Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 30 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-statane i Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007
Dette dokument
- Innst. S. nr. 33 (2003-2004)
- Kildedok: St.prp. nr. 9 (2003-2004)
- Dato: 13.11.2003
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007 vart formelt vedteke i EU 16. desember 2002 ved europaparlaments- og rådsvedtak 2367/2002/EF.
Statistikkprogrammet er ei vidareføring av tidlegare tilsvarande femårige program som har vore av mindre bindande karakter. Samarbeidet, medrekna budsjettet, har hovudsakleg vore basert på dei årlege programma. Ettersom det handlar om vidareføring av eit etablert samarbeid, har Noreg teke del på vanleg måte i 2003. Endringa inneber at programmet i tillegg får eit bindande fleirårig perspektiv gjennom eit budsjettanslag, og at EØS/EFTA-statane får høve til framleis å ta del i statistikksamarbeidet til EU i programperioden.
Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med eit budsjettvedtak for femårsperioden, og i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala må difor Stortinget gi sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet frå 1. januar 2004, fremjast proposisjonen før avgjerda vert teken i EØS-komiteen 7. november 2003. Det er ikkje venta at utkastet til avgjerd i EØS-komiteen vil verte endra. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som følgjer med proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på ny.
Europaparlaments- og rådsvedtaket og utkastet til avgjerda i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.
Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EØS/EFTA-statane til framleis å ta del i finansieringa av programmet.
Avgjerda om ei finansiell ramme på 192,5 mill. EURO for statistikkprogrammet i femårsperioden kan føre til ei auking av bidraget frå Noreg (frå ca. 3,7 mill. kroner i dag til den operasjonelle delen av statistikkprogrammet, til ca. 4,5 mill. kroner årleg). På grunnlag av protokoll 30 medverkar Noreg òg til dei ekstra kostnadene Eurostat har i samband med innsamling og spreiing av data for EØS/EFTA-statane og til dei ekstra administrative kostnadene. Ein reknar med at bidraget til dette ligg om lag på det same nivået. Det årlege bidraget frå Noreg til programmet er sett til 10 mill. kroner i 2003. For å følgje opp programmet frå norsk side vert det i tillegg nytta opptil 2 mill. kroner til reiser og mellom 8 og 9 mill. kroner til spesielle utviklingsprosjekt - om lag det same talet som i dei seinare åra. På grunn av den komande utvidinga av EU reknar ein med at bidraget til den operasjonelle delen av programmet vil verte auka med ca. 3 pst. i 2004 og ca. 5 pst. i dei følgjande åra. Utgiftene til deltaking i verksemda vil i 2004 verte dekte over budsjettet til Statistisk sentralbyrå (kap. 1620).
Ein reknar med at framlegget ikkje vil ha andre administrative konsekvensar enn dei tilpassingane som må gjerast i protokoll 30.
EU-programmet for statistikk vil stimulere til eit breitt europeisk samarbeid på statistikkområdet, og medverke til ei vesentleg heving av kvaliteten på norsk statistikk, mellom anna ved å gjere norsk statistikk samanliknbar med statistikken til andre land i Europa. Norsk deltaking vert difor vurdert som viktig.
Regjeringa rår til at Noreg godkjenner ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 30 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-statane i Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen, Hill-Marta Solberg og Rita Tveiten, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 60/2003 krever samtykke fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd og EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkast for utenrikskomiteen, som i brev 13. november 2003 opplyste at den ikke har merknader til utkastet.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.
Komiteen viser til proposisjonen og det som står foran og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 30 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-statane i Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007.
Oslo, i finanskomiteen, den 13. november 2003
Siv Jensen leder |
Svein Flåtten ordfører |