Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 115/2003 av 26. september 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktivet om forsikringsmekling
Dette dokument
- Innst. S. nr. 112 (2003-2004)
- Kildedok: St.prp. nr. 35 (2003-2004)
- Dato: 03.02.2004
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
EØS-komiteen vedtok 26. september 2003 å endre vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala til òg å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/92/EF av 9. desember 2002 om forsikringsmekling. Føremålet med direktivet er å opne for at alle forsikringsmeklarar skal kunne drive grensekryssande verksemd eller etablere filial innan EU-området, og dessutan å fastsetje krav til meklarverksemda.
Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/92/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som vedlegg til proposisjonen.
Etter direktivet tyder "forsikringsmekling" verksemd som inneber å leggje fram, gjere framlegg om eller utføre anna førebuande arbeid i samband med inngåing av forsikringsavtaler, eller å inngå slike avtaler, eller å medverke til forvaltinga og gjennomføringa av slike avtaler, særleg i samband med eit skadetilfelle. Ved dette blir verkeområdet til direktivet svært utvida i høve til gjeldande direktiv og rekommandasjon, og vil no dekkje fleire typar mellommannsverksemd enn forsikringsmekling i ei snever tyding, mellom anna agentar, underagentar, multiagentar, forsikringsrådgjevarar og andre distribusjonskanalar for forsikring. Direktivet vil mellom anna omfatte bankar som sel forsikring, og bilforhandlarar og reisebyrå som sel forsikring som dekkjer ansvarsrisiko. Direktivet omfattar òg mekling av reassuranse (gjenforsikring). Omgrepet forsikringsmekling blir i det følgjande nytta til å dekkje alle dei ulike typane mellommannsverksemd som er omfatta av verkeområdet til direktivet.
Direktivet opnar for at alle forsikringsmeklarar skal kunne drive grensekryssande verksemd eller etablere filial innanfor EU-området på grunnlag av prinsippet om ymsesidig godkjenning av heimlandstilsyn ("European Passport"). Med eit slikt "pass" er det tilstrekkeleg med melding til ei tilsynsstyresmakt eller eit godkjent organ om grensekryssande verksemd eller etablering av filial.
Alle juridiske personar som driv slik verksemd som fell inn under verkeområdet til direktivet, skal registrerast. Direktivet opnar for at forsikringsselskapa kan registrere personar som formidlar forsikringar på vegner av eitt eller fleire forsikringsselskap, og som handlar på desse sitt ansvar. Det vil vere mogleg å skipe fleire register, men i så fall må det skipast ein felles kontaktstad.
Direktivet set som vilkår at det òg skal førast tilsyn med registrerte forsikringsmeklarar. Desse skal til kvar tid oppfylle vilkåra for registrering, og dei skal fjernast frå lista dersom dei ikkje oppfyller vilkåra. Medlemsstatane skal sikre at forsikringsselskapa berre nyttar seg av meklarar som er registrerte. Det skal òg utarbeidast eit sanksjonssystem overfor meklarar som utøver mellommannsverksemd utan å vere registrerte, som er registrerte utan at dei oppfyller dei føresegnene som er fastsette i nasjonal rett for å oppfylle krava i direktivet, og forsikringsselskap som nyttar seg av meklarar som ikkje er registrerte.
I direktivet er det fastsett krav til faglege kvalifikasjonar hjå forsikringsmeklarar, ved at desse skal ha høveleg kunnskap og kompetanse slik det er fastsett av heimstaten til formidlaren. Vidare skal forsikringsmeklarar ha god vandel og ikkje vere under konkursbehandling.
Det blir stilt krav til at forsikringsmeklarar skal ha ei yrkesansvarsforsikring eller annan tilsvarande garanti for å kunne dekkje erstatningskrav som følgje av aktløyse frå meklaren. Vidare stiller direktivet krav om tilstrekkeleg finansiell kapasitet for meklarverksemda. Direktivet opererer med fire alternative metodar som kvar for seg er tilstrekkelege. Alternativa er at pengar som er betalte frå kunden til meklaren, skal handsamast som om dei er betalte direkte til forsikringsselskapet, og at pengar som forsikringsselskapet har betalt gjennom meklar, først skal reknast som betalte til kunden når denne faktisk mottek summen, eller krav om finansiell kapasitet på 4 prosent av årleg netto opptent meklarprovisjon, minst 15 000 euro, eller krav om at pengane til kunden skal overførast gjennom strengt åtskilde klientkontoar, eller krav om etablering av eit garantifond.
Direktivet stiller krav til informasjon frå forsikringsmeklaren til kunden, mellom anna om forsikringsmeklaren har ei avtalemessig plikt til å drive mekling berre med eitt eller med fleire forsikringsføretak. Det blir òg stilt krav til korleis informasjonen skal gjevast. I direktivet er det vidare fastsett at det skal vere høve for kundar og andre partar som det gjeld, særleg forbrukarsamanslutningar, til å klage på forsikringsmeklarar. Gjennomføringsfristen for direktivet er 15. januar 2005.
Forsikringsmeklingsverksemd er i dag regulert i forskrift av 24. november 1995 nr. 923 om forsikringsmekling. På fleire område går forskrifta lenger enn reglane i direktivet, som òg er minimumsreglar. Direktivet har derimot eit vidare verkeområde enn forskrifta, då fleire typar mellommannsverksemd vil vere omfatta av direktivet.
Vidare fastset direktivet visse nye materielle krav, som innføring av ei klageordning for kundar og andre partar som det gjeld, særleg forbrukarsamanslutningar. Forskrifta om forsikringsmekling har ikkje reglar om dette.
Direktivet stiller minstekrav til nasjonal regulering av forsikringsmeklingsverksemd. Krava til verksemda gjev kvar einskild stat stort spelerom i utforminga av den nasjonale lovgjevinga. Noreg kan såleis setje strengare krav til den nasjonale verksemda si enn det direktivet gjer, medrekna faglege krav til leiinga i føretaket og til dei som faktisk utfører verksemda, soliditetskrav og krav til trygdgjeving. Om dette bør gjerast for norske føretak, vil bli vurdert nærmare ved gjennomføringa av direktivet i norsk rett. Vidare må det mellom anna vurderast om det skal fastsetjast alternative metodar for å sikre den finansielle kapasiteten til føretaket.
Gjennomføringa av direktivet vil truleg ikkje få nemneverdige økonomiske konsekvensar, og vil kunne dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer.
Regjeringa tilrår at direktiv 2002/92/EF om forsikringsmekling vert innlemma i EØS-avtala.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Bente Gunn Håtuft, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 115/2003 av 26. september 2003 om innlemming i EØS-avtalen av direktivet om forsikringsmekling krever samtykke fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd og EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utenrikskomiteen, som i brev 28. januar 2004 opplyste at den ikke har merknader til utkast til innstilling.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.
Komiteen viser til proposisjonen og det som står foran og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
Stortinget samtykker i godkjennelse av EØS-komiteens beslutning nr. 115/2003 av 26. september 2003 om innlemming i EØS-avtalen av direktivet om forsikringsmekling.
Oslo, i finanskomiteen, den 3. februar 2004
Siv Jensen leder |
Svein Flåtten ordfører |