Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I denne proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2003 for:

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 1 Driftsutgifter er det eit meirbehov på 1,8 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet. Dette gjeld mellom anna midlar til ekstraordinært arbeid, til dømes meirarbeid i samband med oppfølging av barnehageforliket.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 1 med 1,8 mill. kroner mot ei innsparing på kroner 0,280 mill. kroner på kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forsking, opplysningsarbeid o.a. post 22 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, 0,600 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post50, 0,220 mill. kroner frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast og 0,700 mill. kroner frå kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Særskilde driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid.

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak som omfattar krisesenter, incestsenter o.a. På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunane har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet.

Departementet gjer framlegg om at kap. 840 post 60 vert auka med 6 mill. kroner for 2003.

Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Staten oppretter frå 1. januar 2004 Statens barnevern og familievern (SBF). SBF overtek då ansvaret for dei fylkeskommunale familievernkontora og for all fylkeskommunal barnevernverksemd. Løyvinga på kap. 854 post 21 vart i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003 auka med 25 mill. kroner. Nye anslag syner at kostnadane ved gjennomføringa av reforma er høgare enn løyvinga gitt i Revidert nasjonalbudsjett 2003.

Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post 21 vert auka med 5 mill. kroner for 2003.

I prognosar per 6. oktober 2003 har fylkesmennene meldt inn eit totalt behov på 116,6 mill. kroner, medan UDI har stipulert sine utbetalingar til å verte 151,8 mill. kroner i 2003. Dette inneber at det er behov for ei tilleggsløyving i 2003 på 57,4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post 64 vert auka med 57,4 mill. kroner.

Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Løyvinga under posten for 2003 er på 7 298 314 000 kroner. Rapportering frå fylkesmennene syner eit meirbehov på 130 mill. kroner. Rapportar frå fylkesmennene om etablering av nye barnehageplassar hittil i år og venta etablering resten av året tyder på at måltalet om nye plassar til 12 000 barn (8 000 barn under tre år og 4 000 barn over tre år) vil bli nådd innan utgangen av 2003.

Kostnadene ved dei nye plassane i 2003 er høgare enn lagt til grunn tidligare.

Departementet gjer framlegg om at kap. 856 post 60 vert auka med 130 mill. kroner.

Rapportar frå fylkesmennene tyder på eit mindrebehov på om lag 150 mill. kroner. I vedteke budsjett er det lagt til grunn at alle dei nye barnehageplassane (plassar til 12 000 barn) kjem i nybygde barnehagar som også utløyser investeringstilskot. Rapporteringa frå fylkesmennene syner at ein del av dei nye plassane har kome i barnehagar som allereie er etablerte, enten som meirinntak i barnehagar som er i drift eller ved at barnehagar som har vore stengde i ein periode igjen har opna. Dessutan er det truleg etablert mange nye plassar i familiebarnehagar. Dette inneber at ein større del av dei nye barnehageplassane ikkje har utløyst byggjekostnader og dermed heller ikkje har rett til investeringstilskot.

Departementet gjer framlegg om at kap. 856 post 61 vert redusert med 150 mill. kroner.

Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Løyvinga under posten er på 8 406 mill. kroner. Utgiftene til fødselspengar er rekna til 8 300 mill. kroner, eit mindrebehov på 106 mill. kroner.

Løyvinga byggjer på at 55 968 barn under eit år mottek gjennomsnittleg 150 190 kroner i fødselspengar i 2003. I det nye overslaget er det lagt til grunn eit noko høgare barnetal, 56 250, og noko lågare gjennomsnittleg utbetaling, 147 556 kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 70 vert redusert med 106 mill. kroner.

Løyvinga under posten er på 399 mill. kroner. Utgiftene til eingongsstønad er rekna til 423 mill. kroner, eit meirbehov på 24 mill. kroner.

Tal ved utgangen av tredje kvartal tyder på at 2 196 fleire personar med eingongsstønad enn lagt til grunn for løyvinga har rett til eingangsstønad. Dette skuldast ein auke i fødselstalet frå 2002 til 2003, jf. post 70, og auka arbeidsløyse.

Gjennomsnittleg utbetaling synest derimot å bli noko lågare enn forutsett, som fylgje av redusert utbetaling av eingongsstønad i tilfelle der det og blir utbetalt fødselspengar, dvs. i tilfelle der fødselspengeutbetalinga er lågere enn beløpet for eingongsstønad.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 71 vert auka med 24 mill. kroner.

Løyvinga under posten er på 240 mill. kroner. Utgiftene til feriepengar er rekna til 233 mill. kroner, eit mindrebehov på 7 mill. kroner, som fylgje av reduserte utgifter under post 70.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 72 vert redusert med 7 mill. kroner.

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan i henhold til OECD/DACs (Development Assistance Committee) statistikkdirektiver godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet foreslår difor at 5 mill. kroner av dei auka utgiftene på kap. 854 post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkarar blir rapportert inn som utviklingshjelp. I den samband inntektsføres tilsvarande beløp på kap. 3854 post 04 Refusjon av ODA-godkjende midlar.

Departementet gjer framlegg om at kap. 3854 post 4 vert auka med 5 mill. kroner.