlingsmessig nytenking og fleksibilitet. Det må finnast tilskotsordningar og samarbeidstilbod som i rimeleg utstrekning gjev desse aktørane handlingsrom og oppdrag og sikrar gode produksjonar eit større publikum.
Ei evaluering av stønadsordninga for fri scenekunst har som hovudbodskap at dei økonomiske rammene er for små, og at vektlegginga av at prosjekta skal vera nyskapande, har skapt ein vanskeleg situasjon for dei gruppene og scenekunstnarane som fyrst og fremst er opptekne av å formidla scenekunst til visse målgrupper, særleg born og unge.
Dei auka løyvingane til Den kulturelle skulesekken vil kunna representera eit nytt handlingsrom for frie grupper innanfor scenekunstfeltet.
Det er uråd å fremja den frie scenekunsten og kunstartane opera og dans i Noreg utan tilførsle av større offentlege tilskot enn i dag. Ein stor del av dei auka tilskota bør gå til stønadsordningar som fremjar fleksibilitet.
Departementet vil i samarbeid med Norsk kulturråd vurdera naudsynte justeringar av kriteria for midlar til fri scenekunst. Ein monaleg auke i dei økonomiske rammene må til for å sikra ei finansiering som gjev større breidd og tryggare rammer for den ikkje-institusjonaliserte delen av scenekunstfeltet.
Gjennom turnéar og gjestespel får publikum i ulike delar av landet betre tilgjenge til gode teaterproduksjonar. Det må til kvar tid liggja til rette for at både den institusjonaliserte delen av teaterfeltet og dei frie sceniske gruppene kan delta som viktige aktørar i slik desentralisert formidling.
Departementet ser det som heilt vesentleg at kvalitetsproduksjonar når eit størst mogeleg publikum på den mest kostnadseffektive måten.
Det må stillast nye krav til teaterinstitusjonane. Det inneber òg at Riksteatret må leggja om arbeidsmåtane sine. Teatret kan byggja ned det fast tilsette skodespelarensemblet sitt. Departementet legg til grunn at omlegginga av verksemda i Riksteatret bør gjennomførast over ein treårsperiode.
Departementet ser ikkje lenger noko grunnlag for å ha ei eiga lov om Riksteatret og vil fremja ein proposisjon om å oppheva lova.
Gjennom lang tid har det vore eit uttalt ynske om å auka talet på transmisjonar av scenekunstframsyningar i etermedium.
Departementet har i fleire år stilt krav til dei aktuelle institusjonane om å medverka til at framsyningar kan få ei best mogeleg spreiing gjennom transmisjonar.
Kultur- og kyrkjedepartementet si rolle i høve til scenekunstinstitusjonane må fyrst og fremst vera å sikra deira aktive medverknad til at talet på transmisjonar vert auka.
I dei årlege framlegga til statsbudsjett vil departementet som ei eiga insentivordning leggja inn særskilde midlar som kan kanaliserast til dei scenekunstinstitusjonane som prioriterer tilrettelegging av transmisjonar.
Departementet har teke saka opp med NRK, som uttrykkjer positiv vilje til å auka talet på transmisjonar som ein del av sitt løpande programtilbod. Departementet vil rapportera om utviklinga i saka i dei årlege budsjettproposisjonane.
Etter ei omfattande evaluering vart den statlege filmpolitikken vesentleg endra i 2001. Følgjande prinsipp vart lagde til grunn: Staten sitt ansvar er å leggja tilhøva til rette for bransjen gjennom ulike støtteordningar og andre tiltak, men staten skal ikkje ta på seg oppgåver som private kan ta ansvaret for på ein fullgod måte. Bransjen har ansvar for produksjon, medrekna idéskaping, prosjektutvikling, produksjon, marknadsføring og sal.
Omlegginga omfatta både støtteordningane og forvaltninga av dei.
Det vart lagt til grunn at dei nye ordningane skal evaluerast innan fem år etter at dei vart sette i verk.
Produksjon av film, dataspel m.m. er svært kostbart. Det kostar det same å produsera ein film eller eit dataspel i Noreg som i eit land med langt større marknad og med sjansar for større inntening. Departementet meiner difor at det er ei offentleg oppgåve å tryggja at det i eit lite land som Noreg er eit tilbod av film og andre audiovisuelle produksjonar som reflekterer vår historie, vår kultur og vårt språk.
Hovudmålet er å sikra eit godt og mangfaldig norsk audiovisuelt tilbod. For å få til dette er det framleis naudsynt med omfattande statleg støtte til film og andre audiovisuelle medium.
Departementet vil vidareføra hovudstrukturen i den omlagde filmpolitikken frå 2001. Departementet legg til grunn at ei evaluering av filmpolitikken og ordningane skal setjast i gang seinast i løpet av 2005.
Dei auka publikumstala medfører at samla utbetaling av billettstøtte vert større. Auka billettstøtte medfører at dei disponible midlane i Norsk filmfond til produksjon av nye filmar vert reduserte tilsvarande. Ein må kunna venta at somme av desse midlane vert kanaliserte inn i nye filmprosjekt, men det er per i dag ikkje knytt nokon plikter til billettstøtta. Denne utviklinga har skjedd raskare enn venta, og det er difor allereie no behov for å vurdera reglane. Departementet har sett i gang dette arbeidet i samarbeid med Norsk filmfond og filmbransjen.
Kinopolitikkutvalet la 13. desember 2000 fram NOU 2001:5 Kino i en ny tid for Kulturdepartementet. Innstillinga har vore på høyring.
Utvalet la til grunn at den gjeldande ansvarsdelinga mellom staten og kommunane bør halda fram. Departementet sluttar seg til denne vurderinga.
Norsk kinopolitikk kviler på tre hovudpilarar; den kommunale konsesjonsordninga, Norsk kino- og filmfond og filmleigeavtalen. Fondet og konsesjonsordninga er heimla i lov om film- og videogram, medan filmleigeavtalen er ein privatrettsleg avtale.
Kinoutvalet meinte at det er naudsynt å føra vidare konsesjonsordninga for kinodrift, og at kommunane framleis bør handheva ordninga. Departementet sluttar seg til denne vurderinga.
Kinobransjen fungerer godt og framstår som ein seriøs bransje. Departementet kan ikkje sjå sterke grunner for å endra lova om film og videogram, men vil utarbeida ein strategi i samråd med Kommunenes Sentralforbund for å gje kommunane informasjon som kan tryggja ei meir korrekt praktisering av konsesjonsordninga.
Overgangen til digital distribusjon og framsyning av film vil vera ei stor utfordring for kinobransjen. Digitaliseringa inneber investeringar i utstyr som vil svekkja lønsemda og dermed truger eksistensen til dei minst lønsame kinoane og den norske kinostrukturen.
Med di utviklinga av digital distribusjon og framsyning går seinare enn ein hadde trudd, meiner departementet at det på noverande tidspunkt ikkje er aktuelt å vurdera ein slik øyremerkt auke i avgifta som utvalet gjorde framlegg om. Departementet har difor heller ikkje vurdert nærare det rettslege grunnlaget for ei slik endring. Departementet vil følgja utviklinga på området nøye.
Filmleigeavtalen er ein avtale mellom Norske Filmbyråers Forening og Film & Kino og regulerer prisar på filmleige på grunnlag av inntektene til kinoane. Avtalen medverkar slik til å halda ved like ein landsdekkjande kinostruktur. Det er i fyrste rekkje dei minste og mellomstore kinoane som har fordel av avtalen.
Hovudprosjektet innanfor dette saksområdet det komande tiåret vil verta å få utvikla det nye Nasjonalmuseet for kunst som formidlingsarena for heile nasjonen, som museumsinstitusjon med internasjonal slagkraft og som fagleg nav i eit mangslunge nettverk av store og små aktørar innanfor dette oppgåvefeltet.
Det er store utfordringar i det offentlege rommet når det gjeld tilgjenge for alle. Prinsippet om universell utforming stiller krav til offentleg tilgjengelege bygningar, buområde og møteplassar. Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvar for å stimulera til at dette vert etterlevd innanfor saksområdet åt departementet.
Det kulturpolitiske målet med Nasjonalmuseet for kunst er å skapa ei kunst- og museumsfagleg sterk plattform for ei brei satsing på formidling av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design.
Departementet har med verknad frå 2003 etablert Nasjonalmuseet for kunst. Institusjonen tek opp i seg museumsverksemda til tidlegare Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Arkitekturmuseum. Det er òg meininga at Riksutstillingar og Henie Onstad kunstsenter skal integrerast i Nasjonalmuseet, men på eit seinare tidspunkt.
Den organisatoriske delen av Nasjonalmuseet for kunst er del av den omfattande samordnings- og konsolideringsprosessen som abm-meldinga gav tilskuv til på museumsområdet. Målet er å skapa museumsfagleg sterkare institusjonar som kan bruka meir av dei tilgjengelege ressursane til fagleg arbeid.
Når no det organisatoriske i Nasjonalmuseet for kunst er på plass, vil departementet retta blikket mot bygningsproblema som museumseiningane i Nasjonalmuseet har hatt over lang tid.
Hovudføresetnaden for ei bygningsløysing for Nasjonalmuseet for kunst er at hovudbasen skal vera i Tullinløkka-området.
I abm-meldinga vart det peikt på ei totalløysing som kan vera fullført i 2014.
Departementet legg til grunn at ei fullverdig bygningsløysing for Nasjonalmuseet for kunst i Tullinløkka-området må tufta planane sine på eit hovudkonsept der areal og bygningar i Kristian Augusts gate må spela saman med eksisterande museumsbygningar og nybygg.
Med utgangspunkt i hovudkonseptet vil departementet koma attende med konkrete framlegg til korleis dei bygningsmessige utfordringane til Nasjonalmuseet for kunst skal løysast.
Mange aktørar er på ulik måte deltakarar i formidlinga av visuelle kunstuttrykk. Jamvel om målsetjingane og arbeidsmåtane er mangefasetterte, er det viktig å leggja til rette for samspel og samarbeid, slik at dei ulike institusjonane, organisasjonane og tiltaka kan inngå i eit nasjonalt nettverk til gagn for alle partane.
Riksutstillingar har ei landsdekkjande verksemd med produksjon og turnering av vandreutstillingar for skular, galleri og vrimlerom i til dømes kulturhus.
Dei regionale kunstmusea (knutepunktinstitusjonar m.fl.) utviklar samlingar og utstillingsprosjekt i sine respektive område av landet. Det må leggjast vinn på å tryggja fullgode sambandsliner mellom desse institusjonane og Nasjonalmuseet for kunst i åra som kjem.
Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum har ansvar for innsamling, bevaring og formidling av fotografi og anna fotohistorisk tilfang. Det er naturleg å vidareutvikla samarbeidet mellom fotomuseet og relevante aktørar innanfor samtidskunstfeltet, slik som Nasjonalmuseet for kunst, Riksutstillingar og dei regionale kunstmusea.
Samarbeidet mellom dei ulike aktørane i biletkunstformidlinga bør samordnast betre. Nasjonalmuseet for kunst får eit særleg ansvar på området.
Formidling av visuell kunst vil òg vera eit viktig element i Den kulturelle skulesekken. Dei nye spelemidlane som vil verta tilførte desse formidlingsoppgåvene, kan få konsekvensar for korleis desse funksjonane bør organiserast.
Ei anna utfordring vil vera utviklinga av ein samla og allment tilgjengeleg elektronisk kunstbase og kunstnarbase. ABM-utvikling og Nasjonalmuseet for kunst må vurdera kva for element av dette som bør inngå i Kulturnett Noreg, og kva som av opphavsrettslege eller andre grunnar bør løysast på andre måtar.
Kunstfestivalar, biennalar og liknande mønstringer avspeglar ofte mangfaldet og endringane i samtidskunsten. Viktige mønstringar av denne art må ha økonomiske rammevilkår som tryggjer planmessige førebuingar og gjennomføring.
For fleire gjeld at det budsjettmessige grunnlaget for framtidige arrangement er veikt og utrygt.
Utviklinga i norsk kunsthandverk dei siste åra strekar under den visuelle kunsten sin skiftande karakter. Statlege stønadsordningar må formast ut med ein fleksibilitet som evnar å fanga opp nye utviklingsliner. Museumsinnkjøpa, oppbygging av samlingar og formidlinga bør òg avspegla denne dynamikken.
Det vidare arbeidet med å styrkja kunsthandverk bør konsentrerast om:
– å vidareutvikla visingsstadene Format
– å leggja vekt på det transnasjonale gjennom arbeid med kunst- og kunstnarutveksling over landegrensene, mellom anna ved å leggja til rette for bruk av gjesteatelier
– å vidareføra ordninga for innkjøp av kunsthandverk.
Institusjonane på biletkunst- og kunsthandverksfeltet har eit ansvar for å dokumentera mangfaldet i samtidsuttrykka. Institusjonane bør ha eigne innkjøpsbudsjett. Det må leggjast til rette for samarbeid og løpande kontakt mellom musea om innkjøp.
Ansvaret for å dokumentera samtidsuttrykk vert uavlateleg tyngre å ivareta for kvar einskild institusjon. Det bør difor leggjast til rette for samarbeid, særleg om innkjøp og bevaring, men òg om formidling.
Innkjøpsordninga for kunsthandverk har eksistert sidan 1995.
Innkjøpsordninga for samtidskunst i Norsk kulturråd har eksistert sidan 1968.
Dei to innkjøpsordningane bør vidareførast. Samstundes kan det vera naturleg å tilføra dei regionale kunstmusea midlar til innkjøp. Etter kvart kan det verta aktuelt å ta desse musea ut or innkjøpsordninga og konsentrera denne om dei andre mottakarane.
Elektronisk baserte kunstuttrykk reiser eit sett av nye utfordringar. Tiltak for dokumentasjon, bevaring og formidling må vurderast særskilt.
Det er utarbeidd ein rapport over det elektroniske kunstfeltet i Noreg innanfor rammene av eit nordisk samarbeidsprosjekt. Departementet vil i samarbeid med dei aktuelle aktørane sjå nærare på korleis forslaga i rapporten kan følgjast opp på ein tenleg måte.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil på bakgrunn av eit prosjekt kunna vurdera tiltak for bevaring og formidling på dette feltet. I denne samanhengen kan det vera aktuelt å oppretta ein database og/eller ein nettstad i regi av ein aktuell institusjon, eventuelt i samarbeid med Nasjonalmuseet for kunst, Nasjonalbiblioteket eller andre.
Utviklinga på biletkunst- og kunsthandverksfeltet er prega av eit mangfald av kunstnarleg praksis og ei sterk differensiering av korleis kunsten opptrer i samfunnet. Samstundes som etablert produksjons- og utstillingspraksis vert vidareført, tek kunsten i dag gjerne form av hendingar og iscenesetjingar. I ein slik situasjon er det trong for finansieringsordningar som kan tilpassa seg endringane i kunstnarleg praksis og ta høgde for ny forståing av tilhøvet mellom kunstproduksjon og kunstformidling. Prosjektmidlar, kunstnarretta tilskot (stipendpolitikken) og tilskot til kunstinstitusjonane vil i denne samanhengen vera verkemiddel som må spela saman.
Kombinasjonar av prosjektstøtte, utstillings- og arbeidsstipendmidlar vil kunna gje kunstnarar høve til å arbeida heilskapleg og uavbrote med kunstnarlege prosjekt.
Den aukande internasjonaliseringa av kunstfeltet krev at Noreg i større grad lyt delta internasjonalt og motta impulsar utanfrå. Som ein lekk i dette arbeidet vart Office for Contemporary Art Norway (OCA) skipa. OCA skal ivareta internasjonal formidling av biletkunst og styrkja deltakinga frå Noreg på den internasjonale kunstarenaen. Det vil vera tenleg å utvida ansvarsområdet åt OCA til også å femna om vising av utanlandsk kunst i Noreg.
Det tykkjest rett å styrkja satsinga på presentasjon av norsk samtidskunst i utlandet og å betra vilkåra for at norsk samtidskunst kan henta impulsar frå utlandet og utvikla seg i eit samspel med viktige tendensar utanfor Noreg. Dette vil i så fall måtta innebera auka tilskot til OCA.
Endringane på biletkunstfeltet den siste tida inneber mellom anna ein tendens i retning av auka vektlegging av ordskiftet og meiningsdanninga i kunsten. I nokre tilfelle kan det til og med hevdast at diskusjonen kring objektet og konteksten utgjer sjølve kunstverket eller det kunstnarlege uttrykket. I denne samanhengen får formidling og informasjon meir å seia, både for dei tradisjonelle kunstinstitusjonane og for det frie kunstfeltet. Samstundes utviklar informasjonsteknologien seg til eit stadig meir fleksibelt og nyttig verkemiddel for formidling og informasjon. Det bør vurderast tiltak for å styrkja elektronisk formidling på kunstfeltet.
Mogelege tiltak for å styrkja formidlingsverksemda kan sikta mot å leggja til rette for at fleire utstillingar også vert formidla elektronisk. Dette lyt sjåast i samanheng med den vidare utviklinga av Kulturnett Noreg.
Samstundes bør det vurderast å utvida Kulturnett Noreg til også å femna om arkitektur, design og kunst i det offentlege rommet. Spørsmålet om ein eigen nettportal for institusjonar med oppgåver innanfor dette saksfeltet har tidlegare vore drøfta. Den vidare vurderinga av dette bør skje innanfor ramma av Kulturnett Noreg.
For ytterlegare å styrkja den elektroniske formidlinga er ein Internett-tilgjengeleg kunstnardatabase ynskjeleg. ABM-utvikling har sett nærare på mogelege modellar for eit slikt tiltak. ABM-utvikling er budd på at Kulturnett Noreg kan ta eit hovudansvar for å få utvikla dette og å stå føre den tekniske drifta av tenestene.
Offentleg og privat byggjeverksemd og den kontinuerlege utviklinga av byar og tettstader er eit vitnemål om vår tid overfor komande generasjonar. Alle vil vera tente med at desse omskapande prosessane har eit høgt kvalitetsnivå, og at det også vert lagt til rette for eksperimentelle og nyskapande tilnærmingar og løysingar. Eit aktivt offentleg ordskifte om arkitekturen si rolle og meining er viktig for å tryggja brei interesse og merksemd kring planlegging og byggjeprosjekt.
Arkitektur er mellom dei mest markante uttrykka for kulturen vår og speglar prioriteringane i samfunnet på ein særleg kraftfull måte.
I det offentlege ordskiftet om viktige utbyggingsoppgåver i fleire større norske byar og med tilvising til dei utbyggingsoppgåvene som byane står overfor i åra framover, vert det frå somme hald etterlyst ein meir aktiv og strategisk offentleg medverknad.
Byutvikling er i første rekkje eit kommunalt ansvar.
Kommunal- og regionaldepartementet har gjennom ei årrekkje arbeidd for å betra den estetiske utforminga av det bygde miljøet og har ansvaret for fleire viktige verkemiddel som skal fremja god byggjeskikk.
Kulturdepartementet gav i 1996 ut rettleiingsheftet Estetikk i statlige bygg og anlegg. Det vil vera tenleg å vidareutvikla dette dokumentet til å fylla det behovet dei ulike forvaltningsnivåa, utbyggjarane og byggherrane har for eit referansedokument som kan tryggja kvalitativt gode prosjekt.
Arkitektur bør òg inngå i den utanrikskulturelle satsinga.
Nasjonalmuseet for kunst skal mellom anna ivareta dokumentasjonen og formidlinga av den norske arkitekturarven. Arbeidet med å presentera norsk arkitektur i utlandet vil museet utvikla vidare i samarbeid med Utanriksdepartementet.
Design er ein viktig del av kulturarbeidet i Noreg. Innsatsen åt dei ulike departementa med ansvar på feltet må vidareførast og samordnast i det omfang dette er naudsynt. Designfagleg kompetanse bør i endå større grad verta nytta både i offentleg og privat sektor.
Nyskapande design er viktig både frå ein kulturpolitisk og ein næringspolitisk synsstad.
Fleire departement har viktige funksjonar innanfor designfeltet. Dei ulike departementa og etatane tilnærmar seg design, arkitektur og stadutvikling frå ulike fag- og interesseområde. Det er viktig å tryggja god informasjonsutveksling og samarbeid mellom dei ulike instansane for å kunna trekkja på andre sine røynsler og fagkunnskapar.
Det er sett i verk eit samarbeid mellom Norsk Designråd, som har tilknyting til Nærings- og handelsdepartementet, og Norsk Form med sikte på samlokalisering i Norsk senter for design og arkitektur. Andre mindre miljø vil òg få tilbod om å flytta inn i same huset. Senteret skal opnast seinast i 2005.
Kunst er ein viktig del av tilveret og kan opna vegar til oppleving og innsikt. Utsmykking og kunst i offentlege bygningar og uterom framstår i dette perspektivet som særleg viktige tiltak. Målet om kunst av høg kvalitet i det offentlege rommet krev tiltak som syter for at kunsten er til stades i alle delar av samfunnet. Omstruktureringa i offentleg sektor kan føra med seg store endringar i arbeidsmåten åt Utsmykkingsfondet for offentlege bygg.
Utsmykkingsfondet for offentlege bygg har gjennom 25 år vore staten sitt fagorgan for kunst/utsmykking i offentleg rom og har vore viktig for å gjera kunst av høg kvalitet meir tilgjengeleg for alle.
Departementet ser det som viktig at også unge kunstnarar får ta del i slike oppdrag, som kan ha mykje å seia for kunstnarar i etableringsfasen.
Staten har dei siste tiåra auka engasjementet for å betra kvaliteten i den fysiske omgjevnaden, og formgjevinga i samfunnet vert tillagd større vekt. Det offentlege rommet, inkludert utsmykking, arkitektur og design, er sett inn i ein kulturpolitisk samanheng.
Utsmykkingsfondet vil i 2004 verta samlokalisert med Nasjonalmuseet for kunst og ABM-utvikling.
Som følgje av omstrukturering av statleg sektor er det naudsynt å avklåra korleis Utsmykkingsfondet også i framtida kan ivareta statens medverknad i utsmykkinga av statlege bygg.
Under tilskotsordninga for kommunale og fylkeskommunale bygg har Utsmykkingsfondet i tråd med Reform 97 dei seinare åra prioritert tilskot til skular. Denne prioriteringa bør halda fram.
Utsmykkingsfondet har i dag det overordna forvaltningsansvaret for statlege utsmykkingar utførte med midlar som er tildelte gjennom fondet. Det bør vurderast om dei regionale kunstmusea og Nasjonalmuseet for kunst også bør trekkjast inn i forvaltninga.
Det bør leggjast til rette for at fondet, kunstmusea og andre kunstformidlande instansar på ein meir aktiv måte kan formidla dei kunstuttrykka som er skapte gjennom statlege utsmykkingsordningar.
Nye kyrkjebygg representerer eit stort potensial for oppdrag til samtidskunstnarar. Det bør koma i stand ein dialog mellom relevante kyrkjelege organ og Utsmykkingsfondet for offentlege bygg med sikte på ein breiare kontakt mellom kyrkja og kunstnarmiljøa.
Det er eit uutnytta potensial for møte mellom kyrkja og samtidskunsten. Fleire kunstnarar har utført oppdrag i kyrkjer og levert utsmykkingar som bryt med tradisjonell symbolikk og konvensjonar. Slike kunstverk kan representera positive utfordringar både for kunstnarane og for kyrkja. Det bør òg kunna opnast for temporære mønstringar av samtidskunst i kyrkjer og andre heilage rom.
Utsmykkingsfondet for offentlege bygg har til no ikkje hatt oppgåver i kyrkjebygg eller andre heilage rom, men med den breie kontaktflata dette fagorganet har vis-à-vis kunstnarmiljøa, vil det vera tenleg å trekkja fondet inn i ein slik dialog.
Det samlande hovudprosjektet innanfor denne delen av kultursektoren dei aller næraste åra er å intensivera arbeidet med å følgja opp det registeret av tiltak som er skissert i St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving (abm-meldinga).
I meldinga vert dei viktigaste tiltaka frå abm-meldinga innanfor kvar av dei tre delsektorane oppsummert, det vert innformert om status i oppfølgingsarbeidet og innhaldet i den vidare prosessen vert presisert og supplert.
Regjeringa vil arbeida vidare med å følgja opp den økonomiske opptrappingsplanen til arkiv, bibliotek og museum på det grunnlaget som er skissert i abm-meldinga, og som Stortinget tidlegare har slutta seg til.
Den økonomiske ramma som var fastsett i abm-meldinga, svarar til 444 mill. kroner i 2003-prisar.
Gjennom etableringa av det statlege fellesorganet for arkiv, bibliotek og museum, ABM-utvikling, er det no kome på plass ein viktig reiskap for å kunna driva eit operativt utviklingsarbeid med utgangspunkt i nasjonal samordning og fagleg gjennomtenkte løysingar.
Departementet vurderer dette som ein naudsynt føresetnad for å koma vidare med å følgja opp mange av dei større og mindre einskildtiltaka i abm-meldinga.
Jamført med dei mangslungne utviklingsoppgåvene ABM-utvikling etter føresetnaden skal ta seg av, er omfanget av prosjektmidlar enno heller lite. Det er difor naudsynt å trappa opp prosjektløyvinga dei komande åra. Dette må sjåast i samanheng med at abm-meldinga i tillegg til generell styrking tufta på standard- og kompetanseheving av permanent karakter også la opp til meir målretta, tidsavgrensa tiltak med vekt på utvikling og endring.
Innanfor ramma av opptrappingsplanen i abm-meldinga bør siktemålet vera å auka kapasiteten i Arkivverket med ca. 50 stillingar til prioriterte behov i løpet av fem år. I tillegg må det setjast av midlar til utstyrsinvesteringar.
Behovet for administrativ styrking av Arkivverket er vorte endå tydelegare dei siste åra. Den sentrale administrative avdelinga i etaten er hardt pressa, fordi ressursar er prioriterte til fagleg aktivitet. I tillegg til dei behova som er nemnde i abm-meldinga, trengst såleis ei styrking av den økonomisk-administrative kapasiteten for å kvalitetssikra arbeidet med budsjett- og økonomistyring.
Det krevst større profesjonalitet og meir einskapleg handtering av juridiske og økonomisk-administrative saker, men fyrst og fremst større kapasitet.
Det må no ha aller høgaste prioritet å koma substansielt i gang med å ta hand om dei store utfordringane med å bevara elektronisk arkivmateriale for ettertida. Meir og meir av arkivdanninga i det offentlege skjer i elektronisk form, og viktige spor etter aktiviteten i forvaltninga er no i ferd med å gå tapt pga. teknologiske endringar i programvare og maskinelt utstyr.
Oppgåvene er langt meir omfattande enn dei ressursane som er tilførte gjennom interne omprioriteringar og ein rammeauke på 3 mill. kroner.
Det trengst ein ny giv i arbeidet med å utforma bevarings- og kassasjonsplanar i offentleg forvaltning. Dette skal skje i form av landsomfattande prosjekt der ein i tur og orden gjennomgår heile etatar eller sektorar og utformar systematiske og heilskaplege planar, som skal omfatta både elektronisk og papirbasert arkivmateriale.
Ved at meir materiale vert kassert som resultat av den nye strategien, kan ein då ha von om å byggja ned det store avleveringsetterslepet ein har i statleg forvaltning.
Det er kalkulert med at full gjennomgang av heile statsforvaltninga vil omfatta rundt rekna 40 prosjekt og krevja 60 årsverk frå Arkivverket si side. I tillegg er det lagt opp til at Arkivverket i samarbeid med dei interkommunale arkivordningane skal initiera og delta i tilsvarande sektorvise prosjekt for kommunesektoren, og dette vil krevja ytterlegare 10 årsverk.
For å opna arkivkjeldene for eit stort publikum og slik bringa arkiva ut til folket må ein intensivera arbeidet for å digitalisera utvalde kjeldeseriar og gjera dei tilgjengelege gjennom nettbaserte tenester.
Tilgang til gode katalogar er sentralt i formidlinga av arkivkjelder. Felleskatalogen for Arkivverket skal etter planen leggjast ut på Internett i 2004.
Departementet har bede ABM-utvikling påta seg eit initierande og koordinerande ansvar for å følgja opp det initiativet som vart varsla i abm-meldinga om å laga ein statusrapport som grunnlag for meir heilskapleg tenking og planlegging av det vidare arbeidet med digitalisering av kulturarvsmateriale.
Som ein utviklingsstrategi på arkivområdet må det i større grad ein hittil siktast mot å bevara og formidla eit breiare spekter av arkiv, for å leggja til rette for heilskapleg dokumentasjon av samfunnsutviklinga, dvs. at ein må få ein betre balanse mellom statlege, kommunale og private arkiv, og at offentleg og privat sektor vert sett meir i samanheng.
Departementet har bede ABM-utvikling ta ansvaret for å følgja opp planen om ein situasjonsrapport om lokalhistorisk og annan kulturvernbasert aktivitet i norske lokalsamfunn.
På noko lengre sikt - fram mot 2014 - bør ein kunna sjå føre seg eit arkivlandskap som er bygd opp rundt eit nettverk av sterke regionale arkivinstitusjonar med ansvar for bevaring og formidling av arkiv frå både kommunal og privat sektor.
Nasjonalbiblioteket er den største og viktigaste institusjonelle aktøren i det norske biblioteklandskapet, både i kraft av dei operative og forvaltningsmessige funksjonane institusjonen har direkte ansvar for, og som den sentrale ressurseininga for resten av biblioteksystemet. Vidare utbygging og utvikling av Nasjonalbiblioteket som den viktigaste drivkrafta i norsk bibliotekstell vil ha fyrsteprioritet, og dette vil innebera så store kostnader at andre viktige oppgåver på bibliotekfeltet i stor grad må venta.
Det vert no arbeidd med å konsolidera institusjonen og byggja bru mellom dei to geografisk skilde avdelingane. Målet er mellom anna å leggja til rette for optimal og funksjonell arbeidsdeling mellom Oslo og Rana.
Magasinet ved avdelinga i Oslo skal etter planen ferdigstillast hausten 2004 og rehabiliteringa av eksisterande bygning i 2005. Det vert planlagt med sikte på at dei nye lokala også vil gje rom for institusjonar som Norsk Jazzarkiv, Norsk Visearkiv, NORLA, Norsk Barnebokinstitutt og Musikkinformasjonssenteret. Ved slik samlokalisering vil det vera lagt til rette for at desse kan samarbeida nærare med Nasjonalbiblioteket.
Departementet vil koma tilbake til Stortinget med saka om Norsk lyd- og blindskriftbibliotek teknologisk og organisatorisk bør knytast opp mot Nasjonalbiblioteket. Målet er at produksjon og formidling av litteratur til blinde og synshemma skal verta vesentleg betre.
Det er dei digitale utfordringane som gjer det naturleg å sjå litteratur- og informasjonstenester for blinde og synshemma i samanheng med den tunge digitale infrastrukturen som er bygd opp ved Nasjonalbiblioteket.
Det er ei viktig oppgåve å leggja opp til eit tempo i utbygging av denne infrastrukturen som sikrar optimal ressursutnytting og funksjonell drift.
I løpet av dei fire siste åra er det investert ca. 20 mill. kroner i å få på plass denne infrastrukturen og tilhøyrande kompetanse. Handtering, bevaring og formidling av digital informasjon er ei stor utfordring for heile abm-sektoren, og det kan vera ei rasjonell løysing på sikt å byggja ut sikringsmagasinet ved Nasjonalbiblioteket slik at også andre kulturinstitusjonar kan få plass til dei digitale samlingane sine her, og slik at tilrettelagde formidlingstenester kan utviklast. Mellom anna vil dette vera eit aktuelt alternativ i samband med utviklinga av eit norsk digitalt bibliotek.
I regi av ABM-utvikling er det lagt til rette for å utvikla eit norsk digitalt bibliotek, dvs. ei organisert samling av tenester og innhaldsressursar som gjev brukarar tilgang til informasjon i digital form formidla via datanett, eit system som sprengjer rammene for kvart einskilt bibliotek, og stiller dei samla digitale informasjonsressursane og tenestene frå deltakarane til rådvelde for alle på ein enkel måte.
Ei stadig viktigare oppgåve for fag- og forskingsbiblioteka dei seinare åra har vore å skaffa vertsinstitusjonen tilgang til utanlandske elektroniske fagtidsskrift og til ulike fagdatabasar.
I tillegg til elektroniske tidsskrift og kunnskapsdatabasar vil det digitale biblioteket også innehalde elektroniske bøker og "den norske kulturarven". Det siste siktar til eit omfattande materiale, ikkje minst henta frå dei tradisjonelle samlingane både i arkiv, bibliotek og museum, mellom anna materiale som vert konvertert til digital form.
Eit sentralt mål for utviklinga på bibliotekfeltet i åra som kjem, er å leggja til rette for eit såkalla saumlaust bibliotektilbod, noko som i praksis inneber at optimal brukartilgang gjennom nasjonal samordning av informasjonsressursar skal vera eit viktig prinsipp for eit sentralt utviklingsarbeid på tvers av institusjonelle og andre administrative grenseliner.
Poenget er at det i størst mogeleg grad skal vera råd å nytta dei samla informasjonsressursane som finst i norske bibliotek, utan omsyn til kvar i landet brukaren oppheld seg, og til kva føremål informasjonen skal nyttast.
Arbeidet i retning av eit saumlaust bibliotektilbod må mellom anna ta utgangspunkt i at vi i dag har ulike typar av bibliotek som er innretta på å dekkja ulike behov. Eit hovudskilje går mellom folkebiblioteka på den eine sida, og fag- og forskingsbiblioteka på den andre sida.
Spørsmålet er òg i kva grad det kan finnast ordningar som gjer at ikkje einskildinstitusjonar i urimeleg grad tapar økonomisk på å vera del av eit heilskapleg biblioteksystem.
Det at det går føre seg ein omfattande fjernlånstrafikk, er i seg sjølv eit prov på behovet for samarbeid på tvers av institusjonsgrenser. Det er fyrst og fremst biblioteka ved universiteta og dei vitskaplege høgskulane som lånar ut meir enn dei lånar inn, og som dermed i størst grad subsidierer biblioteknettet elles.
Arbeidet i retning av eit saumlaust bibliotektilbod krev òg ei betre samordning av dei mange bibliografiske databasane. Det er grunn til å tru at det her ligg føre eit stort potensial for rasjonalisering og dermed for frigjering av ressursar.
Med ABM-utvikling som hovudaktør og koordinerande instans skal det gjennomførast eit utgreiingsarbeid om sentrale problemstillingar på bibliotekområdet, og Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet oppnemna ei referansegruppe for å sikra brei forankring av arbeidet.
Både ideen om det saumlause biblioteket og framlegget om eit norsk digitalt bibliotek kan med fordel sjåast som uttrykk for overordna visjonar og ambisjonar for eit nasjonalt utviklingsarbeid der ein legg vekt på å sjå heile biblioteksektoren i samanheng.
Mandatet for arbeidet bør mellom anna omfatta ei prinsipiell drøfting av kva rolle biblioteket som samfunnsinstitusjon skal spela i informasjons- og kunnskapssamfunnet, og kva det vil ha å seia for biblioteket at stadig meir informasjonssøking ser ut til å skje over Internett. Utgangspunkt vil elles vera dei premissane som er lagde til grunn i abm-meldinga og i seinare grunnlagsdokument, mellom anna målet om det saumlause biblioteket og planen om eit norsk digitalt bibliotek. Det må gjerast ein analyse av organiseringa av det norske biblioteklandskapet i eit funksjonelt og samfunnsmessig perspektiv. Det er særleg grunn til å streka under at lovgjevinga på bibliotekområdet også må vurderast innanfor dette perspektivet.
Som lekk i det komande utgreiings- og utviklingsarbeidet er det behov for å gjera ei samla kartlegging av behovet for ein del spesielle bibliotektenester som staten heilt eller delvis har ansvaret for, mellom anna for å vurdera om noverande ansvarsdeling og organisering av tenestene samla sett er optimalt rasjonelle og brukartilpassa.
I lov om folkebibliotek er det fastsett at den offentlege bibliotekverksemda også omfattar bibliotektenester for pasientar i statlege helseinstitusjonar og for andre som har særlege vanskar med å bruka biblioteket.
Det ligg i dag ikkje føre eit samla oversyn over den faktiske situasjonen og behovet for desse tenestene i helseinstitusjonane. ABM-utvikling vil difor gjennomføra ei nærare kartlegging og utarbeida ein behovs- og statusrapport, slik at ein kan få grunnlag for å vurdera kva for problem som er mest presserande, og korleis dei best kan løysast.
Det vil vera naturleg å sjå nærare på funksjonen mobil bibliotekteneste i det utgreiings- og utviklingsarbeidet som står for døra.
Staten vil leggja til rette for nettverksorganisering av ei rad ulike museumsfunksjonar ved ulike museum over heile landet.
Den omfattande museumsreforma som er skissert i abm-meldinga, er ein invitasjon til mange museum over heile landet om å gå inn i eit nasjonalt nettverk av institusjonar.
ABM-utvikling vil utvikla nettverka i samarbeid med musea.
Eit nettverk skal vera ope for dei institusjonane som er i stand til og har vilje til å yta noko aktivt, og dei skal tuftast på samarbeid, samhandling og felles interesse.
Arbeidet med nettverk må ta utgangspunkt i og forankrast i institusjonane sjølve. Det er ikkje meininga å setja av felles midlar til drift av nettverk; all deltaking skal i staden ta utgangspunkt i dei driftsmidlane dei einskilde institusjonane rår over.
Grunnlaget for den nasjonale nettverksorganiseringa vil vera eit mindre tal konsoliderte museumsinstitusjonar i kvart fylke.
Metoden som er føreskriven i abm-meldinga, er institusjonell konsolidering på regionalt nivå med fagleg kvalitetsheving som mål. Omgrepet region siktar til distrikt innanfor eit fylke, og den institusjonelle konsolideringa skal helst skje på geografisk grunnlag, ikkje tematisk.
Det kan tenkjast i hovudsak to modellar for konsolidering. Den eine inneber vidare utvikling av éin einskild institusjon som frå før er godt etablert,
Den andre konsolideringsmodellen ser ut til å vera vanlegare så langt i prosessen. Den inneber at fleire eller alle museum i ein region vert slegne saman til ein ny institusjon.
Ved tilførsle av nye ressursar i det pågåande reformarbeidet vil ein i all hovudsak prioritera konsolideringsprosessar som kan dokumentera innhald og framdrift i tråd med føresetnadene.
Arbeidet med regional konsolidering er den kritiske faktoren i reformprosessen. Museumssektoren består i hovudsak av formelt uavhengige og sjølvstendige aktørar, og all omorganisering må skje på formelt friviljug grunnlag. Tilskotsregulering er viktigaste verkemidlet frå statleg hald.
Eit landskap av konsoliderte museumseiningar er i ferd med å avteikna seg over heile landet.
Mykje står enno att, og mange prosessar er ikkje like eintydige i innhald og gjennomføringsutsikt. Frå og med 2004 er det naudsynt i hovudsak å prioritera prosessar med innhald og framdrift og syna større atterhald der det førebels ikkje er særleg substansielt resultat å visa til.
Samla sett er det behov for tilgang på investeringsmidlar som ein lekk i oppfølginga av museumsreforma, og departementet vil vurdera korleis investeringsplanen for kulturbygg etter kvart kan tilpassast dette behovet.
Den statlege finansieringa av musea vil skje gjennom direkte tilskot til kvar einskild institusjon, normalt slik at staten kan dekkja inntil 60 pst. av det samla offentlege tilskotet. Det må leggjast til grunn nær kontakt mellom forvaltningsnivåa om musea.
Dei midlane som til no er løyvde og utbetalte til dei respektive fylkeskommunane over kap. 328 post 60, vil departementet i budsjettframlegget fordela til konsoliderte institusjonar i fylka.
Frå og med 2004 vil det vera naturleg at alle museumstilskot vert samla på ein og same 70-post på museumskapitlet.
Det bør lagast ein samla analyse av ulike røynsler med fri entré til museum i inn- og utland, og ein bør i tillegg over ein toårsperiode prøva ut ulike modellar med gratis tilgjenge ved utvalde institusjonar, kombinert med systematiske publikumsundersøkingar og tilhøyrande evaluering.
Tradisjonelt har offentleg museumsfinansiering vore kombinert med krav om eigeninntekter, og inngangspengar utgjer her ein hovudpost.
Å kunna koma inn gratis på museum kan til ein viss grad sjåast i eit demokratiperspektiv.
Debatten om det skal vera gratis på museum, kan ein òg sjå i eit meir strategisk kulturpolitisk perspektiv. Spørsmålet vert då i kva grad eit slikt verkemiddel kan påverka ulike publikumsgrupper til å vitja museum oftare enn dei elles ville gjort, og ganske særleg om ein ved dette kan trekkja til seg eit publikum som elles ikkje ville gått på museum i det heile.
Mange museum har store eigeninntekter frå billettsal. Dersom staten skal kompensera for bortfall av slike inntekter, vil dette kunna innebera at andre udekte behov og viktige utfordringar på museumsfeltet ikkje vil kunna prioriterast. Dette ville i så fall vera uheldig.
Jamvel om dei fleste musea har si faglege forankring i ei anna tid og arbeider med gamle ting, er det eit mål at dei fungerer som moderne samfunnsinstitusjonar som går aktivt inn i si eiga samtid, og legg til rette ei formidling som engasjerer nolevande menneske.
Den pågåande museumsreforma har fyrst og fremst som føremål å utvikla musea slik at dei samla sett vert betre i stand til å oppfylla dei faglege krava vi i dag bør stilla til museet som kulturinstitusjon, og ikkje minst til den funksjonen museet skal fylla som ein utoverretta samfunnsinstitusjon som står i ein kontinuerleg dialog med omverda og si eiga samtid.
Målet om at musea er institusjonar som engasjerer seg i si eiga samtid, inneber at dei ikkje berre skal spegla av ei anna tid; dei skal mellom anna gjera historia og kulturarven relevant her og no.
Gjennom den aktive rolla ABM-utvikling er tiltenkt i det nasjonale museumsnettverket, er det lagt til rette for at ein kan få til ei betre samordning og styring og gjera meir spesielle prioriteringar tufta på ei meir gjennomtenkt og systematisk vurdering av dokumentasjonsoppgåvene, og det er grunn til å presisera og supplera dei særlege satsingane som vart drøfta i abm-meldinga.
I abm-meldinga vart det trekt fram fleire område der det er særleg trong for å utvida, samordna og tydeleggjera museumsinnsatsen. Dette galdt kystkultur, industri og servicenæringar, økologi og miljøvern og handlingsboren kunnskap, dessutan den fleirkulturelle utfordringa.
Det er elles ei særleg utfordring både forvaltningsmessig og fagleg å få til ei best mogeleg koordinering mellom musea og den offentlege kulturminneforvaltninga, som på statlege hald er forankra i Miljøverndepartementet, og med Riksantikvaren som overordna fagdirektorat.
I samband med vern av teknisk-industrielle kulturminne vil det framleis vera trong for museale prioriteringar.
Gjennom skipinga av ABM-utvikling som ein tverrsektoriell og departementsovergripande institusjon er det på sentralt administrativt nivå lagt betre til rette ikkje berre for nettverksutvikling, men også for meir systematisk samordning mellom kulturminnevern og museumsdrift. Frå museumshald vil ABM-utvikling kunna framstå som ein meir likeverdig aktør i samarbeidet med Riksantikvaren.
Det bør etablerast eit nettverk i samband med museumsreforma som har tema i skjeringspunktet natur og kultur og der siktemålet bør vera å integrera kultur og natur.
Ansvaret for dei samiske musea er overført til Sametinget, men departementet tek sikte på å følgja opp med ei styrking av det økonomiske driftsgrunnlaget.
Samiske museum arbeider for å sikra vern om samisk identitet, språk og tradisjonar.
Sametinget er godt i gang med konsolideringa av museumsstrukturen i samiske område.
Det ligg store faglege og organisatoriske utfordringar i den samiske museumsreforma, og det vil vera trong for ei generell styrking av dei samiske musea.
I St.meld. nr. 9 (2001-2002) vart det stilt opp som eit overordna språkpolitisk mål å verna og styrkja norsk språk, slik at bokmål og nynorsk kan bestå som fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet. I tillegg vart det formulert som eit eige mål å tryggja og styrkja posisjonen for nynorsk, både som levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål ved sida av bokmål.
Den største utfordringa er å hindra at norsk som det naturlege bruksspråk blant nordmenn etter kvart vert trengd til sides av engelsk innanfor sentrale delar av samfunnslivet.
Stortinget har oppheva den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd. Med dette er det i offisiell språkpolitikk sett punktum for tanken om å smelta dei to målformene saman til eitt norsk skriftspråk.
Departementet er i gang med å skipa eit nytt kompetansesenter for norsk språk i staden for Norsk språkråd, i samsvar med det opplegget som vart skissert i St.prp. nr. 1 (2002-2003)
Ambisjonen bør vera at institusjonen som operativ aktør konsentrerer innsatsen sin om saker som kan vinna brei tilslutnad hjå dei som er opptekne av vilkåra for norsk språk i vid meining, jamvel om dei kan ha ulike syn i meir tradisjonelle språkpolitiske spørsmål. Dette vil gje institusjonen større legitimitet og gjennomslagskraft.
Det nye kompetansesenteret skal ha eit språkleg forvaltaransvar.
Den nye institusjonen skal byggjast opp på grunnlag av dei ressursane som vert frigjorde gjennom ei avvikling av Norsk språkråd.
Viktige spørsmål er korleis institusjonen formelt skal organiserast og styrast, og korleis ein skal leggja til rette for ei vidare samfunnsmessig forankring.
Departementet vil koma tilbake til Stortinget med desse spørsmåla i løpet av 2004.
Norsk rettskriving skal stabiliserast; dvs. at ein så langt råd er skal unngå nye og hyppige endringar i gjeldande rettskriving, både meir omfattande reformer og årvisse justeringar i einskildspørsmål.
Norsk språkhistorie i førre hundreåret er i stor grad ei historie om rettskrivingsendringar.
I prosjektskissa for det nye kompetansesenteret er det lagt til grunn at institusjonen ikkje skal byggjast opp med det for auge at han skal tilleggjast direkte språknormerande funksjonar. Erfaring viser at ein del normeringsspørsmål likevel vil reisa seg frå tid til anna, men omfanget av dette og korleis slikt best kan handterast, kan vera noko usikkert.
Korleis det i framtida skal arbeidast med slike normeringsspørsmål som framleis kan koma opp, og kva funksjon den nye institusjonen eventuelt skal ha i så måte, inngår i dei samla vurderingane som departementet no gjer av heile rettskrivingssituasjonen. Departementet vil koma tilbake til Stortinget med dette i løpet av 2004, mest truleg i samband med framlegget om å etablera det nye kompetansesenteret for norsk språk.
Departementet vil ta initiativ til ei kartlegging av kva som er innsamla av gamle stadnamn her i landet, og vurdera behovet for eit meir systematisk innsamlingsarbeid.
Ei særleg form for normeringsarbeid gjeld skrivemåten av stadnamn, for her er det etablert eit eige normeringsregime. Det er lov om stadnamn med tilhøyrande forskrifter som her er utgangspunktet.
Departementet førebur no endringar i lova, særleg med sikte på å forenkla saksgangen, fjerna eller mjuka opp uheldige føresegner og innføra føremålsparagraf og reglar om namnevern.
Det har i ulike samanhengar og på ulike initiativ vore gjennomført eit meir systematisk arbeid med å kartleggja og samla inn gamle stadnamn. Ein har i dag ikkje ei samla oversikt over innsamla materiale.
Før ein kan ha grunnlag for å meina noko sikkert om behovet for eit vidare innsamlingsarbeid, trengst difor ei oversikt over alle stadnamn som alt er innsamla.
Behovet for innsamling og organiseringa av stadnamnarbeidet i det heile vil måtta greiast ut nærare. Departementet vil vurdera om det nye kompetansesenteret for norsk språk vil kunna ta på seg å koordinera desse oppgåvene.
Som eit offisielt uttrykk for jamstellinga mellom målformene, i respekt for både nynorsk- og bokmålsbrukarar og for å signalisera at begge målformene både kan og skal brukast i alle samanhengar, skal det etter nærare reglar nyttast både nynorsk og bokmål i all verksemd med statleg tilknyting.
Ein del av grunnlaget for dette er å sikra den formelle likestillinga mellom målformene, slik denne er regulert i lov om målbruk i offentleg teneste.
Det har lenge vore uklårt kor langt verkeområdet for målbruksreglane strekkjer seg når det gjeld ulike statstilknytte organ eller verksemder som ikkje er ein organisatorisk del av forvaltninga, men i staden eigne rettssubjekt.
Etter gjeldande rett kjem det i prinsippet an på ei samla vurdering i kvart tilfelle om lova vil gjelda, og konklusjonen vil framstå som resultat av ei avveging av fleire ulike faktorar som alle har å gjera med kor nær den statlege tilknytinga kan seiast å vera.
Departementet vil leggja til grunn at føretak som følgjer den ordinære statsføretakslova, bør omfattast av målbruksreglane, eventuelt med individuelle tilpassingar.
I brev av 23. januar 2002 til Helsedepartementet har Kultur- og kyrkjedepartementet konkludert med at alle dei føretaka som er organiserte etter lov om helseføretak, klart fell inn under verkeområdet for mållova alt etter gjeldande rett.
Andre former for verksemd som staten har lagt til rette for gjennom individuelle særlover, bør òg som generelt utgangspunkt følgja målbruksreglane, og dette bør innarbeidast i mållova.
Når det gjeld andre selskapsformer, vil truleg innslaget av forretningsmessig konkurranse normalt vera så pass sterkt at dei i utgangspunktet ikkje bør omfattast av dei formelle krava i lov og forskrift.
Gjennom eit breitt spekter av tiltak skal det leggjast til rette for å styrkja nynorsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, og dette vil òg omfatta tiltaka som i visse samanhengar prinsipielt favoriserer nynorsk.
Utgangspunktet i dag må vera å sjå nynorsk språk og kultur som ein integrert del av ein nasjonal fellesskultur.
Nynorsk og bokmål er formelt likestilte, men reelt har nynorsk vanskelegare vilkår. Ei viss positiv diskriminering av nynorsk er rimeleg både ut frå allmenne rettferdsprinsipp og med basis i internasjonal språkrettstenking. Ulike tiltak i offentleg regi vil likevel berre delvis kunna vega opp for dei særlege motkreftene som nynorsk i alle høve vil vera utsett for jamført med bokmål.
Jamvel om nynorsk språk og kultur i dag er tungt institusjonalisert, har språket mot seg eit fleirtals- og marknadspress.
I 2013 er det 200 år sidan Ivar Asen vart fødd, og det tiåret som står att fram til dette jubileet, kan vera eit høveleg tidsperspektiv for eit meir systematisk arbeid med å styrkja den nynorske skriftkulturen. Eit slikt arbeid må skje over eit breitt felt, gjennom eit samspel mellom private og offentlege aktørar.
I NRK vert det arbeidd med å etablera eit eige nynorsk kompetansesenter i Førde. Drifta startar frå nyttår 2004 i NRK-regi. Året etter skal det skipast eit nasjonalt nynorsk kompetansesenter med fleire bein å stå på enn NRK.
Det bør leggjast til rette for tett samarbeid og tenleg arbeidsdeling mellom Nynorsk kultursentrum, det nynorske kompetansesenteret og det nye kompetanseorganet for norsk språk. Det vil vera fornuftig at desse tre institusjonane utviklar eit tett samarbeid som kan fremja ei viss fordeling av oppgåver og samordning av større tiltak som skal koma språkbrukarane til gode, og som kan styrkja norsk språk generelt og nynorsk spesielt.
Ved å leggja til rette for eit samspel mellom offentlege og private aktørar må det i åra framover takast eit krafttak for reell likestilling mellom målformene også i teknologibasert språkproduksjon og språkkommunikasjon, mellom anna ved å arbeida for eit meir fullverdig tilbod av nynorsk programvare og for tilgang til nynorsk innhald på Internett.
Elektronisk programvare på norsk har funnest nesten berre på bokmål, av di produsentar og leverandørar stort sett ikkje har funne det økonomisk rekningssvarande å laga parallellversjonar på nynorsk.
Departementet vil vurdera om det er tenlege verkemiddel som bør takast i bruk for å understøtta utviklinga av nynorsk programvare og andre mekanismar som kan hindra diskrimering av nynorsk i samband med teknologisk basert språkbruk. Det bør òg utgreiast om det kan gjerast lov- og forskriftsendringar for å sikra norske arbeidstakarar og forbrukarar norsk grensesnittspråk i meny-, styre- og hjelpetekstar i elektroniske apparat, maskiner o.l. og norsk språk i brukarrettleiingar og annan dokumentasjon for slikt utstyr og på all emballasje og i all merking der språket har noko å seia for helse, miljø og tryggleik.
På noko sikt er det eit mål å få bygd opp ein norsk språkbank, dvs. ei samling av norske språkressursar i form av store mengder tekst og tale som er elektronisk lagra og tilrettelagde for ulike typar bruk og gjenbruk, særleg tenkt nytta til utvikling av språkteknologiske produkt på norsk.
Utgangspunktet for det heile er fagfeltet språkteknologi, som kort kan definerast som utvikling av dataprogram med språkmodular som handsamar naturleg språk. Dette gjeld ikkje berre program som ein køyrer på ein datamaskin, men også program innebygde i moderne tekniske innretningar, mellom anna program som gjer det mogeleg å styra maskinar med røysta.
Det er tilgangen til digitaliserte språkressursar i form av tale, tekst og ordlister som er den kritiske innsatsfaktoren og dermed i stor grad det som set grenser for i kva omfang det vil svara seg for norsk forsking og industri å utvikla kommersielle språkteknologiske produkt tufta på norsk språk. Skjer ikkje slik norskspråkleg produktutvikling, må ein rekna med at det vert teke i bruk engelskspråklege produkt i staden. Her ligg truleg ei av dei store utfordringane for norsk språk i tida framover. Språkteknologifeltet kan vera ein av dei fremste arenaene der kampen om norsk språk og kultur vil utspela seg i tida framover. Difor framstår dette no som eit viktig kulturpolitisk spørsmål. Språkteknologifeltet kan vera ein av dei fremste arenaene der kampen om norsk språk og kultur vil utspela seg i tida framover. Dette var ganske breitt omtala i den språkmeldinga som sentrumsregjeringa la fram i 1997.
I februar 2002 fekk Norsk språkråd i oppdrag av Kultur- og kyrkjedepartementet og Nærings- og handelsdepartementet å initiera og koordinera ei utgreiing om dette. Hovudpunktet i mandatet var å skaffa fram ein oppdatert og realistsikk analyse av behovet for å gjera norske språkressursar tilgjengelge og kva innsats dette ville krevja. Det skulle òg utarbeidast ein finansieringsplan, og føresetnaden var at denne skulle tuftast på ein kombinasjon av privat og offentleg finansiering, og at aktuelle finansieringskjelder skulle identifiserast.
I Norsk språkråd si rapport frå oktober 2002 er konklusjonen at det vil kosta 100 mill. kroner fordelt over fem år å få på plass det minimum av språkressursar som skal til for at dette skal fungera som ein språkbank, dvs. ein infrastruktur til bruk i norsk språkforsking og industriutvikling.
På kort sikt er det ikkje aktuelt å setja av statlege midlar til å utvikla ein norsk språkbank. Men regjeringa vil følgja utviklinga nøye i åra som kjem. I dette inngår også aktiv norsk deltaking i dei satsingane på språkteknologi som skjer innanfor EU.
Med utgangspunkt i det nye kompetansesenteret for norsk språk skal det leggjast til rette for å konkretisera, utdjupa og supplera dei overordna måla og rammene for språkpolitikken, for slik å utforma ein heilskapleg og praktisk orientert politikk tufta på systematiske analysar og strategiske prioriteringar.
Den teknologiske utviklinga har gjort det endå tydelegare enn før at det er på andre arenaer enn der kulturpolitikken tradisjonelt opererer, at viktige premissar for språkutviklinga vert forma. Ein samlande språkpolitikk vil difor i mangt og mykje ha ein sektorovergripande karakter og må i stor grad ha å gjera med korleis ei rad andre samfunnsektorar ter seg i sin omgang med språket.
Systematisk påverknad og haldningsskapande arbeid vil vera eit svært aktuelt verkemiddel, og dermed vert utdanningssystemet, kanskje meir enn før, den sentrale arenaen der kampen om norsk språk må førast.
Språklege omsyn må byggjast inn som eit integrert element innanfor dei ulike samfunnssektorane og politikkområda. Som generelt prinsipp kan ikkje kulturbudsjettet nyttast til å retta opp att den skade som skjer på grunn av manglar eller forsømingar innanfor andre område av samfunnet eller politikken.
Ein offentleg språkpolitikk må utformast i eit tiårsperspektiv og konsentrerast om det som ein frå det offentlege si side kan og bør gjera noko med.
Også vilkåra for samiske språk og andre minoritetsspråk må ivaretakast innanfor ramma av ein samla norsk språk- og kulturpolitikk, i samsvar med etablerte prinsipp og dei pliktene norske styresmakter har teke på seg nasjonalt og internasjonalt.
Ansvaret for samiske språk er ein viktig del av ein samla norsk språk- og kulturpolitikk. Departementet legg vekt på aktivt å følgja opp språkreglane i samelova og vil på ulike måtar leggja til rette for gode utviklingsvilkår for samiske språk.
Det kan vera grunn til å streka under det generelle prinsippet om at eit språk må kunna brukast for at det skal kunna haldast i hevd. Dette inneber mellom anna at storsamfunnet også opnar for at til dømes samisk språk kan sleppa til på andre arenaer enn dei som berre vedkjem samane sjølve, dvs. at også nordmenn generelt sett må akseptera å verta eksponerte for samisk språk i visse samanhengar, til dømes i riksdekkjande etermedia og som parallelltekst i ulike offentlege dokument.
Innkjøpsordningane er eit vellukka litteratur- og språkpolitisk verkemiddel og vil verta vidareførte. I tillegg til dei eksisterande ordningane bør rammene etter kvart aukast slik at det òg vert rom for innkjøp av verdfull sakprosa.
Innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for vaksne femner altså om ca. 200 titlar årleg, og desse vert distribuerte i 1000 eksemplar til folkebiblioteka. Ordninga for ny norsk skjønnlitteratur for born og unge femner om ca. 100 titlar i året. Desse vert distribuerte i 1550 eksemplar til folkebiblioteka og bibliotek i grunnskulen.
Dei innkjøpsordningane som alt er etablerte, syter for at særleg skjønnlitterære bøker fysisk når fram til nærmiljøet til lesarane. Samstundes vert det utgjeve stadig meir av det ein kan kalla allmenn sakprosa.
Ei selektiv innkjøpsordning for slike bøker, med til dømes 50 titlar kvart år i 1000 eksemplar, ville kunna stimulera til auka tilvokster av sakprosa slik dei alt eksisterande innkjøpsordningane har gjort for skjønnlitteraturen. Ei slik ordning vil kosta 8-10 mill. kroner årleg. Departementet ynskjer ei slik ordning og vil koma attende til dette i budsjettsamanheng.
Fritaket frå meirverdiavgift er eit viktig indirekte støttetiltak for bokbransjen.
Momsfritaket vart innført i 1967 og gjeld for prenta papirbøker og frå 1995 også for lydbøker.
I praksis har statsstøtte til kultur vore fullt tillate i EU så lenge det ikkje har vore til hinder for konkurransen og den frie handelen på den indre marknaden, og kultur har vore sett på som ei sak for nasjonale styresmakter.
I samband med momsreforma la Finansdepartementet til grunn at ei tilpassing til EUs regelverk om meirverdiavgift er ynskjeleg, men det ligg ikkje føre noka plikt til ei slik tilpassing gjennom EØS-avtalen.
Eit momsfritak eller ein lågare sats som favoriserer norskspråklege bøker, er neppe i tråd med EØS-avtalen. Derimot er det uproblematisk dersom ordninga er generell, slik at ho femner om alle bøker som vert omsette i Noreg, og det er dette som er stoda i dag.
Bransjeavtalen er ein friviljug avtale mellom to private partar, Den Norske Forleggerforening og Den Norske Bokhandlerforening. Gjeldande avtale går ut 31. desember 2004. Statlege styresmakter kjem inn i biletet med di det er ein kartellavtale som krev unnatak frå konkurranselovgjevinga. Bransjen sjølv lyt ha hovudansvaret for å finna fram til tenlege løysingar for tida etter 2004.
Fastprissystemet i Noreg er eit priskartell og må difor ha dispensasjon frå konkurranselovgjevinga.
Grunngjevinga for dispensasjon har vore at avtalen vart sett på som kulturpolitisk viktig, ved at han er med på å tryggja eit desentralisert bokhandelnett over heile landet, og ved å sikra utgjeving av og tilgjenge til alle typar litteratur til lik pris. Når bransjeavtalen skal reforhandlast, er dette i utgangspunktet ei sak mellom dei to bransjeorganisasjonane.
For konkurransestyresmaktene vil det generelle utgangspunktet vera at tevling medverkar til lågare prisar, breitt produktutval, nyskaping og innovasjon. Applisert på bokbransjen lyt konkurransepolitikken samstundes byggja på ei erkjenning av at marknad og tevling ikkje utan vidare er tilstrekkeleg for å tryggja låge nok prisar, mange nok utgjevingar, utgjeving av smale titlar og slett ikkje geografisk lik tilgang til bøker.
Forfatterforeningen og Bokhandlerforeningen har båe uttrykt ynske om at bransjen skal verta regulert gjennom ein friviljug bransjeavtale også etter 2004. Dette vil gje tryggleik og stabilitet for desse interessentane. På forleggjarhald gjer det seg derimot gjeldande fleire synspunkt, men Forleggerforeningen gjorde på generalforsamlinga 24. mai 2003 vedtak om å arbeida for ei vidare avtalebasert regulering av bokbransjen etter 2004. Forleggerforeningen vil arbeida for "å bevare prinsippet om fast pris, fri flyt av bøker, abonnementsordninger, lager- og skaffeplikt og en effektiv distribusjon av skolebøker".
For Kultur- og kyrkjedepartementet vil det overordna omsynet vera å tryggja utgjeving av eit breitt utval bøker - på bokmål og nynorsk - som spenner over eit vidt spektrum av sjangrar, og å tryggja at desse vert spreidde og gjorde tilgjengelege for lesarar i heile landet. Det må finnast fram til ein modell som på ein god måte tek høgde for både konkurransepolitiske, litteraturpolitiske og relevante allmenne kulturpolitiske omsyn.
Å regulera prisar og andre vilkår i lovs form tykkjest lite aktuelt, med di dette kan medverka til å låsa fast rammer som etter kvart kan verka uheldig konserverande.
Det må difor framleis vera bransjen sjølv som har hovudansvaret for å finna fram til tenlege løysingar for tida etter at nogjeldande bransjeavtale går ut ved utgangen av 2004.
Bokklubbane har ein sterk posisjon i Noreg, både økonomisk og kulturelt. Utan bokklubbane ville færre ha kjøpt og lese den nye skjønnlitteraturen. Bokklubbane kan hevdast å vera den største distriktsbokhandelen i landet, men det kan òg hevdast at suksess for bokklubbane gjer tilhøva vanskelegare for dei lokale bokhandlane.
Den digitale epoken har også nådd bokbransjen, i form av e-bøker, tinga prent (print on demand), nettbokhandlar og e-bokhandlar. Med IKT vert både produksjon og handel meir effektiv, og fordyrande mellomledar kan takast bort, så som sats og prenting, frakt og lagerhald. Konsekvensane for bokbransjen kan verta store, men det er uråd å seia noko visst om kor snøgt eller i kva omfang endringar vil skje.
Problema med å administrera dei økonomiske rettane til forfattar og forlag er ikkje løyste enno, og før ein kan få til ein trygg og enkel handel, vil det ikkje koma noko gjennombrot for utgjeving av e-bøker. Det vil fyrst vera aktuelt å utforma ein litteraturpolitikk for e-bøker dersom marknaden ikkje skulle gje vilkår for kvalitet, mangfald og breidd, dersom økonomiske og ideelle rettar og krav til forfattarar og andre opphavsmenn ikkje vert tekne vare på, eller dersom føremonene ved den nye teknologien ikkje gjev lågare prisar for publikum.
Lydbøker fyller funksjonar som vanlege bøker ikkje kan dekkja like godt - både for vanlege brukarar og for folk med ei eller anna form for lesehemming. Det må leggjast til rette for at den positive voksteren i frambodet og bruken av lydbøker kan halda fram.
Kravet i føremålsparagrafen til biblioteklova om at kvart bibliotek skal leggja vinn på kvalitet, mangfald og aktualitet i tilboda, gjeld sjølvsagt òg for grupper med særskilde behov. Det vil difor vera viktig å halda oppe høg kvalitet på den offentleg finansierte lydbokproduksjonen i Noreg.
Over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett vert det i tillegg til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek også gjeve støtte til lydbokproduksjonen til Kristent Arbeid Blant Blinde og Svaksynte (KABB), med vel 0,9 mill. kroner i 2003.
Den statlege innsatsen for å leggja til rette litteratur for folk med lesevanskar har fyrst og fremst vore innretta mot synshemma. Perspektivet bør utvidast også til andre grupper.
Om lag 20 pst., dvs. ca. 900 000 menneske, har problem med å lesa og forstå innhaldet i ein vanleg tekst. Ca. 2 pst., dvs. 90 000 menneske, klarar ikkje å ta imot informasjon gjennom tekst.
Foreininga Leser søker bok har sett nytt søkjelys på desse problemstillingane.
"Leser søker bok" har fått ei eingongsløyving på 2 mill. kroner frå Sosial- og helsedirektoratet for 2002-2003.
Dette er eit oppgåvekompleks som vedkjem fleire departement. Det er viktig å få i stand ein god og løpande dialog mellom desse og relevante interesseorganisasjonar, mellom anna for å få vurdert korleis det betre kan leggjast til rette for utvikling, produksjon og formidling av tilrettelagd litteratur for alle former for lesehemmingar.
Dersom ein ser bort frå skulebøkene, er den norske bokbransjen dominert av bøker på bokmål, meir enn tilhøvet mellom talet på nynorsk- og bokmålsbrukarar skulle tilseia. Det Norske Samlaget, som årleg får driftsstøtte frå Kultur- og kyrkjedepartementet, er det einaste forlaget som gjev ut bøker i alle sjangrar på nynorsk, og det står no for om lag 73 pst. av alle nynorskutgjevingar. Departementet ynskjer å auka tilskotet til dette forlaget.
Både frambodet og formidlinga av litteratur i Noreg må avspegla den kulturelle og språklege bakgrunnen til alle som bur i landet i dag.
Betre utnytting av informasjonsteknologi og nasjonale, nettbaserte tenester saman med utbygging av biblioteka som møtestad vil vera ein framtidsretta strategi. Det må vidare satsast på barnebiblioteka som kulturformidlarar. I eit multikulturelt Noreg må biblioteka vera i front når det gjeld ytringsfridom og meiningsmangfald, og dei skal formidla kultur- og litteraturuttrykk som speglar dagens samfunn.
Å møta ein levande forfattar kan kveikja interessa for litteratur hjå mange, ikkje minst born og unge. Det er naturleg å byggja vidare opp under den formidlingsverksemda Norsk Forfattersentrum har utvikla den siste mannsalderen.
I 2002 fekk meir enn 100 000 elevar i alle skuleslag besøk av ein forfattar. Gjennom prosjektet Den kulturelle skulesekken vil det venteleg liggja til rette for at Norsk Forfattersentrum får eit endå meir mangslunge og vidspreidd verkefelt.
Born møter i dag eit mangfald av medium og kulturuttrykk, men lesing er likevel eineståande som erkjennings-, lærings- og opplevingsmetode. Hovudutfordringa er å inspirera born til å lesa, og mange leselystprosjekt er etablerte dei siste åra. Slike prosjekt lyt det satsast på i åra framover.
Barnebiblioteka kan brukast som fyrtårn for utvikling av metodar for formidling, nye samarbeidsformer, ny institusjonsprofil og nye profesjonsroller.
Fleire undersøkingar har vist at lesedugleiken til norske born er for dårleg, og norske born og unge les mindre enn tilfellet er i andre land det er naturleg å samanlikna med. Dette gjeld i særleg grad gutane.
Foreningen !les byrja som eit leselystprosjekt og vart i 2000 etablert som foreining med 28 medlemer. Dette er ein ideell organisasjon som skal arbeida for å fremja lesing, særleg mellom born og unge.
Den store statlege satsinga på stimulering av leselyst og lesedugleik er det femårige prosjektet "Gi rom for lesing!" i regi av Utdannings- og forskingsdepartementet. Det er rekna med å bruka om lag 100 mill. kroner dei fyrste tre åra. Det er lagt opp til samarbeid med Barne- og familiedepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
Utfordringane på dette området høyrer naturleg i hop med prosjektet Den kulturelle skulesekken.
Litteraturfestivalar er viktige tiltak som skaper blest om litteratur og forfattarar, og som på den måten kan medverka til å fremja den allmenne interessa for litteratur som kunstform og kunnskapskjelde.
Fleire av festivalane får kvart år støtte over budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet.
Dei nynorske festspela er ei årleg markering av den nynorske skriftkulturen, med gode forfattarar, god musikk og gode bilete, og er ein del av verksemda til Nynorsk kultursentrum, det nasjonale dokumentasjons- og opplevingssentret for nynorsk skriftkultur. I dei ti åra festspela har vore skipa til, har det vore avvikla om lag 400 arrangement med meir enn 51 000 deltakarar.
Verksemda til NORLA (Norwegian Literature Abroad. Fiction & Non-fiction) er eit viktig tiltak for å fremja norsk litteratur utanfor landegrensene.
NORLA skal informera om og formidla norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet i samarbeid med norske forlag og andre organ.
Tilskotet frå Kultur- og kyrkjedepartementet, som i 2003 utgjer nær 6,7 mill. kroner, er auka i høve til tidlegare år.
Dei viktigaste verkemidla er omsetjingsstøtta, som særleg går til land med vanskeleg økonomi, reisestøtte til forfattarar, dessutan deltaking på seminar, bokmesser og andre arrangement for å synleggjera norsk litteratur og utgjeving av publikasjonar.
Ei rekkje institusjonar, støtteordningar og tiltak under budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet har direkte innverknad på arbeidsvilkåra til kunstnarane.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet vil i samarbeid setja i gang eit arbeid med å kartleggja behovet for ulike kunstutdanningar og yrkesaktiviteten til kandidatar frå slike utdanningar, inkludert dei som er utdanna i utlandet.
Den siste stortingsmeldinga om kunstnarpolitikken, St.meld. nr. 47 (1996-1997) Kunstnarane, vart lagd fram av Jagland-regjeringa. Slik det vert formulert i denne meldinga, er hovudmålet for staten på kunstområdet å skapa vilkår for at heile samfunnet skal kunna ta del i eit levande og mangslunge kunstliv. I erkjenning av at marknaden åleine ikkje er tilstrekkeleg for å sikra kvalitet, nyskaping og mangfald på kunstområdet, må det offentlege inn med tiltak som skal tryggja eit mangfald av ulike kunstuttrykk av høg kvalitet.
Samhandlinga mellom staten og kunstnarane om kunstnarpolitiske spørsmål skjer mellom anna gjennom forhandlingar, drøftingar og ulike møte. Regelverksavtalen frå 1978 som inneheld reglar for forhandlingar mellom staten og kunstnarorganisasjonane, vart oppsagd av kunstnarorganisasjonane i byrjinga av 1980-åra. Departementet har i samråd med organisasjonane ei tid arbeidd med å erstatta avtalen med eit meir einfelt regelverk som er betre tilpassa tilhøva i dag. Eit nytt regelverk skal regulera i kva samanhengar partane skal møtast, og dessutan innehalda prosedyrereglar for slike møte. Departementet vil leggja til grunn at det ikkje er aktuelt å innføra forhandlingsrett for talet på og storleiken på stipend og garantiinntekter eller for tiltak for å fremja auka bruk av kunstnarlege prestasjonar. Dette er budsjettspørsmål som ikkje bør vera gjenstand for forhandlingar.
Det kan ikkje lenger vera eit mål at den statlege innsatsen på feltet skal kunna innehalda ein automatisk økonomisk vokster etter kor stor tilvoksteren av kunstnarar er. Det er behov for meir fleksible ordningar som er betre tilpassa arbeidsformene på dagens kunstfelt. Samstundes bør det vera eit grunnprinsipp at ordningane fremjar kunstnarleg produksjon med høg kvalitet.
Garantiinntekta (GI) inneber på den eine sida ein relativt trygg økonomisk situasjon som gjev høve til kunstnarleg fridom og fagleg fordjuping. På den andre sida låser garantiinntektsordninga ein stor del av dei kunstnarpolitiske midlane til ei lita gruppe kunstnarar, og ordninga gjev lite rom for kontinuerlege kvalitetsvurderingar. For å gjera bruken av midlane meir fleksibel tek departementet sikte på å overføra ein del ledige garantiinntektsmidlar til arbeidsstipend.
Departementet går framleis inn for ei fri vurdering av ledige garantiinntekter, slik at ein kan styrkja kunstfelt der det er spesielle behov. I dette ligg det òg at ein kan omgjera "frie" garantiinntektsmidlar til arbeidsstipend. Med ei slik omgjering tek departementet sikte på at kvar garantiinntekt skal erstattast av to arbeidsstipend.
Departementet går inn for at yrkesaktivitetsvurderinga skal vera slik at dei som over tid har så låg dokumentert yrkesaktivitet at dei i realiteten ikkje lenger kan seiast å vera yrkesaktive, misser retten til garantiinntekt.
Det er behov for å vurdera reglane om avkorting av garantiinntekta.
Reglane om avkorting av garantiinntekta bør vera eit element når ein vurderer eventuelle endringar, men dette må vegast opp mot mogelege uheldige verknader av eit slikt regelverk, mellom anna det byråkrati handhevinga av avkortingsreglane inneber.
Arbeidsstipend for kunstnarar bør styrkjast i åra framover. Talet på stipend bør aukast, mellom anna ved at ein over tid omprioriterer frå garantiinntekter til arbeidsstipend. Arbeidsstipenda bør innrettast på ein måte som tek vare på behova kunstnarane har for konsentrasjon og fagleg fordjuping.
I tillegg til å auka talet på arbeidsstipend bør stipendsummen for slike stipend tilsvara maksimal garantiinntekt og følgja lønsutviklinga tilsvarande lønssteg 1.
For å skapa større tryggleik i den kunstnarlege prosessen kan det i større grad leggjast opp til å innstilla og gjeninnstilla til femårige arbeidsstipend.
Det kan vidare vera relevant å vurdera andre typar langvarige stipend som skal møta behovet for fagleg konsentrasjon og fordjuping. Til dømes kan ein vurdera å oppretta ei form for åremålsstipend som kan søkjast for ein lengre periode, til dømes ti år, med ei obligatorisk kvalitetsvurdering etter til dømes fem år.
Det kan vera behov for å vurdera ei ny stipendordning som skal vera særskilt tilpassa eldre yrkesaktive kunstnarar.
Ei arbeidsgruppe har gjeve framlegg om å oppretta ti arbeidsstipend som er øyremerkte kunstnarar med minoritetsbakgrunn, utan omsyn til kunstform. Departementet er generelt skeptisk til øyremerking av stipendmidlar. Departementet vil likevel sjå nærare både på dette framlegget og andre mogelege verkemiddel.
For å oppnå større fleksibilitet og forenkling både for kunstnarane og i tilskotsforvaltninga bør det vurderast å avvikla dei fem små stipendordningane med eigne føremål og tildelingskriterium. Midlane bør leggjast inn i ei ny stipendordning, der søkjaren sjølv definerer kva stipendet skal brukast til ut frå eigne behov i den kunstnarlege verksemda.
Departementet gjer framlegg om at ein held fast på det ordinære arbeidsstipendet og på arbeidsstipendet for yngre/nyetablerte kunstnarar. Dei andre fem diversestipenda bør ein vurdera å slå saman. Det gjeld følgjande ordningar: Reise- eller studiestipend, vikarstipend, etableringsstipend, etableringsstipend for skjønnlitterære forfattarar og omsetjarar, og materialstipend.
Apparatet som fordeler statlege stipend og garantiinntekter til kunstnarar, er av historiske grunnar svært omfattande i Noreg. Det er eit mål å tilpassa strukturen betre til situasjonen i dagens kunstfelt ved å gjera stipendkomité-strukturen enklare. Forenklinga kan gjerast ved at den noverande ordninga med 24 fagspesifikke stipendkomitear vert erstatta av ei løysing med langt færre, kan henda så få som fem eller seks større komitear.
Kunstnarrepresentantar bør framleis utgjera eit fleirtal i komiteane, men i tillegg kan kunstvitarar og kunstekspertar som kjenner dei kvalitetskrava som gjeld i ulike fagmiljø og institusjonar, med fordel supplera stipendkomiteane slik som i kunstforvaltninga elles.
Etter ein forenkla komitéstruktur bør dei nye komiteane dekkja områda litteratur og annan skriftbasert kunst, visuelle kunstartar, skapande musikk, utøvande musikk og scenekunst.
Ein slik komitéstruktur har som føresetnad at det bør vera fleire medlemer i kvar komité enn det som gjeld i dag. Oppnemning bør gjerast av eit organ med "armlengds avstand" frå departementet, etter framlegg frå kunstnarorganisasjonane og helst også frå dei kunstfaglege utdanningsinstitusjonane.
Historisk sett har sivile, friviljuge samanslutningar vore ein viktig del av det norske samfunnet.
Mesteparten av midlane på det statlege kulturbudsjettet går til å støtta det profesjonelle kulturlivet i Noreg. Men departementet legg samstundes vekt på at dei friviljuge organisasjonane har ei viktig rolle å spela i samfunnet, og at det er om å gjera å stimulera innsatsen og deltakinga i friviljug aktivitet i regi av organisasjonane. Dei friviljuge organisasjonane har ulike funksjonar som har mykje å seia både for samfunnet generelt og for kulturlivet spesielt:
– Dei friviljuge organisasjonane er viktige i kraft av det arbeidet dei utfører. Dersom det friviljuge arbeidet vart borte, måtte mykje av dette erstattast av betalt arbeid som truleg ville kosta staten milliardar av kroner.
– Friviljuge organisasjonar har også ein viktig funksjon som demokratiske aktørar.
– Dei friviljuge organisasjonane skaper mange former for sosial fellesskap.
– Friviljuge samanslutningar har evne til å skapa tillit i samfunnet.
– Dei friviljuge organisasjonane har stort potensial for å skapa engasjement.
– Friviljuge samanslutningar medverkar til mangfaldet i samfunnet.
– Friviljuge organisasjonar fungerer som rekrutteringsarena for deltaking i kulturlivet på mange nivå.
Tilskotsordninga til lokalt friviljug arbeid blant born og unge, Frifond, går over budsjetta til to departement, Barne- og familiedepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet. Pengane går til lokale grupper og lag og vert kanaliserte via tre landsomfattande paraplyorganisasjonar etter ein fordelingsnøkkel. Det er Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Norges musikkråd (NMR) og Norsk Amatørteaterråd (NAT). Midlane skal brukast til eit breitt spekter av lokale aktivitetar blant born og unge.
Frifond-ordninga vart evaluert i 2002 på oppdrag av dei to departementa. Ein hovudkonklusjon i evalueringsrapporten er at noverande fordelingsmodell i regi av dei tre paraplyorganisasjonane stort sett fungerer tilfredsstillande. Men den noverande løyvingsmodellen har likevel klåre ulemper. Frifond-løyvingane når ikkje godt nok ut til frittståande lag, dvs. til den lokale aktiviteten som ikkje er knytt til ein landsomfattande organisasjon.
Med verknad frå 2003 vart Frifond tilført ein øyremerkt del av midlane til kulturområdet frå speleoverskotet. Prognosane for speleoverskotet tilseier at den delen av overskotet som skal gå til Frifond, vil utgjera om lag 135 mill. kroner frå og med 2005. I tillegg kjem det som vert løyvt til ordninga over statsbudsjettet. Både resultatet av evalueringa og behovet for å kvalitetssikra ordninga med tanke på den monalege auken i den økonomiske ramma for ordninga tilseier ei justering av korleis midlane i Frifond-ordninga vert kanaliserte til målgruppene. Barne- og familiedepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet har på denne bakgrunn vurdert ulike alternativ til den noverande modellen:
– Paraplyorganisasjonane som tilskotsforvaltarar
– Sentral forvaltning
– Kommunal forvaltning
– Ansvarsdeling mellom organisasjonane og kommunane
Barne- og familiedepartementet og Kultur- og kyrjedepartementet ser både føremoner og ulemper ved dei ulike modellane som her er skisserte. Røynslene med Frifond-ordninga så langt har vist at paraplyorganisasjonane har problem med å nå tilfredsstillande ut til målgruppene for ordninga. På den andre sida har dei tvillaust verdfull kompetanse på området. Ei sentral statleg forvaltning vil betre kunna tryggja krav om likebehandling og effektiv ressursbruk, men samstundes innebera ei svekking av den lokale forankringa av ordninga. Dei to departementa ser alt i alt store føremoner med ein modell som legg til rette for ei betre lokal forankring og ein heilskapleg politikk overfor born og unge lokalt ved å gje kommunane ein sentral plass i Frifond-ordninga.
Denne meldinga legg ikkje opp til omfattande endringar i den statlege verkemiddelbruken på kulturområdet.
Det er likevel somme konkrete verkemiddelspørsmål som på ulik måte har vore framme i det kulturpolitiske ordskiftet, og som det difor er på sin plass å drøfta særskilt i denne meldinga. Fyrst og fremst gjeld dette Norsk kulturråd.
Vidare vert spørsmålet om kulturlov kommentert, og det er dessutan tenleg å seia litt om kunnskapsbehovet i form av forsking og utgreiing om kultursektoren.
Gjennom alle dei snart 40 åra institusjonen har vore til, har Norsk kulturråd spela ei viktig rolle i kulturpolitikken. Ei styrking av det såkalla frie feltet i åra frametter vil samstundes kunna innebera ei ytterlegare styrking av Norsk kulturråds posisjon.
Generelt er regelverket prega av at det er vorte til på ulike tidspunkt, og at det ikkje på noko tidspunkt etter at Kulturrådet vart skipa, er gjort ei samla gjennomgåing av det formelle grunnlaget.
Forskriftene for tilskotsordningane er i all hovudsak uproblematiske. Det er historiske grunnar for at støtte til scenekunst er skild ut i ei særskild forskrift, medan andre støtteordningar vert regulerte generelt. Departementet vil vurdera om det vil vera tenleg å slå dei to forskriftene saman til ei. I denne forskrifta vil ein så også kunna ta inn andre tilskotsordningar.
Innkjøpsordninga for litteratur er ikkje regulert i forskrift i det heile, men følgjer av avtale mellom forlaga og Kulturrådet. Det vil vera tenleg at hovudtrekka i ordninga vert fastsett på ein lettare tilgjengeleg måte.
Regelverket for Kulturrådet og Kulturfondet inneheld ikkje særleg klåre reglar for kor sjølvstendig Kulturrådet skal vera i høve til Stortinget og til departementet når det disponerer over Kulturfondet. Det inneheld heller ikkje noko om at tilskot over Kulturfondet ikkje skal gå til permanente tiltak.
Arbeidsdelinga mellom departementet og Kulturrådet har i all hovudsak fungert godt. Likevel vil det vera tenleg å sjå nærare på korleis det samla regelverket kan gjevast ei meir samla og heilskapleg form, mellom anna for å klårgjera kompetansetilhøva ytterlegare.
Reguleringa av kor fritt Kulturrådet står i å nytta midlane som vert løyvde til Norsk kulturfond, er vag. Dette er eit sentralt spørsmål, og i meldinga vert spørsmålet om instruksjonsrett for departementet og Stortinget drøfta noko nærare.
I forvaltningsrettsteorien er det lagt til grunn at eit kollegialt forvaltningsorgan kan ha ein uavhengig status når samansetjinga av organet er gjord ut frå å samla særskild ekspertise på eit område. Dette er klårt tilfelle ved oppnemninga til Kulturrådet.
Samla sett taler mange tilhøve for at Kulturrådet bør ha ei uavhengig stilling i høve til Stortinget og regjeringa, i alle fall for ein del av dei midlane det disponerer, nettopp av di det gjev eit godt grunnlag for at rådet kan vera ein slik aktør i den dynamiske utviklinga som det til no har vore.
Jamvel om behovet ikkje er akutt, bør det setjast i gang eit arbeid med å forma ut eit nytt regelverk for Norsk kulturråd. Det nye samla regelverket bør ordnast i to delar, ein del som regulerer organiseringa av Kulturrådet og tilhøvet mellom rådet, departementet og Stortinget, og ein del som regulerer tilskotsordningane og dermed tilhøvet mellom tilskotsmottakarar og rådet.
Det grunnleggjande regelverket bør utformast i lov, ikkje som no i plenarvedtak. Det høver som lovgjeving av di det har synt seg å vera lite behov for endringar over tid, og av di lovs form vil vera betre eigna til å regulera instruksjonsrett for Stortinget. Ei tilskotsforskrift vil då kunna vera heimla i lova.
Det samordna forvaltningsblikket på saksfelta arkiv, bibliotek og museum som skipinga av fagorganet ABM-utvikling mogeleggjer, kan òg innebera at det etter kvart vil vera tenleg å gjera somme justeringar i oppgåvedelinga og grenselinene mellom dette organet og Norsk kulturråd.
Departementet vurderer likevel situasjonen slik at det ikkje ligg føre eit akutt behov for opprydding.
Departementet vil i nær dialog med Norsk kulturråd og ABM-utvikling løpande vurdera mogelege gråsonar og høvelege åtgjerder for å løysa dei vanskane som måtte oppstå.
Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre sterke grunnar for å tilrå endringar i samansetjinga av rådet i samband med nyoppnemninga frå 2005.
I det kulturpolitiske ordskiftet har spørsmålet om ei regionalisering av Norsk kulturråd vore framme.
Alt i alt tykkjest det ikkje vera avgjerande grunnar for å leggja om forvaltninga av Kulturfondet i ei meir regional lei. Men samstundes er det viktig å ha auga for at Norsk kulturråd til kvar tid skal fanga opp verdfulle prosjekt og planar i heile landet.
– Gjeldande styringsgrunnlag er samansett og prega av å ha vakse fram over tid. Det er lite dekkjande for den samla verksemda i Kulturrådet. Omfanget av instruksjonsrett for overordna organ er uklårt utforma. Styringsgrunnlaget bør difor reviderast.
– Framtidig regelverk bør delast i to: Ein grunnleggjande del om organisering, oppgåver og styringsstruktur, som bør vedtakast som lov, og ein underordna del om dei einskilde tilskotsordningane m.m., som framleis bør vera i forskrift.
– Overføring av forvaltningsansvaret for ein del faste tiltak frå departementet til Norsk kulturråd kan gjennomførast utan at ein svekkjer dei gode sidene ved verksemda i Kulturrådet.
– Norsk kulturråd bør vidareførast som eit samla landsdekkjande fagorgan.
Med jamne mellomrom dukkar det opp ynske og krav om ei kulturlov. Ynsket er fyrst og fremst eit uttrykk for å gje kultursektoren som totalitet eit sikrare fundament, både statusmessig og økonomisk.
Eit hovudpoeng i argumentasjonen for ei kulturlov er at ho skal sikra finansieringa av tiltaka i kultursektoren.
Dersom departementet skal gå vidare med vurderingar av ei eventuell kulturlov, vil det vera uaktuelt å gå inn på framlegg som inneber å lovfesta spesielle prosentsatsar o.l. til kultursektoren.
Heller ikkje er det aktuelt å vurdera lovfesting av organisatoriske prinsipp for korleis til dømes kommunane skal leggja opp engasjementet sitt i kultursektoren.
Etter departementet sin oppfatning er det berre ei allmenn kulturlov som det kan vera aktuelt å vurdera, dvs. ei lov som eventuelt lovfestar at stat, fylkeskommunar og kommunar skal leggja til rette for, støtta og fremja eit sett av kulturtiltak som ibuarane kan oppleva og ha glede av.
Ei eventuell kulturlov vil isolert sett ikkje sikra kultursektoren anna enn ein viss minimumsinnsats. Utan kopling til økonomiske rammevilkår vil ei kulturlov i seg sjølv ikkje skapa betre utgangspunkt for kultursektoren.
I aukande grad er òg utforming og gjennomføring av kulturpolitikk påverka av internasjonalt avtaleverk, i fyrste rekkje gjennom EØS-avtala og medlemskapen i WTO. Spørsmålet er då i kva grad og på kva måtar ein kan ta i bruk kulturpolitiske verkemiddel for å støtta kulturytringar som er viktige i norsk samanheng.
I åra frametter vil departementet føra ein løpande dialog med Noregs forskingsråd, Norsk kulturråd og ABM-utvikling om forskings- og utgreiingsbehova. Departementet vil ha interesse av at FoU-innsats over tid kan gje ny kunnskap om heile kultursektoren, og vil følgjeleg vurdera tiltak som kan gje ei slik utvikling.
Kulturtiltak krev fysiske rammevilkår som gjer det mogeleg å realisera dei måla som gjeld for dei respektive institusjonane eller prosjekta.
I framstillinga nedanfor er siktemålet med utgangspunkt i dei eksisterande ordningane å skissera ein tenleg modell for korleis kulturbygg bør handterast forvaltningsmessig i åra frametter.
Norsk kulturråd har heilt sidan organet vart skipa i midten av 1960-åra nytta ein del av fondsmidlane til kulturbygg. Medan 33 pst. gjekk til kulturbygg i 1965, utgjorde dette berre om lag 3 pst. av dei samla fondsmidlane i 2002.
Avsetjinga har tradisjonelt gått til toppfinansiering av spesialbygg som ikkje har falle inn under ordninga for lokale og regionale bygg, eller som ikkje har fått tilskot frå løyvingane til nasjonale kulturbygg.
Norsk kulturråd yngskjer i åra framover fyrst og fremst å medverka til å utvikla nye arenaer for formidling av kunst.
Departementet legg til grunn at dette i investeringssamanheng vil vera ei tenleg hovudprioritering for Norsk kulturråd i komande år.
Tilskotsordninga for lokale og regionale kulturbygg var tidlegare knytt til ein eigen post i statsbudsjettet (kap. 320 post 60), men no vert desse tilskota henta frå spelemidlane, med 45 mill. kroner i 2003.
Ein stor del av forvaltningsoppgåvene i tilknyting til denne tilskotsordninga er delegert til fylkeskommunane.
Ordninga er nyleg evaluert. Evalueringsrapporten tilrår å vidareføra ordninga, men med ein del justeringar.
På grunnlag av ein konkret og djupare analyse av kulturbygg i tre ulike regionar deler rapporten bygningane inn i kategoriane forsamlingshus og kulturhus. Denne inndelinga går på tvers av oppdelinga i lokale og regionale bygg etter tilskotsordninga.
Med tilvising til evalueringa av den noverande ordninga med statlege tilskot til lokale og regionale kulturbygg vil departementet tilrå ei ny, desentralisert ordning for tilskot til kulturhus. Ordninga bør tilførast 40 pst. av den delen av spelemiddeloverskotet som skal nyttast til kulturbygg. Frå 2005 vil dette utgjera overslagsvis 55 mill. kroner.
Midlane vert stilte til rådvelde for fylkeskommunane som bør stillast nokså fritt i bruken av desse midlane. Midlane bør kunna nyttast både til nybygg og ombygging eller modernisering, men ikkje til ordinært vedlikehald eller drift. Tilskot til bibliotekbussar kan inngå i ordninga.
I departementet ligg det føre ei rad søknader om tilskot frå budsjettposten til nasjonale kulturbygg (kap. 320 post 73). Brorparten av desse har ein karakter og eit omfang som gjer det naturleg å kategorisera dei som regionale prosjekt.
Departementet vil tilrå at regionale prosjekt i åra frametter vert delfinansierte med midlar frå den delen av spelemiddeloverskotet som skal nyttast til kulturbygg. For å kunna dekkja ein rimeleg del av dei melde behova bør 60 pst. av dette øyremerkte spelemiddeloverskotet setjast av til slike tiltak. Frå 2005 vil dette utgjera overslagsvis 80 mill. kroner.
Dei siste åra har posten for tilskot til nasjonale kulturbygg (kap. 320 post 73) femna om fleire prosjekt enn det som har vore vanleg tidlegare. I hovudsak har dette samanheng med gjennomføringa av programmet med såkalla fylkestusenårsstader.
I åra frametter vil kategorien nasjonale kulturbygg både femna om prosjekt av eit særleg stort omfang, prosjekt der staten åleine skal dekkja ein særleg stor del av dei samla investeringskostnadene, og andre prosjekt som etter sin karakter utan vidare høyrer heime i denne kategorien.
Det vert lagt til grunn at investeringsprosjekt ved statlege institusjonar skal fremjast som før med løyvingar over budsjettet åt Arbeids- og administrasjonsdepartementet.