1. Sammendrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Kvifor breiband?
- 1.3 Breibandsnett
- 1.4 Tenester og innhald
- 1.5 Kompetanse
- 1.6 Breibandspolitikk og status i andre land
- 1.7 Mål, strategi og roller
- 1.8 Stimulans for vidare utvikling
- 1.9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Regjeringa har som visjon for breibandsutviklinga at den elektroniske infrastrukturen skal dekkje alle delar av landet, gi konkurransefordelar for norsk næringsliv, gi veksthøve for kunnskapsbaserte næringar og medverke til modernisering av offentleg sektor. Private og offentlege verksemder må ha god tilgang til elektronisk infrastruktur og kunne utnytte dei moglegheitene som breiband gir. Innhald og tenester må utviklast i takt med marknadsutviklinga, og organisasjonar og enkeltbrukarar må ha kompetanse for å kunne ta ut gevinstane.
Dei konkrete måla i eNorge 2005 ligg fast: I løpet av 2005 skal alle grunnskular, folkebibliotek og kommuneadministrasjonar ha tilbod om breibandstilknyting til konkurransedyktige prisar. Innan utgangen av 2003 skal alle dei vidaregåande skulane ha slikt tilbod. I eNorge 2005 var det i tillegg eit mål at alle helseføretak skulle ha tilknyting til breiband i løpet av 2002. Dette målet er no nådd.
Regjeringa finn det ikkje føremålstenleg å avgrense denne meldinga til berre å omfatte infrastrukturen for breiband. Skal brukarane kunne utnytte den elektroniske infrastrukturen, må dei få tilbod om tenester og innhald, og dei må ha den nødvendige kompetansen til å nytte seg av breiband og breibandstenester. Utvikling og bruk av breiband er dessutan nær knytt til utvikling og bruk av annan informasjonsteknologi, som i dag blir utnytta til dei fleste formål i heile samfunnet.
Meldinga har blitt utarbeidd med innspel blant anna frå ei referansegruppe med representantar frå Kommunenes Sentralforbund, Abelia og IKT-Norge. Nærings- og handelsministeren har dessutan gjennomført tre opne høyringskonferansar i tilknyting til meldingsarbeidet .
Det er ikkje sjølvsagt at investeringar i breiband og breibandsbruksmåtar fører til gevinstar i næringslivet, offentleg sektor eller forbrukarmarknaden. Dessutan tek det ofte tid å realisere større gevinstar. Nytte og innsparingar for kvar einskild, og for alle brukarar samla, vil auke etter kvart som fleire knyt seg til netta, og når fleire funksjonar kan utførast elektronisk over nett.
Det samla biletet er at breibandsdekninga (tilbodet) i dag og forventa utvikling fram mot 2005 synest rimeleg bra. Dei faktiske tilknytingane har derimot hange etter i privat sektor og i delar av offentleg sektor, men synest no å utvikle seg raskare. På grunn av uvisse knytt til teknologisk utvikling er det framleis ikkje sikkert kor store delar av landet marknaden kjem til å dekkje. Regjeringa vil på dette tidspunktet difor ikkje setje i gang omfattande og kostbare offentlege tiltak med sikte på å byggje ut dekning til dei aller siste prosentane, men vil likevel setje i verk visse tiltak for å stimulere til vidare marknadsbasert breibandsutbygging i distrikta. Dessutan vil ein stimulere utvikling av innhald, tenester og kompetanse for å auke etterspørselen blant dei som allereie har eit tilbod.
Breibandsteknologiane er i ein tidleg fase, og behovsmønstra er på mange måtar uavklara. Ein ventar at behova vil endre seg i retning av meir utstrekt bruk av tenester og bruksmåtar baserte på multimedia og levande bilete som krev høgare overføringskapasitet, fleire samtidige brukarar, og brukarar som i aukande grad ønskjer å sende informasjon, ikkje berre motta. Dermed aukar også behovet for kapasitet i netta. På grunn av uvisse i utviklinga av kapasitet og behov er breiband i denne meldinga ikkje definert med ei spesifikk grense for overføringskapasitet. Det er lagt til grunn at breiband er tovegs kommunikasjonsnett som kan overføre ulike former for data som tekst, lyd og levande bilete.
Kommunikasjonsnetta må vere dimensjonerte for å kunne transportere dagens tenester og vere fleksible nok til å kunne gi rom for framtidige tenester som krev større kapasitet. Det er ei rask utvikling innan breiband med introduksjon av nye teknologiar og vidareutvikling av dei som er i marknaden i dag. Myndigheitene må føre ein politikk som ikkje favoriserer ein teknologi framfor andre, og som legg til rette for konkurranse både mellom og innanfor ulike teknologiar. Nye teknologiar innan til dømes radio og satellitt kan opne for at større delar av folket får eit breibandstilbod på kommersielt grunnlag. Kommunikasjonssamband som alltid er oppkopla, skaper større sårbarheit. Trygging, dimensjonering, tilgjengelegheit og behov for tilleggskapasitet må planleggjast godt. Det er mellom anna planar om utbygging av ulike kommunikasjonsnett for ulike formål, blant anna for naudkommunikasjon.
Offentleg sektor har ei viktig rolle i utviklinga av tenester og innhald, både ved å tilby offentlege tenester og ved å skape gode rammevilkår for produksjon av innhald. På mange område forvaltar offentleg sektor grunndata som er viktige for dei private aktørane når dei utviklar tenester og innhald. Desse aktørane må også i framtida ha tilgang på offentlege grunndata, og statleg organisering må ikkje virke avgrensande for forretningsverksemda til private.
Verdien av lokale initiativ i form av kommunale og interkommunale prosjekt for breibandsutviklinga er truleg undervurdert. Kostnadene til breiband i ein kommune eller eit distrikt kan synast uoverkomeleg høge. Men førebels overslag frå enkeltprosjekt tyder på at kostnadene kan reduserast dersom fleire kommunar saman med fylkeskommunen og utbyggjarane i distriktet planlegg utbygging ut frå lokale føresetnader og med eit realistisk ambisjonsnivå.
Brukarkompetanse og spisskompetanse er viktige føresetnader for å realisere gevinstane ved breiband. Noreg har nokre av dei fremste miljøa i Europa på e-læring. Breiband skaper heilt nye moglegheiter for interaktiv e-læring, noko som i sterk grad kan medverke til at den vaksne befolkninga får utvikla IT-kompetansen sin.
Regjeringa sin strategi for breibandsutviklinga er å leggje til rette for verksam konkurranse i utbygging av kommunikasjonsnett og utvikling av tenester og innhald, stimulere offentleg etterspørsel etter breiband, leggje til rette for teneste- og innhaldsutvikling, kompetanseutvikling og spreiing av erfaringar, og vurdere tiltak i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging.
Eit sentralt tiltak for å styrkje konkurransen i telemarknaden er den nye lova om elektronisk kommunikasjon (ekom-lova), som avløyser den tidlegare telelova. Andre tiltak er å leggje til rette for betre utnytting av gjeldande og nye framføringsvegar for telenett, publisering av rapportar om pris- og konkurranseforhold i marknaden og å stille frekvensar for produksjon av radiobaserte kommunikasjonsnett til disposisjon for marknadsaktørar.
Offentleg sektor har hand om ein omfattande tenesteproduksjon og mange støttande aktivitetar som forvaltning av grunndata og informasjon overfor publikum. Regjeringa ønskjer at den samla tyngda i den offentlege etterspørselen skal utnyttast meir systematisk for å effektivisere offentleg forvaltning, blant anna gjennom bruksmåtar som krev breiband. Slike bruksmåtar forbetrar tenestekvalitet og gir rom for effektivisering og samarbeid. Helse- og skulesektoren er to av dei viktigaste sektorane. Regjeringa legg også opp til å forbetre vilkåra for privat utvikling av innhald og tenester som er baserte på grunnlagsmateriale som det offentlege eig.
Formålet med skattefritaket for heime-PC er å auke den generelle IT-kompetansen. Fritaket omfattar også breibandtilknyting.
Regjeringa vil styrkje rettleiingsinnsatsen gjennom ei opptrapping og betre samordning av rettleiingstenestene. Uninett si rettleiingsrolle skal vidareførast, og det blir vurdert å styrkje Post- og teletilsynet si rolle som rettleiar på nettsida. Regjeringa vil leggje til rette for at rettleiingsapparatet kan hjelpe til i prosessar som har til formål å samle lokal etterspørsel etter breiband.
Høykom-programmet, som er inne i sin andre treårsperiode med siste virkeår 2004, har hittil hatt stor utløysande effekt. Sidan etableringa i 1999 har programmet, med ei samla ramme på om lag 250 mill. kroner, støtta 400-500 prosjekt som har utløyst totale investeringar på bortimot 1 mrd. kroner. Programmet har god geografisk spreiing og gitt opphav til omfattande samarbeid i det offentlege og med private. Programmet skal evaluerast hausten 2003.
Frå og med 2002 er det etablert eit skuleprogram for utgreiing om framtidig behov og kravspesifikasjon for breiband i utdanningssektoren, stimuleringstiltak for infrastruktur og stimuleringstiltak for innhalds- og tenesteutvikling. Dette har vore ei etterspurd ordning hos skuleeigarane. Regjeringa vil foreslå å vidareføre Høykom-skoleordninga i 2004.
Marknaden for breiband er framleis i ein tidleg fase. Det er ei utfordring å løyse ut investeringar i dei tynt befolka delane av landet. I statsbudsjettet for 2004 vil det bli foreslått ei utviding, Høykom-distrikt, retta mot breibandsutviklinga i distrikta.
Tilgang til breiband er for mange bedrifter ein føresetnad dersom dei framleis skal vere konkurransedyktige. Det er venta at utbygging og bruk av breiband skal ha positive verknader, blant anna fordi det kan leggje til rette for å:
– Halde oppe konkurranseevna til norsk næringsliv gjennom auka effektivitet og verdiskaping, innovasjon og mangfald i heile landet, og utvikle dugleikar og kompetanse blant arbeidstakarar.
– Forbetre balansen mellom næringar og samfunn i distrikta og byane med ein breiare økonomisk aktivitet, og betre moglegheitene for variert arbeid i distrikta.
– Forbetre offentlege tenester gjennom auka effektivitet ved bruk av nye arbeidsmåtar, nye informasjonssystem, og betre fordeling av knappe ressursar over heile landet med fleksible løysingar for å tilfredsstille lokale behov.
Breiband gir høve til effektiv elektronisk forretningsdrift, og kan føre til innovasjon ved at nettet blir teke i bruk til nye eller endra aktivitetar. I tillegg får bedriftene ein internasjonal marknad dei kan konkurrere og utvikle seg i. Nye produkt og marknader blir skapte i stort tempo. Dette påverkar arbeidsoppgåver, organisasjon, yrke og samhandling mellom økonomiske aktørar og sektorar.
Undersøkingar tyder no på at dei økonomiske gevinstane ved IT-investeringar i offentleg og privat sektor er i ferd med å bli realiserte gjennom auka produktivitet og vekst. I prinsippet måler produktivitetsveksten kor mykje av produksjonsveksten som ikkje kjem av auka bruk av ressursar. Produktivitetsutviklinga kan såleis seiast å vere eit uttrykk for evna til å produsere varer og tenester meir effektivt eller "smartare" enn før. Over eit tidsrom er produktiviteten avgjerande for kor høg lønn det konkurranseutsette næringslivet kan tilby.
Breibandsaksess og breibandsinnhald og -tenester er komplementære gode. Det eine er verdilaust utan det andre; di fleire attraktive innhaldsleverandørar ein brukar kan nå, di større verdi har ei tilkopling for brukaren, og di fleire brukarar ein innhaldsleverandør kan nå, di større inntektspotensial får denne aktøren.
Innanfor somme sektorar vil bruk av breiband vere ein nødvendig føresetnad for utvikling av nye tenester. Det gjeld blant anna i helsesektoren, innanfor utdanningssektoren (e-læring), og innanfor samferdsel og teknisk sektor (GPS, interaktiv kartinformasjon, miljøinformasjon). Det er forventa at bruken av data- og multimedium med høg kapasitet kjem til å auke i framtida. Informasjonsteknologi og breiband gjer det vidare mogleg å forenkle kommunikasjon med kundar og leverandørar og gjer det lettare å automatisere prosessar. For offentleg sektor vil døgnopne sjølvbetente servicekontor, og tilrettelegging for regional næringsutvikling, vere viktige moment.
Auka bruk av IT i det offentlege, og den auka datatrafikken dette vil medføre, vil i seg sjølv verke drivande på breibandsutviklinga. Område der offentleg sektor har eller vil få behov for breibandskommunikasjon, omfattar:
– Interne datanett (intranett), som i dag er verksemdskritiske for stadig fleire offentlege verksemder.
– Interkommunalt samarbeid, der ein del kommunar har inngått samarbeid om til dømes innkjøp. Stadig fleire vurderer moglegheitene for sentralisering av felles administrative tenester.
– Deling av data innanfor det offentlege, som blant anna er nødvendig for å oppnå redusert innrapportering frå næringslivet og betre informasjon frå det offentlege.
– Sentralisert IT-drift , som er ei sentral problemstilling spesielt for skulane.
God planlegging, effektiv leiing og kunnskap om moglege gevinstar er viktige føresetnader for å kunne styre omstillingar i retning av gode resultat og ønskt realisering av gevinstar. Regjeringa vil innføre krav om berekning av totalkostnader ved offentlege tilbod, investeringar og større omleggingar. Totalkostnader er summen av kostnadene for den som yter tenesta, kostnadene eller innsparingane som følgjer for andre delar av offentleg sektor, og kostnadene som brukarane sjølv må påta seg ved å dra nytte av tilbodet. For mange offentlege tenester er totalkostnadene det mangedobbelte av kostnadene for den offentlege eininga sjølv.
For å oppnå større formåls- og kostnadseffektivitet ønskjer Regjeringa å desentralisere og delegere fullmakt og ansvar. Dei som ber investeringane, skal i aukande grad kunne dra nytte av økonomiske og andre gevinstar som blir oppnådde.
Breiband opnar for at offentleg sektor kan oppnå omfattande gevinstar i samband med effektivisering av driftsfunksjonar. Felles IT-drift er noko som står høgt på dagsorden når det skal argumenterast for breibandsinvesteringar. Nettbaserte tenester fordrar likevel endra organisering av tenestene i til dømes kommuneadministrasjonen. Dersom kommunen ikkje sluttar med å yte tenestene på tradisjonelt vis - eller reduserer kostnadene for desse tenestene, kjem kostnadene for det nye tilbodet i tillegg til dei kostnadene ein hadde frå før, og gevinstane blir ikkje realiserte. Virtuelle tenester på nettet skal ikkje berre innebere eit nytt alternativ for kommunen til å nå ut til publikum, dei skal også føre til ei meir effektiv tenesteyting. Erfaringar viser at dei meir offensive satsingane på dette området krev breiband mellom kommuneinstitusjonar. Ein del tenester vil også bli best dersom òg brukaren er tilknytt breiband.
Ei rask og påliteleg informasjonsutveksling er nødvendig for oppgåveutføringa i helsesektoren og kan i visse situasjonar vere av kritisk verdi. Fleire av tilboda må vere tilgjengelege døgnet rundt. Samtidig blir det forventa auka kvalitet på tenestene og høgare effektivitet. Ein konsekvens av dette er mellom anna at fleire av helseføretaka har byrja å samarbeide om etablering og drift av felles system, til dømes innanfor økonomi og for pasientjournalar. Behovet for tilstrekkeleg bandbreidd, til ein overkomeleg pris, er her avgjerande.
Sosial- og helsedirektoratet samarbeider med dei regionale helseføretaka om etablering av Nasjonalt helsenett. I den samanhengen blir det òg vurdert korleis kommunikasjonen med pleie- og omsorgstenesta i kommunal sektor skal gjennomførast. Her kan sektoren oppnå stor gevinst både når det gjeld kvalitet og effektivitet, men løysingane som blir kravde, blir svært kostbare på grunn av strenge krav knytte til tryggleik. Det at informasjonsressursane blir elektronisk tilgjengelege på tvers av institusjonane, inneber ikkje berre meir samhandling og læring på tvers av institusjonane og eit kvalitativt betre helsevesen, det utgjer også grunnlaget for fleksibilitet og val for den einskilde brukaren.
Nettet vil i aukande grad bli brukt til distribusjon av eigenproduserte arbeid og til kommunikasjon og samarbeid mellom lærarar og elevar på ulike skular, nasjonalt og internasjonalt. Teknologiske nyvinningar vil gjere det lettare å finne att, bruke om att og dele læringsobjekt som er utvikla av lærarar og elevar. Auka bruk av multimediale læringsressursar og -objekt vil stille større krav til bandbreidd. Informasjonsstraumen kjem til å gå i begge retningar og til tider samstundes. Undersøkinga "IT i skolen" viste at rundt 95 pst. av alle skulane no er tilkopla Internett, 99 pst. av ungdomsskular og vidaregåande skular og 93 pst. av barneskulane. Målet no er at flest mogleg av skulane sine PC-ar med Internett-tilknyting har overføringskapasitet til å nytte lyd og bilete. I eit perspektiv på fem år fram i tid er det stort sett snakk om kapasitetar langt utover vanleg forbrukarbreiband både inn til og ut av skulen.
Som eit ledd i arbeidet med Høykom-skole har ei arbeidsgruppe lagt fram rapporten "Skole for digital kompetanse - om framtidig behov for bredbånd i utdanningssektoren" der skulens framtidige behov for breiband blir vurdert. Hovudkonklusjonen er at alle skular har behov for breiband for å kunne gi barn og unge den kompetansen dei sjølv og samfunnet treng, og for å motverke digitale skilje og vere på høgd med utviklinga internasjonalt. Sett i eit tidsperspektiv på 5-6 år konkluderer arbeidsgruppa med at skular vil ha behov for bandbreidd frå omkring 10 til over 100 Mbit/s, avhengig av storleiken på skulen.
Breibandsteknologien føyer seg inn i den teknologiske utviklinga og gir nye høve til å kunne følgje med i og delta i samfunnet. Breiband aukar informasjonstilfanget og illustrerer bodskapane betre, gjennom lyd, bilete og tekst, eller kombinasjonar av dette. Men det kan berre utnyttast av dei som har tilgang til og som meistrar teknologien. Det kan utviklast eit digitalt skilje dersom vesentlege delar av folket ikkje blir nådd med god infrastruktur, eller delar av befolkninga av annan grunn ikkje klarer å utnytte teknologien. Det er viktig å gjere vår felles kulturarv tilgjengeleg for å bevare og vidareutvikle kulturarven, identiteten og språket vårt. Arbeidet med digitalisering og tilgjengeleggjering skjer i offentleg regi gjennom ei rekkje institusjonar. Tilfanget av tilgjengeleg, digitalisert kulturarvsinformasjon er allereie stort, og veks. I meldinga blir ein kort omtale gitt av dei viktigaste nasjonale tiltaka og prosjekta.
Breiband aukar moglegheitene for ulike former for deltaking i nettsamfunnet. Men ulemper kan oppstå for dei som ikkje vil eller evnar å bruke nye tenester. Ei rekkje sentrale tenester både i privat og offentleg sektor krev etter kvart at brukarane har nettkompetanse. Moglegheit til deltaking i samfunnsdebatten og tilgang på informasjon er avgjerande i demokratiet. Meistring av nettmedia blir i aukande grad ein viktig inngangsbillett til deltaking i samfunnsdebatten. I tillegg vil bruk av Internett gi betre tilgang til utanlandske nyheitskjelder slik at dei som beherskar IT, får eit betre informasjonstilfang og forståing omkring viktige samfunnsspørsmål enn dei som ikkje beherskar teknologien.
Dei sosiale konsekvensane av at store delar av befolkninga utfører meir og meir på nettet, er det vanskeleg å seie noko om i dag. Generelt kan ein seie at nettutviklinga fremjar mobilitet og fleksibilitet i arbeids- og samfunnsliv.
Auka nettilgang og raskare tenester kan òg innebere lettare tilgang på ulovleg og skadeleg innhald. Tryggleik handlar om tiltak mot ulovleg og skadeleg innhald, og skil seg såleis frå reint teknisk vern av informasjonssystem. Begge delar er nødvendig for å auke publikums tillit til mediet. Hovudstrategien vil difor vere knytt til arbeid med bevisstgjering og etablering av tipslinjer. Utvikling av tekniske verktøy for tryggleiksarbeidet bør ideelt sett drivast fram av marknaden. Slike løysingar har marknadspotensial, og utviklinga av slike produkt bør skje utan offentlege inngrep. Det offentlege har likevel eit ansvar for å gi informasjon om dei ulike løysingane og kontrollere at gode løysingar er tilgjengelege for publikum.
Noreg ligg om lag på gjennomsnittet av OECD-landa og noko etter dei andre nordiske landa når det gjeld breibandsdekning. Med "breibandsdekning" meiner ein dei delane av bedriftsmarknaden, offentlege institusjonar og privatmarknaden som har tilbod om breibandstilknyting. Det er fleire årsaker til at breibandsdekninga i Noreg er lågare enn i ein del andre land. Ei viktig årsak er at Noreg har ein lågare folketettleik og ein topografi som tilseier høgare utbyggingskostnader enn i dei fleste andre land. Dessutan har Noreg stor utbreiing av ISDN. Dette har opna for betre tenester, men kan samtidig ha ført til å seinke utbreiinga av raskare former for tilknyting.
Fellestrekk for breibandsutbygginga både i dei nordiske landa og i OECD-landa er at utviklinga i breibandsmarknaden har gått seinare enn ein trudde rundt år 2000, då forventningane om utbygging var veldig høge, og at det er eit gap mellom talet som har moglegheit til å kople seg til breiband, og dei som faktisk er tilknytte.
For landet totalt sett er det grunn til å rekne med ein omfattande auke i breibandstilbodet i åra som kjem. Econ sitt siste overslag (juni 2003) vurderer no at 85-90 pst. av Noreg sin befolkning vil få eit marknadsbasert breibandstilbod innan utgangen av 2005. Slik det ser ut i dag, vil etterspørselen etter breibandstenester i nokre grisgrendte strøk truleg vere for låg til at utbygginga i desse områda kan skje i ønskt tempo.
I august 2003 var tilnærma 16 pst. av husstandane og 15 pst. av bedriftene tilknytte breibandsnett. Ved årsskiftet 2002/2003 hadde vi om lag 215 000 breibandsbrukarar i Noreg, mens talet er forventa å stige til nesten 400 000 ved årsskiftet 2003/2004. Det er difor etter departementet si meining ikkje grunnlag for å seie at breibandsopptaket i Noreg går sakte.
Hovudresultata frå oppdateringa av breibandstatus i dei kommunale institusjonane per mai 2003 viser at om lag 69 pst. av kommunane sine hovudlokalitetar, rådhusa, har breibandstilknyting. Om lag 62 pst. av biblioteka har i dag breibandstilknyting, om lag 53 pst. av grunnskulane har breibandstilknyting, og per september 2002 har 92 pst. av dei vidaregåande skulane breibandstilknyting.
I aksessnetta er det over 65 pst. av husstandar og bedrifter og om lag 55 pst. av kommunale institusjonar som i dag har eit tilbod om breiband til konkurransedyktig pris. Dei fire storbyregionane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger har markant høgare breibandsdekning enn resten av landet.
Frå 1. januar 1998 blei det opna for full konkurranse i alle delar av den norske telemarknaden. Mange nye og sterke aktørar har som følgje av dette etablert seg i marknaden. Post- og teletilsynet registrerte per 22. april 2003 totalt 84 tilbydarar av offentleg telenett (44), offentleg telefonteneste (48) eller overføringskapasitet (45).
Dei fleste aktørane er reine tenestetilbydarar som vidareformidlar og vidaresel tenester. Desse aktørane er avhengige av å kjøpe nettkapasitet for å kunne tilby tenestene sine. Plikta til å gi tilgang til gjeldande nettressursar har vore ein føresetnad for at nye tilbydarar har kunna etablere seg i marknaden og tilby tenester i konkurranse med Telenor. Konkurrerande tilbydarar har per i dag tilgang til infrastruktur via tilgang til det faste aksessnettet, samtrafikk, spesiell nettilknyting, mobilkommunikasjonsnett og overføringskapasitet.
Bustadselskap, verksemder, offentlege institusjonar osv. kan elles sjølv etablere såkalla private nett/interne nett for overføring av analoge og digitale tenester. Til dømes finst det meir enn 8 500 registrerte lokale kabel-TV-nett i alle delar av landet, som dekkjer om lag 850 000 husstandar. Lokale nett er ein viktig ressurs i breibandsutbygginga. Tiltak for å knyte saman forskjellige lokale nett kan både redusere utbyggingskostnadene, auke framdrifta i utbygginga av breibandsnett, og samtidig gi fleire sjansen til å gjere bruk av elektronisk innhald og tenester. Reguleringa av telesektoren legg til rette for at desse netta kan samankoplast og samkøyrast.
Noreg har i dag ein infrastruktur som omfattar fleire former for nett som eignar seg for overføring av breibandstenester. Eksempel på leidningsbundne nett er det faste jordbundne telenettet, kabel-TV-nett, optisk fiberkabel og elektrisitetsnett. Eksempel på nett via radiokommunikasjon er mobiltelefonnett eller andre trådlause radioaksessar, satellittar og bakkebaserte nett for analog og digital TV og radio.
Tradisjonelt har det vore vanleg å skilje mellom telekommunikasjons- (inkl. datakommunikasjon) og kringkastingsnett . Mens telenetta tradisjonelt har vore prega av interaktivitet (både til og frå brukar) og låg bandbreidd, har kringkastingsnetta vore prega av høg bandbreidd og liten interaktivitet. Det skjer no ei rekkje endringar i eigenskapane til netta. Endringane går i retning av at eitt og same nett kan overføre alle typar digitale tenester og innhaldsprodukt, og at infrastrukturane kan overføre informasjon både til og frå brukar. Samla sett skjer det ei utbygging som gir auka nettkapasitet og lågare kostnader per eining. Dette har over tid gitt lågare og stadig fallande prisar for overføring av signal, spesielt for dei største kapasitetane og lengste avstandane. Samtidig aukar bruken av breiband behovet for nettkapasitet.
Transportnetta for telekommunikasjon består for det meste av fiberoptiske kablar, men også av høgkapasitets radiolinjer og satellittsamband. Det er i dag hovudsakleg to aktørar som tilbyr overføringskapasitet for signaltransport over større avstandar, - Telenor og BaneTele. Transportnetta til desse aktørane er digitale og har allereie særs stor overføringskapasitet. Telenor er framleis den einaste nettoperatøren som dekkjer heile landet.
I transportnetta ligg det til rette for at infrastruktur til ulike formål kan brukast om kvarandre. Situasjonen er annleis i aksessnetta. Delar av aksessnetta er framleis baserte på analog teknologi og har avgrensa kapasitet sett i forhold til transportnetta. Ny teknologi gjer det både mogleg og lønsamt å vidareutvikle aksessnetta slik at kapasiteten i desse netta kan aukast.
xDSL er ei samlenemning for ulike standardar (DSL) av breibandsoverføring på lokale telefonlinjer (koparkabel) til abonnentane. Tilbod i marknaden er i hovudsak ADSL, som har høgare kapasitet til brukar (såkalla nedstraums) enn frå brukar (såkalla oppstraums). xDSL-løysingar krev i liten grad graving og har låge oppgraderingskostnader. xDSL har i løpet av den siste tida blitt den mest brukte aksessmetoden for breiband i Noreg, og blir tilbode til om lag 60-65 pst. av forbrukarmarknaden.
Kabel-TV-nett er viktige overføringsmedium for TV og radio og nyttar i dag fiber i transportnettet og koaksialkabel i aksessnettet. Det er per 1. halvår 2003 registrert 850 000 kabel-TV-tilknytingar i Noreg. Det er behov for omfattande investeringar for å innføre interaktivitet og digitalisering i alle kabel-TV-nett. Digitalt bakkenett (DTT) er ei vidareutvikling av det gjeldande landsdekkjande nettet for kringkasting av TV og radio. Bakkenetta er framleis eit einvegs kommunikasjonssystem basert på analog teknologi.
Post- og teletilsynet har uttalt at ei avvikling av analoge sendingar vil gjere det mogleg å planleggje på nytt store delar av frekvensressursane som er avsette til kringkasting, og leggje til rette for auka samfunnsmessig nytte. Frekvensane som blir frigjorde, ligg lågt i frekvensspekteret og blir rekna som svært fleksible og attraktive. Dette betyr at signala er særs robuste i forhold til topografiske og bygningsmessige hindringar. Regjeringa la 27. juni 2003 fram ei melding for Stortinget om prinsippa for etablering av eit digitalt bakkenett for fjernsyn, jf. St.meld. nr. 44 (2002-2003).
Det er tildelt konsesjonar for etablering og drift av tre ulike offentlege mobilsystem i Noreg. Sist tildelt er konsesjonar for etablering og drift av tredje generasjons mobilsystem (3G). Selskapa som er tildelt konsesjon har valt å nytte den europeiske 3G-standarden UMTS. Netta er under utrulling, men dei er førebels ikkje opna for kommersiell trafikk.
Radioaksess nyttar frekvensar for trådlaus overføring av signal punkt-til-multipunkt mellom abonnentane sine brukarterminalar og tilbydarane sine basestasjonar. Fordelen med eit radiobasert aksessnett er at utbygging kan skje raskt og til relativt låge investeringskostnader. Radioløysingar blir difor i aukande grad valde som aksessmetode i utkantstrøk.
Trådlause lokalnett (WLAN) har blitt populære i seinare år, særleg ved bruk av berbare datamaskiner. Slike kommunikasjonsløysingar blir stadig meir vanlege i bedrifter, offentlege rom, institusjonar etc. og blir gjerne knytte opp mot dei offentlege netta slik at ein har aksess til Internett. Systema kan nyttast over korte avstandar både innandørs og utandørs. Ein trur at WLAN vil bli ei stadig meir utbreidd form for breibandsaksess, der mellom anna trådlause lokalnett vil inngå saman med faste breibandstilknytingar i offentlege nett. Det blir òg utvikla løysingar for saumlause overgangar mellom WLAN og andre breibandsteknologiar.
Satellitt representerer ein viktig infrastruktur for mellom anna kringkasting, bedriftskommunikasjon og maritim kommunikasjon. Eit einvegs satellittbasert kringkastingsnett som overfører signal til kabelnetta og private husstandar med satellittmottakar, når i dag om lag 60-70 pst. av den norske befolkninga. Breiband via satellitt kan vere ei løysing i område med spreidd busetjing.
Elektrisitetsnett kan oppgraderast til også å overføre digitale signal. Det er utvikla ulike teknologiar som gjer det mogleg å kople sluttbrukarar direkte til e-verka sine nett, med overføringskapasitetar på opptil 2 Mbit/s. Førebels har støy og stråling vore ei utfordring.
Med den utvikling vi ser i dei underliggjande breibandsteknologiane er det viktig at politikken til myndigheitene er teknologinøytral. Val av teknologi må overlatas til marknaden. Det må leggjast til rette for at mange nye moglegheiter kan takast i bruk, og at teknologiske, marknadsmessige og kommersielle variantar må få høve til å bli prøvde ut. Ei rask teknologisk utvikling kan føre til at utbreiinga av breibandstilbod og tilknytingsdelar for ulike løysingar blir betre enn det ein trur per i dag.
I perioden etter 1998 har det vore ei utvikling mot fleire aktørar og auka konkurranse i telemarknaden. Telenor har likevel framleis ei sterk stilling på dei tradisjonelle områda av telemarknaden i Noreg, medrekna offentleg telefonteneste, overføringskapasitet og annan tilgang til offentleg telenett. Telenor sin posisjon i dei fleste marknadssegmenta er fallande. Telenor hadde i 2002 ein marknadsdel på 71 pst. av sluttbrukaromsetninga i den norske telemarknaden.
Sjølv om konkurransenivået i sektoren kan bli betre, må ein i ei heilskapsvurdering av marknadsutviklinga også ta omsyn til marknadsresultatet. Omtalane i meldinga under viser at Noreg har eit betre tenestetilbod og lågare prisar enn mange land. Når det gjeld prisar for aksess til Internett, kjem Noreg ikkje så godt ut på OECD-statistikken. Bakgrunnen for dette er at ein stor del av aksess til Internett blir gjort oppringt, noko som inneber at ein av dei vesentlegaste kostnadskomponentane er kostnaden for lokalsamtalar.
I dag varierer prisane for leigde samband med avstand og kapasitet. Landet er klassifisert i prissoner med lågast pris for transportkapasitet mellom sonene med størst trafikkgrunnlag. Regjeringa ser det som vesentleg at ikkje prisane for tilgang skal gi omfattande kostnadsulemper for breibandsbruk i distrikta, og vil jamleg vurdere om det er behov for tiltak på dette området.
Det er sett i verk ei rekkje tiltak som har som målsetjing å verne samfunnsviktig IT under planlegging og gjennomføring. St.meld. nr. 17 (2001-2002) "Samfunnssikkerhet - veien til et mindre sårbart samfunn" omtaler ei rekkje overordna tiltak. Basert på arbeidet i BAS 2 blir det skissert i St.meld. nr. 47 (2000-2001) "Telesikkerhet og -beredskap i et telemarked med fri konkurranse" ein strategi for telesikkerheit og -vernebuing retta mot telenetta og IT-baserte produksjonssystem. Post- og teletilsynet har fått eit særskilt myndigheitsansvar for å setje i gang tiltaka som strategien skisserer.
Det er i tråd med reguleringa av ein liberalisert marknad for elektronisk kommunikasjonsnett at utbygging av nett skjer i regi av marknaden. Staten kan stå ansvarleg for nettutbygging der det er snakk om spesielle behov. Vidare kan det vere behov for statleg finansiering i distrikt som eventuelt fell utanfor område som får tilbod på kommersielle vilkår.
Samordning mellom private nett må skje på frivillig basis, og baserast på lønnsemdsvurderingar. Sjølv om slik samordning skjer i stor grad, og med reduserte kostnader som resultat, kan det vere gevinstar som ikkje er tekne ut her. Regjeringa vil klargjere kva aktørar som har ansvaret for å realisere eventuelle samordningsgevinstar: Staten si oppgåve er i hovudsak å sørgje for ei teleregulering som gir effektiv ressursutnytting.
Stadig fleire tenester i samfunn og næringsliv blir utførte elektronisk. Mange av desse krev ikkje breiband, men volumet av desse tenestene og omfanget av meir kapasitetskrevjande tenester er jamt aukande. Breiband er difor ein føresetnad for å kunne bruke tenester på ein effektiv måte og med tilfredsstillande kvalitet. Det er to drivkrefter som i hovudsak påverkar behovet for kapasitet i netta. Den fyrste dreiar seg om formidling av innhald, som i seg sjølv er kapasitetskrevjande. Det gjeld blant anna lyd- og biletoverføring av høg kvalitet. Den andre handlar om samtidig bruk av ulike tenester med varierande kapasitetsbehov - tenester som kvar for seg ikkje nødvendigvis fordrar breiband. Dette gjeld så vel for verksemder som for privatpersonar. Utviklinga går mot at så å seie alle typar tenester i utgangspunktet kan bli tilbodne gjennom alle formidlingskanalar, og at tenestene blir interaktive.
Ei årsak til manglande inntening er at det framleis i liten grad er utvikla forretningsmodellar som sørgjer for at inntektene frå etterspørselen etter innhaldstenester kjem innhaldsleverandørane til gode. Her er det marknaden sjølv som må utvikle formålstenlege forretningsmodellar.
Regjeringa vil arbeide for at den norske innhaldsnæringa får dei same rammevilkår som andre typar forretningsdrift, slik at næringsaktørane verken blir diskriminerte eller får spesielle privilegium. Målsetjinga er ein levedyktig norsk innhaldsindustri. Det blir no gjennomført ei utgreiing for å kartleggje eventuelle konkurransevridingar mellom tradisjonell og elektronisk innhaldsindustri. Utgreiinga vil til dømes ta opp verknadene av tilrådingane i innstillinga Skatteutvalet la fram i februar 2003.
Nok ei utfordring gjeld sikre betalingsløysingar. Utan eit velfungerande regime for fordeling av innhaldsinntekter må kvar aktør i verdikjeda prøve å setje opp si eiga betalingsløysing. Gode rammevilkår for sikkerheit og tryggleik på nettet er naudsynt. Staten har eit ansvar for at lov- og regelverk er tilpassa den elektroniske kvardagen og blir àjourført i tråd med utfordringar som viser seg, mens utvikling av tekniske verktøy for tryggleiksarbeidet bør drivast fram av mark-naden.
Regjeringa vil sikre private aktørar god og framsynt tilgang på data som det offentlege eig. Slik tilgang gir høve for auka verdiskaping. Det offentlege har eit særskilt ansvar som eigar og produsent av grunndata. På den eine sida har ein dei offentlege utgiftene med å digitalisere og halde ved like data og utvikle system for å gjere dei tilgjengelege. På den andre sida er offentlege grunndata råvare for verdiaukande tenester og bedrifts- og næringsutvikling i slik samanheng. Den samfunnsøkonomiske gevinsten av auka utnytting av desse data kan kome i konflikt med innteningskrava til dei offentlege institusjonane. Det er problematisk når statlege dataeigarar går inn i marknadene for verdiaukande tenester og får omfattande marknadsmakt.
Utviklinga av offentlege tenester skjer i eit samspel mellom offentlege myndigheiter og utviklarmiljø. Fleire bedrifter har som hovudnæring å produsere IT-tenester for offentleg sektor. Regjeringa vil styrkje det offentlege si rolle som ein krevjande kunde, blant anna gjennom styrking av bestillarkompetansen i offentleg sektor.
Kompetanse innanfor IT, kommunikasjon, leiing og organisasjonsutvikling som spesifikt handlar om å utvikle, implementere, drifte og hente ut gevinstar av tenester og innhald er nødvendig for bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologiane generelt, ikkje berre for teknologi og bruksmåtar som er knytte til breiband. Det auka tilbodet av informasjon og tenester som følgjer av breibandskapasitet, forsterkar likevel behovet. Det synest her å vere ein samanheng mellom kompetanse og bruk av ny teknologi: Ny teknologi aukar kompetansen, men krev også høgare kompetanse for å bli teken i bruk.
Det føregår ein fagdebatt om i kva grad IT skal reknast som "ein fjerde basiskunnskap" eller ein "fjerde kulturteknikk" i dagens samfunn, på linje med lesing, skriving og rekning. Søgnen-utvalet har fleire tilrådingar i si innstilling. Mellom anna gjer utvalet framlegg om at digital kompetanse, som ein del av basiskompetansen, må konkretiserast og byggjast inn i læreplanane, høg standard på utstyr og programvare for bruk av IT i undervisninga må vere ein føresetnad i nye læreplanar; og det må stimulerast til auka innsats for å ta i bruk IT i eksamen og nasjonale prøver og i utvikling av elektroniske elevmapper. Dette føreset ein modell for systematisk og kontinuerleg etterutdanning av lærarar, kontinuerleg satsing på forsking og skuleutvikling, utvikling av digitale læringsressursar, og ikkje minst ei omfattande utbygging av ein stabil og driftssikker infrastruktur basert på breiband.
IT-utdanningane står sterkt i Noreg. Tal frå USA, Storbritannia og Danmark indikerer likevel liten samanheng mellom formell IT-utdanning og arbeid i IT-næringane. Det er grunn til å tru at det same gjeld for Noreg. Undersøkingar frå OECD viser at den viktigaste mangelen på IT-kompetanse i norsk næringsliv i dag er knytt til låg kompetanse om elektronisk forretningsdrift og liten grad av rein teknologisk kompetanse i føretaka.
Organisatorisk tilpassing er nødvendig for at gevinstar skal kunne bli realiserte. Opptil 90 pst. av ressursinnsatsen som følgjer ei vellukka IT-implementering, kan liggje i kompetanse- og organisasjonsutvikling. Tillit og kunnskap blant dei tilsette og god leiing blir framheva som kritiske faktorar for ei omorganisering basert på høgkapasitetsnett. OECD viser til at investeringar i IT ikkje er noka universalløysing. Bedrifter som haustar dei største gevinstane, er dei som allereie gjer det bra, eller som allereie er prega av innovasjon. Det tek også tid før gevinstane ved bruk av IT trer fram.
Utbygginga og utnyttinga av breiband i norske kommunar møter fleire utfordringar. Det krevjast kompetanse innan fagområdet og økonomiske ressursar. Når det gjeld erfaringsspreiing frå breibandsprosjekt, er det gjennom Høykom-programmet etablert ein erfaringsbase når det gjeld kompetansebehov i offentlege verksemder, særleg i kommunane. I tillegg bør det etablerast kompetansenettverk og utviklingsverkstader nasjonalt og regionalt der kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar kan utveksle erfaringar og kunnskap.
Den politiske merksemda rundt informasjonsteknologi har auka kraftig det siste tiåret. Dei fleste OECD-land legg vekt på verdien av ein godt utbygd breibandsinfrastruktur som ei viktig kjelde til økonomisk vekst og sosial utjamning. Mange land har som ein konsekvens utvikla handlingsplanar og strategidokument for å fremje utbreiinga og bruken av breiband og breibandstenester. Noreg har i likskap med dei fleste andre OECD-land valt ein marknadsbasert strategi for breibandsutbygginga. Ei slik tilnærming er i tråd med OECD sine tilrådingar. Sverige, Canada og Sør-Korea representerer unntaka, i det staten i desse landa i større grad har gripe inn i marknadsutviklinga. Breibandspolitikk og status i desse tre landa er spesielt omtala i meldinga. Noreg ligg om lag på gjennomsnittet av EU- og OECD-landa når det gjeld utbreiing av og tilknyting til breiband.
Kommisjonen sin breibandspolitikk er skildra i handlingsplanen eEurope 2005, som er eit ledd i Lisboa-strategien. Kommisjonen vil ved utgangen av 2003 utarbeide eit dokument som skildrar dei nasjonale breibandsstrategiane i alle medlemslanda. Tempoet i utrullinga av breiband i medlemslanda vil bli målt som ein del av referansetestinga av eEurope. Den fyrste referansetestrapporten ut frå eEurope 2005 vil bli publisert våren 2004.
EUs forskingsprogram for informasjonssamfunnsteknologiane (IST) er det største tematiske programmet under EU sitt sjette rammeprogram. IST-programmet sitt arbeidsprogram for 2003-2004 har førebels sett av 60 mill. euro til breibandsprogrammet "Broadband for all". Formålet er å utvikle nettverksteknologiar og -arkitekturar som legg til rette for allmenn breibandstilgang til alle europeiske brukarar.
Breibandsutbygginga i dei nordiske landa har kome langt, men det er store individuelle forskjellar i tempoet i utbygginga. Kundeveksten for breiband har til no gått vesentleg langsamare enn utbygginga. Gjennomsnittleg prosentdel av tilknytingar målt i forhold til talet på hushaldningar var for dei nordiske landa er 20 pst. Norsk Telecom AS har innhenta prisar frå dei fleste breibandsaktørar i den nordiske marknaden. Meldinga gir ein oversikt over prisar summerte for høvesvis privat- og bedriftssegmentet.
Regjeringa har som visjon for breibandsutviklinga at den elektroniske infrastrukturen skal dekkje alle delar av landet, gi konkurransefordel for norsk næringsliv, gi veksthøve for kunnskapsbaserte næringar og medverke til modernisering av offentleg sektor. Private og offentlege verksemder må ha god tilgang til elektronisk infrastruktur og kunne utnytte dei moglegheitene som breiband gir. Innhald og tenester må utviklast i takt med marknadsutviklinga, og organisasjonar og enkeltbrukarar må ha kompetanse for å kunne ta ut gevinstane.
Regjeringa sine mål er:
– Det skal vere gode marknadstilbod om breiband i alle delar av landet.
– Det skal vere god tilgang på mangfaldig elektronisk kvalitetsinnhald tilrettelagt for norske forhold.
– Verksemder skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å ta i bruk og realisere gevinstar ved breiband.
Dei konkrete måla i eNorge 2005 ligg fast: I løpet av 2005 skal alle grunnskular, folkebibliotek og kommuneadministrasjonar ha tilbod om breibandstilknyting til konkurransedyktige prisar. Innan utgangen av 2003 skal alle vidaregåande skular ha slikt tilbod. I eNorge 2005 var det i tillegg eit mål om at alle helseføretak skulle ha tilknyting til breiband i løpet av 2002. Dette målet er no nådd.
Ei marknadsbasert utvikling aleine vil likevel ikkje sørgje for eit fullgodt breibandstilbod over heile landet. Regjeringa vil difor:
– Leggje til rette for verksam konkurranse i utbygging av kommunikasjonsnett og utvikling av tenester og innhald.
– Stimulere offentleg etterspørsel og leggje til rette for teneste- og innhaldsutvikling, og dessutan medverke til kompetanseutvikling og erfaringsspreiing.
– Vurdere tiltak i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging.
Verkemiddel innanfor kvart av desse områda er nærmare skildra i meldinga.
Det er mange aktørar og ulike teknologiar for breiband. Det er difor behov for å planleggje den samla infrastrukturen i kommunane. Kommunane må her ta høgd for vernebuingsbehova. Det same gjeld den regionale samordna utviklinga i regi av fylkeskommunen. Det vil vere ei utfordring at framføringsvegar for telenett blir utnytta betre, samtidig som det blir sørgt for tilstrekkeleg sikkerheit og toleevne rundt dei samfunnskritiske delane. Det bør gjennomførast risiko- og sårbarheitsvurderingar i tilknyting til breibandsinfrastrukturen i kvar einskild kommune.
Marknadsaktørane speler hovudrolla i utbygging av infrastrukturen og i å tilby produkt og tenester. Aktørane har fyrst og fremst vore dei nasjonale teleoperatørane. I seinare tid har ei rekkje lokale og regionale aktørar engasjert seg i breibandsutbygginga. Gjennom samarbeid mellom lokalt næringsliv, kommunar og fylkeskommunar har ein sett mange eksempel på effektiv planlegging og utbygging av breiband.
Det er ikkje laga fullstendige oversikter som viser kva kommunar som er i gang med ei eiga satsing på breiband, og kven som ikkje har starta. Hausten 2002 var det likevel om lag 250 kommunar der det ikkje var etablert eit tilbod om dekning av breiband, eller dekninga var under 20 pst. av befolkninga. Samtidig er det totalt sett om lag 190 kommunar som har søkt og vore i kontakt med tilskotsordninga Høykom, mens 246 kommunar aldri har søkt (om lag 57 pst. av kommunane). Høykom-programmet sine erfaringar er at dei mest vellukka satsingane er dei der fleire kommunar har gått saman om å satse på breibandsutbygging og breibandsbaserte tenester. Eit samarbeid mellom fleire kommunar, kraftselskap og kanskje private, lokale aktørar kan ha større kundemakt, betre bestillarkompetanse og betre gjennomføringsevne enn ein enkelt kommune.
Regjeringa ønskjer gjennom telepolitikken å etablere ordinære marknader, som i framtida skal kunne klare seg på eiga hand utan omfattande statleg særregulering. Den nye ekom-lova gir myndigheitene verkemiddel for å kunne styrkje konkurransen i marknaden. Lova vidarefører ei sektorspesifikk regulering, men det blir lagt opp til ein gradvis overgang til å regulere sektoren med utgangspunkt i generell konkurranserett.
Sektorspesifikke plikter skal berre påleggjast på område av marknaden der det ikkje er oppnådd tilstrekkeleg konkurranse. EU-kommisjonen har laga ei tilråding om kva produktmarknader som kan vere gjenstand for særlege forpliktingar. Før sektorspesifikke tiltak kan bli iverksette, skal det lagast marknadsanalysar. EU-kommisjonen har også laga retningslinjer om korleis marknadsanalysane skal gjennomførast. Særskilde forpliktingar kan berre påleggjast tilbydarar som blir vurderte å ha sterk marknadsstilling. Konkurransen skal styrkjast ved publisering av rapportar om pris- og konkurranseforhold i marknaden.
Post- og teletilsynet vil vurdere om prisforskjellane mellom ulike delar av landet på leigde samband er basert på faktiske forskjellar i kostnadene. Regjeringa vil vidare gjennom frekvensforvaltinga leggje til rette for enkel etablering av trådlause breibandsnett. Kommunane har eit planleggingsansvar for infrastruktur, som også omfattar breiband. Regjeringa vil i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund vurdere å utarbeide retningslinjer for lokal planlegging og koordinering av infrastruktur for breiband. Det skal også utarbeidast konkret rettleiingsmateriale til kommunane om framføringsvegar, medrekna kva for ei rolle kommunane bør ha, og korleis utbygginga kan skje.
Nasjonalt helsenett skal vidareutviklast, og meldingar og kodeverk i helse- og sosialsektoren skal oppdaterast. For å forenkle og automatisere meldingsutvekslinga må journalleverandørar og andre leverandørar tilpasse systema sine til meir standardiserte løysingar.
Regjeringa vil leggje til rette for standardisering og bruk av digitale læringsressursar og etablere eit nasjonalt læringsnett. Oppgraderinga av Uninett skal halde fram. Ordninga med rentekompensasjon for lån til opprusting av skulebygg er utvida, og kan også omfatte kostnader for breibandstilknyting for skulane.
Regjeringa vil sikre innhaldsprodusentar tilgang til offentlege grunndata. Regjeringa tek sikte på å etablere klare retningslinjer på feltet i 2004, også for konkurransemyndigheitene si rolle, og vil gjennomføre eventuelle påkravde endringar i finansieringa av innteningsgrunnlaget for dei statlege verksemdene innan 2007.
Det skal gjennomførast ei utgreiing om rammevilkåra for produsentar av elektronisk innhald. Utgreiinga skal gi ei oversikt over rammevilkår som verkar vridande på konkurransen i forholdet mellom tradisjonelle innhaldskanalar og elektronisk innhald.
Regjeringa vil vidareføre pilotprosjekt for å gi framdrift i særleg samfunnsnyttig produksjon av elektronisk innhald.
Ordninga med skattefritak for datautstyret til arbeidsgivaren i heimen vil bli vidareført, og omfattar også utgifter til breiband.
Det er eit mål for Regjeringa at heile landet skal ha eit tilbod om breiband. Analysar frå Teleplan viser at meirkostnaden er høg ved å oppgradere dei resterande offentlege institusjonane som er omfatta av eNorge-måla, og som ikkje vil få eit marknadsbasert tilbod. Dei "dyraste" 10 pst. av befolkninga bur i kommunar som representerer om lag 250 mill. kroner i meirkostnader. Dette utgjer 50 pst. av totale meirkostnader, som er på litt over 500 mill. kroner. I desse kommunane vil så å seie alle institusjonar trenge særskilde tiltak.
Kunnskapsnivået om breiband og bruksmåtar er svært ulikt i norske kommunar. Offentleg initierte rettleiingstiltak vil spele ei viktig rolle når det gjeld å formidle kunnskap og erfaringar på tvers av offentleg sektor. Det er eit mål at rettleiingsaktivitetane i størst mogleg grad skal vere sjølvfinansierte. Regjeringa ser difor eit behov for ei moderat opptrapping av rettleiingsinnsatsen i perioden fram til 2005. Grunnlaget for og innretninga av ei slik opptrapping vil bli vurdert nærmare i løpet av 2003, og sett i samanheng med Høykom.
Ved utløpet av programperioden i 2004 kjem Høykom-programma til å ha støtta tilnærma 400-500 prosjekt. Av desse er om lag 100 innanfor delprogrammet Høykom-skole. Då er det gitt tilskot på om lag 250 mill. kroner til ein prosjektportefølje med ei samla prosjektramme på bortimot 1 mrd. kroner. Nærings- og handelsdepartementet sitt Høykom-program skal evaluerast i 2003. Evalueringa vil mellom anna peike på eventuelle målsetjingar som ikkje er nådde, og gi råd om vidare oppfølging. Det blir særleg lagt vekt på samarbeidsløysingar mellom statlege etatar, fylkeskommunar, kommunar og bedrifter. Vidare blir det lagt vekt på planar for iverksetting av bruksmåtar for breiband, der kostnader og gevinstar blir adresserte.
Høykom-programmet har, med unnatak av ei særskild løyving på 7,5 mill. kroner til Finnmark i 2002, ikkje hatt midlar som er særskilt øyremerkte for distrikta. Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2004 foreslå eit nytt delprogram, Høykom-distrikt. Høykom-distrikt bør truleg innrettast slik at midlane støttar prosjekt som omfattar fleire kommunar, og det er aktuelt å stille krav om regional planlegging av breibandsutbygging. Det kan vere naturleg å knyte Høykom-distrikt til utvalte soner i det distriktspolitiske virkeområdet.
Dei økonomiske gevinstane av investeringar i breiband følgjer i hovudsak av dei nyttevirkningar som er drøfta i kapittel 2 i meldinga.
Fleire av forslaga som er omtalte i meldinga, er allereie vedtekne, og kostnadene vil i hovudsak innebere omdisponeringar innanfor rammene i dei ulike departementa. Forslaget om eit nytt delprogram - Høykom-distrikt - inneber behov for auka løyvingar over statsbudsjettet. Delprogrammet Høykom-skole er knytt til Høykom-programmet, men blir finansiert over rammene til Utdannings- og forskingsdepartementet.
Forslaga til konkurransestimulerande tiltak er det i hovudsak Post- og teletilsynet som tek seg av, som ledd i den faste oppgåveløysinga.
Forslag til tiltak for å stimulere offentleg etterspørsel vil bli støtta av det eksisterande Høykom-programmet og eit nettverk av eksisterande rettleiingsorgan. For eksisterande rettleiingsverksemder vil aktiviteten vere inntektsfinansiert, men med stønad frå Høykom. Høykom-ordninga har allereie eit innarbeidd programsekretariat og innkøyrde styringsfunksjonar i regi av Noregs forskingsråd, og kan handtere utvida rammer og vidare drift med liten ekstra innsats. Dei samla administrative konsekvensane av dei føreslåtte tiltaka blir såleis minimale.